Hopp til innhold

HR-2013-1358-A - Rt-2013-937

Fra Rettspraksis
(Omdirigert fra «Rt-2013-937»)
Instans: Høyesterett - Dom
Dato: 2013-06-26
Publisert: HR-2013-01358-A - Rt-2013-937
Stikkord: Utlendingsrett, Oppholdstillatelse, Utvisningsvedtak, Omgåelsesekteskap, Proformaekteskap
Sammendrag: Saka gjaldt spørsmålet om utvisingsvedtak etter Utlendingslova (2008) § 66 første ledd bokstav a, var gyldig. Det sentrale spørsmålet var kva tidspunkt som skal leggjast til grunn ved avgjerda av om det hovudsaklege føremålet med inngåing av ekteskap var å etablere eit grunnlag for opphald i riket, jf. Utlendingslova § 40 første ledd, jf. fjerde ledd.

Høgsterett viste til at det i § 40 fjerde ledd blir tala om "formålet med inngåelsen av ekteskapet". Reglane om å inngå ekteskap står i ekteskapslova kapittel 3, og knyter seg til handlingar ved vigselen. Etter ordlyden er det dermed vigselstidspunktet som er avgjerande. Det er ikkje utsegner i førearbeida som gir grunnlag for noka anna forståing enn den som følgjer av den klare ordlyden i lova.

Lagmannsretten hadde knytt vurderinga til vedtaktstidspunktet i utvisingssaka, som var meir enn eitt år etter vigselstidspunktet. Dette var feil lovbruk. Høgsterett hadde full kompetanse i saka. Ut frå at det i planleggingsmøtet var bede om at partane først og fremst fokuserte på det prinsipielle tolkingsspørsmålet, var faktum dårleg opplyst, og Høgsterett valde å oppheve lagmannsrettsdommen slik at situasjonen på vigselstidspunktet kan bli prøvd i lagmannsretten.

Saksgang: Høyesterett HR-2013-01358-A (sak nr. 2013/145), sivil sak, anke over dom
Parter: Staten v/Utlendingsnemnda (regjeringsadvokaten v/advokat Marius Stub) mot A (advokat Jan M. Birkeland - til prøve)
Forfatter: Utgård, Endresen, Falkanger, Webster, Tjomsland
Lovhenvisninger: Utlendingsloven (2008) §40, §60, §66, §83, Menneskerettsloven (1999) EMKN A8, Tvisteloven (2005) §20-2, §30-3, §30-14


(1)     Dommar Utgård: Saka gjeld spørsmålet om utvisingsvedtak etter utlendingslova § 66
        første ledd bokstav a, er gyldig. Det sentrale spørsmålet er kva tidspunkt som skal leggjast
        til grunn ved avgjerda av om det hovudsaklege føremålet med inngåing av ekteskap var å
        etablere eit grunnlag for opphald i riket, sjå utlendingslova § 40 første ledd, jf. fjerde ledd.

(2)     A er nigeriansk statsborgar, og han har opplyst at han kom til Noreg den 2. mars 2010. A
        sette fram søknad om asyl 4. mars 2010. Søknaden om asyl vart avslått av
        Utlendingsdirektoratet (UDI) 26. mars 2010. Avslaget på asylvedtaket vart oppretthalde
        av Utlendingsnemnda (UNE) i vedtak 26. august 2010. UNE la til grunn at
        asylforklaringa ikkje var truverdig, og at A ikkje i tilstrekkeleg grad hadde
        sannsynleggjort asylgrunnlaget. Vedtaket om nekting av asyl har ikkje vore tvisteemne i
        saka for domstolane.

(3)     Den første veka han var i Noreg, oppretta A ein brukarprofil på nettstaden Møteplassen.
        Han vart der kjend med B, fødd 4. februar 1959. Dei etablerte kontakt i førstninga av
        mars og møttest kort tid etter det. A og B har budd saman i leilegheita hennar i X sidan
        våren 2010. Dei gifta seg 6. juli 2010.

(4)      Den 12. juli 2010 søkte A om opphaldsløyve på grunnlag av ekteskap etter reglane om
         familieinnvandring, jf. særleg utlendingslova § 40. UDI avslo søknaden i vedtak
         25. februar 2011. Grunngivinga i vedtaket var dels at A ikkje hadde dokumentert
         identiteten sin, og dels at UDI la til grunn at ekteskapet med B var proforma. Dette
         avslaget vart oppretthalde i vedtak frå UNE 9. november 2011.

(5)      UDI gjorde dessutan 21. juli 2011 vedtak om utvising av A. Grunngivinga for vedtaket
         var at han i søknaden om familieinnvandring hadde gitt urette og/eller villeiande
         opplysningar. Det vart vist til at UDI hadde lagt til grunn at ekteskapet med B var
         proforma. Utvisingsvedtaket vart oppretthalde av UNE i vedtak 9. november 2011, altså
         samtidig med vedtaket om nekting av opphaldsløyve etter reglane om familieinnvandring.

(6)      A reiste 22. desember 2011 sak ved Oslo tingrett med påstand om at begge dei to vedtaka
         av 9. november 2011 var ugyldige. Tingretten gav dom 30. mars 2012 med slik
         domsslutning:

                "1.      Utlendingsnemndas vedtak om utvisning av A av 9. november 2011 er ugyldig.

                 2.      Staten v/Utlendingsnemnda frifinnes for øvrig.

                 3.      Saksomkostninger idømmes ikke."

(7)      Retten kom til at staten ikkje hadde sannsynleggjort at ekteskapet var proforma på
         vedtakstidspunktet 9. november 2011. Utvisingsvedtaket vart derfor kjent ugyldig.
         Vedtaket om avslag på søknaden om familieinnvandring hadde tilstrekkeleg grunnlag ved
         at A ikkje hadde dokumentert identiteten sin, og staten vart derfor frifunnen i høve til det
         vedtaket.

(8)      Staten ved Utlendingsnemnda anka tingrettsdommen til Borgarting lagmannsrett for det
         vedtaket som var kjent ugyldig. A anka ikkje, heller ikkje ved avleidd anke, for vedtaket
         der staten var frifunnen. Lagmannsretten gav dom 3. desember 2012 med slik
         domsslutning:

                "1.      Anken forkastes.

                 2.      I sakskostnader for lagmannsretten betaler staten v/UNE 91 375 –
                         nittientusentrehundreogsyttifem – kroner til A innen 2 – to – uker fra
                         forkynnelsen av denne dom."

(9)      Om vurderingstidspunktet i avgjerda etter utlendingslova § 40 tredje ledd heiter det i
         dommen:

                "Lagmannsretten finner det overveiende sannsynlig at A hadde det samme formål med
                ekteskapet ved vedtakstidspunktet som ved tidspunktet for lagmannsrettens dom.
                Lagmannsretten tar derfor ikke stilling til om det i tråd med flertallets standpunkt i
                Rt. 2012 side 667 skal legges en nåtidsvurdering til grunn."

(10)     Staten ved Utlendingsnemnda har anka lagmannsrettsdommen til Høgsterett. Saka står i
         same stilling for Høgsterett som for dei tidlegare rettane, med eitt unntak, som eg kjem
         attende til.

(11)     Ankeparten – staten ved Utlendingsnemnda – har særleg halde fram:

(12)     Det grunnleggjande spørsmålet i saka er kva tidspunkt vurderinga av realiteten i
         ekteskapet skal knyte seg til i saker om utvising. Vedtaket om utvising er gjort med
         heimel i utlendingslova § 66 første ledd bokstav a, jf. § 70. Opplysning om ekteskapet
         vart gitt i ei sak om familieinnvandring, og det blir då avgjerande om det var rett når A
         ikkje opplyste at ekteskapet var inngått med det hovudsaklege føremålet å etablere eit
         grunnlag for opphald.

(13)     Tidspunktet for vurderinga av føremålet med ekteskapet går fram av ordlyden i lova. Det
         står der "formålet med inngåelsen av ekteskapet", som ikkje godt kan knyte seg til eit
         etterfølgjande tidspunkt, slik som til dømes eit langt seinare vedtakstidspunkt.
         Førearbeida til lova talar for denne løysinga.

(14)     Den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 8 om vern av familielivet gir ikkje
         vern av "proforma"-ekteskap, og val av tidspunktet for "kan"-vurderinga i utlendingslova
         § 40 fjerde ledd kan heller ikkje innebere eit inngrep.

(15)     Den konkrete vurderinga etter § 40 fjerde ledd må ta utgangspunkt i dei objektive
         momenta som er nemnde i førearbeida. Måten ekteskapet kom i stand på, konkrete
         omstende ved tilhøvet og også manglande kunnskap hos partane om kvarandre, talar for
         at det her er tale om eit "proforma"-ekteskap. A har også gitt urette opplysningar om ein
         del tilhøve.

(16)     Staten ved Utlendingsnemnda har sett fram slik påstand:

               "1.       Staten v/Utlendingsnemnda frifinnes.

                2.       Staten v/Utlendingsnemnda tilkjennes sakskostnader for alle instanser."

(17)     Ankemotparten – A – har særleg halde fram:

(18)     Lagmannsrettsdommen er korrekt og må bli ståande.

(19)     Det er situasjonen på vedtakstidspunktet som må vere avgjerande for om ekteskapet er
         proforma eller ikkje, på same vis som ved domstolkontroll ved vedtak elles.
         Etterfølgjande omstende kan også kome inn, ved at dei kastar lys over faktum slik det har
         vore tidlegare.

(20)     Denne forståinga av lova er lagt til grunn i ein svært stor del av praksis i lagmannsrettane,
         og det er gode reelle grunnar som taler for ei slik løysing. Føremålet med reglane er å
         hindre ekteskap som ikkje har realitet. Prøving på eit seint tidspunkt gjer det meir
         sannsynleg at denne vurderinga blir rett.

(21)     Også omsynet til at Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) nyttar ei
         notidsvurdering, tilseier at det same må gjerast i norske domstolar.

(22)     I dette tilfellet fører ei vurdering på vedtakstidspunktet til at utvisingsvedtaket må
         kjennast ugyldig. Partane har etter at dei gifta seg, levd eit vanleg ekteskapleg samliv.

(23)     Også ei vurdering på tidspunktet for ekteskapsinngåinga må føre til den same løysinga.
         Omstenda rundt ekteskapsinngåing kan variere mykje. Det er ikkje uvanleg at partane
         etablerer kontakt over nettet, eller at dei flyttar saman og gifter seg etter relativt kort tid.
         Heller ikkje er det uvanleg med ein viss aldersskilnad. I saka her ligg det ikkje føre noko
         som tilseier at ikkje ekteskapet vart inngått fordi dei to ønskte å leve som ektefolk.

(24)     A har sett fram slik påstand:

               "Anken forkastes."


(25)     Eg går no over til å gjere greie for mitt syn på saka, og startar med ein gjennomgang av
         rettsreglane.

(26)     Etter utlendingslova § 40 første ledd har ein søkjar som er ektefelle til – mellom anna –
         ein norsk statsborgar som bur i riket, med nærare fastsette unntak, rett til opphaldsløyve
         her. Eitt slikt unntak følgjer av § 40 fjerde ledd som fastset at opphaldsløyve "kan nektes"
         dersom "det fremstår som mest sannsynlig at det hovedsaklige formålet med inngåelsen
         av ekteskapet har vært å etablere et grunnlag for opphold i riket for søkeren".

(27)     Reglane for opphaldsløyve er elles i grove trekk slik: Etter utlendingslova § 60 første ledd
         skal opphaldsløyve til vanleg givast for minst eitt år. Ved fornying av løyvet må grunnane
         til første gongs opphaldsløyve framleis vere til stades, jf. § 61 første ledd. Og endeleg har
         ein utlending som har opphalde seg i riket med mellombels opphaldsløyve i tre år, etter
         søknad rett til permanent opphaldsløyve, jf. § 62 første ledd.

(28)     Etter utlendingslova § 83, jf. § 93 fjerde ledd, har ein søkjar plikt til å gi opplysningar
         som kan ha innverknad på vedtaket. Dersom vedkomande grovt har brote denne plikta,
         kan det gi grunnlag for utvising av utlending utan opphaldsløyve, jf. utlendingslova § 66
         første ledd.

(29)     I saka har ekteskap som omhandla i § 40 fjerde ledd gjerne vore omtala som "proforma"
         eller som "ikkje reelle". Dette er etter mitt syn ikkje treffande nemningar. Ekteskapa er
         gyldige, men ekteskap med slikt føremål gir ikkje rettskrav på opphaldsløyve. Det kan
         likevel vere praktisk med omgrep for slike tilfelle, og eg meiner det då kan vere meir
         treffande å tale om omgåing og omgåingsekteskap.

(30)     Partane er – slik dei også var det for lagmannsretten – einige om at det er grunnlag for
         utvising dersom ekteskapet mellom partane var eit omgåingsekteskap. Eg er einig i at
         dette må vere slik, og går over til å sjå på føresegna.

(31)     I § 40 fjerde ledd blir det tala om "formålet med inngåelsen av ekteskapet". Reglane om å
         inngå ekteskap står i ekteskapslova kapittel 3, og knyter seg til handlingar ved vigselen.
         Etter ordlyden er det dermed vigselstidspunktet som er avgjerande. Det er ikkje utsegner i
         førearbeida som gir grunnlag for noka anna forståing enn den som følgjer av den klare
         ordlyden i lova.

(32)     I plenumsdommen i Rt. 2012 side 1985 avsnitt 79 er det lagt til grunn at
         "domstolskontrollen knytter seg til faktum på vedtakstidspunktet, med mindre det
         motsatte følger av en naturlig tolkning av loven". I den saka var alternativet
         domstidspunktet. Lova i vårt tilfelle knyter tilsvarande prøvinga til eit fastsett
         handlingstidspunkt, nemleg vigselstidspunktet. Det må då vere avgjerande. I den mon det
         er tale om å leggje fram nye bevis i saka her, jf. avsnitt 81 i den nett omtala dommen, må
         det såleis vere nye bevis som kastar lys over situasjonen på vigselstidspunktet.                                                        5

(33)     Lagmannsretten har – som tingretten – til støtte for sitt syn på vurderingstidspunktet vist
         til Rt. 2006 side 1657. Eg kan ikkje sjå det er grunnlag for ein slik bruk av dommen. For
         det første gjaldt saka situasjonen før den nye utlendingslova, slik at vurderingstemaet var
         eit anna. Og for det andre var det der ikkje fleirtal i retten for noko av dei alternative
         vurderingstidspunkta – vedtaktstidspunktet eller vigselstidspunktet. Førstvoterande og
         andrevoterande hadde ulikt syn på tidspunkta, men kvar av dei hadde berre tilslutning frå
         ein annan dommar. Den femte dommaren trong ut frå sitt syn på saka ikkje ta stilling til
         vurderingstidspunktet.

(34)     I Rt. 2006 side 1657 er det ein merknad frå førstvoterande, som knyter seg til den nye
         lova, og som eg tek med sjølv om synet på val av tidspunkt berre fekk tilslutning frå ein
         dommar. I avsnitt 37 heiter det såleis:

                "Det avgjørende spørsmål er altså om det ekteskap som C inngikk i 2001 var reelt.
                Spørsmålet har oppstått i en situasjon der han kort tid i forveien både hadde kommet til
                Norge og hadde blitt kjent med den norske kvinnen som han giftet seg med. Slik jeg ser
                det, vil det da være berettiget å legge avgjørende vekt på om utsikten til å skaffe seg
                oppholds- og arbeidstillatelse fremstår som Cs hovedsakelige formål med
                ekteskapsinngåelsen. Dette er som nevnt også det vilkår som er foreslått i NOU 2002:20.
                Eller sagt på en annen måte: Ville han på dette tidspunkt ha inngått ekteskapet dersom
                denne utsikten ikke hadde vært til stede? At ekteskapet var og også senere har vært
                reelt for ektefellen, kan i denne forbindelse ikke tillegges noen betydning."

(35)     Etter mi meining er det som det her er gitt uttrykk for, dekkjande for rettstilstanden i dag,
         no når framlegget i NOU 2002: 20 har vorte gjeldande lov.

(36)     Av ordlyden i utlendingslova § 40 fjerde ledd følgjer at omgåing må vere det mest
         sannsynlege føremålet for at ei ekteskapsinngåing skal falle inn under regelen. Det er
         såleis tale om alminneleg overvekt i sannsynsvurderinga, og også slik at tvil går ut over
         staten dersom det unntaksvis ikkje kan konstaterast overvekt i noka retning, sjå Ot.prp. nr.
         75 (2006–2007) side 190, jf. Rt. 2006 side 1657 avsnitt 36.

(37)     I Ot.prp. nr 75 (2006–2007) gir departementet ein del døme på moment som vil vere
         avgjerande for vurderinga. Eg går ikkje inn på desse, men viser til den generelle utsegna i
         proposisjonen side 190 om at "vurderingen vil bli foretatt på bakgrunn av objektive
         momenter". Samtidig er det understreka at opprekninga ikkje er uttømande, og at
         vurderinga også må tilpassast kvart einskilt tilfelle. Slik eg oppfattar dette, må det såleis
         gjerast ei samla vurdering med utgangspunkt i objektive moment.

(38)     Eg går så over til den konkrete vurderinga. Innleiingsvis viser eg til det lagmannsretten
         seier om at det "er … ingen tvil om at ekteskapet er alvorlig ment fra Bs side". Dette er
         ikkje omtvista, og det er dekkjande også for mitt syn.

(39)     Fleire stader i proposisjonen er det uttala at det skal visast varsemd med nekting der berre
         den eine har det eg har valt å kalle omgåingsføremål, sjå til dømes proposisjonen side 190
         og Innst. O. nr. 42 side 33. Dette går på utøvinga av "kan"-skjønnet etter utlendingslova
         § 40 fjerde ledd, som ikkje er tvistetema i saka.

(40)     Det som er spørsmålet i saka, er kva som var det hovudsaklege føremålet med
         ekteskapsinngåinga frå A si side. Som eg har gjort greie for, skal dette vurderast på
         tidspunktet på ekteskapsinngåinga. Tingretten la til grunn vedtakstidspunktet, altså
         9. november 2011. Lagmannsretten la også dette til grunn, og vurderte det opp mot
         alternativet domstidspunktet, altså 3. desember 2012. Vurderinga skulle vore knytt til
         tilhøva 6. juli 2010, som var dagen for inngåing av ekteskap.

(41)     Dei tidlegare rettane har såleis her lagt til grunn feil tidspunkt, og med det i ganske stor
         grad drøfta partane sitt samliv etter ekteskapsinngåinga. Sjølv om dette nok kan kaste eit
         visst lys over føremålet med ekteskapsinngåinga, er det ikkje ut frå ein slik synsmåte det
         har vore drøfta.

(42)     Lagmannsretten har i liten grad vore inne på dei objektive omstenda knytt til tidspunktet
         for ekteskapsinngåinga. Såleis er omstenda rundt den avslåtte asylsøknaden ikkje drøfta.
         Heller ikkje er andre omstende knytt til perioden frå A kom til landet og fram til
         ekteskapsinngåinga, drøfta i særleg grad.

(43)     Høgsterett har full kompetane til å overprøve vedtaket. Det vil i tilfelle vere ei
         overprøving på eit anna rettsgrunnlag enn det lagmannsretten la til grunn. I
         planleggingsmøtet i Høgsterett vart det bede om at prosessfullmektigane først og fremst
         fokuserte på det prinsipielle juridiske tolkingsspørsmålet, og at bevisførselen om faktum i
         størst mogeleg grad vart avgrensa. Prosessfullmektigane har følgt denne oppmodinga.

(44)     Eg er derfor komen til at lagmannsrettsdommen bør opphevast, jf. tvistelova § 30-14
         første ledd. Det er som nemnt feil rettsbruk hos lagmannsretten, og saka er ikkje slik
         tilrettelagt og opplyst at det då er forsvarleg grunnlag for Høgsterett til å avgjere saka. Det
         er då heller ikkje nødvendig for meg til å gå inn på spørsmålet om tilhøvet til EMK
         artikkel 8.

(45)     Staten har fått medhald i hovudspørsmålet for Høgsterett. Det er tale om eit prinsipielt
         rettsspørsmål, som særleg staten har interesse av blir avklara. Sakskostnader for
         Høgsterett bør derfor ikkje tilkjennast, jf. tvistelova § 20-2 tredje ledd.

(46)     Sakskostnadsspørsmålet for dei lågare rettane bør avgjerast av lagmannsretten,
         jf. tvistelova § 30-3, jf. § 20-8 tredje ledd.

(47)     Eg røystar etter dette for slik

                                                    D O M :

         1.      Lagmannsrettsdommen blir oppheva.

         2.      Sakskostnader for Høgsterett blir ikkje tilkjende.

         3.      Sakskostnadsspørsmålet for tingrett og lagmannsrett skal avgjerast ved den nye
                 behandlinga i lagmannsretten.


(48)     Dommer Endresen:                           Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med
                                                    førstvoterende.

(49)     Dommer Falkanger:                          Likeså.

(50)     Dommer Webster:                            Likeså.

(51)     Dommer Tjomsland:                          Likeså.


(52)     Etter røystinga sa Høgsterett slik

                                                D O M :

         1.     Lagmannsrettsdommen blir oppheva.

         2.     Sakskostnader for Høgsterett blir ikkje tilkjende.

         3.     Sakskostnadsspørsmålet for tingrett og lagmannsrett skal avgjerast ved den nye
                behandlinga i lagmannsretten.