Hopp til innhold

LA-1995-908

Fra Rettspraksis


Instans: Agder lagmannsrett - Dom
Dato: 1996-06-20
Publisert: LA-1995-00908
Stikkord:
Sammendrag:
Saksgang: Nedenes heradsrett Nr. 95-00123 - Agder lagmannsrett LA-1995-00908.
Parter: Ankande part: Glenn Ager-Wick (Prosessfullmektig: Advokat Lars Ths. Rodvelt) Ankemotpart: Emil Ager-Wick (Prosessfullmektig: Advokat Ove Andersen).
Forfatter: Ekstraord. lagdomar Asbjørn Nes Hansen, formann. Lagdommer Haakon Askildsen. Lagdomar Raamund Stuhaug
Lovhenvisninger: Tvistemålsloven (1915) §98, Avtaleloven (1918) §33, §36, §176, §180, §339, Avtaleloven (1918), Aksjeloven (1976) §9-15, Aksjeloven (1976), Foreldelsesloven (1979), Kjøpsloven (1988) §66


Glenn Ager-Wick reiste 21. februar 1995 sak mot brørne sine, Emil Ager-Wick og Tor Ager-Wick, med krav om at kvar av dei skulle betala han ein sum i pengar. Under hovudførehavinga for heradsretten vart kravet mot Tor fråfalle, og påstanden i høve til Emil endra til å gjelda tilbakeføring av tre aksjar i selskapet Sportspremier AS, no Emil Ager-Wick AS. Retten hadde teke avgjerd om særskild førehaving av spørsmålet om kravet var forelda, jf. tvistemålsloven §98 andre leden. Nedenes heradsrett sa dom i tvisten 22. august 1995 med slik domsslutning:

"1. Tor Ager-Wick frifinnes.

2. Glenn Ager-Wick betaler innen 2 - to - uker etter forkynnelse av denne dom til Tor Agder-Wick kr 11200,- ellevetusentohundre - til dekning av sakens omkostninger.

3. Emil Ager-Wick frifinnes.

4. Glenn Ager-Wick betaler innen 2 - to - uker etter forkynnelse av denne den til Emil Ager-Wick kr 11200,- - ellevetusentohundre - til dekning av sakens omkostninger."

Dei nærare faktiske omstenda i saka, partsutsegnene for heradsretten og grunngjevinga for resultatet går fram av domen. Heradsretten kom til at tilbakeføringskravet var forelda, og frifann Emil Ager-Wick på det grunnlaget.

Glenn Ager-Wick, som opphavleg var sjølvprosederande, har anka heradsrettsdomen til Agder lagmannsrett. Anken retta seg opphavleg mot båe dei saksøkte, som i anketilsvar tok til motmæle, med advokat Ove Andersen som prosessfullmektig. Anken vart seinare teken tilbake i høve til Tor Ager-Wick, og i orskurd 1. desember 1995 av lagmannsretten vart ankesaka heva så langt gjeld han. Advokat Lars Ths. Rodvelt har seinare meldt seg som prosessfullmektig for ankeparten.

Det var ankeførehaving i Eydehavn 21. februar 1996, der båe partane møtte saman med prosessfullmektigane og forklara seg. Ankeførehavinga var i fyrste omgang avgrensa til å gjelda foreldingsspørsmålet, jf. tvistemålsloven §98 andre leden. Det var inga vitneførsle. Prosessfullmektigane dokumenterte ein del skriftlege prov og gjorde ei rekkje tilvisingar til lovførearbeid og juridisk litteratur.

Ankeparten v/advokat Rodvelt gjorde til foreldingsspørsmålet gjeldande at kravet om tilbakeføring av aksjane er eit vindikasjonskrav som ikkje er emne for forelding. Eigedomsretten til aksjar må i høve til foreldingsspørsmålet jamstellast med eigedomsretten til ting. Det tradisjonelle skiljet mellom obligatoriske krav og tinglege rettar er relevant i høve til foreldingslova frå 1979 òg. Framleis er det slik at eigedomsrett og andre tinglege rettar ikkje kan vera emne for forelding. Ankeparten krav aksjane tilbake av di avtala om overdraging er ugyldig. Det er her tale om "opprinnelig ugyldighet", slik at det ikkje på noko tidspunkt har lege føre ei gyldig avtale. I høve til foreldingsspørsmålet kan difor kravet ikkje jamstellast med krav som reiser seg av mishald av ei gyldig avtale, slik heradsretten har gjort.

Ankemotparten v/advokat Andersen gjorde til foreldingsspørsmålet gjeldande at eit tilbakeføringskrav etter ei påstått ugyldig avtale er eit vanleg formuerettsleg eller obligatorisk krav. Det er ikkje tale om noko vindikasjonskrav, som i tilfelle der eigaren av tingen har mist innehavinga på ein urettkomen måte. Eit krav om tilbakeføring av aksjar kan i det heile ikkje gje grunnlag for noko tingleg krav på eignelutene i selskapet. Det er ikkje tvilsamt at krav om tilbakeføring av yting ved ugyldig avtale fell inn under reglane i nogjeldande foreldingslov. Det er heller ingen reelle grunnar som talar for at kravet ikkje vert omfatta av lova. Etter så lang tid vil det ikkje vera mogeleg å gjennomføra nokon restitusjon av dei opphavlege ytingane.

Lagmannsretten kom etter ankeførehavinga 21. februar 1996 til at det ikkje var grunnlag for å seia dom i saka på grunnlag av denne. Retten melde difor i brev dagsett 5. og 6. mars 1996 frå om at det var teke avgjerd om reassumering av ankeførehavinga, jf. tvistemålsloven §339 andre leden. Den vidare ankeførebuinga skjedde med sikte på at alle dei andre tvistepunkta i saka skulle takast opp.

Framhaldet av ankeførehavinga vart halde i Eydehavn 6.-7. juni 1996 med dei same til stades som ved førehavinga 21. februar 1996. Båe partane forklara seg og fem vitne vart avhøyrde. Prosessfullmektigane dokumenterte ein del skriftlege prov, som vert nemnde nedanfor så langt det trengst for avgjerda.

Ankeparten v/advokat Rodvelt har i hovudsak halde fram:

Ved avtale 28. mai 1979 overdrog Glenn sine tre aksjar i E. Ager-Wick AS og sine tre aksjar i Sportspremier AS til Emil, i byte med ein ubygd eigedomsparsell. Denne avtala må reknast å vera ugyldig etter reglane i avtalelova §33 og/eller §36, og Glenn krev difor tilbake aksjane i det sistnemnde selskapet - som Emil framleis sit med. Selskapet har seinare endra namn til Emil Ager-Wick AS. Aksjane i E. Ager-Wick AS har Emil selt vidare, og krav i samband med desse er ikkje med i denne ankesaka. Grunngjevinga for at avtala må haldast for ugyldig, heng saman med omstenda kring generalforsamlinga i Sportspremier AS og E. Ager-Wick AS 23. februar 1979 og i det heile situasjonen denne våren fram til Glenn selde aksjane sine til Emil. Det vert òg gjort gjeldande at det var eit slikt mishøve mellom ytingane - aksjane og eigedomsparsellen - at avtala av den grunn vert råka av dei nemnde føresegnene i avtalelova.

Vedtektsendringa på generalforsamlinga 23. februar 1979 innebar at overdraging av aksjar mellom aksjonærane ikkje lenger skulle utløysa forkjøpsrett. Denne vedtektsendringa må Emil reknast å ha gjort opptaket til, med det føremålet å verta eineeigar av aksjane - noko han oppnådde etter få månader. Det var ikkje noko til hinder for vidare drift av dei to familieselskapa med alle tre brørne som aksjonærar, og såleis heller ingen grunn til å endra vedtektene. Slik vedtektene tidlegare var utforma, kunne ein aksjonær gjera forkjøpsrett gjeldande - og det jamvel til bokførd verdi - ved aksjeoverdragingar til andre aksjonærar. Etter vedtektsendringa låg vegen òpen for Emil til å verta eineaksjonær utan å utløysa nokon forkjøpsrett. Ei vedtektsendring av det slaget det er tale om her, ville krevja tilslutnad frå Glenn som aksjonær òg, jf. aksjelova §9-15 fyrste leden nr. 3, jf. andre leden.

Glenn har ikkje vore med på å vedta den omstridde endringa i vedtektene. Han visste ikkje at det var ei generalforsamling han møtte fram til - trudde dei skulle drøfta arveoppgjeret, og forlét møtet før vedtektssaka kom opp. Underskriftene hans i generalforsamlingsprotokollane for dei to selskapa er påførde av andre. Det ligg såleis føre ei forfalsking, og det er dette som er bakgrunnen for søksmålet. Vitna advokat Øslebø og broren Tor Ager-Wick har ikkje sett at Glenn skreiv under protokollane i møtet. Ut frå det som elles har kome fram om Emil, kan ikkje han forklara seg med truverde i dette stykket. Ein skriftsakkunnig har konkludert med at det er grunnlag for mistanke om at underskrifta kan vera falsk.

Etter at Tor hadde selt sine aksjar til Emil, var Glenn komen i ein utsett posisjon, og kunne risikera at Emil i kraft av sitt fleirtal gjorde slike disposisjonar at aksjane hans vart verdilause. Glenn kjende seg difor pressa av Emil til å selja aksjane sine, han òg. Det var Emil som gjorde opptaket til å kjøpa aksjane. Glenn var ikkje klår over dei - ugyldige - vedtektsendringane, og kjende heller ikkje til dei tidlegare vedtektene om forkjøpsrett. Han fekk fyrst kunnskap om desse tilhøva etter å ha fått tilsendt kopiar av dokumenta frå Brønnøysundregistra sumaren 1993.

Når det gjeld den eigedomsparsellen som Glenn fekk i byte med aksjane i familieselskapa, hadde denne ingen verdi som utbyggingsområde. Det var skogsmark, som høgst hadde ein verdi på kr 20-30000 i 1979. Det at parsellen seinare, i 1984, vart overdregen frå Glenn til Tor for kr 60000, hadde samanheng med at Tor meinte Glenn hadde fått for lite ved arveoppgjeret. Emil må ha visst at eigedomen ikkje på langt nær hadde same verdien som aksjane han fekk i byte.

Då Tor selde sine aksjar - like mange som aksjane til Glenn - til Emil, fekk han i byte 1/3-part av bustadeigedomen etter foreldra i Sprøkilen utanfor Arendal. Ut frå det som er opplyst, må det kunna reknast med at verdien av denne eigedomsparten var på om lag kr 300000, og det gjev ein peikepinn på verdien av aksjane.

Ser ein på rekneskapstala for dei to selskapa, utgjorde den bokførde verdien av aksjane til Glenn om lag kr 140-150000 ved utgangen av 1978. Men i rekneskapen låg det ein reell varelagerreserve som det må takast omsyn til. Oppløysinga av varelagerreserven i rekneskapen for 1991, i samband med skattereforma, kan seia noko om korleis stoda var i 1978. Dersom ein legg til grunn at varelageret utgjorde 20 % av omsetnaden, må den røynlege verdien av varelageret i E. AgerWick AS på den tid ha vore om lag kr 700000, dvs. om lag kr 325000 over den bokførde verdien. Det svarar til at verdien av aksjane til Glenn i dei to selskapa var på om lag kr 300000 då han selde til Emil våren 1979, og det samsvarar godt med kva Tor fekk for sine aksjar ved salet til Emil.

Avtala mellom Glenn og Emil om sal av aksjane har kome i stand under omstende som vert råka av føresegna i avtalelova §33. Emil har hatt kjennskap til omstende som gjer at det ville vera i strid med den norma for "redelighet" som fylgjer av §33 å gjera rett gjeldande etter avtala. Dette gjeld jamvel om Emil berre skulle ha vore aktlaus. Dersom retten skulle koma til at det ikkje er ført prov for forfalsking av underskriftene til Glenn i generalforsamlingsprotokollane, vil ikkje det endra tilhøvet til avtalelova §33. Heile "oppkjøpssituasjonen" våren 1979, med dei initiativa Emil tok og den kunnskapen han sat inne med, må føra til at avtala vert råka av §33. Særleg vil dette gjelda når ein tek omsyn til mishøvet mellom ytingane, og som innebar ei slik forrykking av verdiar i høvet mellom avtalepartane.

Det vert òg halde fram at avtala om salet av aksjane vert råka av avtalelova §36, eventuelt at dei ulovfeste reglane om sviktande føresetnader fører til at avtala vert rekna for ugyldig. Ved avtalesensuren etter §36 skal det gjerast ei objektiv vurdering av innhaldet, og takast omsyn til det innbyrdes høvet mellom partane, med Emil som den sterke og Glenn som den veike parten.

Passivitetsinnvendinga frå ankemotparten er det ikkje grunnlag for.

Glenn sitt krav på aksjane er eit krav av tingleg karakter, og motparten kan ikkje høyrast med at det ikkje er rom for eit restitusjonskrav. Ettersom Emil no sit med den eigedomsparsellen han opphavleg gav frå seg i byte med aksjane, etter vidaresal frå Tor, har det heller ikkje noko å seia at Glenn ikkje er i stand til å føra tilbake den ytinga han sjølv tok imot. Det må elles vera rom for ein analogi frå føresegnene i kjøpslova §66 nr. (1) bokstav (c) og nr. (2). Det er opplyst at Emil har selt ut ein del av eignelutene i tidlegare Sportspremier AS, og det er i det heile spørsmål om det skal svarast noko vederlag for aksjane. I høgda kan vederlaget setjast til kr 15000, som er summen av pålydande av dei tre aksjane.

Ankeparten har ved den avsluttande ankeførehavinga sett fram slik påstand:

"1. Emil Ager-Wick dømmes til å tilbakelevere de 3 aksjer i Emil Ager-Wick AS som han fikk overlevert ved kjøpeavtale datert 28.5.1979 med Glenn Ager-Wick mot at Glenn Ager-Wick betaler et beløp fastsatt etter rettens skjønn begrenset oppad til kr 15000,-.

2. Emil Ager-Wick AS tilkjennes saksomkostninger for herreds- og lagmannsrett, med tillegg av morarente fra forfall til betaling skjer."

Ankemotparten v/advokat Andersen har i hovudsak halde fram:

Bakgrunnen for søksmålet må vera misnøye frå Glenn si side over arveoppgjeret etter foreldra. Glenn kom ikkje dårleg ut av arveoppgjeret, men har øydd bort dei midlane han fekk og sit ikkje att med noko. Spørsmålet om Emil fekk ei gåve ved overtakinga av familieverksemda - gullsmedforretninga - i 1977, er ikkje interessant, ettersom dei to andre brørne kort tid seinare fekk kvar sin 1/3-part av aksjane i dei to selskapa som var stifta.

Emil meinte at den ordninga dei var komne fram til for drifta av verksemda, ikkje var høveleg. Det var særleg dette at Emil og Glenn ikkje gjekk så godt saman. Emil og Tor kom difor til at dei ville gjera framlegg om endringar i vedtektene for selskapa, slik at ein av dei kunne overta aksjane til den andre utan at dette utløyste nokon forkjøpsrett for Glenn. Det er ikkje ført prov for at Emil gjorde opptaket til vedtektsendringane, med det for auga sjølv å få hand om alle aksjane. Men om så skulle vera, kan ikkje det gjera nokon skilnad.

Det hefter ingen formelle feil ved saksførehavinga og vedtaka på generalforsamlinga i dei to familieaksjeselskapa om å endra §5 i vedtektene, og vedtaka er gyldige. Trass i at Glenn på førehand hadde signalisert at han ville røysta mot framlegget om vedtektsendringar, røysta han - uventa for dei andre - for endringa på generalforsamlinga. Vedtaka ville elles ha vore gyldige jamvel om berre Emil og Tor hadde røysta for med sine aksjar. Dei føresegnene i aksjelova som ankeparten har vist til, gjeld ikkje avgrensingar i ein vedtektsfest forkjøpsrett, men derimot avgrensingar i retten til å erverva aksjar.

Det er openbert ikkje ført prov for at underskriftene til Glenn er forfalska. Ettersom Glenn var til stades og var samd i vedtaka, var det då heller ingen grunn til å driva med forfalsking. Og som nemnt vil vedtaka ha vore gyldige jamvel om han hadde røysta mot.

Det var Glenn som gjorde opptaket til å selja aksjane sine til Emil våren 1979. Glenn hadde store planar om utbygging av den eigedomsparsellen han fekk i byte. Det var han sjølv som hadde tankar om at parsellen kunne ha ein verdi på kring kr 300000 ved utparsellering til tomter. Emil kom ikkje med noko overslag over verdien.

Det er ikkje i noko fall høve til å nytta avtalelova §36 i denne saka. Denne føresegna vart fyrst vedteken i 1983, og det er i saka her spørsmål om det i 1979 var urimeleg å gjera avtala gjeldande. Når det gjeld tilhøvet til avtalelova §33, vil retten til å krevja seg løyst frå avtala, etter 15 år, under alle omstende vera tapt ved passivitet. I denne samanhengen må det leggjast vekt på at det var Glenn som gjorde opptaket til å selja, og at han var i samband med advokat Koch og advokat Thorsen - morbroren - vinteren/våren 1979. Noko seinare var han visstnok òg i kontakt med advokat Øyhaugen. Det at det vert påstått å ha vore eit mishøve mellom verdien av ytingane, talar òg for ein rask reaksjon dersom ein vil gå til åtak på avtala. Så lenge etterpå er det umogeleg å vita noko visst om dei innbyrdes verditilhøva.

Heller ikkje om ein ser bort frå passivitetsverknadene, er det grunnlag for å hevda at avtala frå 28. mai 1979 vert råka av avtalelova §33. Båe partane var unge på avtaletidspunktet, og Glenn hadde fått råd av advokatane Koch og Thorsen. Føresetnadene til Glenn om verdien av eigedomsparsellen, laut han sjølv ta vågnaden for når det seinare viste seg at det ikkje vart noko av utparsellering til tomter.

Ut frå føresetnadene til partane var det ikkje noko mishøve mellom verdien av ytingane. Når det gjeld verdsetjinga av 1/3part av bustadeigedomen i Sprøkilen, som Tor fekk i vederlag for sine aksjar, kan denne eigedomsparten i høgda ha hatt ein verdi på kr 200000 i 1979. Det er ikkje grunnlag for å rekna med ein så høg varelagerreserve i dei to aksjeselskapa som ankeparten har hevda i lagmannsretten. Emil dreiv gullsmedforretninga svært godt i dei etterfylgjande åra, med ein fortenestemargin langt over bransjegjennomsnittet, og nytta ein del av overskotslikviditeten til å sitja med eit stort varelager i høve til omsetnaden. Tilhøvet mellom varelager og omsetnad var eit anna i 1978-79. Det kan ikkje ut frå rekneskapsdisposisjonane i 1991 i samband med skattereforma trekkjast slike slutningar om verdiane i selskapet i 1978-79 som ankeparten gjer.

Ankemotparten gjer gjeldande at kravet er tapt ved passivitet, ettersom kravet av ankeparten vert konstruert som eit restitusjonskrav. Men sjølve aksjebreva har ingen verdi - kravet gjeld i røynda eigarpartane i selskapet. Fylgjene av ei eventuell ugyldig avtale vil i tilfelle vera eit krav om skadebot, av di ytingane ikkje lt seg restituera. Difor er det eigentleg tale om forelding av eit skadebotkrav. Ankemotparten gjorde greie for sitt syn på foreldingsspørsmålet i rettsmøtet 21. februar 1996. Dersom retten likevel skulle gje dom for restitusjon, må Glenn i alle fall betala minst kr 80000, som er det han fekk for eigedomsparsellen ved sal til Tor.

Ankemotparten har sett fram slik påstand:

"1. Herredsrettens dom stadfestes, dog slik at det beregnes morarente av tilkjente saksomkostninger fra forfall til betaling skjer.

2. Emil Ager-Wick tilkjennes saksomkostninger for lagmannsretten med tillegg av morarente fra forfall til betaling skjer."

Lagmannsretten har kome til at anken ikkje kan føra fram.

Det har kome fram at bakgrunnen for endringane i den vedtektsfeste forkjøpsretten, var misnøye hjå Emil og Tor med eigarstrukturen i dei to familieaksjeselskapa. Særleg synest Emil å ha vore av den meining at dei tre brørne ikkje kunne driva verksemda i lag. Vedtektsendringa ville gjera det mogeleg for Emil eller Tor å overta aksjane til den andre, og såleis åleine få aksjefleirtal i selskapa, utan at Glenn kunne gjera nokon forkjøpsrett gjeldande. Provføringa kan tyda på at det på eit nokså tidleg tidspunkt var mest sannsynleg at det i tilfelle var Emil som skulle kjøpa aksjane åt Tor og ikkje omvendt.

Emil har forklara, med støtte i vitneforklaringane til Tor og advokat Knut Øslebø, at Glenn var til stades under heile generalforsamlinga i aksjeselskapa 23. februar 1979 og at han var med på å vedta dei no omstridde endringane i vedtektene, trass i at han tidlegare hadde signalisert at han ville røysta mot. Utkastet til protokollar, som var utforma av advokat Øslebø på førehand, var basert på at det ville vera eit fleirtal og eit mindretal på generalforsamlinga. Men slik røystegjevinga fall ut, vart den endelege protokollen endra i høve til utkastet. Generalforsamlinga var på ein fredag og advokaten tok trulegvis med seg dei underskrivne protokollane til Kristiansand same dagen. Måndagen som fylgde, vart melding om vedtektsendringane send til handelsregistret.

Mot desse forklaringane står forklaringa til Glenn, slik det er gjort greie for under partsutsegnene hans. Slik prova står, kan lagmannsretten ikkje byggja på forklaringa hans. Det vert etter dette lagt til grunn at Glenn var med på vedtaka om å endra vedtektene i generalforsamlinga 23. februar 1979. Med dette utgangspunktet er det vanskeleg å sjå at nokon deretter med urette skal ha etterlikna underskrifta hans i protokollane. Under alle omstende er det ikkje ført prov for slik forfalsking.

Då Glenn ved påsketider 1979 fekk vita at Tor hadde tankar om å selja sine aksjar til Emil, tok han og morbroren - advokat Torodd Thorsen - kontakt med Tor for å få han frå å selja. Glenn har forklara at han var oppteken av at dei skulle selja saman, for å få ein reell pris på aksjane. Det synest ikkje vera usemje mellom dei to om at Glenn bad Tor venta med salet. Det gjekk likevel ikkje lang tid før Tor selde, utan å rådføra seg med Glenn.

Når det gjeld dei nærare omstenda i samband med at Glenn same våren selde sine aksjar til Emil òg, har partane ikkje gjeve fullt samsvarande forklaringar. Det må ha lege i heile situasjonen at Emil - etter å ha fått aksjefleirtalet - var interessert i å sikra seg alle aksjane i dei to selskapa. Om det då var han eller Glenn som gjorde opptak til salet, er vanskeleg å seia. Det fylgjer elles av det som er nemnt ovanfor at Glenn på førehand ikkje var framand for tanken om å kvitta seg med aksjane. Han gjorde avtale med Emil utan å rådføra seg med morbror sin, som han hadde kontakta tidlegare. Det kan tyda på at Glenn var nokså interessert i å selja, og det stør ikkje opp under påstanden hans om at Emil utsette han for press.

Glenn har i lagmannsretten forklara at han rekna med at det låg større skjulte reservar i varelageret i verksemda - det hadde mora fortalt like før ho døydde, og at aksjane hans kunne vera verdt så mykje som bortimot 500000 kroner. Lagmannsretten tolkar dette slik at Glenn ved overdraginga av aksjane iallfall meinte det var monalege verdiar i selskapa, utan at han freista å få dette nærare klårlagt.

Når det galdt verdien av motytinga frå Emil, eigedomsparsellen, synest ingen av partane å ha freista på å få denne verdsett av andre. Ut frå provføringa er det mest sannsynleg at Glenn var svært interessert i å overta eigedomsparsellen, og at han såg eit potensielt utbyggingsområde i denne. Ein viser mellom anna til at han ikkje eingong brydde seg om å få vita korleis morbroren såg på verdien av området. Advokat Thorsen har som vitne for lagmannsretten halde fram at det etter hans meining ikkje var grunnlag for å byggja ut denne parsellen, på grunn av vanskelege kloakkeringstilhøve.

Trulegvis etter at Glenn hadde overteke, kom det i stand ei intensjonsavtale mellom han og Mesterhus Aust-Agder A/L om å planleggja og førebu utbygging med visstnok sju bustadtomter på parsellen. I den samanhengen vart det utarbeidd ein såkalla "bebyggelsesplan". Den dåverande tekniske leiaren i firmaet har som vitne for lagmannsretten forklara at grunnen til at planane stranda, var motstand frå busette i stroket og at kostnadene med å gjera feltet byggjeklårt, vart for høge. Terrengtilhøva skapte problem for framføring av vegar og kloakk.

Det er ikkje ført prov for at Emil på avtaletidspunktet hadde kjennskap til at eigedomsparsellen ikkje lét seg byggja ut. Jamvel om advokat Thorsen som vitne gav uttrykk for ei nokså kategorisk oppfatning om spørsmålet - i ettertid, viser engasjementet til Mesterhus at parsellen i alle høve var aktuell å vurdera som tomtefelt. Det kan heller ikkje leggjast til grunn at Emil har gjeve Glenn urette eller misvisande opplysningar og såleis medverka til at Glenn overvurderte verdien av parsellen.

Lagmannsretten må etter dette byggja på at Glenn, då avtala kom i stand, på eiga hand hadde gjort seg visse tankar både om verdien av dei aksjane han gav frå seg og om verdien av eigedomsparsellen. Han valde å gjennomføra handelen utan å rådføra seg med morbror sin eller andre. Det er ikkje ført prov for at Emil på avtaletidspunktet hadde kjennskap til omstende som det ville vera uheiderleg av han å halda tilbake overfor Glenn. Ut frå føresetnadene til partane var det ikkje på avtaletida noko markert mishøve mellom verdien av ytingane frå kvar side. Lagmannsretten kan ikkje sjå at Emil handla i strid med "redelighet eller god tro" ved å gjera rett gjeldande etter avtala, og det er ikkje grunnlag for å halda avtala for ugyldig etter §33 i avtalelova.

Ankemotparten har som nemnt under partsutsegnene halde fram at det i det heile ikkje er høve til å nytta avtalelova §36 i dette tilfellet, av di denne føresegna ikkje var vedteken då avtala mellom partane vart gjort gjeldande. Dette er lagmannsretten samd i, men kan elles ikkje sjå at det er grunnlag for å setja avtala til sides jamvel om saka vert vurdert etter dei materielle reglane i §36. I den samanhengen skal nemnast at det objektivt sett ikkje kan ha vore noko markert mishøve mellom verdien av aksjane og verdien av eigedomsparsellen, så framt denne var aktuell som tomtefelt. Verditilhøvet vart sjølvsagt eit anna då det ikkje vart noka utbygging på parsellen. Men det at føresetnadene om utparsellering av tomter svikta, er Glenn sjølv nærast til å bera vågnaden for. Lagmannsretten kan ikkje sjå at dei etterfylgjande omstenda eller andre tilhøve fører til at avtala vert råka av avtalelova §36. Under alle omstende måtte Glenn ha teke saka opp på eit langt tidlegare tidspunkt, slik at ein eventuell rett til å krevja seg løyst frå avtala er tapt ved passivitet.

Emil må etter dette frifinnast.

Anken har ikkje ført fram, og domen i heradsretten vert i resultatet stadfest. Stadfestinga omfattar òg kostnadsavgjerda. Avgjerda av anken har ikkje bode på tvil, og ankeparten bør bera kostnadene til ankemotparten for lagmannsretten i samsvar med hovudregelen i tvistemålsloven §180 fyrste leden.

Advokat Andersen har sendt inn kostnadsoppgåve for lagmannsretten på i alt kr 79210. Av dette er salæret til prosessfullmektigen på kr 73000. Ankemotparten har kome med innvendingar til oppgåva, når det gjeld arbeid utført etter ankeførehavinga 21. februar 1996. Lagmannsretten er komen til at oppgåva bør godtakast, jf. tvistemålsloven §176. Det er lagt vekt på at saka vart lagt så breitt opp frå ankeparten si side at det var naudsynt med ei nokså omfattande imøtegåing og saksførebuing fram til ankeførehavinga 6. og 7. juni 1996. Kostnadsoppgåva omfattar òg reise- og kostgodtgjersle for ankemotparten sjølv, og dette vert godteke, jf. Schei, Tvistemålsloven I side 366. I samsvar med påstanden vert det gjeve dom for morarente av sakskostnadene for båe instansar. Heradsrettsdomen vart forkynt for ankeparten 28. august 1995, og forfallstidspunktet for idømde sakskostnader for denne instansen vert då 11. september 1995.

Domen er samrøystes.

Domsslutning:

1. Domen i heradsretten vert stadfest, med tillegg av at Glenn Ager-Wick vert dømd til å betala lovleg morarente av idømde sakskostnader frå 11. september 1995 til betaling skjer.

2. I sakskostnader for lagmannsretten skal Glenn AgerWick betala 79210 - syttinitusentohundreogti - kroner til Emil Ager-Wick v/advokat Ove Andersen innan 2 - to - veker etter at domen er forkynt, med tillegg av lovleg morarente frå forfall til betaling skjer.