Hopp til innhold

LG-1997-1408

Fra Rettspraksis


Instans: Gulating lagmannsrett - Dom
Dato: 1998-02-13
Publisert: LG-1997-01408
Stikkord: Familierett, Barnerett
Sammendrag:
Saksgang: Gulating lagmannsrett LG-1997-01408 - Anke til Høyesterett nektet fremmet; HR-1998-00356K .
Parter: Ankande part: A (Prosessfullmektig: Advokat Hjalmar Olseth jr., Bergen). Motpart: B (Prosessfullmektig: Advokat Olav Jordal, Bergen).
Forfatter: Lagdommar Grimstad. Ekstraordinær lagdommar Ekeberg. Sorenskrivar Moe
Lovhenvisninger: Tvistemålsloven (1915) §179, §180, Barneloven (1981) §34, §35a, §38, Barneloven (1981)


Saka gjeld tvist mellom foreldre som ikkje bur saman, om kven som skal ha den daglege omsorga for to fellesborn og i den samanheng spørsmål om samværsrett.

Partane gifte seg 23. juni 1990 etter å ha vore sambuarar sidan 1988. Dei er begge lærarar. A er fødd oktober 1964 og B mai 1963. Dei har to born saman, nemleg C, fødd xx.xx.1989, og D, fødd xx.xx.1991. Dessutan har B eit særkullsbarn, E, fødd januar 1982, og ho har den daglege omsorga for han. E har budd saman med partane under samlivet.

Etter å ha budd på X ei tid, kjøpte partane i 1991 hus i Y. Samlivet fungerte etter kvart ikkje, og ved løyve frå fylkesmannen i Hordaland 30. november 1994 vart dei separerte, og dei er seinare skilde. Huset vart seld, men A vart framleis buande i Y der han kjøpte ei rekkehusleilegheit om lag 150 meter frå det tidlegare huset. Ved samlivsbrotet flytta B saman med E til ei mindre leilegheit på Z. Seinare har ho saman med ny sambuar F kjøpt ein eldre større einebustad med stor hage på X. Det er meininga at huset skal ombyggjast til ein generasjonsbustad der og foreldra til B skal flytta inn.

I samband med separasjonen vart partane einige om å ha felles foreldreansvar, men å dela den daglege omsorga for fellesborna med 2/3 på far og 1/3 på mor, og det vart gjort nærare avtale om samvær.

A syntest at den avtalte ordninga ikkje fungerte godt nok, og meinte at han aleine burde ha den daglege omsorga, men med ein utvida samværsrett for B. Etter lovleg mekling som ikkje førde fram, reiste han difor sak om dette for Bergen byrett. Byretten sa 21. mai 1997 dom i saka med slik domsavgjerd:

"1. A og B har felles foreldreansvar for C, født xx.xx.1989 og D, født xx.xx.1991.

2. B har den daglige omsorg for C, født xx.xx.1989 og D, født xx.xx.1991.

3. A har samvær med C, født xx.xx.1989 og D, født xx.xx.1991, således:

1. Ukesamvær hver onsdag.

2. Helgesamvær annen hver helg fra fredag middag til søndag kveld.

3. Feriesamvær halvparten av skolens sommerferier og annen hver skolejuleferie, skolevinterferie og skolepåskeferie.

4. Innen 2 - to - uker fra dommens forkynnelse betaler saksøkerkr 17850,- - syttentusenåttehundreogfemti - kroner til saksøkte til dekning av sakens omkostninger."

Byretten sa og 30. juli 1997 etter barnelova §38 orskurd om at B frå same dag skulle ha den daglege omsorga for borna inntil rettskraftig dom låg føre. Denne avgjerda vart etter kjæremål stadfesta av Gulating lagmannsrett 12. september 1997.

A har ved advokat Sidsel Methlie i rett tid anka byrettsdommen inn for lagmannsretten og har sett fram slik påstand:

"1. A skal ha den daglige omsorgen for C, født xx.xx.1989 og D, født xx.xx.1991.

2. B skal ha samvær med barna i et omfang fastsatt av retten.

3. A tilkjennes saksomkostninger både for byretten og lagmannsretten."

B har ved advokat Olav Jordal gjeve tilsvar og sett fram slik påstand:

"1. Bergen byretts dom i sak 96-01535 A/01 stadfestes.

2. Den ankende part betaler sakens omkostninger."

Ankeforhandling vart halde i Bergen 26. og 27. januar 1998. Partane og prosessfullmektigane møtte - for A no advokat Hjalmar Olseth jr. -, og partane forklarte seg. Det vart avhøyrt 7 vitne og elles føreteke slik dokumentasjon som rettsboka viser.

Når det elles gjeld det nærare faktiske saksforholdet og kva partane gjorde gjeldande for byretten, viser ein til dommen i byretten.

Den ankande parten har hevda at ut frå omsynet til borna viste den inngåtte avtalen seg å verka uheldig. Det vart for mange endringar av di ankemotparten var oppteken med ymse gjeremål så som guideturar til England og som hjelp i ein brukskunstforretning. Borna fekk difor ikkje faste tidspunkt å halda seg til, og det gjorde dei urolege. Det er likevel ikkje meininga at mora skal få mindre samvær med borna enn før, men at det heile skal skje i meir ordna former.

A har og før samlivet tok slutt, vist stor omsorg for borna og har hatt fin evne til å koma i kontakt med dei. Etter samlivsbrotet har omsorga blitt større. Borna er sterkt knytte til han og til Y der dei har budd sidan 1991. Det var ikkje ein føresetnad at han skulle bli buande med borna i huset partane kjøpte. I samsvar med den inngåtte avtalen etter separasjonen skulle huset seljast.

Inntil sommaren 1997 har A hatt den faktiske omsorga, og han har medvete prioritert borna framfor alt anna. Borna har til då levd under stabile forhold utan flytting frå det området dei er vakse opp i. Også etter flyttinga til X har dei oppretthalde kontakten med miljøet i Y der dei har hatt sine leikekameratar i gangavstand. Ei flytting tilbake dit vil difor ikkje ha nokon negativ innverknad på dei, og det er ingen risiko ved miljøskifte. Kontakten med besteforeldra er god på begge sider, og det vil ikkje vera problem med omsorga framover.

At E ikkje lenger vil bli buande med dei to andre, vil etter kvart få mindre å seia. E er no 16 år, og det vil i alle høve berre bli ei kortare tid han vil bli buande heime. Dette er difor ikkje noko avgjerande moment i dag, og E kan elles koma til A når han vil. Det er borna sitt beste ein skal fram til, jfr. Rt-1996-420, særleg 426-427. Ordninga med A som hovudomsorgsperson har fungert godt i fleire år, og det er ingen grunn til å endra på dette.

Ankemotparten har peika på at begge foreldra står borna nær og at dei begge er vel skikka til å ha omsorga. Avgjerda om kven som skal ha den daglege omsorga, må difor skje ut frå ei heilskapsvurdering slik byretten har gjort.

B er ei utadvendt og aktiv kvinne med nær tilknyting til born og familie. Borna går i dag inn i ein familie på fem, og det fungerar godt. Borna har flytt, og flyttinga har vore vellukka. Dei har knytta seg til den nye heimen. F kjem her inn, men utan fortrengsel for A. Familiesituasjonen har ikkje tilført borna noko negativt. B ynskjer at A framleis skal vera borna sin farsfigur.

Borna går på X skule, C i 3. og D i 1. klasse, og dei er med i skulefritidsordning. Deira fritidsinteresser blir fylgde opp. Dei har slått seg til ro, fått nye relasjonar å halda seg til og har ikkje hatt tilpassingsvanskar. Dette tilseier at ein bør varsam med tilbakeflytting til far.

Mellom miljøa i Y og på X er kort avstand, så foreldrekontakten med faren vil i alle høve bli god. Samværsordninga som byretten fastsette, har blitt fylgd og har etter kvart fungert bra, og det er og mogeleg med samvær utover denne.

Eit moment for at mor bør ha omsorga, er at syskenflokken ikkje bør delast, og E har nær tilknyting til syskena sine, jfr. elles Rt-1982-1335.

Borna vil og få tilknyting til eit større familienettverk hos mor sidan ho har foreldre og sysken med deira born busette i Bergen. Far sine foreldre og slekt bur utanbys. Om dei moment som elles kan tilleggjast vekt i spørsmålet om kven av foreldra som skal ha dagleg omsorg, er vist til Smith og Lødrup: Foreldre og barn (4. utg.) 89 flg.

Lagmannsretten er komen til same resultat som byretten og kan i det store og heile og seia seg einig i premissane. I tillegg skal ein merka:

Lagmannsretten viser til det klare utgangspunktet om at grunnlaget for avgjerda om dagleg omsorg er kva som er best for borna, jfr. barnelova §34, tredje leddet. Ut frå dette må kvar av foreldra sine føresetnader vurderast. Det er elles å merka at etter ny §35a i barnelova, gjeldande frå 1. januar 1998, kan det når saka er komen til retten, berre fastsetjast ein fast bustad for borna. Lagmannsretten har såleis ikkje høve til å fastsetja delt omsorg for borna slik den opphavlege frivillige avtalen mellom partane gjekk ut på, jfr. elles rundskriv frå Barne- og familiedepartementet 10. desember 1997.

Det er ikkje tvil om at i denne saka er begge foreldra vel skikka til å ha den daglege omsorga for borna. Spørsmålet blir då kven som er best skikka ut frå det som er den sentrale målsetjinga, nemleg borna sitt beste. Framanfor er nemnt fleire moment som partane har peika på og som må vektleggjast ved avgjerda, såleis kontakt og tilknyting mellom foreldre og born, kven som har hatt den faktiske omsorga for borna, risikoen ved miljøskifte, buforhold, foreldra sine personlege eigenskapar og omsorgsevne, kven som kan gje best samla foreldrekontakt og forholdet til E som ikkje direkte omfattast av denne saka. Økonomiske forhold har ikkje vorte tekne særskilt opp, men synest ikkje å ha noko å seia i forhold til omsorgsspørsmålet.

Partane har elles trekt fram andre moment og enkeltståande hendingar som lagmannsretten ikkje har funne å kunna tilleggja vekt, og finn difor heller ikkje grunn til å gå nærare inn på dei. Mellom anna gjeld dette at A skal ha ytra ynske om flytting til Trondheim. Begge partane er kunnskapsrike, ressurssterke og har utvilsame personlege kvalitetar som vil koma borna til gode. Borna sitt tilknytingsforhold til foreldra vurderar lagmannsretten som heller likt. Når ein skal avgjera kven som skal ha den daglege omsorga for borna, er det såleis marginale skilnader som gjer utslaget. Etter den avtalen partane gjorde ved separasjonen, kan ein seia at A hadde hovudansvaret for borna, men slik situasjonen var på den tida kan ein ikkje dra særlege slutningar av det. I denne samanheng må nemnast at foreldra til B også gjorde ein stor innsats med pass og stell av borna når det trongst.

Det har vore visse samarbeidsproblem mellom partane slik ein kunne venta når saka er kome på spissen. No synest likevel ordninga med bringing og henting av borna å fungera bra. Begge synest å vera samarbeidsvillige og det er grunn til å tru at dette vil vara.

Det er ikkje noko å seia på buforholda og nærmiljøet i Y, men det er truleg at det ligg enno betre til rette for borna på X. I tillegg til mora har dei der og halvbroren E som dei er sterkt knytte til, og dessutan F som støtteperson. Til dette kjem at dei har eit stort nettverk med besteforeldre og nær familie rundt seg. Desse kunne dei sjølvsagt også halda kontakten med om dei budde hos faren, men likevel i mindre grad. Særleg ville det vera uheldig for dei om dei vart skilde frå det daglege samværet med E i den alderen dei no er.

Begge borna er no etablerte i miljøet på X. Dei trivst på skulen og med sine fritidsaktivitetar, tennis og fotball, og har såleis funne seg vel til rette både heime og utanfor. Dei har sjølvsagt framleis kontakt med faren og miljøet i Y, og sidan dei har budd på X i så kort tid, ville dei truleg også finna seg til rette om dei flytte fast tilbake til faren. Sidan dei har roa seg på den nye staden og ikkje har hatt tilpassingsvanskar å snakka om, finn ikkje lagmannsretten grunn til flytting på nytt, også av grunnar som nemnt ovanfor. Som nemnt i høgsterettsdom i Rt-1996-420 flg. må "det kreves en viss sannsynlighet for at en flytting vil medføre fordeler for barna, for at man skal endre en vel fungerende ordning". Lagmannsretten kan ikkje sjå at det vil vera tilfelle her.

Samværsordninga slik ho vart fastsett byretten, synest å ha fungert bra, og lagmannsretten finn ikkje grunn til å endra denne. Lagmannsretten går elles ut frå at partane stiller seg opne for eventuelt utvida samvær eller andre praktiske endringar i samværsordninga.

Anken har ikkje ført fram, og byrettsdommen blir å stadfesta. Etter hovudregelen i tvistemålsloven §180, første leddet, som ein ikkje finn grunn til å gjera unntak frå, må den ankande parten erstatta ankemotparten utgiftene for lagmannsretten. Dette gjeld og utgiftene i samband med det før omtala kjæremålet der lagmannsretten i sin orskurd 12. september 1997 fastsette at sakskostnadsspørsmålet vart utsett til avgjerd i hovudsaka, jfr. tvistemålsloven §179. Advokat Olav Jordal har levert inn kostnadsoppgåve for lagmannsretten på kr 25000,-. Av dette er kr 2000,- kostnader ved kjæremålet. Kostnadsoppgåva blir lagt til grunn.

Dommen er samrøystes.

Domsavgjerd:

1. Dommen av Bergen byrett 21. mai 1997 - sak nr. 96-01535 A/01 - blir stadfesta.

2. I sakskostnader for lagmannsretten betalar A til B v/advokat Olav Jordal 25.000,- -tjuefemtusen- kroner innan 2 - to - veker frå forkynninga av denne dommen.