Hopp til innhold

HR-2008-897-A - Rt-2008-688

Fra Rettspraksis
(Omdirigert fra «Rt-2008-688»)
Instans: Høyesterett - Dom
Dato: 2008-05-20
Publisert: HR-2008-00897-A - Rt-2008-688
Stikkord: Sivilprosess, Trygderett, Bevisvurdering
Sammendrag: Saka gjaldt spørsmålet om kva som er skjeringstidspunktet for det faktum som skal omsyntakast av Trygderetten.

Høgsterett kom til at det ikkje ligg føre vektige grunnar som talar for at Trygderetten, ulikt det som gjeld for andre forvaltningsorgan, ikkje skal ha plikt til ei fullstendig prøving av dei faktiske tilhøva på vedtakstidspunktet. Det vart vist til Rt-2007-1815 og til ordlyden i Trygderettsloven (1966) § 19 første ledd. Høyesterett fant at det ikkje gir noka løysing med omsyn til skjeringstidspunktet at Trygderetten er eit frittståande forvaltningsorgan. Ei samla vurdering av prosessreglane peikar derimot i retning av at Trygderetten skal vurdere bevis ut frå tidspunktet for sluttbehandlinga der. Regelverket er såleis tilpassa at Trygderetten skal prøve alle sider ved saka, og då er ei notidsvurdering mest nærliggjande.

Saksgang: Trygderetten 27.10.2006 - Borgarting lagmannsrett 05.09.2007 - Høyesterett HR-2008-00897-A (sak nr. 2007/1716), sivil sak, anke
Parter: A (advokat Gro Sandvoll - til prøve) mot staten v/Arbeids- og velferdsdepartementet (regjeringsadvokaten v/advokat Erlend Haaskjold)
Forfatter: Utgård, Tjomsland, Flock, Kaasen, Gjølstad
Lovhenvisninger: Folketrygdloven (1997) §8-5, §12-12, §22-13, §25-7, Trygderettsloven (1966) §11, §13, §15


(1)     Dommar Utgård: Saka gjeld spørsmålet om kva som er skjeringstidspunktet for det
        faktum som skal omsyntakast av Trygderetten.

(2)     A, som er fødd i 1950, vart ved vedtak 26. november 1996 tilstått uførepensjon etter ein
        uføregrad på 100 prosent frå 1. mai 1991. I tilknyting til søknaden hadde A sendt inn to
        erklæringar frå sin behandlande lege, Knut Petter Kolshus.

(3)     Rikstrygdeverket gjorde 27. april 1999 vedtak om at trygda ikkje lenger skulle gi
        trygdeytingar med grunnlag i erklæringar frå lege Kolshus, jf. folketrygdlova § 25-7.
        Statens helsetilsyn vedtok 3. november 2000 å suspendere autorisasjonen av Kolshus som
        lege, for deretter 19. desember 2001 å kalle autorisasjonen attende med verknadstidspunkt
        1. januar 2002.

(4)     Under søknadsprosessen om uføretrygd var opplyst at A hadde gått til behandling hos
        psykolog Hege Foseid i eitt år fram til 1993. Det viste seg seinare at Foseid aldri hadde
        vore godkjend som psykolog.

(5)      Fylkestrygdekontoret i Oslo tok opp spørsmålet om rett til uførepensjon for A til ny
         vurdering under tilvising til omstenda for Kolshus og Foseid. Ved vedtak 2. mai 2003 vart
         det fastsett at uførepensjonen skulle opphøyre med verknad frå 1. mai 2003.

(6)      A påklaga vedtaket til Trygderetten 23. mai 2003. I samsvar med trygderettslova § 13
         utarbeidde fylkestrygdekontoret utkast til oversendingsbrev til Trygderetten, som
         23. oktober 2003 vart sendt til A for uttale. Den nye behandlande legen for A, Lars
         Blystad, sende inn ei erklæring datert 6. november 2003 til støtte for at A skulle behalde
         uførepensjonen. Fylkestrygdekontoret sende saka over til Trygderetten 13. same
         månaden, og uttala i oversendingsbrevet at merknadene frå lege Blystad ikkje var av ein
         slik art at dei førte til endringar i fylkestrygdekontoret sitt standpunkt eller grunngiving.

(7)      Ved orskurd 28. mai 2004 stadfesta Trygderetten vedtaket frå fylkestrygdekontoret. Det
         vart lagt til grunn at A ikkje fylte vilkåra for rett til uførepensjon på tidspunktet for
         fylkestrygdekontoret sitt vedtak. Samtidig uttala Trygderetten at forverring av tilstanden
         etter vedtakstidspunktet kan gi grunnlag for å setje fram nytt krav.

(8)      A sette fram nytt krav 21. juni 2004. Det vart vist til mellom anna ei erklæring frå
         psykolog Tonje Østvold Byhre frå mai 2004 i tillegg til tidlegare framlagt dokumentasjon.
         Det lokale trygdekontoret innhenta erklæringar frå spesialistar i psykiatri, Anne Regine
         Føreland og Berthold Grünfeld. Med grunnlag i desse avslo trygdekontoret 4. mai 2005
         kravet om uføretrygd. Fylkestrygdekontora i Oslo og Akershus stadfesta avslaget
         7. desember 2005.

(9)      Ankesaka vart sendt til Trygderetten 30. august 2006. Trygderetten stadfesta vedtaket ved
         orskurd 27. oktober 2006. Det var dissens i Trygderetten, i det ein av dei tre dommarane
         røysta for å ta anken til følgje.

(10)     A reiste saker for Borgarting lagmannsrett om begge avgjerdene frå Trygderetten. Sakene
         vart sameina til felles behandling. Borgarting lagmannsrett sa dom 5. september 2007
         med slik domsslutning:

               ”1.       Staten v/Arbeids- og velferdsdirektoratet frifinnes.

                 2.      Saksomkostninger tilkjennes ikke.”

(11)     I dommen la lagmannsretten til grunn same skjeringstidspunkt for prøvinga av retten til
         uføretrygd som det Trygderetten hadde gjort, nemleg tidspunktet då fylkestrygdekontoret
         gjorde vedtak.

(12)     A anka dommen til Høgsterett. Ved Høgsteretts kjæremålsutval si avgjerd 14. januar 2008
         vart anken vist til Høgsterett for så vidt gjaldt skjeringstidspunktet for bevisvurderinga i
         Trygderetten. Anken elles vart nekta fremja.

(13)     Ankeparten, A, har særleg halde fram:

(14)     Prinsipalt må det leggjast til grunn at korrekt skjeringstidspunkt for bevisvurderinga i
         Trygderetten var tidspunktet for orskurden der. Dette kan byggjast på ordlyd og
         systematikk i lova om Trygderetten. Såleis har Trygderetten eit utgreiingsansvar, jf. § 15
         nr. 1, retten kan nemne opp sakkunnige, jf. § 15 nr. 6, byggje på tilhøve som ikkje er gjort
         gjeldane av partane, jf. § 20 første ledd og også gå ut over påstandar til gunst for den                                                        3
         private, jf. § 20 andre ledd. Det er vidare Trygderettens avgjerd som kan prøvast av
         domstolane, jf. § 23 første ledd, noko som talar for at Trygderetten må ha rett og plikt til å
         prøve alle sider ved saka.

(15)     Høgsteretts dom i Rt. 2007 side 1815 er ikkje avgjerande for spørsmålet, men dommen
         må likevel støtte opp under at Trygderetten må ta omsyn til nytt faktum som retten er
         kjend med på avgjerdstidspunktet. Det er ingen fast forvaltningspraksis hos Trygderetten i
         spørsmålet. Det synest vere opp til Trygderetten si eiga vurdering om nytt faktum skal
         omsyntakast.

(16)     Reelle omsyn talar med styrke for at avgjerdstidspunktet i Trygderetten må leggjast til
         grunn. Dette vil gi det materielt sett beste resultatet og også vareta omsyn til rettslikskap
         og til at avgjerda skal vere føreseieleg. I saker som tar lang tid for Trygderetten, vil det
         føre til tap for ein privat part om han må søkje på nytt etter å ha fått Trygderettens
         avgjerd, samanlikna med det som vil vere situasjonen om Trygderetten prøver saka
         fullt ut.

(17)     Subsidiært må det leggjast til grunn at korrekt skjeringstidspunkt for avgjerder i
         Trygderetten er tidspunktet for oversendinga av saka frå fylkestrygdekontoret til
         Trygderetten. Dette er det minste som kan sluttast ut frå det lovgrunnlaget det tidlegare er
         vist til og frå praksis i Trygderetten.

(18)     Om Trygderetten har lagt til grunn feil skjeringstidspunkt, er det sannsynleg at dette kan
         ha verka inn på resultatet. Dette kan byggjast mellom anna på dei etterfølgjande
         erklæringane frå lege Blystad og psykolog Byhre. Trygderettens andre orskurd er
         rettskraftig, men kan ikkje vere bindande ved ny behandling av det første kravet.

(19)     A har sett fram slik påstand:

                ”1.      Trygderettens kjennelse av 28. mai 2004 oppheves.
                 2.      A tilkjennes saksomkostninger for lagmannsrett med tillegg av lovens rente
                         fra forfall til betaling skjer.”

(20)     Ankemotparten, staten v/Arbeids- og velferdsdirektoratet, har særleg halde fram:

(21)     Det var rett når lagmannsretten kom til at Trygderetten hadde høve til å leggje tidspunktet
         for vedtak i underinstansen til grunn som skjeringstidspunkt ved bevisvurderinga. Medan
         det i forvaltningsretten til vanleg er slik at det skal skje ei fullstendig overprøving hos
         klageinstansen, er situasjonen annleis for Trygderetten. For Trygderetten er det tale om
         anke der Trygderetten skal prøve underinstansen sitt vedtak, jf. trygderettslova § 11 andre
         ledd bokstav c. Det kan då tenkjast fire skjeringstidspunkt. Søknadstidspunktet er det
         logiske tidspunktet, men likevel ikkje aktuelt. Vedtakstidspunktet må vere det avgjerande,
         jf. at det er tale om å prøve underinstansens vedtak. Det kunne også tenkjast at
         oversendingstidspunktet er avgjerande, jf. at underinstansen etter § 13 skal ta eit påanka
         vedtak opp til ny vurdering. Endeleg kan det tenkjast ei rein notidsvurdering hos
         Trygderetten, som ei pragmatisk løysing der noko anna vil framstå som formalistisk.
         Trygderetten må såleis ha høve til å velje det siste tidspunktet i særlege tilfelle.

(22)     Det finst ingen avklarande rettspraksis. Dommen i Rt. 2007 side 1815 seier berre det
         sjølvsagde at domstolane skal prøve Trygderettens avgjerd på same grunnlag som det
         Trygderetten sjølv hadde. Heller ikkje trygderettslova § 15 om undersøkingsplikt seier
         meir enn at Trygderetten må syte for forsvarleg opplysning i høve til skjeringstidspunktet.

(23)     At skjeringstidspunktet som det klare utgangspunktet må vere tidspunktet for det
         underliggjande vedtaket, er lagt til grunn av Trygderetten i svært mange avgjerder. Det
         vart første gong uttala i orskurd 5. mars 1969. Seinare har det vore ei pragmatisk grunna
         utviding med utskote skjeringstidspunkt for visse typar nye opplysningar.

(24)     Forvaltningslova gjeld ikkje for Trygderetten. Det er også slik at ei avgrensing av
         kompetansen for ein klageinstans kan følgje av normgrunnlaget. Det kan såleis ikkje
         sluttast noko ut frå alminnelege prinsipp for forvaltningsklage. Trygderetten står i ei
         særstilling, ved ikkje å vere ein alminneleg klageinstans men eit domstolliknande
         forvaltningsorgan.

(25)     Trygderettens kompetanse etter lova er som alt framheva å prøve tilhøva på tidspunktet
         for det underliggjande vedtaket. Men gjennom fast og langvarig praksis har Trygderetten
         tilteke seg retten til å nytte eit utskote skjeringstidspunkt, som kan vere
         oversendingstidspunktet eller tidspunktet for eiga avgjerd. Det kan skje dersom
         tilbakevising til underinstansen synest lite tenleg, og også dersom det aktuelle spørsmålet
         er tilstrekkeleg utgreidd og avgjerdsgrunnlaget er forsvarleg. Endeleg kan det skje til eit
         seinare tidspunkt enn vedtakstidspunktet dersom det har gått svært lang tid sidan
         underinstansvedtaket.

(26)     Under alle omstende hadde val av skjeringstidspunkt ikkje innverknad på resultatet. Det
         går fram av den nye avgjerda i Trygderetten etter at A sende ny søknad, jf. også dei
         erklæringane som då vart innhenta.

(27)     Staten v/Arbeids- og velferdsdirektoratet har sett fram slik påstand:

                ”1.      Lagmannsrettens dom, domsslutningens punkt 1, stadfestes.

                 2.      Staten v/Arbeids- og velferdsdirektoratet tilkjennes saksomkostninger for
                         lagmannsrett og Høyesterett med tillegg av lovens rente fra forfall til betaling
                         skjer.”


(28)     Eg går så over til å gjere greie for mitt syn på saka. Innleiingsvis nemner eg at når
         fylkestrygdekontoret tok opp att saka, skjedde det etter føresegna i folketrygdlova § 12-12
         om revurdering av uføregraden, jf. § 21-6 om endra forhold. Det sentrale spørsmålet for
         fylkestrygdekontoret og seinare for Trygderetten var såleis A sin helsetilstand.

(29)     Eg startar med spørsmålet om skjeringstidspunktet. Spørsmålet kom opp i Trygderettens
         orskurd av 28. mai 2004. Før eg siterer frå orskurden minner eg om at A 6. november
         2003, etter fylkestrygdekontorets vedtak 2. mai 2003, men før oversendinga til
         Trygderetten, hadde lagt fram ei erklæring frå lege Lars Blystad. Blystad skreiv at A sin
         helsetilstand hadde forverra seg klart etter at uføretrygda vart stoppa, og at han sleit med
         alvorleg depresjon. Eg siterer så frå Trygderettens avgjerd:

                ”På bakgrunn av kontrollundersøkelse den 18. desember 2002 konkluderte psykiater
                Føreland med at A, ut fra en psykiatrisk vurdering var å anse som fullt arbeidsfør.

                På bakgrunn av Føreland og Blystads erklæringer oppfatter retten As psykiske lidelse å
                ha utviklet seg negativt etter at fylkestrygdekontoret fattet vedtak om stans av
                uførepensjonen. For å vurdere As helsetilstand i dag ville det etter rettens oppfatning
                vært nødvendig med en uttalelse fra Tøyen Distriktspsykiatriske Senter. Den
                foreliggende sak gjelder imidlertid anke over fylkestrygdekontorets vedtak av 2. mai
                2003. Retten ser at det i As sykdomsbilde også er komponenter av muskel- og
                skjelettplager med smerter. Etter en samlet vurdering av sakens medisinske
                opplysninger finner retten det likevel ikke sannsynliggjort at A fylte vilkårene for rett til
                uførepensjon på tidspunktet for fylkestrygdekontorets vedtak. Forverrelse av tilstanden
                etter vedtakstidspunktet kan gi grunnlag for å sette frem nytt krav.”

(30)      Lagmannsretten slutta seg til dette synet. Det heiter i dommen:

                ”Lagmannsretten går så over til å prøve Trygderettens kjennelse av 28. mai 2004 og
                finner at tidspunktet som skal legges til grunn for prøvingen, er samme tidspunkt som
                Trygderetten har lagt til grunn, jf. Eidsivating lagmannsretts dom av 30. august 2005
                (04-24310) og Borgarting lagmannsretts dom av 26. juni 2007
                (06-178280FØR-BORG/03). I vår sak betyr det at skjæringspunktet er 2. mai 2003 som
                er tidspunktet da fylkestrygdekontoret traff sitt vedtak. Det innebærer at det ikke var
                noen feil av Trygderetten den ikke la vekt på opplysningene fra lege Lars Blystad, som
                ble sendt fylkestrygdekontoret 6. november 2003 og hvor det fremgikk at As psykiske
                helse hadde forverret seg etter fylkestrygdekontorets vedtak.”

(31)      Partane har begge lagt til grunn at det her var tale om eit nytt faktum. Eg er einig i at
          forverring av helsetilstanden etter tidspunktet for underinstansvedtaket vil vere nytt
          faktum. Eit anna døme på nytt faktum i ei trygdesak kan vere at det er gjennomført
          attføringstiltak. Saka gjer det ikkje nødvendig å gå inn på ei grensedraging mellom nytt
          faktum og bevis for tidlegare tilstand, men eg peikar på at det nokre gonger kan vere
          vanskeleg å dra ei eksakt grense, ikkje minst når det gjeld ein helsetilstand.

(32)      Staten har gjort gjeldande at Trygderetten har ein særleg posisjon, og at det bør ha
          innverknad på skjeringstidspunktet for vurdering av bevis. Sjølv om Trygderetten er eit
          frittståande forvaltningsorgan, jf. Innst. O. VI for 1966–67 sidene 3–4, kan eg ikkje sjå at
          dette i seg sjølv peikar på noka løysing med omsyn til skjeringstidspunktet; for å gjere det
          er det nødvendig med ei nærare analyse av dei ulike reglane.

(33)      Prosessreglane for Trygderetten har dels mønster frå tvistemålslova, men det er også
          mange parallellar til vanleg forvaltningsprosess. Reglane i trygderettslova § 13 om ny
          prøving hos underinstansen etter anke til Trygderetten, er til dømes reglar som mest
          samsvarar med klagebehandling etter ordinære forvaltningsrettslege reglar. Det same kan
          nok seiast om mange av dei andre prosessreglane for Trygderetten. Trygderetten har
          såleis full kompetanse til å prøve alle sider ved underinstansens vedtak. Retten kan leggje
          til grunn omstende som ikkje er gjort gjeldande av partane, jf. § 20 første ledd, og også gå
          ut over påstandane til gunst for den private parten, jf. § 20 andre ledd. Som resultat kan
          Trygderetten stadfeste eller omgjere det påanka vedtaket, eller oppheve det og vise saka
          attende til underinstansen til ny behandling, jf. § 21 fjerde ledd.

(34)      Dette må også sjåast i samanheng med reglane om opplysning av saka i § 15. Etter § 15
          nr. 1 skal retten syte for at saka blir tilstrekkeleg opplyst. I § 15 nr. 3 er det fastsett at
          Trygderetten kan påleggje den private parten å la seg undersøkje eller intervjue av lege
          eller annan sakkunnig, dersom det kan ha interesse for avgjerda å ha opplysningar om
          ”helse, ervervsevne eller ervervsmuligheter”.

(35)      Dersom ein ser på kvart einskild element som eg her har vist til, kan det nok vere slik at
          dette kan passe inn utan omsyn til kva som blir lagt til grunn som skjeringstidspunkt. Men
          ser ein reglane samla, peikar dei etter mi meining i retning av at Trygderetten skal vurdere
          bevis ut frå tidspunktet for sluttbehandlinga der. Regelverket synest såleis tilpassa at
          Trygderetten sjølv fullt ut skal kunne prøve alle sider ved saka, og det er då nærliggjande
          med ei notidsvurdering. Dersom det hadde vore meininga at det skulle skje ei overprøving
          av saka slik ho stod på tidspunktet for underinstansens avgjerd, kan det nok også seiast at
          det hadde vore naturleg at det var sagt med reine ord.

(36)      Eg går så over til å sjå på praksisen i Trygderetten. I ein orskurd frå 5. mars 1969,
          ankesak nr. 285/1968, uttala Trygderetten:

                ”I alminnelighet må Trygderetten legge til grunn situasjonen på det tidspunkt vedtaket
                [underinstansens vedtak] ble truffet. Spørsmålet blir da om AP’s ervervsevne i oktober
                1967 var redusert med mer enn 50 prosent.
                .. .
                Man vil imidlertid få tilføye at dersom det i tiden etter at Rikstrygdeverket traff sin
                avgjørelse er skjedd en vesentlig endring i de forhold som har vært avgjørende for
                fastsettelsen av uførepensjonen, kan den ankende part søke trygdemyndighetene om
                gjenopptagelse av saken i medhold av folketrygdlovens § 8-5 siste ledd.”

(37)      Det skjedde ei vidareutvikling av synsmåtane i orskurd 18. desember 1969, ankesak
          nr. 238/1968, der det heiter:

                ”I alminnelighet vil Trygderetten måtte legge til grunn for sin avgjørelse situasjonen på
                det tidspunkt da det påankede vedtak ble truffet, og spørsmålet om det senere er skjedd
                en vesentlig endring i de forhold som har vært avgjørende, vil måtte henvises til ny
                behandling i Rikstrygdeverket, jfr. Trygderettens kjennelse av 5. mars 1969 i ankesak
                nr. 285/68 (Publ.nr. 08/17). Unntak må imidlertid kunne gjøres når retten finner de
                foreliggende opplysninger tilstrekkelig til å treffe en avgjørelse, og partene er kjent med
                disse opplysninger, jfr. ankelovens § 20 annet punktum. Når retten finner det
                ubetenkelig, må i slike tilfelle også endringer som er skjedd etter at det påankede vedtak
                ble truffet, kunne trekkes inn i ankesaken. Særlig gjelder dette hvis den ankende parts
                interesser tilsier det, og retten kan ikke se at ankeloven er til hinder for det. Tvert imot
                kan det sies at den selvstendige stilling ankeloven gir Trygderetten når det gjelder
                bevisførselen, saksforholdet og partenes påstander, taler sterkt for å anta at retten må
                ha en slik adgang. Det vises i denne forbindelse særlig til lovens §§ 15 nr. 1 og 20.

                I den foreliggende sak finner retten at sterke rimelighetsgrunner taler for at den
                ankende part nå får en avgjørelse som ikke bare gjelder tidsrommet før 6. mars 1967,
                da det påankede vedtak ble truffet. Den ankende parts ervervsmessige situasjon siden
                den gang er på det rene, og retten finner det ubetenkelig å treffe en avgjørelse på
                grunnlag av de opplysninger som foreligger og som er kjent for partene.”

(38)      I ei avgjerd 2. juli 1997, ankenr. 1258/1996, der Trygderetten var sett med 5 fagdommarar
          og 2 meddommarar, viste Trygderetten til avgjerda frå 18. desember 1969 som
          retningsgivande for seinare praksis. Framlagde avgjerder frå Trygderetten stadfester at det
          med litt varierande formuleringar har vorte teke omsyn til seinare faktiske omstende. Eg
          nøyer meg med å vise til tre døme. I orskurdar 30. april 2004, ankenr. 04/00521, og
          18. november 2005, ankenr. 05/02407, omgjorde Trygderetten uførevedtak grunna
          attføringstiltak etter underinstansvedtaket. Den tredje saka, ankenr. 03/02723, avgjort ved
          orskurd 5. desember 2003 gjaldt også attføring. Det heiter der:

                ”Uansett dette er det, etter at saken ble oversendt Trygderetten, lagt frem en
                sluttrapport fra en utprøvingsperiode ved fylkestrygdekontoret. Attføringsuttalelser fra
                andre instanser er ikke bindende for fylkestrygdekontorets vurdering. Sett i
                sammenheng med sakens øvrige opplysninger finner imidlertid retten nevnte
                sluttrapport tilstrekkelig overbevisende til å konkludere med at det ikke er grunnlag for
                å anse ytterligere attføring hensiktsmessig i APs tilfelle. Retten finner at hun varig helt
                har tapt sin inntektsevne og fyller vilkårene for hel uførepensjon.”

(39)     Statens prosessfullmektig har summert opp praksisen med å omsynta etterfølgjande
         faktum til å gjelde saker der ”tilbakevisning fremstår som lite hensiktsmessig”, ”det
         aktuelle spørsmålet er tilstrekkelig utredet og avgjørelsesgrunnlaget er forsvarlig” og ”det
         har gått (svært) lang tid”. Eg har ikkje grunnlag for å seie om dette er ein fullnøyande
         måte å samanfatte praksis på. Det må i alle fall kunne seiast at det har vore ein praksis av
         eit visst omfang, og der det ikkje er lett å sjå heilt klare avgrensingar av når det skal takast
         omsyn til nytt faktum og når det ikkje skal det.

(40)     Eg nemner at det også er lagt fram døme på saker der Trygderetten har bygd på den
         rettsoppfatninga som den private parten gjer gjeldande i saka no. Det kan her visast til
         orskurdar 9. februar 2007, ankenr. 06/03269, og 23. mars 2007, ankenr. 07/00540.

(41)     Det finst ein ganske ny dom frå Høgsterett som er av interesse. Avgjerda i Rt. 2007 side
         1815 gjaldt spørsmålet om kva faktum domstolane skal leggje til grunn ved prøving av
         avgjerder frå Trygderetten. Eg siterer frå avsnitt 33:

                ”Etter mitt syn må utgangspunktet for prøving av om vedtak i trygdesaker er gyldige,
                vere faktum slik det låg føre for det aktuelle organet på vedtakstidspunktet. Dette er
                også det alminnelege utgangspunktet i forvaltningsretten, jf. her også avgjerd frå
                Høgsteretts kjæremålsutval innteken i Rt-2003-460. Det kan godt seiast at dette nettopp
                er ein følgje av at domstolane skal stå for kontroll av forvaltningsvedtak.”

(42)     Temaet var eit anna enn i vår sak. Men når det er ”faktum slik det [ligg] føre for det
         aktuelle organet på vedtakstidspunktet” som skal vere avgjerande for domstolprøvinga,
         gir det best samanheng om vedkomande organ – her Trygderetten – også må byggje på alt
         det som ligg føre på dette tidspunktet. Eg viser her også til den grunnleggjande føresegna
         om ankebehandlinga for Trygderetten i § 19 første ledd der det heiter:

                ”Retten behandler tvisten på grunnlag av den skriftlige fremstilling som partene har
                gitt og sakens øvrige opplysninger.”

(43)     Det er verken i lovteksten eller i Rt. 2007 side 1815 nokon reservasjon om at
         omsyntaking til opplysningar berre må skje så langt det er tale om opplysningar som
         relaterer seg til tidspunktet for avgjerd i underinstansen.

(44)     Slik eg har forstått statens argumentasjon, er praksis i Trygderetten trekt fram nærast ut
         frå at praksisen avbøter dei vanskane statens grunnleggjande syn inneber. Men slik eg ser
         det, kan Trygderettens praksis ikkje vektleggjast i så måte. Praksis er uklar og svært
         skjønnsmessig, og han er heller ikkje utan unntak. Ut frå rettstryggleiksomsyn finn eg det
         vanskeleg å byggje på denne praksisen. Det vil vere svært vanskeleg for private partar og
         for deira rådgivarar å kunne finne ut av når nye omstende blir omsynstekne av
         Trygderetten og når dei ikkje blir det. Og som eg straks kjem til, kan det valet
         Trygderetten gjer, få materiell verknad for den private parten.

(45)     A vart i Trygderettens orskurd i 2004 gjort merksam på at forverring av tilstanden etter
         vedtakstidspunktet i underinstansen kunne gi grunnlag for å setje fram nytt krav. Dersom
         vilkåra for den private parten er oppfylte kort tid etter eit underinstansvedtak og det tek
         noko tid før avgjerd i Trygderetten, vil ei slik løysing kunne føre til rettstap for ein privat
         part då ytingar grunna eit nytt krav – bortsett frå i særhøve – berre kan givast frå tidlegast
         tre månader før søknadstidspunktet, jf. folketrygdlova § 22-13.

(46)     Eg kan ikkje sjå at det ligg føre vektige grunnar som talar for at Trygderetten, ulikt det
         som meir allment gjeld for andre forvaltningsorgan, ikkje skal ha plikt til ei fullstendig
         prøving av dei faktiske tilhøva på vedtakstidspunktet. Som det går fram av § 19 første
         ledd, jf. også Rt. 2007 side 1815, skal prøving skje på grunnlag av opplysningane i saka
         for Trygderetten på dette tidspunktet. Plikta etter § 15 til sjølv å opplyse saka kan likevel
         ikkje forståast slik at Trygderetten av eige tiltak utan vidare skal undersøkje om tilhøva
         har endra seg etter vedtaket i underinstansen. Dersom det kjem nye opplysningar som går
         ut over det Trygderetten naturleg bør ta stilling til som ankeinstans, har Trygderetten etter
         § 21 fjerde ledd kompetanse til å oppheve underinstansen si avgjerd og heimvise saka til
         ny behandling. Av omsyn til samanhengen minner eg om at det eg her har sagt ikkje gjeld
         der ein privat part har sett fram det som er eit nytt eller eit anna krav.

(47)     Eg er såleis komen til at Trygderetten tolka lova feil. Trygderetten skulle ved prøvinga av
         saka ha teke omsyn til også nye faktiske omstende i høve til dei som låg føre då
         underinstansen gjorde sitt vedtak.

(48)     Spørsmålet er så om feilen kan ha verka inn på resultatet. Dette må avgjerast ut frå ei
         konkret vurdering basert på at Trygderetten i sin orskurd av 28. mai 2004 hadde teke
         omsyn til erklæringa 6. november 2003 frå lege Blystad. Det går fram av denne orskurden
         at retten ville ha innhenta uttale frå Tøyen Distriktspsykiatriske Senter om Blystads
         erklæring skulle omsyntakast. Ved behandlinga på grunnlag av det nye kravet låg det føre
         uttale frå senteret. Trygdekontoret innhenta då også erklæringar frå Anne Regine
         Føreland og Berthold Grünfeld, begge spesialistar i psykiatri. Med grunnlag i det nye
         materialet kom Trygderetten i orskurd 27. oktober 2006 med to mot ei røyst til at vilkåra
         for uføretrygd ikkje var til stades. Denne nye avgjerda er endeleg, jf. at anken til
         Høgsterett vart nekta fremja med unntak for skjeringstidspunktet. Sjølv om orskurden frå
         2006 gjeld for det nye kravet, kan eg ikkje sjå at det er grunnlag for å kome til noko anna
         løysing for den mellomliggjande perioden frå uføretrygda vart stoppa og til ny søknad
         vart sendt.

(49)     Anken har etter dette ikkje ført fram. Saka har reist rettsspørsmål av allmenn interesse, og
         eg meiner staten ikkje bør tilkjennast sakskostnader for Høgsterett. Lagmannsrettens
         sakskostnadsavgjerd bør bli ståande.

(50)     Eg røystar etter dette for slik

                                                    D O M :

         1.      Lagmannsrettens dom blir stadfesta.

         2.      Sakskostnader for Høgsterett blir ikkje tilkjende.


(51)     Dommer Tjomsland:                   Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med
                                             førstvoterende.

(52)     Dommer Flock:                       Likeså.

(53)     Kst. dommer Kaasen:                 Likeså.

(54)     Dommer Gjølstad:                    Likeså.


(55)     Etter røystinga sa Høgsterett slik


                                                D O M :


         1.     Lagmannsrettens dom blir stadfesta.

         2.     Sakskostnader for Høgsterett blir ikkje tilkjende.