Instans: Høyesteretts kjæremålsutvalg - Kjennelse
Dato: 2001-01-11
Publisert: HR-2000-01500-K
Stikkord: Sivilprosess
Sammendrag:
Saksgang: Sunnmøre herredsrett nr. 99-01314 A - Frostating lagmannsrett LF-2000-543 A - Høyesterett HR-2000-01500, sivil sak, anke
Parter: A (advokat Kirsti Høegh Bjørneset) mot B (advokat Britta Gerhardt)
Forfatter: Aasland, Rieber-Mohn, Utgård
Lovhenvisninger: Tvistemålsloven (1915) §373


A har anka Frostating lagmannsretts dom av 2. oktober 2000 i sak 00-543 A mot B.

Høgsteretts kjæremålsutval finn samrøystes at anken ikkje kan føre fram utan at Høgsterett fråvik den påanka avgjerda på eit punkt der det må reknast å ha mykje å seie at lagmannsretten har hatt høve til sjølv å høyre forklaringar av partar eller vitne, eller til å utføre ei gransking, og dette kan ikkje gjerast av Høgsterett. Anken bør derfor nektast fremja i samsvar med føresegna i tvistemålslova §373 tredje ledd nr. 2.

Kjæremålsutvalet har ikkje funne grunn til å innhente fråsegn frå ankeparten før avgjerd, jf. tvistemålslova §373 fjerde ledd.

Ankemotparten har påstått seg tilkjent sakskostnader. Kjæremålsutvalet finn at sakskostnader etter omstenda ikkje bør tilkjennast.

Slutning:

Anken blir nekta fremja til Høgsterett.

Sakskostnader for Høgsteretts kjæremålsutval blir ikkje tilkjende.