Du har ikke tillatelse til å redigere denne siden av følgende grunner:
For å endre denne siden, vennligst svar på spørsmålet som vises under (mer informasjon):
Hva blir 10 + 5
Fritekst:
Kjæremålet gjeld spørsmålet om inhabilitet for dommarar i jordskifteoverrett. Saka har sin bakgrunn i Gulating jordskifteoverretts avgjerd 29. juli 1996 der jordskifteretten avslutta eit jordskifte der mellom andre partane i vår sak var med. Sigmund Lomelde anka avgjerda inn for Gulating lagmannsrett. Lomelde meinte mellom anna at grunngjevinga hos jordskifteoverretten var mangelfull med omsyn til ein alternativ veg, til planting på sameigegrunn og til uttak av stølsved. Lomelde kravde at saka vart vist til ein annan domstol. Ved eventuell heimvising til Gulating jordskifteoverrett kravde Lomelde at retten måtte setjast med ny dommar og nye meddommarar. Lagmannsretten sa dom 22. juni 1998 der jordskifteoverretten si avgjerd med rettsmøte vart oppheva, og saka vart vist til Indre Sogn jordskifterett for vidare handsaming. Med det trong lagmannsretten ikkje ta standpunkt til habilitetsspørsmålet for dommarane i jordskifteoveretten. Punktet der saka vart vist til Indre Sogn jordskifterett, vart påanka til Høgsterett. I orskurd i skriftleg sak innteken i [[Rt-1999-1338]] oppheva Høgsterett avgjerda om å vise saka til jordskifteretten og heimviste saka til ny førehaving i lagmannsretten. I denne nye førehavinga måtte lagmannsretten ta standpunkt til habilitetsspørsmålet. Avgjerd i dette spørsmålet vart så teken av Gulating lagmannsrett i orskurd av 11. februar 2000 med slik slutning: «1. Gulating jordskifteoverretts sak nr. 6/1989 hjemvises for videre behandling. 2. Jordskifteoverdommer Sverre Øygard, Vidar Nesse, Borgny Råsberg, Kjersti Brudvik og Harald Tjugum, viker ikke sete. 3. Saksomkostningsspørsmålet utstår til den dom eller kjennelse som avslutter saken.» Sigmund Lomelde har i rett tid påkjært lagmannsrettens orskurd til Høgsteretts kjæremålsutval. Kjæremålet rettar seg mot bevisvurdering og rettsbruk i avgjerda av habilitetsspørsmålet. Med omsyn til bevisvurderinga vert det gjort gjeldande at lagmannsretten med urette har lagt til grunn at dommarane i jordskifteoverretten ikkje tidlegare har teke standpunkt til krava frå Lomelde, og derfor ikkje er inhabile etter domstollova §108. Dommarane i jordskifteoverretten har tvert om på ein svært klar måte vist kva dei meiner med omsyn til to av tre tvistepunkt, og i røynda teke standpunkt i spørsmåla om veg og om stølsved. Situasjonen ligg derfor nær opp til den som låg føre i [[Rt-1990-1166]]. Det vert vidare vist til [[Rt-1966-497]]. Når det gjeld lovbruken, vert det gjort gjeldande at lagmannsretten har nytta for streng norm når dei omstenda Lomelde har vist til, ikkje er funne skikka til å svekke tilliten til at jordskifteoverretten er ubunden. Det vil tvert om være i strid med domstollova §108 om dommarane tek opp dei same spørsmåla på ny etter at den første avgjerda er oppheva av lagmannsretten. Lomelde har heilt sidan jordskifteoverretten første gong handsama saka i 1989, hatt ei sterk kjensle av at retten har gjort seg opp ei meining på førehand, og derfor ikkje har brydd seg om å gi dei spørsmål han har teke opp ei reell og seriøs handsaming. Han har ingen tillit til at dette vil endre seg ved ei ny førehaving av saka, sjølv om det no er slått fast at jordskiftet skal avgrensast til ei bruksordning. Saka er såleis slik at det er sakleg grunnlag for svekt tillit til jordskifteoverretten som bør medføre inhabilitet etter domstollova §108. Endeleg vert gjort gjeldande at sakskostnadene i samband med førehavinga av habilitetsspørsmålet for lagmannsretten og Høgsteretts kjæremålsutval ikkje bør utstå til den dom eller orskurd som avsluttar saka, jf. tvistemålslova §179 første ledd tredje punktum, slik lagmannsretten har lagt til grunn. Det er lagt ned slik påstand: «1. Ved ny behandling av sak 6/1989 ved Gulating jordskifteoverrett skal retten settes med nye dommere. 2. Sigmund Lomelde tilkjennes saksomkostninger for lagmannsrett og Høyesteretts Kjæremålsutvalg.» Kjæremotparten, Svein Jarle Holsæter med fleire, gjer gjeldande at lagmannsrettens bevisvurdering og lovbruk er rett og sluttar seg i det vesentlege til lagmannsrettens avgjerdsgrunnar. Det er ikkje grunnlag for å fastslå inhabilitet etter domstollova §108. Det kjæreparten omtalar som feil i bevisvurderinga, er eigentleg ein påstand om at jordskifteoverretten alt har teke standpunkt til dei spørsmåla som nå skal avgjerast for denne instansen. Dette kan ikkje vere rett, idet kjæreparten sin anke til lagmannsretten over Gulating jordskifteoverretts avgjerd av 29. juli 1996, nettopp bygde på at krava frå Sigmund Lomelde ikkje var vurdert i det heile. Med omsyn til sakskostnadene er kjæremotparten einig med kjæreparten i at Høgsteretts kjæremålsutval bør avgjere kostnadsspørsmålet ved handsaminga av habilitetsspørsmålet for lagmannsretten og Høgsteretts kjæremålsutval. Det er lite truleg at jordskifteoverretten ved den nye førehavinga av saka, kjem til å seie dom eller orskurd i samband med avslutning av saka, jf. tvistemålslova §179. Det er lagt ned slik påstand: «1. Kjæremålet forkastes. 2. Sigmund Lomelde tilpliktes å betale saksomkostninger for lagmannsrett og Høyesteretts kjæremålsutvalg.» Høgsteretts kjæremålsutval vil vise til at det ikkje er tale om eit vidare kjæremål, og at kjæremålsutvalet då har full kompetanse. Lomelde har i sin påstand kravd at jordskifteoverretten må setjast med nye dommarar, og han har hevda at dommarane som var med på avgjerda 29. juli 1996, er inhabile. For ei vurdering av kravet om at jordskifteoverretten skal setjast med nye dommarar, er det nødvendig å sjå korleis lagmannsretten vurderte jordskifteoverrettens avgjerd som grunnlag for oppheving. Gulating lagmannsrett uttala i sin orskurd (kalla dom) av 22. juni 1998 at ingen av Lomelde sine krav vart reelt vurderte av jordskifteoverretten. Avgjerda på dette punktet, som var i samsvar med det Lomelde hadde gjort gjeldande, vart ikkje påanka til Høgsterett. Utvalet viser til at det følgjer indirekte av formuleringa i domstollova §106 nr. 8 at det skal mykje til for at ein dommar skal kunne verte inhabil fordi han tidlegare har hatt med same sak å gjere i same instans. Inhabilitet må vurderast etter domstollova §108 på denne bakgrunnen ut frå om det ligg føre særeigne omstende i saka. Utvalet viser til at det i avslutninga av ei jordskiftesak vil kunne vere teke standpunkt til mange enkeltspørsmål, som same rett som utgangspunkt må prøve på ny ved oppheving og heimvising. Her er det ei viss rettleiing i praksis ved oppheving og heimvising av skjønn før lovendringa ved lova 17. desember 1982 nr. 18, sjå nærare om dette i Ot.prp.nr.62 (1981-1982) på side 66 og side 159 og også som døme [[Rt-1955-600]]. I saka her var elles jordskifteoverretten sine domsgrunnar mangelfulle, slik at det vanskeleg kan seiast at dommarane i jordskifteoverretten har teke standpunkt. Under alle omstende finn utvalet det klart at det ikkje i denne saka ligg føre særeigne omstende som gjer at dommarane i jordskifteoverretten er inhabile til å gjere teneste i saka ved den nye førehavinga. Utvalet kan heller ikkje sjå at det Lomelde elles har gjort gjeldande, fører til at dommarane i jordskifteoverretten vert inhabile ved ny førehaving. Lagmannsrettens orskurd må etter dette stadfestast. Partane har vore einige om at Høgsteretts kjæremålsutval bør avgjere spørsmålet om sakskostnader i høve habilitetsspørsmålet. Utvalet finn at Lomelde hadde rimeleg grunn til sjå avgjerd i lagmannsretten i spørsmålet, og at partane ut frå det må dekkje eigne sakskostnader for lagmannsretten. Kjæremålet har vore fånyttes, og kjæremålsmotparten bør tilkjennast sakskostnader for Høgsteretts kjæremålsutval, jf. tvistemålslova §180 første ledd. Sakskostnadene vert sette til 1 200 kroner i samsvar med oppgåve. Orskurden er samrøystes. Slutning: 1. Lagmannsrettens orskurd vert stadfesta, likevel slik at partane dekkjer eigne sakskostnader for lagmannsretten. 2. I sakskostnader for Høgsteretts kjæremålsutval betaler Sigmund Lomelde til Svein Jarle Holsæter, Unni Åsarmoen, Jardar Myster, Lars Nornes, Jostein Fondenes, Jermund Fimreite, Olaug Nornes, Aud Nornes, Sigvart Hol, Gunnar Nornes og Harald Nornes i fellesskap 1.200 - eittusentohundre - kroner innan 2 - to - veker frå forkynninga av denne orskurden. [[Kategori:Høyesterett]]
Lagre siden Forhåndsvisning Vis endringer Avbryt