Hopp til innhold

HR-2011-1988-A - Rt-2011-1348

Fra Rettspraksis
(Omdirigert fra «Rt-2011-1348»)

Instans: Norges Høyesterett
Dato: 2011-10-25
Publisert: HR-2011-01988-A - Rt-2011-1348
Stikkord:
Sammendrag:
Saksgang: HR-2011-01988-A, (sak nr. 2010/1952), sivil sak, anke over dom
Parter: :
Forfatter: Webster, Matheson, Tjomsland
Lovhenvisninger: tvistelova § 16-1, arbeidsmiljølova § 17-1, tvistelova § 29-22, arbeidsmiljølova § 17, arbeidsmiljølova § 17-7, domstollova § 108

                                    NOREGS HØGSTERETT

        Den 25. oktober 2011 sa Høgsterett dom i

        HR-2011-01988-A, (sak nr. 2010/1952), sivil sak, anke over dom,

        A                                         (advokat Bendik Falch-Koslung)

        mot

        X kommune                                 (advokat Nina Ramstad Aatlo – til prøve)

                                        R Ø Y S T I N G :

(1)     Dommar Utgård: Saka gjeld anke over lagmannsrettens særskilde avgjerd etter tvistelova
        § 16-1 nr. 2 der ein synsmåte i anken om at ein meddomar i tingretten var inhabil, vart
        forkasta.

(2)     A vart i august 2002 tilsett som lærar i X kommune. I avtalen gjekk det fram at
        arbeidsstad var Y skole, ”med lovlig forbehold om eventuelle overføringer innen
        kommunen”. Kommunen gjorde 4. juni 2009 vedtak om å endre arbeidsstad for A til X
        skole.

(3)     Ved årsskiftet 2002–2003 vart A vald til verneombod ved Y skole, og frå november 2007

        har han vore hovudverneombod for heile kommunen.

(4)     A reiste 29. juni 2009 sak mot X kommune for Øst-Finnmark tingrett med prinsipal
        påstand om at det låg føre ei oppseiing som ikkje v ar gyldig og med subsidiær påstand om
        at vedtaket om flytting til X skole var ugyldig. Kommunen tok til motmæle og påsto seg
        frifunnen.

(5)     A heldt for tingretten fram at omplasseringa var ein arbeidsrettsleg reaksjon som i sitt
        innhald innebar ei endringsoppseiing, at denne var grunna i hans handlemåte som                                                       2

         verneombod, og at ho dessutan var ei ulovleg gjengjelding av varsling. Kommunen heldt
         på si side fram at flyttinga var grunna i samarbeidsproblem og i omsynet til arbeidsmiljøet
         ved Y skole.

(6)      Tingretten behandla saka med to arbeidslivskunnige meddommarar, jf. arbeidsmiljølova
         § 17-7 første ledd. Etter reglane i § 17-7 andre le dd skal meddommarane oppnemnast
         etter forslag frå partane, og slik at kvar part gjer framlegg om like mange, jf. § 17-7
         tredje ledd. I samsvar med desse reglane oppnemnde tingretten disponent B etter forslag

         frå kommunen og adjunkt C etter forslag frå A. B er busett i X kommune.

(7)      Hovudforhandlinga tok til i Vadsø 23. november 2010. Då forhandlingane starta neste
         dag, gjorde A gjeldande inhabilitetsinnvending mot meddommar B. Grunnlaget var at B
         kvelden før hadde ete middag saman med rådmannen i X kommune og med kommunens

         prosessfullmektig. Tingretten – fagdommaren og den andre meddommaren – gav orskurd
         der kravet om at meddommar B skulle vike sete ikkje vart teke til følgje.

(8)      Ved starten på tredje rettsdag gjorde A gjeldande ny inhabilitetsinnvending mot
         meddommar B, særleg grunna på verv denne hadde i kommunen og på lån og tilskot

         kommunen hadde gitt til næringsføretak der B hadde interesser. Det vart også vist til at B
         til vanleg skulle ha nær kontakt med rådmannen. Dette kom då i tillegg til middagen den
         første kvelden. Heller ikkje denne inhabiltetsinnve ndinga vart teken til følgje av tingretten
         – også her fagdommaren og den andre meddommaren.

(9)      Hovudforhandlinga varte i alt fire dagar. Kommunen vart under dissens frifunnen i dom
         14. januar 2010. Fagdommaren og meddommar B utgjorde fleirtalet.

(10)     A anka dommen til lagmannsretten. Anken gjaldt for det første saksbehandlinga. Det vart
         gjort gjeldande at meddommar B var inhabil, og i tillegg at vitnebevis med urette var

         avvist. For det andre vart det anka over innhaldet av dommen. Denne anken gjaldt både
         bevisvurderinga og rettsbruken. X kommune gav tilsvar og påstod anken forkasta.

(11)     Lagmannsretten sende eit brev til B der han vart beden om å uttale seg om
         habilitetsspørsmålet. Etter å ha motteke svar sende retten brev til prosessfullmektigane

         der retten gav uttrykk for at det ville vere ”mest hensiktsmessig at lagmannsretten treffer
         avgjørelse om habilitetsspørsmålet under saksforber edelsen og da etter skriftlig
         behandling”. Partane vart bedne om å uttale seg om dette. Begge prosessfullmektigane
         slutta seg til at det burde vere skriftleg behandling.

(12)     Lagmannsretten sa 8. oktober 2010 dom – med urette kalla orskurd – med slik slutning:

               ”Anken for så vidt gjelder habiliteten til meddommer B forkastes.”

(13)     A har anka dommen til Høgsterett. Anken rettar seg mot innhaldet i dommen. Høgsteretts
         ankeutval bad i brev 22. desember 2010 partane om å uttale seg om vidare behandling av

         saka. I brevet heiter det mellom anna:

               ”Foruten spørsmålet om inhabilitet, anses saken for utvalget å reise spørsmål om det for
               lagmannsretten var prosessuell adgang til særskilt avgjørelse av habilitetsspørsmålet og
               om dette kunne gjøres uten meddommere.”                                                        3

(14)     At lagmannsretten skulle avgjort spørsmålet ve d dom og ikkje ved orskurd, er nærare

         grunngitt i Høgsteretts ankeutvals vedtak om tilvis ing, HR-2011-00155-U.

(15)     For Høgsterett gjeld saka såleis dels spørsmål om saksbehandlinga i lagmannsretten og
         dels spørsmålet om meddommar B var inhabil under ti ngrettsbehandlinga.

(16)     Ankeparten – A – har særleg halde fram:

(17)     Den eine hovuddelen av anken gjeld saksbehandlinga i lagmannsretten. Lagmannsretten
         hadde heimel i tvistelova § 16-1 nr. 2 til å dele opp behandlinga av saka. Men sjølv om

         det var høve til dette og også til skriftleg behand ling av habilitetsspørsmålet, var det ikkje
         grunnlag for å behandle dette spørsmålet utan arbei dslivskunnige meddommarar. Det var
         ikkje gitt noko samtykke til det.

(18)     Konsekvensen av denne feilen er at lagmannsrettsdommen må opphevast.

(19)     Den andre hovuddelen av anken gjeld habiliteten til meddommar B i tingretten.

(20)     B har slik tilknyting til kommunen at det kan liggje føre ei eigeninteresse i høve til parten.

         Han har såleis hatt og har framleis verv i kommunale organ og føretak. Og ikkje minst er
         han eigar eller medeigar i fleire selskap som har fått monalege kommunale tilskot og lån,
         og som også i framtida vil vere aktuelle for å søkj e slik stønad. Generelt sett er han som
         stor næringslivsaktør i X kommune også avhengig av eit nært og godt tilhøve til

         kommunen, til dømes ved søknad om skjenkeløyve, i s aker om utbygging av eigedommar
         og ved kjøp av kommunale tomter og bygg. Dessutan har han samarbeidd med
         kommunen, mellom anna gjennom eit felles søksmål mo t staten og deltaking i
         tilsetjingsprosess for kommunal næringssjef. Denne tilknytinga til kommunen gir
         grunnlag for inhabilitet.

(21)     At han under saka i tingretten åt middag med kommunens rådmann og prosessfullmektig
         må åleine vere grunnlag for inhabilitet. Under alle omstende må det liggje føre inhabilitet
         når middagen blir sedd i samanheng med dei andre omstenda.

(22)     Inhabilitet hos ein meddommar er ein saksbehandlingsfeil som utan vidare må føre til
         oppheving av tingrettsdommen. Det er ikkje grunnlag for Høgsterett til å vise saka til
         realitetsavgjerd i lagmannsretten. Også tingrettsdommen må opphevast for at behandlinga
         skal bli forsvarleg, og Høgsterett må peike ut ein ny tingrett til den nye behandlinga.

(23)     A har sett fram slik påstand:

                ”Prinsipalt:
                 1.      Lagmannsrettens dom av 8. oktober 2010 og tingrettens dom av 14. januar
                         2010 med hovedforhandling oppheves.

                 2.      Saken henvises til annen tingrett.

                 3.      Ankende part tilkjennes saksomkostninger for tingrett, lagmannsrett og
                         Høyesterett.

                 Subsidiært:
                 1.      Lagmannsrettens dom av 8. oktober 2010 oppheves.                                                        4

                 2.      Ankende part tilkjennes saksomkostninger for lagmannsrett og Høyesterett.”

(24)     Ankemotparten – X kommune – har særleg halde fram:

(25)     Det er uomtvista at lagmannsretten hadde heimel til å dele forhandlingane, og til å
         behandle habilitetsspørsmålet skriftleg. Det var også implisitt semje om at den skriftlege
         behandlinga av dette spørsmålet skulle skje utan me ddommarar, og ein slik avtale var i
         samsvar med lova.

(26)     Skulle Høgsterett likevel kome til at det var feil ikkje å ha arbeidslivskunnige
         meddommarar, kan Høgsterett bestemme at behandlinga skal halde fram i
         lagmannsretten. Ei slik løysing vil vere det einast e fornuftige og i interessa til begge

         partar.

(27)     Meddommar B har hatt og har kommunale verv. Men det er ikkje tale om sentrale verv,
         og verva har ikkje tilknyting til saka eller til dei spørsmåla som er tema i saka. B driv
         ordinær næringsverksemd i Y, og det er ikkje tale om aktivitet som er spesielt retta mot

         kommunen. Lån og tilskot til selskapa han har interesser i er av avgrensa storleik. All
         stønad er gitt som eingongsstønad, med unntak av ei tt lån. Stønaden grunnar seg på
         forvaltningsvedtak. Som andre innbyggjarar vil B kunne ha saker av ulikt slag som må
         avgjerast av kommunen. Det har ikkje vore personleg kontakt mellom rådmann eller
         andre sentrale tilsette i kommunen og B ut over det som er vanleg i eit lokalsamfunn av

         avgrensa storleik.

(28)     Middagen under tingrettsforhandlingane var nok uheldig, men fører ikkje til inhabilitet,
         heller ikkje om den blir sedd i samanheng med andre omstende. Det må leggjast til grunn

         at saka ikkje var tema under samtalen.

(29)     Sjølv om meddommar B skulle ha vore inhabil ve d behandlinga i tingretten, tilseier ikkje
         det at saka blir behandla på ny i tingretten. Det er ingen som har rettskrav på to feilfrie
         behandlingar. Dommen frå tingretten er grundig, og omsynet til partane tilseier at

         behandlinga blir påskunda.

(30)     X kommune har sett fram slik påstand:

                ”1.      Prinsipalt: Anken forkastes.

                 2.      Subsidiært: Lagmannsrettens dom oppheves.

                 3.      For begge tilfeller: For ankebehandlingen i Høyesterett dømmes A til å
                         erstatte X kommunes saksomkostninger med tillegg av lovens
                         forsinkelsesrente fra forfall og frem til betaling skjer.”

(31)     Eg går no over til å gjere greie for mitt syn på saka, og skal starte med den delen av anken
         som gjeld saksbehandlinga i lagmannsretten. Det reiser seg då fleire spørsmål.

(32)     For det første er det spørsmål om lagmannsrett en hadde høve til å gi særskilt dom for

         habilitetsspørsmålet. Dernest er det spørsmål om de t var høve til å behandle dette
         spørsmålet skriftleg. Endeleg er det spørsmål om de t var høve til slik skriftleg behandling
         utan deltaking av arbeidslivskunnige meddommarar.                                                        5

(33)     Arbeidsmiljølova § 17-1 fastset at i søksmål e tter lova gjeld tvistelova, med dei unntak
         som går fram av arbeidsmiljølova kapittel 17. Då ka pitlet ikkje har særleg regulering av
         spørsmålet om deling av sak, er det tvistelova som er avgjerande for dette.

(34)     Etter tvistelova § 16-1 andre ledd tredje punktum kan retten med samtykke av partane ta
         ”særskilt avgjørelse” om ”påstandsgrunnlag som ikke leder til avgjørelse av et krav”. Det
         er uomtvista at partane gav slikt samtykke.

(35)     Etter mitt syn må det også leggjast til grunn at vilkåret om karakteren av

         påstandsgrunnlag er oppfylt. Synsmåten om at meddommar B var inhabil er det direkte
         grunnlaget som ber påstanden frå ankeparten om oppheving av tingrettsdommen. I vår sak
         er det i – motsetning til situasjonen i Rt. 2010 side 1442 – ikkje tale om noko som er ein
         del av påstandsgrunnlaget. Avgjerd av spørsmålet om inhabilitet avgjer såleis ikkje
         kravet. Det kjem tydelegast fram når det blir konkludert med at meddommaren ikkje var
         inhabil. Kravet i tingretten – at det låg føre ei o ppseiing som var ugyldig – vil då måtte

         avgjerast ut frå heilt andre omstende enn habiliteten. Det er her ein parallell med dømet
         om foreldingsmotsegn som er omhandla i Ot.prp. nr. 51 (2004–2005) om tvistelova
         side 422, jf. også side 245.

(36)     Det er etter dette klart at lagmannsretten hadde høve til å dele saka slik det vart gjort. Eg

         vil leggje til: Om slik deling skal skje, må langt på veg avgjerast ut frå om ei slik deling er
         føremålstenleg, jf. NOU 2001: 32 B Rett på sak, sid e 820. Dersom lagmannsretten tek til
         særskilt behandling ein saksbehandlingsanke, kan resultatet etter tvistelova § 29-22
         andre ledd bli at denne anken blir forkasta utan at det blir teke stilling til den, jf. dømes
         HR-2009-1872-U. Behandlinga av saka vår viser etter mi meining at ei særskilt
         behandling ikkje alltid vil føre til ei forenkling.

(37)     Eg går så over til det neste spørsmålet ved be handlinga av denne delen av anken.

(38)     Arbeidsmiljølova inneheld ingen særleg regel o m skriftleg behandling, såleis heller ikkje
         for særskilt avgjerd av påstandsgrunnlag som ikkje fører til avgjerd av eit krav.

         Spørsmålet må då avgjerast etter tvistelova. Det er tilstrekkeleg å vise til at tvistelova
         § 29-16 fjerde ledd, jf. § 9-9 andre ledd gir slik heimel. Det er uomtvista at partane har
         gitt samtykke til skriftleg behandling.

(39)     Det tredje spørsmålet under denne delen av ank en, er om lagmannsretten gjorde ein
         saksbehandlingsfeil ved ikkje å ha med arbeidslivskunnige meddommarar under den

         særskilde skriftlege behandlinga.

(40)     Under hovudforhandling i tingretten og under ankeforhandling i lagmannsretten skal
         retten setjast med to meddommarar, jf. arbeidsmiljø lova § 17-7 første ledd. Etter § 17-7
         fjerde ledd kan retten likevel setjast utan meddommarar dersom partane og retten er

         samde om at meddommarar er unødvendig.

(41)     Som utgangspunkt inneber arbeidsmiljølova § 17 -7 første ledd, jf. fjerde ledd at det skal
         vere meddommarar i hovudforhandling og ankeforhandling, men ikkje elles. Reglane om
         meddommarar i arbeidsmiljølova er uttømande og skal ikkje supplerast med reglane i
         tvistelova, jf. Rt. 2002 side 981. Om ordlyden i arbeidsmiljølova § 17-7 første ledd er

         avgjerande, skal det såleis ikkje vere meddommarar der retten avgjer eit spørsmål etter
         skriftleg behandling og i rettsmøte, som er den alt ernative avgjerdsmåten. Ei slik                                                        6

         ordlydstolking vil innebere at lagmannsretten ikkje gjorde nokon feil ved ikkje å ha
         arbeidslivskunnige meddommarar under den særskilde avgjerda.

(42)     Løysinga vil bli den same om ein ikkje legg så stor vekt på kva som følgjer av ordlyden i
         § 17-7 og seier at ei deling av saka ikkje endrar på at spørsmålet i vår sak blir avgjort i
         ankeforhandling. Det skal då vere arbeidslivskunnige meddommarar, med mindre partane
         samtykkjer i at denne delen blir avgjort utan. Og det kan argumenterast for at behandlinga
         også – i høve til meddommararspørsmålet – må vurder ast på same måten dersom partane
         godtek at eit slikt spørsmål blir behandla skriftle g.

(43)     I saka her godtok partane med reine ord at spø rsmålet om habilitet vart behandla skriftleg.
         Samtykke til ikkje å ha meddommarar ved denne behandlinga må reknast å ha lege
         implisitt i dette samtykket. Det er for meg tilstrekkeleg å vise til at noko anna først vart
         gjort gjeldande av A dagen før ankeforhandlinga sta rta i Høgsterett.

(44)     Det var såleis – utan omsyn til korleis ein ser på grunngivinga for løysinga – ikkje nokon
         feil av lagmannsretten ikkje å ha arbeidslivskunnige meddommarar ved den særskilde
         avgjerda.

(45)     Eg går så over til å sjå på habilitetsspørsmål et.

(46)     Det er i saka tale om ei avgjerd ut frå domstollova § 108, som fastset at ingen kan vere
         dommar der det ligg føre ”særegne omstendigheter” som er ”skikket til å svekke tilliten til
         hans uhildethet”. Dette habilitetsspørsmålet har to sider, dels om dommaren vil kunne ta
         ei upartisk avgjerd som ikkje er påverka av irrelevante omsyn, dels korleis tilhøvet ”tek
         seg ut” i høve til partane og ålmenta, jf. Bøhn, Do mstolloven, 2000, side 288.

         Rettspraksis har i dei seinare åra i aukande grad vektlagt korleis tilhøvet tek seg ut, jf. til
         dømes Rt. 2010 side 321. Ikkje minst har dette skje dd som følgje av utviklinga i
         habilitetskravet etter den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 6 nr. 1.
         Domstollova § 108 må forståast slik at innhaldet samsvarar med krava i den europeiske
         menneskerettskonvensjonen i dette spørsmålet.

(47)     Det er frå ankeparten gjort gjeldande fleire ulike omstende som grunnlag for at
         meddommar B var inhabil. Det er naturleg å gruppere desse omstenda ut frå kva form
         tilknytinga har hatt.

(48)     For det første er det gjort gjeldande at meddo mmar B har eller har hatt verv i kommunale

         organ. B var medlem i det kommunale nærings- og omstillingsutvalet frå 2007 til 2009.
         Frå 2009 er arbeidet i utvalet overteke av det kommunale føretaket X … Utvikling AS,
         der B også er styremedlem. Saka no har inga tilknyting verken til utvalet eller til
         føretaket, eller til arbeidet med kommunal næringsu tvikling. Styreverva tilseier ikkje
         inhabilitet, og dei har heller ikkje vekt i ei totalvurdering.

(49)     For det andre er det gjort gjeldande at meddommar B har hatt tilknyting til kommunen
         gjennom næringslivsinteresser. Dels har B vore eineeigar og dels har han vore aksjeeigar,
         med ulik del av aksjane. Aktiviteten knyter seg til fleire verksemder med svært ulike
         arbeidsområde. Såleis er det tale om eit bakeri med serveringstilbod, eit hotell, ein
         fiskeribase og ein fiskebåt.                                                        7

(50)     Særleg er det vist til at desse føretaka har f ått – og også framover må påreknast å få –
         kommunale tilskot eller lån, eventuelt tilskot og lån frå næringsfond. Samla sett har desse
         føretaka etter det opplyste fått lån eller tilskot på ein god del hundre tusen etter år 2000.

         Det er då rekna med også føretak der B har hatt ein mindre aksjepost.

(51)     Det er opplyst at det for 2010 vart gitt i alt 225 000 kroner i kommunale lån eller tilskot til
         verksemder B er involvert i.

(52)     Midlane skriv seg i stor grad frå fylkeskommunale nærings- og omstillingsmidlar.

         Pengane blir fordelte etter søknader frå ulike inte ressentar, etter ordinær
         forvaltningsbehandling. Det er ikkje tale om utbetalingar som del av eit kunde- eller
         forretningstilhøve, og det er tale om aktivitetar p å heilt andre område enn det saka no
         gjeld. Eg kan ut frå dette ikkje sjå at det er tale om omstende som isolert sett fører til
         inhabilitet. Heilt utan vekt i ei samla vurdering er tilhøva likevel ikkje.

(53)     Frå ankeparten er det også vist til at det må reknast med at føretak B er involvert i, vil
         søkje om lån eller stønad frå kommunalt hald også v ed seinare høve. Det vil også vere
         aktuelt med søknader om til dømes skjenkeløyve, søk nader om bygging eller ombygging
         og også om kjøp av kommunal tomtegrunn. Dette er om stende eg ikkje kan sjå kan
         trekkjast inn i vurderinga her.

(54)     For det tredje er det gjort gjeldande at B har anna tilknyting til kommunen som må
         trekkjast inn i vurderinga. Det er tale om omstende som er perifere i høve til
         habilitetsvurderinga, og eg går ikkje inn på desse.

(55)     For det fjerde er det gjort gjeldande at B var inhabil under tingrettsbehandlinga fordi han

         åt middag med rådmannen og med kommunen sin prosessfullmektig på hotellet etter
         første dagen under hovudforhandlinga. B har forklar t at då han kom inn i matsalen på
         hotellet, var det ikkje andre gjestar der enn rådmannen og kommunens prosessfullmektig
         som sat og åt. B bestilte mat og sette seg ved same bordet som dei to. Lagmannsretten har
         lagt til grunn at det ikkje vart snakka om saka under middagen, og det er ikkje kome fram

         noko som gir grunnlag for å sjå dette annleis. Etter mitt syn var det likevel ikkje heilt
         heldig at meddommaren sat ved same bordet som rådmannen og kommunens
         prosessfullmektig under denne middagen. Det er også kommunen samd i.

(56)     For fagkunnige meddommarar vil det – og ikkje berre i mindre lokalsamfunn – kunne
         vere slik at dei kjenner ein eller også begge partane. For saker som tek mange dagar, er

         det nok då ugjerleg at det ikkje er situasjonar der ein fagdommar eller ein meddommar
         snakkar med ein part eller ein prosessfullmektig utan at det er andre til stades. Tilsvarande
         er det nok i ein god del andre saker som varer i lengre tid, og der ikkje all aktivitet kan
         knytast til eit fast rettslokale.

(57)     Det let seg ikkje gjere å stille opp ein absolutt regel om at kontakt utanom rettsmøta fører
         til inhabilitet. På bakgrunn av dei momenta eg har trekt fram, var B sin handlemåte
         forståeleg. Vurderinga av om dette tilhøvet skal fø re til inhabilitet, må skje ut frå
         karakteren av saka og ut frå den kontakten som har vore. Og mitt syn er då at hendinga
         var uheldig, men at ho ikkje i seg sjølv fører til inhabilitet.                                                      8

(58)     Heller ikkje om ein ser middagen saman med dei andre omstenda som er trekte fram – der
         B sine næringsinteresser er det einaste med nemnande vekt – kan det etter mitt syn vere
         grunnlag for inhabilitet.

(59)     Anken har etter dette ikkje ført fram.

(60)     Saka har reist eit generelt spørsmål om habili tetsreglane. Partane bør derfor bere eigne
         sakskostnader for Høgsterett.

(61)     Eg røystar etter dette for slik

                                                  D O M :

         1.     Anken blir forkasta.

         2.     Sakskostnader for Høgsterett blir ikkje tilkjende.

(62)     Dommer Webster:                              Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med
                                                      førstvoterende.

(63)     Kst. dommer Arnesen:                         Likeså.

(64)     Dommer Matheson:                             Likeså.

(65)     Dommer Tjomsland:                            Likeså.

(66)     Etter røystinga sa Høgsterett slik

         Rett utskrift:      