Hopp til innhold

HR-2000-542-K - Rt-2000-1206

Fra Rettspraksis
(Omdirigert fra «Rt-2000-1206»)
Instans: Høyesteretts kjæremålsutvalg - Kjennelse
Dato: 2000-06-30
Publisert: HR-2000-00542-K - Rt-2000-1206 (278-2000)
Stikkord: Sivilprosess, Avtalerett, Heving av ankesak
Sammendrag: Saken gjaldt heving av ankesak for lagmannsretten.
Saksgang: Hålogaland lagmannsrett - Høyesterett HR-2000-00542, sivilt kjæremål
Parter: Eva Hennie Nikolaisen (advokat Knut Skjærgård) mot Bø Vaskeri v/Anita Pettersen (advokat Markus Andresen)
Forfatter: Gussgard, Rieber-Mohn, Utgård
Lovhenvisninger: Avtaleloven (1918) §39, §7, Tvistemålsloven (1915) §180


Kjæremålet gjeld heving av ankesak for lagmannsretten.

Eva Hennie Nikolaisen hadde anka Vesterålen heradsretts dom 13. desember 1999 til Hålogaland lagmannsrett i sak mot Bø Vaskeri v/ Anita Pettersen.

Om morgonen 8. mars 2000 postla Nikolaisens prosessfullmektig, advokat Knut Skjærgård, eit underskrive utkast til felles prosesskrift datert 7. mars, til motpartens prosessfullmektig, advokat Markus Andresen. I prosesskriftet vart saka kravd heva som forlikt. Kvar av partane skulle dekkje eigne sakskostnader. Advokat Andresen skreiv under prosesskriftet 9. mars.

Seinare på dagen 8. mars vart det usemje mellom partane om det var inngått bindande avtale om å heve saka som forlikt. Det er utveksla ei rekkje prosesskrift. Under tilvising til felles prosesskrift av 7. mars og 9. mars, innkome til Hålogaland lagmannsrett 13. mars, sa retten 17. mars 2000 orskurd med slik slutning:

«Saken heves.»

I eit følgjebrev 17. mars frå lagmannsretten står det:

«Lagmannsretten har vurdert de omstendigheter som er omhandlet i de etterfølgende prosesskrift. Det fremstår ikke som åpenbart at det er underliggende feil ved avtalen om å begjære saken hevet som forlikt.»

Eva Hennie Nikolaisen har i rett tid påkjært lagmannsrettens orskurd til Høgsteretts kjæremålsutval. Dei faktiske omstenda er av den kjærande parten i hovudtrekk omtala slik:

Motpartens prosessfullmektig kontakta advokat Skjærgård i samband med saksførebuinga 7. mars 2000. Det vart frå advokat Skjærgård opplyst at Nikolaisens søknad om fri sakførsel var avslått av fylkesmannen i Nordland, og det vart signalisert at det av denne grunn kunne vere aktuelt å trekkje anken. Ankemotpartens prosessfullmektig misforsto denne utsegna, då han konkluderte med at saka skulle trekkjast. Seinare samme dag kontakta Nikolaisen advokat Skjærgård, og ga beskjed om at anken måtte trekkjast. Deretter vart utkastet til felles prosesskrift utforma, og det vart postlagt morgonen etter. På formiddagen den 8. mars kontakta Nikolaisen advokat Skjærgård på nytt og sa frå at ho hadde bestemt seg for å klage fylkesmannens avslag inn til Justisdepartementet og ville undersøkje alternative måtar for fri rettshjelp. Advokat Skjærgård sende då straks ein telefaks til motpartens prosessfullmektig og trekte attende utkastet til felles prosesskrift.

Det er usemje mellom partane om det i telefonsamtalen 7. mars 2000 vart gjort avtale om å heve saka. Det vert gjort gjeldande at det er opp til kjæremålsmotparten å sannsynleggjere at ein slik avtale vart gjort. Ut over kjæremålsmotparten sine eigne påstandar om kva som vart sagt, er det ikkje noko som støttar opp om at ein slik avtale faktisk vart gjort. Det vert halde fast ved at det berre var gitt eit signal om at anken kanskje måtte trekkjast.

Sjølv om ein skulle leggje til grunn at det i telefonsamtalen vart gitt eit tilbod som vart akseptert, er det ikkje lenger nokon bindande avtale, då det ved telefaksen 8. mars vart gjord eit tilbakekall re-integra. Kjæremålsmotparten hadde på dette tidspunktet ikkje innretta seg etter tilbodet. Det er ikkje nok at ho reint psykologisk skulle ha innretta seg. Den kjærande parten viser til Rt-1983-281, der Høgsterett godtok tilbakekall av eit akseptert tilbod om forlik, sjølv om tilbakekallet vart gjort først ei veke etter at tilbodet var godteke.

Utkastet til felles prosesskrift, postlagt 8. mars 2000, er likevel utvilsamt å sjå på som eit tilbod om å forlike saka. Det vert gjort gjeldande at tilbodet vart kalla attende ved telefaks 8. mars. Tilbakekallinga har kome fram til motparten før tilbodet er kome til hans kunnskap, jf. avtalelova §7, og det er derfor ikkje kome i stand nokon bindande avtale om å heve saka som forlikt.

Det er lagt ned slik påstand:

«1. Hålogaland lagmannsretts kjennelse om å heve sak nr. 00-125 A oppheves.

2. Eva Hennie Nikolaisen tilkjennes sakens omkostninger.»

I kjæremålstilsvaret gjer Bø Vaskeri v/Anita Pettersen gjeldande at det i telefonsamtalen 7. mars 2000 vart oppnådd semje om at anken skulle trekkjast. Det vert vist til tidlegare prosesskrift.

Det vert gjort gjeldande at Anita Pettersen alt 7. mars 2000 hadde innretta seg etter at anken var trekt. Ho hadde underretta sine mange vitne om at saka fall bort, og hadde også motteke lukkeønskjingar. Saka med dei sterke skuldingane som er retta mot Anita Pettersen har vekt stor oppsikt i Bø kommune og elles i Vesterålen. Saka har vore omtala i pressa på ein negativ måte for Anita Pettersen.

Advokat Skjærgård tok ikkje noko atterhald i telefonsamtalane 7. mars. Han hadde elles ingen atterhald å ta. I så fall ville han sjølvsagt ikkje ha postlagt det felles prosesskriftet dagen etter.

Det er lagt ned slik påstand:

«1. Kjæremålet forkastes.

2. Bø Vaskeri v/Anita Pettersen tilkjennes saksomkostninger med kr 1.500.-.»

Høgsteretts kjæremålsutval viser til at saka gjeld kjæremål over Hålogaland lagmannsrett sin orskurd av 17. mars 2000.

Advokat Skjærgård sende underskrive, felles prosesskrift til motpartens advokat, etter at Skjærgård hadde fått beskjed av sin klient om å trekkje anken. Spørsmålet er om dette var eit felles prosesskrift som gav uttrykk for ein allereie inngått munnleg avtale mellom partane, eller om dette var eit einsidig tilbod frå Nikolaisen om å forlike saka.

I den telefaksen som vart sendt frå advokatfullmektig Bengt A. Pedersen hos advokat Knut Skjærgård den 8. mars, vart det vist til «telefonsamtale av i går» og til at utkast til felles prosesskrift om heving av saka var lagt i posten tidlegare same dag. Dette støttar opp under den oppfatninga som er gitt av motpartens prosessfullmektig om at advokatane etter drøftingar i telefonsamtalar hadde kome fram til ein avtale. Det synest heller ikkje å ha vore sendt noko særskilt brev til motpartens advokat som kan støtte opp under at det var tale om eit einsidig tilbod. Oversending av eit felles prosesskrift, som ein sjølv har skrive under og utan nærare forklaring og utan frist for svar, tyder i det heile sterkt på at prosesskriftet var uttrykk for ein avtale. Nikolaisen har ikkje kunna gje noka forklaring på at ein slik framgangsmåte vart nytta ved eit tilbod om forlik på dei vilkår som gjekk fram av prosesskriftet.

Utvalet legg etter dette til grunn at Nikolaisen ved sin advokat gav beskjed til motparten den 7. mars om at anken vart trekt og at det i den samanheng var avtala at partane skulle dekkje eigne sakskostnader.

Den kjærande parten har vist til Rt-1983-281 der Høgsterett la til grunn at re-integra regelen i avtalelova §39 kan nyttast på prosesshandlingar. Vedkomande kommuneadvokat sine utsegner i tilsvaret - som låg innafor alminneleg prosessfullmakt - bygde på eit vedtak som ikkje var gjort av kompetent organ i kommunen. Det vart også lagt til grunn at motparten ikkje hadde innretta seg.

I saka her må det leggjast til grunn at advokat Skjærgård handla i samsvar med instruks frå sin part, og at det som skjedde var at parten ombestemte seg. Det er sagt at parten hadde kome til at ho ville påklage fylkesmannens vedtak om ikkje å gje fri rettshjelp, og at ho dessutan ville sjå om det kunne vere mogeleg å finne andre måtar å få dekt rettshjelps-kostnadene på. Saka skil seg såleis frå saka i Rt-1983-281 der parten vart gitt høve til å rette opp ein feil. Bruken av avtalelova §39 på prosesshandlingar må vere avgrensa til reine unntakstilfelle, og i ei sak som partane har fritt rådvelde over, kan det vanskeleg vere rom for tilbakekall ut frå at ein part har endra syn. Omsynet til den andre parten må vege tungt ved slike vurderingar.

Lagmannsrettens orskurd må etter dette stadfestast.

Kjæremålet har vore fånyttes, og kjæremålsmotparten bør tilkjennast sakskostnader for Høgsteretts kjæremålsutval, jf. tvistemålslova §180 første ledd. Sakskostnadene vert sette til 1 500 kroner.

Ordskurden er samrøystes.

Slutning:

1. Lagmannsrettens orskurd vert stadfesta.

2. I sakskostnader for Høgsteretts kjæremålsutval betaler Eva Hennie Nikolaisen til Bø Vaskeri v/Anita Pettersen 1.500 - ettusenfemhundre - kroner innan 2 - to - veker frå forkynninga av denne orskurden.