Hopp til innhold

HR-2000-540 - Rt-2000-1200

Fra Rettspraksis
Sideversjon per 9. aug. 2020 kl. 19:56 av FredrikL (diskusjon | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Instans: Høyesteretts kjæremålsutvalg - Kjennelse
Dato: 2000-06-26
Publisert: HR-2000-00540 - Rt-2000-1200 (274-2000)
Stikkord: Straffeprosess, Inhabilitet, Lydbånd
Sammendrag: Saken gjaldt kjæremål over lagmannsrettens kjennelse i sammenheng med avgjørelser gjort av Jæren forhørsrett under et vitneavhør. Avhøret var gjort i en sak i sammenheng med rettergangssteg A hadde krevd for å avkrefte mistanke i straffesak.
Saksgang: Gulating lagmannsrett - Høyesterett HR-2000-00540, straffekjæremål
Parter: A mot Den offentlige påtalemyndighet
Forfatter: Gussgard, Rieber-Mohn, Utgård
Lovhenvisninger: Domstolloven (1915) §120, §133, Straffeprosessloven (1981) §241, §388


Saka gjeld kjæremål over lagmannsrettens orskurd i samband med avgjerder tekne av Jæren forhøyrsrett under eit vitneavhøyr. Avhøyret vart gjort i ei sak i samband med rettargangssteg A hadde kravd til avkrefting av mistanke i straffesak, jf. straffeprosesslova §241.

Jæren forhøyrsrett sa 9. desember 1999 orskurd med slik slutning:

«Herredsrettsdommer Elizabeth Baumann viker i sak nr. 99/00368 F sete.»

I samme sak forbaud retten A å gjere lydbandopptak av forhandlingane, og banda med opptak vart inndregne.

A påkjærte orskurden til Gulating lagmannsrett som 17. februar 2000 sa orskurd med slik slutning:

«For punktene 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9 og 10 avvises kjæremålet. For så vidt gjelder krav om utlevering av lydbånd, forkastes kjæremålet.»

A har påkjært lagmannsrettens orskurd til Høgsteretts kjæremålsutval. Kjæremålet inneheld 21 punkt der han mellom anna gjer gjeldande at han har rettsleg interesse i å påkjære punkta han tok opp for lagmannsretten. Han uttalar også at det ikkje er heimel for å nekte han å ta opp rettsmøtet på band til eige bruk, og at det ulovlege beslaget må verte levert attende.

Det er lagt ned slik påstand:

«1. Gulating lagretts slutning oppheves.

2. Jeg opprettholder mine påstander som fremsatt for Gulating lagrett.

3. Jæren sorenskriverembete mottok Gulatings avgjørelse 21-2-2000 først forkynt for meg 31-3-2000. Jæren sorenskriverembete bøtlegges for denne utilbørlige forsinkelsen.

4. Jeg forventer at Høyesterett foretar sin egen vurdering av saken da jeg som privatperson selvfølgelig ikke kjenner lovverket godt nok til å påberope meg de rette paragrafer og nedlegge de juridisk korrekte påstander.»

Påtalemakta er kjent med kjæremålet.

Høgsteretts kjæremålsutval viser til at det i denne saka er tale om eit vidare kjæremål på i alt 21 punkt, og som då må vurderast opp mot dei 10 punkta som kjæremålet til Gulating lagmannsrett gjaldt. Etter straffeprosesslova §388 har Høgsteretts kjæremålsutval avgrensa kompetanse ved eit vidare kjæremål.

Punkta 1-21 inneheld synsmåtar av ulik karakter, som i hovudsak ikkje rettar seg mot lagmannsrettens saksførehaving eller lovtolking, og som Høgsteretts kjæremålsutval - med to unntak - ikkje kan prøve.

I kjæremålet tek A opp habiliteten til heradsrettsdommar Baumann. Utvalet viser her til at heradsrettsdommaren sa seg inhabil ved slutten av rettsmøtet i samsvar med krav frå A, etter at dommaren i rettsmøtet mellom anna hadde uttala at A ville vere tent med å søkje lege. På dette punktet avviste lagmannsretten kjæremålet grunna manglande rettsleg interesse. Det er ikkje ein feil i lagmannsrettens orskurd at retten har lagt til grunn at den som har fått medhald i eit krav, ikkje kan påkjære avgjerda om spørsmålet. Utvalet viser her elles til domstollova §120 annet ledd.

A gjorde lydbandopptak av rettsmøtet 9. desember 1999, og desse lydbanda vart inndregne av forhøyrsretten. Lagmannsretten har her vist til domstollova §133 første ledd som heimel, og peiker samstundes på - utan å finne det nødvendig å ta standpunkt - at det er tvilsamt om ei slik avgjerd etter sin art kan vere gjenstand for kjæremål. Utvalet viser her til avgjerd i Rt-1982-1722 der Høgsteretts kjæremålsutval kom til at spørsmålet om bruk av lydband er eit administrativt spørsmål som ikkje kan angripast ved anke eller kjæremål. På dette punktet finn utvalet såleis at lagmannsrettens avgjerd må opphevast og kjæremålet avvisast frå lagmannsretten.

Med unntak for punktet om oppheving og avvising frå lagmannsretten, må kjæremålet etter dette forkastast.

Orskurden er samrøystes.

Slutning:

Lagmannsrettens avgjerd av spørsmålet om utlevering av lydband vert oppheva, og kjæremålet på dette punktet vert avvist frå lagmannsretten. Ut over det vert kjæremålet forkasta.