HR-2011-269-U
Utseende
| Instans: | Norges Høyesterett |
|---|---|
| Dato: | 2011-02-04 |
| Publisert: | HR-2011-00269-U - Rt-2011-149 |
| Stikkord: | |
| Sammendrag: | Spørsmålet er om det er høve til å gjere gjeldande ei motrekningsmotsegn bygd på eit omtvista krav som det ikkje høyrer under norske domstolar å seie dom om. |
| Saksgang: | HR-2011-00269-U, (sak nr. 2010/2076), sivil sak, anke over orskurd |
| Parter: | : |
| Forfatter: | |
| Lovhenvisninger: | tvistemålslova § 25, forsinkelsesrentelovens § 3, tvangsfullføringslova § 4-2, tvangsfullføringslova § 4-3, tvangsfullføringslova § 2-12, tvistelova § 30-6, tvistelova § 20-2 |
NOREGS HØGSTERETT
Den 4. februar 2011 vart det av Høgsteretts ankeutv al bestående av dommarane Utgård, Stabel
og Matheson i
HR-2011-00269-U, (sak nr. 2010/2076), sivil sak, anke over orskurd:
Howard Browman (advokat Rune Valaker)
mot
Inter-Research (advokat Fredrik Gisholt)
sagt slik
O R S K U R D:
(1) Saka gjeld kravsmål om utlegg. Spørsmålet er om det er høve til å gjere gjeldande ei
motrekningsmotsegn bygd på eit omtvista krav som det ikkje høyrer under norske domstolar å
seie dom om.
(2) Howard Browman reiste i november 2007 søksmål mot Inter-Research v/ Otto Kinne med krav
om skadebot. Søksmålet vart reist ved Nordhordland tingrett, som ved orskurd 11. juli 2008
avviste søksmålet under tilvising til at det høyrde under tyske domstolar, jf.
Luganokovensjonen 1988 artikkel 2 og artikkel 5 nr. 1, jf. også tvistemålslova § 25. Browman
anka til Gulating lagmannsrett, som forkasta anken ved orskurd 28. august 2008, og vidare til
Høgsteretts ankeutval, som forkasta anken ved orsku rd 22. desember 2008
(HR-2008-2198-U). For alle rettane vart Browman pålagd sakskostnader overfor
Inter-Research, til saman 112 500 kroner.
(3) Inter-Research sette 5. februar 2009 fram kravsmål om utlegg for sakskostnadskravet med
tillegg av renter og kostnader. Browman gjorde gjeldande at kravet allereie var gjort opp ved
at han 5. januar 2009 hadde erklært motrekning med det skadebotkravet som låg til grunn for
søksmålet som var avvist frå norske domstolar.
(4) Namsmannen tok utleggskravsmålet til følgje. Br owman klaga til Nordhordland tingrett, som
17. juni 2009 sa orskurd med slik slutning:
”1. Namsmannens utleggsforretning stadfestes.
2. Howard Browman betaler til Inter-Research innen 2 – to – uker fra forkynnelse av 2
kjennelsen, sakskostnader for tingretten med 15.000,- - femtentusen – kroner med tillegg
av merverdiavgift, og rente fra forfall til betaling skjer jf Forsinkelsesrentelovens § 3 første
avsnitt første alternativ.”
(5) Browman anka til Gulating lagmannsrett, som 2. november 2010 sa orskurd med slik slutning:
”1. Anken vert vraka.
2. I sakskostnader for lagmannsretten betaler Howard Browman kroner 10.000 – titusen – til
Inter-Research innan 2 – to – veker frå tilseiing av orskurden.”
(6) Det var dissens 2-1 i lagmannsretten. Ein av dommarane kom til at Browman ikkje var
avskoren frå å gjere gjeldande som motsegn at sakskostnadskravet var gjort opp ved
motrekning.
(7) Howard Browman har anka til Høyesterett. Anken gjeld lovbruken og saksbehandlinga. Det er
i korte trekk halde fram:
(8) Motkravet vart fremja før sakskostnadsspørsmåle t var endeleg avgjort ved orskurden frå
Høgsterett i 2008, jf. at det i stemninga frå november 2007 vart kravd skadebot med over 2
millionar kroner.
(9) Avgrensinga i tvangsfullføringslova § 4-2 kjem ikkje til bruk, ettersom det ikkje var høve til å
motrekne med sakskostnadskravet før dette var endeleg fastsett ved orskurden frå ankeutvalet,
jf. Rt. 1994 side 116. Heller ikkje avgrensinga i tvangsfullføringslova § 4-3 kjem til bruk,
ettersom motrekning vart erklært før tvangsfullføri ng vart kravd.
(10) Dette inneber at namsstyresmakta skulle behandla motrekninga som ei innvending mot
tvangsfullføringa, og ved ei kontradiktorisk behand ling teke stilling til om Browman har eit
motkrav.
(11) Tingretten og fleirtalet i lagmannsretten synest feilaktig å leggje til grunn at motrekning i
samband med tvangsfullføringa berre kan skje dersom motkravet er vedgått eller rettskraftig
avgjort. Grunngivinga for dette er svært uklar. Det er også lagt til grunn at motkravet ikkje er
forfalle, men dette byggjer på feil forståing av motrekningsreglane. Motkravet forfall då
Browman fremja det mot Inter-Research.
(12) At Browmans søksmål er avvist frå norske domst olar, har ikkje noko å seie. Det kan etter
norsk rett ikkje krevjast at det kravet som blir nytta til motrekning, må ha verneting ved den
rettskrinsen der tvangsfullføringa skjer.
(13) Når det gjeld saksbehandlinga, er det svært uklart kva retten siktar til når det blir sagt at
motkravet er uklart. Sjølv om kravet skulle vere uk lart, må retten prøve kravet, noko som ikkje
er gjort her.
(14) Det er sett fram slik påstand:
”Prinsipalt;
Tingrettens og lagmannsrettens kjennelse oppheves og saken henvises til fortsatt behandling i
tingretten.
Subsidiært;
Namsmannen i Os sin beslutning i sak T2009-024236 av 2. april 2009 oppheves. 3
I begge tilfeller;
Howard Browmann tilkjennes sakens omkostninger for tingrett, lagmannsrett og Høyesterett, for
Høyesterett settes kostnadene til kr. 6.250,-.”
(15) Inter-Research har i korte trekk halde fram:
(16) Det er ikkje rett, slik det er gjort gjeldande i anken, at partane i hovudtrekk er einige om
faktum. Mellom anna er det usemje om kva som var grunnlaget for det opphavlege kravet som
Browman sette fram mot Inter-Research.
(17) Det er på det reine at eit uklart og omstridd motkrav i utgangspunktet likevel kan nyttast til
motrekning, og dette er også lagt til grunn av lagmannsretten. Det avgjerande er likevel om dei
alminnelege vilkåra for motrekning er oppfylte, og om det i dette tilfellet må gjerast unntak frå
regelen om at det også kan motreknast med omtvista krav.
(18) Det blir ikkje godteke at det er noko motkrav. Det ligg ikkje føre verken dom, orskurd, avtale
eller anna rettsstiftande grunnlag, og motparten må då gjere sannsynleg at det ligg føre eit krav.
Dette må avgjerast etter tysk materiell rett. At eit eventuelt motkrav er så uklart, er under alle
omstende tilstrekkeleg til å avskjere motrekning.
(19) Også omsynet til kva som er ei rimeleg løysing , kan få innverknad på høvet til motrekning. Ved
å tillate motrekning, må domstolane ta prejudisiell stilling til eit krav som Høgsterett har
avgjort at ikkje kan prøvast i Noreg. Ved å tillate motrekning vil dessutan søksmålsbyrda bli
overført til ankemotparten, noko som openbert ikkje vil vere heldig.
(20) I alle tilfelle er motrekningsretten avskoren fordi motkravet ikkje er forfalle. Mellom anna har
Browman ikkje reist noka sak i Tyskland.
(21) Saksbehandlingsanken kan ikkje føre fram. Det er ikkje grunnlag for synsmåten frå motparten
om at grunngivinga til lagmannsretten er uklar.
(22) Det blir sett fram slik påstand:
”Prinsipalt:
Anken forkastes.
Subsidiært:
Lagmannsrettens kjennelse stadfestes.
I begge tilfelle:
I sakskostnader for Høyesterett betaler Howard Browman til Inter-Research 49 500 –
førtinitusenfemhundre – kroner.”
(23) Høgsteretts ankeutval viser til at det er tale om ein vidare anke, og at kompetansen for utvalet
då er avgrensa til å gjelde lovtolking og saksbehandling hos lagmannsretten, jf.
tvangsfullføringslova § 2-12, jf. tvistelova § 30-6 .
(24) Fleirtalet i lagmannsretten har drøfta både tilhøvet til dei alminnelege motrekningsreglane og til
Luganokonvensjonen. I det sentrale avsnittet i grunngivinga heiter det:
”Tingretten har, i likhet med namsmannen, lagt til grunn at motkravet ikke er forfalt, noe flertallet
er enig i. Det vises da til at motkravet har tilknytning til en arbeidsrettssak som er avvist fra norske
domstoler i medhold av Luganokonvensjonen, og der ankende part krever erstatning for usaklig
oppsigelse/avskjed. Kravet bestrides av ankemotparten, samtidig som norske domstoler ikke kan 4
prøve dette. Norske domstoler er med andre ord avsk året fra å prøveomådankende part har et
slikt krav mot ankemotparten og om det i så fall er forfalt. Som påpekt av tingretten må dette
erstatningskravet vurderes etter tysk rett, uten at det er nærmere opplysningar om hva den går ut
på. Etter flertallets syn har lagmannsretten heller ikke tilstrekkelig grunnlag for prejudisielt å ta
stilling til dette kravet. Dersom ankende part likevel skal gis adgang til å motregne, vil det i
realiteten innebære at det omstridte kravet legges til grunn uten videre, noe som etter flertallets syn
vil innebære en omgåelse av reglene i Luganokonvensjonen, og de hensyn som ligger bak denne.”
(25) Utvalet ser først på forståinga av Luganokonve nsjonen i fleirtalsgrunngivinga. Tolkinga av
konvensjonen er lovtolking etter tvistelova § 30-6, også der det er tale om løysingar som
byggjer på føresetnader og omsyn bak reglane, jf. S chei m.fl, Tvisteloven (2007) side
1362-1363.
(26) I dei siterte grunnane er det sagt at det vil vere ”en omgåelse av reglene i
Luganokonvensjonen, og de hensyn som ligger bak denne” om det skulle vere høve til å
motrekne med eit krav som ikkje kunne klarleggjast nærare.
(27) Utvalet minner om at saka starta med eit krav om skadebot frå Browman mot Inter-Research.
Dette kravet kunne ut frå føresegnene i Luganokonve nsjonen ikkje fremjast i Noreg.
Sakskostnadene vart pålagde i tvisten om fremjingsspørsmålet. Det er altså tale om krav på
sakskostnader og motkrav bygd på skadebotkravet i den første saka. Med andre ord er det dei
same krava som i den saka som ut frå Luganokonvensjonen ikkje kunne fremjast i Noreg, med
den endring at det kan seiast at krava har fått ein annan posisjon i høve til einannan.
(28) Det er etter Luganokonvensjonen ikkje generelt noko til hinder for at eit motkrav, som det
ikkje kan reisast søksmål om i Noreg, kan gjerast g jeldande til motrekning her i riket, jf.
Rognlien, Luganokonvensjonen (1993) side 162. Pålsson legg det same til grunn i boka
Luganokonvensjonen (1992) side 115, og dette standpunktet er oppretthalde i boka
Bryssel I-förordningen jämte Bryssel- og Luganokonventionerna (2008), som mellom anna
omhandlar Luganokonvensjonen av 2007, sjå boka side 156. EF-domstolen la i 1995 i sak C-
341/93 Danværn til grunn at artikkel 6 nr. 3 i Brüsselkonvensjonen – som var ein
parallellkonvensjon til Luganokonvensjonen – ikkje omfatta tilfelle der eit krav vart gjort
gjeldande ved motrekning utan at det vart kravd sjø lvstendig dom for kravet.
(29) Saka no gjeld likevel ein spesiell situasjon. Inter-Research har eit krav på sakskostnader knytt
til tvist om kvar sak for hovudkravet må reisast. Og det er rettskraftig avgjort at hovudkravet
må avgjerast i Tyskland. Det vil vere best i samsvar med rettsordninga og med det som må
reknast å vere føremålet med vernetingsreglane i ko nvensjonane om det i denne situasjonen –
der krava gjeld same søksmålet – ikkje er høve til å motrekne. Samanhengen med det tidlegare
søksmålet kjem såleis her inn.
(30) Utvalet legg etter dette til grunn at Luganokonvensjonen stengjer for motrekning utan omsyn
til kva som ville følgje av retten til motrekning e tter alminnelege motrekningsreglar. Dette er ei
løysing som avvik noko frå den grunngivinga fleirta let i lagmannsretten hadde.
(31) Lagmannsrettens avgjerd er såleis bygd på feil tolking av Luganokonvensjonen. Då det med
rett lovtolking, og bygd på det faktum lagmannsretten har lagt til grunn, berre er eitt mogeleg
resultat, har ankeutvalet grunnlag for å ta ny avgjerd. I dette tilfellet blir resultatet forkasting
av anken, men slik at den nye avgjerda byggjer på ei anna lovforståing enn den lagmannsretten
bygde på.
(32) Det er då ikkje nødvendig for utvalet å ta stilling til det som elles er gjort gjeldande i anken. 5
(33) Anken har ikkje ført fram, og ankemotparten må tilkjennast sakskostnader etter hovudregelen i
tvistelova § 20-2 første ledd. Det er kravd sakskos tnader med 49 500 kroner medrekna
meirverdiavgift. Utvalet set nødvendige sakskostnad er til 20 000 kroner medrekna
meirverdiavgift.
(34) Orskurden er samrøystes.
S L U T N I N G :
1. Anken blir forkasta.
2. I sakskostnader for Høgsterett betaler Howard Br owman til Inter-Research 20 000 -
tjuetusen - kroner innan 2 - to - veker frå forkynninga av denne orskurden.
Ingse Stabel Karl Arne Utgård Wilhelm Matheson
(sign.) (sign.) (sign.)
Rett utskrift: