Du har ikke tillatelse til å redigere denne siden av følgende grunner:
For å endre denne siden, vennligst svar på spørsmålet som vises under (mer informasjon):
Hva heter hovedstaden i Norge
Fritekst:
Øyvind Borvik, Tove Borvik og Stavern Engineering AS har anka Gulating lagmannsretts dom av 19. februar 2002 i sak 00-01704 mot staten v/Rogaland fylkesskattekontor. Høgsteretts kjæremålsutval finn samrøystes at anken bør nektast fremja til Høgsterett i samsvar med føresegna i tvistemålslova §373 tredje ledd nr. 1. Kjæremålsutvalet har ikkje funne grunn til å innhente fråsegn frå ankeparten før avgjerd, jf. tvistemålslova §373 fjerde ledd. Ankemotparten har påstått seg tilkjent sakskostnader. Påstanden blir teken til følgje, og beløpet blir sett til 10 000 kroner med tillegg av meirverdiavgift, i alt 12 400 kroner. Slutning: Anken blir nekta fremja til Høgsterett. I sakskostnader for Høgsteretts kjæremålsutval betaler Øyvind Borvik, Tove Borvik og Stavern Engineering AS ein for alle og alle for ein til staten v/Rogaland fylkesskattekontor 12.400 - tolvtusenfirehundre - kroner innan 2 - to - veker frå forkynninga av orskurden. [[Kategori:Høyesterett]]
Lagre siden Forhåndsvisning Vis endringer Avbryt