Hopp til innhold

LG-1995-1086

Fra Rettspraksis


Instans: Gulating lagmannsrett - Kjennelse
Dato: 1995-10-26
Publisert: LG-1995-01086
Stikkord: Tvangsfullbyrdelse
Sammendrag:
Saksgang: Bergen namsrett Nr. 95-01188 - Gulating lagmannsrett LG-1995-01086. Anket til Høyesterett, kjæremålet forkastes, se HR-1995-00758K .
Parter: KJÆRANDE PART: A (Prosessfullmektig: Advokat Christian S. Mathiassen, Bergen). MOTPART: Bergen kommune v/ordføreren (Prosessfullmektig: Advokat Eivind Pundsnes, Bergen).
Forfatter: Lagdommar Eftestøl, Kst. lagdommar Truyen, Lagdommar Lillebø
Lovhenvisninger: Tvangsfullbyrdelsesloven (1992) §7-2, Tvistemålsloven (1915) §180, Avtaleloven (1918) §32, §41, Foreldelsesloven (1979) §20, §5-3, §6-1


Bergen nåmsrett sa slik orskurd 19. september 1995:

"Klagen forkastes."

Saka gjaldt klage frå A over at nåmsmannen i Åsane ikkje viste frå seg eit krav om utlegg frå Heffermehl A/S på vegner av Bergen kommune avdi kommunen ikkje hadde tvangsgrunnlag. I nåmsrettsorskurden er det gjort nærare greie for sakstilhøvet.

A har gjeve inn kjæremål til Gulating lagmannsrett over avgjerda. Ho gjer gjeldande at det skuldbrevet som kommunen byggjer på ikkje gjeld som tvangsgrunnlag avdi det er stempla "makulert" og difor ikkje eksisterer - iallfall ikkje som skuldbrev. Ho gjer òg gjeldande at det er ein feil i sakshandsaminga i nåmsretten at ikkje det originale skuldbrevet er kravd framlagd, jfr. tvangslova §5-3 og §6-1. Når skuldbrev ikkje finst, kan Bergen kommune som kausjonist ikkje ha rett til tvangsinndriving etter reglane om cessio legis, meiner A.

Ho hevdar òg at nåmsretten har brukt reglane i avtalelova §32 om feilskrift uriktig. Reglane i avtalelova gjeld "paa formuerettens omraade" (§41), og ikkje i prosessretten. For tvangsfullføring gjeld at vilkåra i lova må vera oppfylde. Det hjelper då ikkje her om partane har meint at det er eit skuldbrev når det ikkje er det etter lova. Ho meiner òg at det ikkje kjem av eit mistak at det er stempla "makulert".

A hevdar òg at kravet er forelda, noko ho meiner retten ikkje treng taka stode til.

Ho set fram slik påstand:

"1. Utleggsbegjæringen tas ikke til følge.

2. Saksøkte tilkjennes saksomkostninger for Namsrett og Lagmannsrett med kr 5500,-."

Bergen kommune har gjeve tilsvar der han seier seg samd i provdøminga og rettsbruken til nåmsretten.

Kommunen opplyser at originalskuldbrevet er i trygg varveitle på Boligavdelingen i Bergen kommune. I høve til A kan det ikkje ha noko å seia at det vart stempla med "makulert" ved eit mistak. Reglane om feilskrift må gjelda endå om det vert kravt tvangsfullføring, i alle høve som eit ikkje lovfest prinsipp.

Om forelding gjer kommunen gjeldande at brev av 22. februar 1993 inneheld ei vedgåing.

Kommunen set fram denne påstanden:

"1. Namsrettens kjennelse stadfestes.

2. Bergen kommune tilkjennes kr 3000,- i saksomkostninger for namsrett og lagmannsrett."

Lagmannsretten er samd med nåmsretten og skal etter det som er kome fram i kjæremålsaka berre leggja dette til:

Det er ikkje feil i sakshandsaminga at nåmsretten ikkje kravde å få skuldbrevet fram, men godtok at det eksisterte. Lagmannsretten godtek òg det som kommunen opplyser og ser ikkje grunn til å sjå skuldbrevet.

Skuldbrevet, endå om det er stempla "makulert", er prov for at A har godteke inndriving utan søksmål, altså for at kommunen har tvangsgrunnlag. Om det i andre høve har verknad som skuldbrev kan ikkje ha noko å seia. A er i alle høve ikkje i nokon dårlegare stode andsynes kreditor eller andre enn om skuldbrevet ikkje var stempla med "makulert". Lagmannsretten legg til grunn at det var eit mistak at det vart stempla soleis.

Om forelding er å seia at 10 års frist tok til 24. oktober 1982. Det synest vera tvilsamt om brevet av 22.februar 1993 åleine avbryt forelding, for om ikkje anna var, måtte kravet vera forelda før den tid. Men i fleire brev til kommunen i 1990 - det fyrste 23. februar - frå advokat Howlid på vegner av Otto og A, vert skulda til kommunen klårt vedgått, og for kommunen, som i 1989 hadde betalt etter garantien og med det teke over som kreditor etter skuldbrevet, tok då ein ny 10 års foreldingsfrist til etter foreldingslova §20.

Etter dette vert nåmsrettsorskurden stadfest.

Kjæremålet har vore til fånyttes, og lagmannsretten ser ikkje grunn til å gjera unnatak frå hovudregelen i tvistemålslova §180, fyrste leden. Kommunen krev sakskostnader for nåmsrett og lagmannsrett med i alt kr 3000,-. Men kommunen kravde ikkje sakskostnader då saka var i nåmsretten, og kan då ikkje setja fram krav om det no. Lagmannsretten fastset etter skjøn kostnadene i kjæremålsaka til kr 1000,-.

Orskurden er samrøystes.

Avgjerd:

1. Orskurden til nåmsretten vert stadfest.

2. A skal betala i sakskostnader for lagmannsretten 1000 - tusen - kroner til Bergen kommune innan 2 - to - veker frå denne avgjerda er forkynt.