Du har ikke tillatelse til å redigere denne siden av følgende grunner:
For å endre denne siden, vennligst svar på spørsmålet som vises under (mer informasjon):
Hva blir 10 + 5
Fritekst:
Saka gjeld krav frå Dyrebeskyttelsen Salten om mellombels åtgjerd - i namsrettssaka formulert som pålegg til Saltdal kommune om å stogge alle former for innsamling og/eller avliving av kattar på Rognan til det ligg føre endeleg avgjerd om eit slikt tiltak er lovleg. Salten namsrett sa 15. oktober 2001 orskurd med slik slutning: «1. Saltdal kommune frifinnes. 2. Saksomkostninger tilkjennes ikke.» Om sakstilhøvet og det partane gjorde gjeldande for namsretten, viser ein til orskurden. Dyrebeskyttelsen Salten har 29. oktober 2001 tatt ut kjæremål som er mottatt av namsretten 1. november 2001. Det er i kjæremålet ein omfangsrik argumentasjon for at orskurden frå namsretten er uriktig. Dyrebeskyttelsen Salten har lagt ned slik påstand: «1. Saltdal kommune forbys å iverksette innfanging og/eller avliving av kattene i Rognan. 2. Dyrebeskyttelsen i Saltdal tilkjennes sakens omkostninger for namsretten med kr 26.369,- og for lagmannsretten med kr 5.000 (begge inkl. moms) med 12% rente fra kjennelsens forkynnelse til betaling skjer.» Saltdal kommune har i tilsvar til kjæremålet av 7. november 2001 opplyst at kommunen har fanga inn 25 kattar. Av desse er 19 avliva medan 6 er sette fri. Kommunen meiner at talet på kattar med det har kome ned på eit akseptabelt nivå, og aksjonen er inntil vidare avslutta. For øvrig meiner kommunen at orskurden frå namsretten er riktig både i grunngjeving og resultat. Det er lagt ned slik påstand: «1. Namsrettens kjennelse - punkt 1 - stadfestes. 2. Dyrebeskyttelsen i Saltdal tilpliktes å betale saksomkostninger til Saltdalkommune for namsretten og lagmannsretten.» Lagmannsretten ser saka slik: Kommunen har i sitt tilsvar av 7. november 2001 til kjæremålet opplyst at det i alt er fanga inn 25 kattar, at 19 av desse er avliva og at 6 er sette fri. Kommunen meiner talet på kattar nå har kome ned på eit akseptabelt nivå, og har inntil vidare avslutta aksjonen. Saka om mellombels åtgjerd har da tapt si rettslege interesse, og kjæremålet blir avvist. Spørsmålet om sakskostnader for lagmannsretten blir avgjort etter tvistemålslova §175 første leden, jf. §180 andre leden. Av orskurden frå namsretten går fram at distriksveterinær Etterlid i rettsmøtet 15. oktober 2001 opplyste at han hadde avliva 17 villkattar etter at den tekniske etat i kommunen hadde sett ut feller og fanga kattane. Det er ikkje opplyst om dei siste to kattane er avliva før eller etter at kjæremål vart tatt ut 29. oktober 2001. Lagmannsretten legg til grunn at aksjonen vart avslutta uavhengig av kjæremålet. Vilkåra for å nytte unntaksreglane i §175 første leden til bate for Dyrebeskyttelsen Salten er ikkje til stades, og Saltdal kommune blir tilkjent sakskostnader for lagmannsretten. Kommunen har ikkje sendt inn kostnadsoppgave. Sakskostnadene blir sette til kr 3.000. Det blir ikkje gjort noka endring i avgjerda namsretten tok om sakskostnadene der. Lagmannsretten legg avgjerande vekt på at det som vart prosedert i førsteinstansen, var innhaldet av dei materielle lovreglane om avliving av villkattar og/eller eigarlause kattar og dei sakshandsamingsreglar som her gjeld for den offentlege forvaltning. Lagmannsretten er samd med namsretten i at lovgjevinga her er til dels uklar, og at ein har sparsomt med rettspraksis. Lagmannsretten finn også grunn til å nemne visse prosessuelle spørsmål i samband med kravet om mellombels åtgjerd. For det første er det eit vilkår for ei slik avgjerd at det er høve til å gi dom for sjølve det materielle kravet som ligg attom, sjå kommentaren til tvangsfullføringslova §15-1 i Falkanger m.fl. s 882. Lagmannsretten ser det i alle fall som tvilsamt om det i ei vanlig sivil sak kan bli gitt dom i samsvar med ordlyden i påstanden i kjæremålet. Vidare kan det vere tvilsamt om Dyrebeskyttelsen Salten er ei samanslutning eller eit lag som har den den naudsynte rettslege interesse av å reise sak om det tema som her er aktuelt. Tvisten gjeld ikkje minst forvaltningsrettslege spørsmål. Det ligg ikkje føre opplysningar om kor mange medlemer laget har, og kva som er tilhøvet mellom laget og Dyrebeskyttelsen Norge. Det er større grunn til å godta ein landsomfemnande samskipnad som saksøkjar enn eit lokallag som Dyrebeskyttelsen Salten. I [[Rt-1980-569]] vart lagt til grunn at Norges Naturvernforbund hadde den naudsynte rettslege interesse av å reise sak mot staten for å få avgjort om vedtaket om regulering av Alta-vassdraget var gyldig. I avgjerda i [[Rt-1984-1488]] stod Norges Dyrebeskyttelsesforbund som saksøkjar. Men saka vart avvist fordi forbundet ikkje hadde tilstrekkeleg rettsleg interesse av å få avgjort ved dom om forskrifter om burhøns var ugyldige etter dyrevernlova. Lagmannsretten er ikkje kjent med tidlegare domstolsavgjerder der eit lokallag under ein landsomfemnande samskipnad er godtatt som saksøkjar. Eit argument for ikkje å godta dette, er at det vil kunne vere uheldig om lokallaget får opptre på eiga hand, der landslaget kanskje ikkje har ønske om rettssak. Orskurden er samrøystes. Slutning: 1. Kjæremålet blir avvist. 2. I sakskostnader for lagmannsretten betalar Dyrebeskyttelsen Salten innan to veker frå forkynninga av orskurden til Saldal kommune kr 3.000. 3. Namsrettens avgjerd om sakskostnader blir stadfesta. [[Kategori:Lagmannsretter]]
Lagre siden Forhåndsvisning Vis endringer Avbryt