Du har ikke tillatelse til å redigere denne siden av følgende grunner:
For å endre denne siden, vennligst svar på spørsmålet som vises under (mer informasjon):
Hva blir 10 + 5
Fritekst:
Saka gjeld oppattaking. I 1990 vart det kravd jordskifte til utskifting av utmarka for sju bruk under gnr. 60, Åsebø, i Eid. Skiftefeltet grensa m.a. til tre bruk under gnr. 125, Melheim. Denne grenselina viste det seg å vera usemje om. Usemja vart avgjort ved dom av Nordfjord jordskifterett. Vedkomande dette tvistepunktet hadde jordskifteretten sin dom slik slutning: "Eigedomsgrensa mellom gnr. 60, Åsebø, og gnr 125, Melheim, på strekninga frå fylkesvegen og sørover til Fjellbruna på "Nakken" går i rett line slik det er vist med raud strek på kartet som ligg ved saka som dok. nr. 54." Dei tre eigarne av bruk under gnr. 125, Melheim, anka domen til Gulating lagmannsrett. Lagmannsretten sa dom i saka den 7. oktober 1994. Domen har slik domsslutning: "1. Jordskifteretten sin dom vert stadfesta, men slik at det ikkje vert tilkjent sakskostnader for jordskifteretten. 2. Terje Hjelle, Jan Axe og Ivar Asbjørn Melheim betalar ein for alle og alle for ein innan 2-toveker frå domen vert forkynt, sakskostnader for lagmannsretten til Haldis Melheim, John Melheim, Per Ove Åsebø, Pål Roald Åsebø, Johannes Åsebø og Lars Åsebøstøl, alle ved advokat Prestegarden, med tilsaman 55000,- femtifemtusen - kroner." I prosesskriv til Gulating lagmannsrett, dagsett 6. mars 1996, har advokat Hans Lothe, på vegne av to eigarar av bruk under Melheim, sett fram krav om oppattaking av ankesaka. Advokat Jo Prestegarden har, på vegne av fem eigarar av bruk under Åsebø, gjeve tilsvar til lagmannsretten og teke til motmæle. I kravet om oppattaking viser Melheimsbruka til at dei har funne eit nytt grensemerke som ligg vest for den grenselina lagmannsretten har fastsett som eigedomsgrense mellom Åsebø og Melheim. Åsebøbruka hevdar at det ikkje er påvist noko nytt grensemerke, berre ein naturleg steinformasjon i terrenget. I samråd med partane har lagmannsretten oppnemnt jordskifteoverdomar Sverre Øygard og avdelingsingeniør Oddmund Breiteig som sakkunnige. Dei sakkunnige fekk i oppdrag å vurdera om dei påviste steinane er eller kan vera eit grensemerke. I oktober 1996 var dei sakkunnige på synfaring saman med partar og prosessfullmektigar. Dei såg på det påståtte grensemerket og synfor samstundes nokre gamle merkesteinar i området. Deretter har dei sakkunnige gjeve lagmannsretten ein skriftleg uttale der det heiter fyljande: "Det er ikkje mogeleg å slå klart fast om den påviste steinen er eit grensemerke. Slik det ser ut i dag, er her tre steinar ved sida av kvarandre: Frå sør først ein lang, større stein under torvyta, dernest ein stein, ca 35-40 cm lang, som p.g.a. skråstilling også for det meste ser ut til å ha vore under jorda, og endeleg ein tynn stein, ca 25 cm lang. Denne siste steinen er den som har vore mest synleg over bakken, ca 12-15 cm. Det kan vidare sjå ut til at denne sistnemde steinen opphaveleg har vore ein del av steinen i midten, slik at her i røynda har vore to steinar. Overflata på den steinen som har vore mest synleg over bakkenivå ser ikkje ut til å ha vore dekt av torv, derimot kan grasvekst ha dekt steinen og gjort han lite synleg. Med alt trakk som har vore rundt steinen i den seinare tid, og delvis skipling, er det vanskeleg no å vite korleis dette såg ut då steinen først vart oppdaga. Steinen i midten er ikkje stor for å vere merkestein, men storleiken avvik ikkje serleg frå den steinen frå 1767 som er påvist. Den søre steinen er ikkje typisk som vitne når ein samanliknar med andre merkesteinar som er påviste. Der er ikkje vitne på nordsida, den nordre steinen (og den som har vore mest synleg) ser som nemnt ut til å ha vore ein del av steinen i midten. Retninga på steinen er SV-NA, omlag den same som grense 35 på kartet over Melheim frå 1969. Jordlaget der steinen står er ca 30 cm djup myr over fjell. Der er andre steinar i jorda omkring, men det er ikkje påvist at nokon av dei kan forvekslast med ein merkestein. Etter å ha vurdert steinen det er tvil om ut frå vanlege krav til steinar som grensemerke, og ut frå andre gamle grensesteinar som er påviste i området, er vår konklusjon: 1. I det vi syner til mandatet, kan vi ikkje slå fast at den påviste steinen er eit grensemerke. 2. Sjølv om det kan sjå ut til å vere ein naturleg formasjon, kan vi ikkje avvise at steinen kan vere eit grensemerke." Partane har fått høve til å koma med merknader til dei sakkunnige sin uttale. Dei ankande partane gjer i hovudtrekk gjeldande: Grunnlaget for kravet om oppattaking er tvistemålsloven §407 nr 6. Dei påviste steinane er eit nytt bevis som Melheimsbruka meiner ville hatt avgjerande mykje å seie i fall beviset hadde vore tilgjengeleg og hadde vorte vurdert under ankesaka. Den nye merkesteinen vart oppdaga ved eit tilfelle i desember 1995. Ved å sparke i det som kunne sjå ut som ei vanleg tue, kom det fram ein stein som ved meir avdekking viste seg å vera ein merkestein. Den påviste merkesteinen er plassert slik at den stemmer med Melheimsbruka sin påstand i ankesaka. Dei ankande partana har lagt ned slik påstand: "1. Ankesak nr.92-00398A vert gjenoppteken. 2. Eigedomsgrensa mellom gnr. 125 og gnr. 60 i Eid i området ved Nakken går frå 1812-merket på fjellbruna og i rett line til den 2.gamle stein på Hogden iht. dei ankande partar si kartskisse. 3. Dei ankande partar i sak.nr.92-0398, som nå krev gjenopptaking, vert tilkjent sakskostnader." Ankemotpartane gjer i hovudtrekk gjeldande: Dei påviste steinane er ikkje noko grensemerke, men berre ein naturleg steinformasjon i terrenget. Det er i alle høve så stor tvil om steinane kan reknast som grensemerke eller ikkje at kravet i tvistemålsloven §407 første ledd nr 6 om "nytt bevis" ikkje er stetta. Sjølv om ein legg til grunn at dei påviste steinane er eit grensemerke, vil det ikkje vera nok til å etterkoma kravet om oppattaking. Sjølv om grensemerket hadde vore kjent for lagmannsretten då den sa sin dom i 1994, er det ikkje "åpenbart" at lagmannsretten si avgjerd ville vorte annleis. Ankemotpartane hevdar dessutan at dei påviste steinane er slik plassert at dei var kjende for dei ankande partane då tvisten stod for lagmannsretten. I alle fall burde dei ha vore kjende. Tvistemålsloven §407 annet ledd vil difor vera eit hinder for oppattaking. Ankemotpartane har lagt ned slik påstand: "Gjenopptagelsesbegjæringen forkastes. De ankende parter dømmes in solidum til å betale saksomkostninger til ankemotpartene med kr 15000." Lagmannsretten ser saka slik: Som grunnlag for krav om oppattaking har Melheimsbruka vist til tvistemålsloven §407 første ledd nr 6. Kravet kan då berre føra fram dersom dei påviste steinane vert rekna som eit nytt bevis som åleine, eller saman med det som tidlegere er halde fram, åpenbart måtte ha ført til ei anna avgjerd. Dette kravet er ikkje stetta. Lagmannsretten finn det tilstrekkeleg å visa til dei sakkunnige si vurdering. Vurderinga forstår lagmannsretten slik at dei påviste steinane mest sannsynleg ikkje er noko grensemerke, men mest truleg ein naturleg steinformasjon i terrenget. Dei sakkunnige kan rett nok ikkje sjå bort frå at steinane kan vera eit grensemerke, men det gjev ikkje dei ankande partane grunnlag for å hevda at dei har skaffa fram eit nytt bevis. Under tilvising til føreståande lyt kravet forkastast i samsvar med tvistemålsloven §414 første ledd. Tvistemålslova har ingen særskilde reglar om sakskostnader i saker om oppattaking, men §180 vert nytta analogisk, jfr. [[Rt-1932-719]]. Kravet om oppattaking har ikkje ført fram. I samsvar med hovudregelen i tvistemålslova §180 første ledd vert dei ankande partane difor pålagde å betala sakskostnadar til ankemotpartane. I sitt siste prosesskriv, dok. nr 20, har advokat Prestegarden kravd dekka sakskostnader med kr 15000,- pluss utgiftene til dei sakkunnige. Lagmannsretten legg dette til grunn. Frå lagmannsretten har dei to sakkunnige fått utbetalt tilsaman kr 4281,05. Kjennelsen er samrøystes. Slutning : 1. Kravet om oppattaking av Gulating lagmannsrett si ankesak nr 92-00398A vert forkasta. 2. Terje Hjelle og Ivar Asbjørn Melheim vert, ein for begge og begge for ein, pålagde å betale sakskostnader til Haldis og John Melheim m.fl. med kr 15000,- -femtentusen-. 3. Terje Hjelle og Ivar Asbjørn Melheim vert pålagde, ein for begge og begge for ein, å betala lagmannsretten sine kostnader til sakkunnige med kr 4281,05 - firetusentohundredeogåttiein 05/100-. 4. Oppfyllingsfristen for pkt 2 og 3 ovenfor er 2 -to- veker rekna frå forkynning av denne kjennelsen. [[Kategori:Lagmannsretter]]
Lagre siden Forhåndsvisning Vis endringer Avbryt