Instans: Agder lagmannsrett - Dom
Dato: 1993-11-22
Publisert: LA-1992-00899
Stikkord: Arbeidsforhold
Sammendrag:
Saksgang: Kristiansand byrett - Agder lagmannsrett LA-1992-00899 A og LA-1992-00902 A. Anket til Høyesterett; anken forkastes - HR-1995-00050 B.
Parter: Sak nr LA-1992-00899 A: Ankepart: Hotell Maritim A/S (Prosessfullmektig: Advokat Magne Braadland, Oslo). Motpartar: A, B og C (Prosessfullmektig: Advokat Lars Holo, Oslo). Sak nr LA-1992-00902 A: Ankepart: Hotell Maritim A/S (Prosessfullmektig: Advokat Magne Braadland, Oslo). Motpartar: B og C (Prosessfullmektig: Advokat Lars Holo, Oslo).
Forfatter: Lagdomar Asbjørn Nes Hansen, formann, ekstraord. lagdomar Haakon Steen,, ekstraord. lagdomar Martin Beer. 4 meddomarar
Lovhenvisninger: Arbeidsmiljøloven (1977) §61, §66, Tvistemålsloven (1915) §172, §174, §176, §180, §98, §60, §62


Saka gjeld krav om skadebot frå tre tidlegare arbeidstakarar på Hotell Maritim i Flekkefjord, som meiner at dei urettkome fekk avskil frå hotellet 16. desember 1991. Det er ikkje omstridt at dei tre skreiv sine eigne oppseiingar om kvelden den nemnde datoen og forlot arbeidsstaden etter å ha vorte kalla inn til eit møte med leiinga. Bakgrunnen for møtet var at ein kontroll viste at det dagane før var eit monaleg større forbruk enn registrert omsetnad av øl i baren på hotellet, der dei tre arbeidde. Ein av arbeidstakarane, A, var tilsett i heiltidsstilling, medan dei to andre, B og C, var tilsette på deltid.

A gjekk til sak mot arbeidsgjevaren med stemning 4. februar 1992. Når det gjeld B og C, er stemninga dagsett 13. februar 1992. Sakene var føre under eitt i Kristiansand byrett i august 1992, og ingen av dei tre gjorde då krav på å verta tekne innatt i teneste, slik at sakene berre galdt krav om skadebot. Arbeidstakarane gjorde som nemnt gjeldande at dei hadde fått avskil av arbeidsgjevaren, og hadde reist sak etter dei særskilde prosessreglane i arbeidsmiljølova §61 o.u., jf. §66 nr. 3. Desse reglane gjeld ved oppseiing og avskil frå arbeidsgjevaren si side. Hotell Maritim påstod saka avvist frå førehaving etter dei nemnde særreglane, ettersom arbeidstakarane hadde sagt opp sjølve, men fekk ikkje medhald av byretten, som kom til at det i røynda låg føre avskil. Byretten, som kom til at avskilen var urettkomen, men at det var sakleg grunnlag for oppseiing av dei tre arbeidstakarane, sa dom i saka 31. august 1992 med slik domsslutning:

"I sak nr. A 201-92:

1. Hotell Maritim A/S dømmes til å betale erstatning til A med kr 120000,- etthundreogtyvetusen, som forfaller til betaling 14 - fjorten - dager etter at dommen er forkynt.

2. Saksomkostninger tilkjennes ikke.

I sak nr. A 275-92:

1. Hotell Maritim A/S dømmes til å betale erstatning til B med kr 50000,- femtitusen, og til C med kr 70000,- syttitusen.

Beløpene forfaller til betaling 14 - fjorten - dager etter at dommen er forkynt.

2. Saksomkostninger tilkjennes ikke."

Dei nærare faktiske omstenda i saka, partsutsegnene for byretten og grunngjevinga for resultatet går fram av domen.

Hotell Maritim A/S v/styreformannen, med advokat Magne Braadland som prosessfullmektig, har anka byrettsdomen til Agder lagmannsrett. I ankefråsegna er det prinsipalt kravt at saka skal avvisast frå førehaving etter prosessreglane i arbeidsmiljølova, subsidiært at hotellet vert frifunne. A, B og C har alle i anketilsvar teke til motmæle og har motanka for å få høgda dei fastsette skadebotsummane, med di dei har gjort gjeldande at det ikkje var grunnlag for å seia dei opp. Under saksførebuinga for lagmannsretten har advokat Lars Holo, som opphavleg berre var prosessfullmektig for A, overteke som prosessfullmektig for B og Nilsen óg. Tidlegare var advokat Øystein Vikstøl prosessfullmektig for dei sistnemnde. Som for byretten har dei to sakene vore føre for lagmannsretten under eitt, jf. tvistemålsloven §98 første ledd.

Det var ankeførehaving i Kristiansand 11.-14. og 18. oktober 1993, der ankemotpartane møtte saman med prosessfullmektigane. For ankeparten møtte fyrst styreformannen, seinare direktøren på hotellet, den siste med status som vitne. I tillegg til partane forklara 15 vitne seg for lagmannsretten. Prosessfullmektigane dokumenterte ei rekkje skriftlege prov, som vert nemnde nedanfor så langt det trengst for avgjerda.

Ankeførehavinga vart i fyrste omgang avgrensa til å gjelda avvisingsspørsmålet. Etter innleiingsforedrag, provføring og prosedyre om dette, trekte retten seg attende til rådlegging og gjorde samrøystes vedtak om at saka skal fremjast etter dei særskilde prosessreglane i arbeidsmiljølova. Etter at denne avgjerda var gjort kjent for partane, heldt ankeførehavinga fram. Partane hadde ikkje innvendingar til at den prosessuelle avgjerda vert grunngjeven i samband med realitetsavgjerda i saka.

Ankeparten Hotell Maritim A/S har i hovudsak halde fram:

Det er berre når arbeidsgjevaren har gjeve avskil eller sagt opp at arbeidstakaren kan reisa sak etter §61 o.u. i arbeidsmiljølova. Når arbeidstakaren seier opp sjølv, fell ei rettsleg prøving av saka utanfor reglane i arbeidsmiljølova, jamvel om oppseiinga har kome etter oppmoding frå arbeidsgjevaren. I møtet 16. desember 1991 fekk ankemotpartane ikkje avskil av hotelleiinga. Dei sa sjølve opp stillingane sine, etter å ha rådført seg med den hovudtillitsvalde, som var orientert av leiinga om bakgrunnen for møtet.

Ut frå målinga av det som var tappa frå øltanken, vanta det ikkje lite pengar i kassa i baren for fredag 13. og laurdag 14. desember. Jamvel om ein tok omsyn til at det seinare var slege inn eit kassaoverskot 1100 kroner for fredag og at overskotet frå laurdagsomsetnaden på 1700 kroner låg i ein konvolutt, var det framleis eit svinn på 1100 kroner for fredag og 2200 kroner for laurdag. Det går fram av den oppsette protokollen at den hovudtillitsvalde i det føregåande møtet med leiinga meinte tilhøvet gav grunn til avskil. Ankemotpartane har ikkje grunnlag for å hevda at den tillitsvalde fekk eit misvisande bilete av kva ølmålinga dokumenterte. Ho var kjend med at hotellet i lengre tid hadde hatt eit problem med svinn, som synte seg i at ein ikkje nådde opp i den budsjetterte bruttofortenesta.

Ankemotpartane fekk den tid dei trong, og dei bad ikkje om utsetjing. Oppseiingane både frå A og C var vel gjennomtenkte. Når det gjeld B, skreiv ho si eiga oppseiing etter at ho fekk vita at dei to andre hadde sagt opp. Frå leiinga vart det sagt at alternativet til at ankemotpartane sa opp, var å melda saka til politiet, av di dei ikkje hadde gjeve gode nok forklaringar om grunnen til at det vanta pengar i kassa. Det er ikkje rett at leiinga skal ha sagt at arbeidstakarane ville få avskil dersom dei ikkje sa opp sjølve.

Det er heller ikkje ført prov for at direktør Aksnes i ettertid gav ankemotpartane ein angrefrist med omsyn til oppseiingane, slik det vert hevda. Og når ankemotpartane subsidiært gjer gjeldande at hotellet må reknast å ha gjeve dei avskil ved å nekta å godta at dei trekte oppseiingane attende, reiser det eit spørsmål om ankemotpartane på avtalerettsleg grunnlag er bundne av oppseiingane. I eit slikt tilfelle skal saka gå etter dei vanlege reglane i tvistemålslova.

I avvisingsspørsmålet har ankeparten sett fram slik påstand:

"Byrettens dom oppheves og saken avvises fra Kristiansand byrett."

Til realitetsavgjerda i saka har ankeparten halde fram at det avgjerande er om det ligg føre eit slikt grovt pliktbrot at det er grunnlag for avskil etter §66 nr. 1 i arbeidsmiljølova. Dersom ein arbeidstakar av vanvare gløymer å slå inn eit sal på kassa, er ikkje det avskilsgrunn. Heller ikkje andre avvik frå dei fastsette rutinane er avskilsgrunn utan vidare. Men medvitne brot på retningslinene for kassainnslag, som set kontrollsystemet til verksemda ut or drift, kjem i ei anna stode, og det er det tale om her.

A var tilsett som barsjef; det går fram av tilsetjingskontrakten hans. I stillingsinstruksen for barpersonalet går det fram at arbeidstakaren har ansvar for eige kasseoppgjer og at alle tingingar skal "bongast" før vara vert produsert. I arbeidsreglementet §8c) heiter det at om nokon tilsett meiner gjeldande reglar eller rutinar ikkje verkar føremålstenlege, skal dette takast opp med næraste føresette, men reglane skal fylgjast til dess anna er fastsett. A hadde motteke og var kjend med alle desse dokumenta. B og C hevdar at dei ikkje fekk noko av dette, men dei må ha vore kjende med at hotellet hadde eit arbeidsreglement og med innhaldet av det. I alle tilfelle må dei båe ha kjent til retningslinene for kassainnslag.

Alle dei tre tilsette i baren har hatt kjennskap til dei store kassaoverskota og må ha stilt seg spørsmålet om dette kunne henga saman med praksisen dei fylgde. Om det er slik at fleire av dei tilsette på hotellet var klår over at baren jamleg hadde overskot i kassa ved oppgjeret etter stengetid, er det uforståeleg at det ikkje vart teke opp med leiinga. Praksisen med å la overskotet sume kveldar liggja i ein konvolutt for å la den som hadde vakt neste dag slå det inn på kassa då, verkar merkeleg. Omsynet til å spara tid ved inn- og utlogging på datasystemet, kan knapt ha vore eit viktig moment. Utføringa av arbeidet let til å ha vore tufta på rutinebrot og tilfeldig praksis.

For vurderinga av handlemåten til dei tilsette, er hausten 1990, då revisor kontrollerte rutinane for kassaoppgjer og kassainnslag, eit viktig skjeringspunkt. Det er tilhøva seinare som må stå sentralt i saka. Det som t.d. er nemnt frå ankemotpartane om utlån frå vin- og brennevinslageret på hotellet og om kassaoverskot i bistroen, gjeld tilhøve før dette tidspunktet.

Ved ein gjennomgang av registreringane på det databaserte kassasystemet hadde leiinga oppdaga mange døme på at kassainnslag i baren var sletta ved hjelp av slettetasten og at varesal var slegne inn på kassa etter stengetid. Revisorkontrollen avdekte at dei fastsette kassarutinane i baren ikkje fungerte etter føresetnadene, og dette fylgde revisor opp i høve til A. Men trass i at tilhøva var tekne opp med dei tilsette, var det ingen som melde frå til leiinga i tida etter revisorkontrollen om at det framleis var store overskot i kassa ved vaktavslutning.

Det kan ikkje ha vore ein allmenn instruks frå leiinga om at kassaoverskot skulle registrerast som sal av brennevin. Dei tilsette har laga seg sin eigen praksis. Og utskriftene frå datasystemet viser elles at etterfylgjande innslag av overskotssummar er fordelte på vareslaga. Det omstendet at overskotet vart lagt i ein konvolutt for innslag på kassa neste dag, var ukjent for leiinga. Hovmeister D visste at det hadde skjedd før september 1990, men kjende ikkje til at praksis heldt fram etter revisor hadde teke opp kassarutinane.

Resultatet av kontrollen med ølforbruket i baren er i all hovudsak rett. Arbeidstakarane kan ikkje høyrast med dei innvendingane dei i ettertid har kome med mot denne målinga. Ein kan sjå bort frå at andre enn dei bartilsette har tappa øl utanom opningstidene. Og det er ikkje grunnlag for å hevda at vanskar med det databaserte kassasystemet har ført til at innslag ikkje har vorte registrerte.

Den sannsynlege grunnen til at det vanta pengar i kassa i baren 13. og 14. desember 1991, er at dei tilsette ikkje fylgde retningslinene om å slå inn sala på kassa, "bonga", etter kvart. Ankemotpartane har ikkje gjort gjeldande at differansane kjem av menneskeleg svikt. Det må leggjast til grunn at dei medvite har sett seg utover rutinane for kassainnslag og dermed sett kontrollsystemet til verksemda ut or drift. Det gjev stor risiko for at verksemda ikkje får inn all kontantomsetnaden. Åtferda er eit grovt pliktbrot og eit vesentleg mishald av arbeidsavtala.

Hovudsaka er at sala ikkje vart slegne inn på kassa etter kvart. Dei bartilsette har óg brote det stillingsinstruksen deira fastset om at alle tingingar skal "bongast" før produksjon. Det er kritikkverdig dersom det har ført til at dei ikkje slo inn sala etter kvart. Og praksisen deira med å la kassaoverskot verta liggjande i ein konvolutt til neste dag, er ein konsekvens av at dei let vera å slå inn etter kvart.

Kvar og ein av dei tre ankemotpartane har hatt teneste i baren på sume av dei kveldane då ølforbruket vart kontrollert. A hadde ansvar for kassaoppgjeret den 13. desember og C den 14. desember. B var óg klår over at det var eit overskot den sistnemnde kvelden. Det må leggjast til grunn at alle tre har brote retningslinene om å slå inn sala etter kvart. For kvar av ankemotpartane ligg det føre avskilsgrunn. Det kan ikkje krevjast at dei skulle ha fått åtvaring på førehand.

Monteringa av ølteljaren er ikkje i strid med tilleggsavtale V til Hovudavtala mellom LO og NHO, og ikkje i noko fall kan dette føra til at avgjerda om avskil vert ugyldig. Saksførehavinga i samband med at arbeidstakarane fekk avskil, fyller krava i arbeidsmiljølova §66 nr. 1 andre punktum ved at det er konferert med den tillitsvalde. Sistnemnde kan ikkje ha vore ukjend med skilnaden på avskil og oppseiing og var under alle omstende samd i at arbeidstakarane måtte slutta.

Dersom lagmannsretten kjem til at avskilen var urettkomen, vert det subsidiært halde fram at det var sakleg grunnlag for oppseiing av ankemotpartane. I dette tilfellet bør dei berre få skadebot for lønstap i oppseiingstida. Arbeidstakarane ville i dette tilfellet ikkje hatt rett til å stå i stillingane etter §61 nr. 4 i arbeidsmiljølova, av di dei reiste søksmåla etter at fristen der var ute. I alle fall må det reknast med at arbeidsgjevaren ville ha fått avgjerd av retten om at arbeidstakarane skulle fråtre.

Så framt retten kjem til at det heller ikkje var grunnlag for oppseiing av ankemotpartane, bør dei ikkje få skadebot utover det tidspunktet då dei sa frå om at dei ikkje ville krevja stillingane attende. A sa frå om dette i prosesskrift 24. juli 1992. For B og C kom det fyrst fram under hovudførehavinga i byretten. Når det gjeld tapsutrekninga, bør det gjerast frådrag for inntekter ankemotpartane har hatt i den tidbolken skadebota skal dekkje. Når det gjeld krav om skadebot for tort og svie, må det takast omsyn til at bakgrunnen for avskil var manglande etterleving av rutinar og manglande forklaringar frå arbeidstakarane si side. Dei har såleis medverka til den utgangen saka fekk, og det talar mot at dei bør få oppreising.

Hotell Maritim A/S har sett fram slik sams påstand i hovudanke og motanke:

"1. Saksøkte frifinnes.

2. Den ankende part tilkjennes saksomkostninger både for byretten og for lagmannsretten."

Ankemotpartane A, B og C har i hovudsak halde fram:

Det må avgjerast konkret om det ligg føre oppseiing frå ein arbeidstakar eller om han i røynda har fått avskil. Dersom arbeidstakaren skjønar at han vil få avskil dersom han ikkje seier opp sjølv, må dette jamstellast med at arbeidsgjevaren alt har teke avgjerd om avskil. Då vil oppseiinga berre formalisera avslutninga av arbeidstilhøvet, og det må leggjast avgjerande vekt på at det er arbeidsgjevaren som i røynda har avslutta arbeidstilhøvet.

I saka her hadde arbeidstakarane ikkje noko ynske om å seia opp. Det var derimot arbeidsgjevaren som var interessert i å få avslutta arbeidstilhøva. Protokollen frå det innleiande møtet 16. desember 1991 mellom leiinga og den tillitsvalde viser at leiinga var innstilt på å gje dei tilsette i baren avskil dersom dei ikkje gav ei god forklaring på dei avvika som kontrollen av ølforbruket viste. Jamvel om ordet underslag ikkje vart nytta, var det klårt at mistanke om økonomisk mislege tilhøve låg i lufta. Etter at dei tilsette hadde forklara seg, var leiinga ikkje nøgd med forklaringane deira. Det kunne ikkje då vera tvil om at leiinga hadde ei klår oppfatning om at dei bartilsette måtte slutta. Avgjerda om avskil var såleis teken før oppseiingane, og det skjøna dei tre tilsette.

Det omstendet at arbeidstakarane handla under tidspress då dei skreiv oppseiingane sine, talar óg for at dei i røynda fekk avskil av arbeidsgjevaren. Det synest truverdig når dei og den tillitsvalde forklarar at dei bad om meir tid til å tenkja seg om, men ikkje fekk det. Det som vart teke opp i møtet, var at det skulle vanta pengar i kassa. Det var ei heilt ny og overraskande problemstilling for dei tilsette og den tillitsvalde. Det som hadde vore problemet tidlegare, var tvertimot at kassa viste eit overskot i høve til registrert omsetnad. Det var ikkje då å venta at nokon skulle gje gode svar på dei spørsmåla leiinga hadde, og som det elles ikkje var grunnlag for å stilla ut frå kontrollen av ølforbruket. Arbeidstakarane vart sette under eit urimeleg press ved den grunnlause mistanken om underslag og ved at politietterforsking, mediaomtale og folkesnakk ville verta konsekvensen av at dei ikkje sa opp.

Subsidiært vert det halde fram at hotelleiinga har gjeve dei bartilsette avskil ved å nekta å godta at dei trekte oppseiingane attende i brev 23. desember 1991.

I avvisingsspørsmålet har ankemotpartane sett fram slik påstand:

"Saken fremmes."

Til realitetsavgjerda har ankemotpartane halde fram at det korkje er grunnlag for avskil eller oppseiing av dei. Ramma for ankesaka er påstått manglande etterleving av interne rutinar i verksemda, ved at ankemotpartane ikkje har slege inn sala på kassa etter kvart. Det er ein avskilsgrunn som fyrst vert gjort gjeldande for domstolane. I møtet 16. desember 1991 vart derimot avskilen grunngjeven med det som måtte oppfattast som mistanke om underslag.

Det som vart hevda på møtet om påstått manko i kassa, vert såleis berre ein indikasjon på manglande etterleving av rutinar. Men arbeidsgjevaren har ikkje granska nærare kva som var grunnen til dei avvika ein meinte å kunna lesa ut or kontrollen med ølforbruket. Det ligg såleis ikkje føre eit faktisk grunnlag for avskil og arbeidsgjevaren har ikkje gjort den vurderinga som skal gjerast. Og det må krevjast at arbeidstakarane fekk ei åtvaring før det kunne vera aktuelt å gje dei avskil. Kravet til konferering med tillitsvalde i arbeidsmiljølova §66 nr. 1 kan ikkje seiast å vera oppfylt i dette høvet. Både denne saksførehavingsfeilen og manglane ved vurderinga har vore eigna til å påverka innhaldet av avgjerda om avskil og fører i seg sjølv til at avgjerda vert ugyldig.

Det er ikkje ført prov for at det har vore svinn på hotellet og at nokon av ankemotpartane er ansvarleg for det. Derimot har ein hatt eit problem med overskot i kassa både i baren og bistroen. Kontrollen av ølforbruket viser ikkje at ein har med svinn å gjera. Til det er det for mange manglar ved målinga, både når det gjeld sjølve metoden og gjennomføringa av kontrollen. I denne samanhengen er det sentralt at ein kontroll måtte ha omfatta dei andre varegruppene óg, slik at heile omsetnaden i baren vart teken med, målt mot det samla vareforbruket. Det målinga av ølforbruket viser, er berre at ikkje heile forbruket er registrert som sal av øl på kassa.

Leiinga kunne ha nytta andre måtar for å kontrollera vareforbruket mot omsetnaden, slik som det oppteljingssystemet som hadde vore i bruk tidlegare. Dessutan kunne det ha vorte innført rutinar som gjorde det mogeleg å halda kvar arbeidstakar ansvarleg for eige kasseoppgjer. Slik stoda var i baren, vart dei to kassene nytta om einannan av dei bartilsette. På travle kveldar kunne det vera opptil tre tilsette som alle hadde med kassatransaksjonane å gjera.

Ankeparten har heller ikkje ført prov for at bruttofortenesta på ølsalet i baren auka etter at dei tre ankemotpartane slutta. Revisor kunne ikkje gjera greie for samanhengen mellom rekneskapstala og det faktiske forbruket av øl i høvesvis bar og bistro. Dei to avdelingane får øl frå den same tanken. Dersom det har vore ei aukande bruttoforteneste på ølsalet, kan det koma av at ein i ettertid slutta med å registrera heile kassaoverskotet som brennevinssal, slik leiinga tidlegare hadde gjeve instruks om, og dessutan la meir vinn på å slå inn kvart einskilt sal av øl.

Ankeparten har heller ikkje ført prov for at ankemotpartane medvite har brote ei uskriven retningsline om å slå inn sala etter kvart. Stillingsinstruksen, som det er mest sannsynleg at B og C ikkje har motteke, seier elles berre at det skal "bongast" før produksjon. Kassaoverskota kan ha mange årsaker. Under krevjande arbeidstilhøve i ein bar, med tidspress, er det forståeleg med feilslag. Vanskane med å få alle innslaga registrerte på det batabaserte kassasystemet kan ha medverka til differansane. Ei anna mogeleg feilkjelde er oppgjer med kundar som skal føra rekninga på romet o.l. Dersom retten kjem til at ankemotpartane har brote den nemnde uskrivne retningslina, er det tale om glipp og umedvitne feil som ikkje er noko mishald av arbeidsavtala etter arbeidsmiljølova §66 nr. 1.

Kassaoverskota har vore eit utbreidd fenomen både i baren og bistroen over lang tid. Jamvel i tida etter at ankemotpartane hadde slutta ved hotellet 16. desember 1991, fekk ein slike overskot, trass i at personalet då visseleg la særleg vinn på å unngå det. Eit av vitna forklara seg om eit overskot i kassa på 2000 kroner, og jamvel hovmeister Ballestad råka ut for problemet då ho hadde vakt i baren. Dette tyder på at ankemotpartane ikkje har slurva meir enn andre eller at dei medvite har late vore å slå inn sal. I august 1992 har jamvel leiinga gjeve ein skriftleg instruks om korleis slike overskot skal registrerast oppgjersteknisk.

Leiinga var kjent med kassaoverskota, som vart allment omtala på hotellet og elles kom fram gjennom kassakontrollane som vart gjennomførde etter revisorrapporten i september 1990. Og leiinga hadde rikeleg høve til å konstatera kor ofte dette skjedde og omfanget av overskota ved å gå gjennom datautskriftene. Leiinga hadde tilføre til å gripa inn ved å endra rutinane, men gjorde det ikkje. Både i bar og bistro heldt dei tilsette fram med den sjølvlaga praksisen med å la overskotet liggja i ein konvolutt til neste dag, utan at leiinga greip inn. Heller ikkje etter kassakontrollane fekk dei tilsette noka tilbakemelding. Fyrst i september 1992 vart det innført andre rutinar for disponering av kassaoverskota. Ut frå det som låg føre i desember 1991, kan ikkje den måten dei bartilsette handsama overskotet på, gjerast gjeldande som grunnlag for avskil eller oppseiing.

Heilskapsinntrykket av verksemda er flytande ansvars- og kommandoliner. For dei tilsette i baren måtte det vera uklårt kven som var deira føresette. Det høyrer óg med i vurderinga at leiinga sjølv ikkje synte nok respekt for reglar og rutinar. Provføringa har gjeve eit lite tillitsvekkjande bilete av den måten leiinga praktiserte utlån frå vin- og brennevinslageret på.

Når det gjeld skadebotutmålinga, krev ankemotpartane å få dekt det økonomiske tapet heilt fram til no. Dei skal ikkje utan vidare få avgrensa skadebota fram til då dei sa frå om at dei ikkje ville krevja stillingane attende. I høve til A, som hadde full stilling på hotellet, må det leggjast vekt på at han vart fråteken levebrødet sitt på ein brutal måte ved det som skjedde. Alle tre vart uthengde som underslagarar i aviser og i lokalsamfunnet. Produktsjefen sat i baren på hotellet og hevda at saka galdt underslag i millionklassa. Den påkjenninga ankemotpartane såleis måtte tola, kan det takast omsyn til både ved utmålinga av skadebot for økonomisk tap og skadebot for tort og svie.

Det fylgjer av lovførearbeida at det ikkje bør gjerast frådrag i skadebota for andre inntekter arbeidstakaren har hatt, utan når arbeidstakaren er etter måten lenge ute av stillinga. Dersom retten skulle koma til at det var grunnlag for oppseiing av ankemotpartane, er ikkje retten til skadebot avgrensa til det økonomiske tapet i oppseiingstida. Dersom dei hadde fått ei formrett oppseiing, ville arbeidstakarane ha vurdert retten til å krevja å stå i stillinga under saka.

For A er det kravt skadebot med opptil kr 450000, for B opptil kr 150000 og for C opptil kr 220000. I alle desse summane ligg eit rentetap og krav om oppreising for tort og svie med opptil kr 50000. Det er føresett at lagmannsretten innanfor desse summane står fritt til å setja delsummane høgare eller lågare.

A, B og C har sett fram slik sams påstand i hovudanke og motanke:

"1. Hotell Maritim AS v/styrets formann dømmes til å betale erstatning til A, B og C med de beløp retten fastsetter.

2. Hotell Maritim AS v/styrets formann dømmes til å betale sakens omkostninger til A, B og det offentlige for byretten og lagmannsretten."

Lagmannsretten ser saka slik:

I avgjerda av om saka skal fremjast etter dei prosessuelle særreglane i arbeidsmiljølova §61 o.u., jf. §66 nr. 3, er lagmannsretten som nemnt komen til same resultatet som byretten, og er i hovudsak samd i grunngjevinga. Lagmannsretten har elles desse merknadene til spørsmålet:

Det er i rettspraksis lagt til grunn at spørsmålet om arbeidstakaren har sagt opp sjølv eller om han har fått avskil av arbeidsgjevaren, skal avgjerast i samband med den prosessuelle avgjerda av om saka skal fremjast etter reglane i arbeidsmiljølova. Dersom retten kjem til at arbeidstilhøvet vart avslutta av di arbeidstakaren sa opp, må mogelege krav mot arbeidsgjevaren reisast etter dei vanlege reglane i tvistemålslova. Vidare fylgjer det av rettspraksis at det må avgjerast konkret om det ligg føre oppseiing frå arbeidstakaren eller om "realiteten er en avskjed", jf. t.d. Rt-1989-1266.

I saka her vert det avgjerande kva som må seiast å ha skjedd på møtet 16. desember 1991. Kontrollen med ølforbruket i baren i dagane 11.-14. desember viste at det var tappa monaleg meir enn den registrerte omsetnaden av øl. I utgangspunktet meinte leiinga at kontrollen viste ein manko i kassa på vel 2200 kroner den 13. og vel 3900 kroner den 14. desember. Når ein korrigerer for det som vart opplyst i møtet med arbeidstakarane om overskot i kassa, meinte leiinga likevel at det mangla høvesvis 1100 og 2200 kroner i kassa dei nemnde dagane.

Det er ikkje hevda at dei bartilsette direkte vart skulda for underslag, men det kan ikkje vera tvilsamt at leiinga hadde ein sterk mistanke om at det låg føre økonomisk mislege tilhøve. Mistanken vart truleg styrkt av at ein i lengre tid meinte å hatt ei negativ utvikling av bruttofortenesta i delar av verksemda. Før møtet med arbeidstakarane hadde styreformann Andersen, direktør Aksnes og produktsjef Wagenius eit møte med den hovudtillitsvalde. I protokollen frå det møtet er det tale om "svinn av varer fra baren" og "stor manko av varer som ikke er blitt registrert som salg". Ut frå provføringa byggjer lagmannsretten på at leiinga i dette møtet gav uttrykk for at arbeidstakarane måtte få avskil dersom dei ikkje kunne gje ei god forklaring på avvika, og at den tillitsvalde var samd i det.

Dei tre tilsette i baren vart kalla inn til møte med leiinga utan at dei på førehand fekk vita kva møtet galdt. A og B kom om lag kl. 17.30, men sistnemnde måtte gå att etter ein times tid. C kom ved 19-tida, og var der saman med A til dei forlot hotellet om lag kl. 21.30 etter å ha skrive sine eigne oppseiingar. B kom attende ved 22-tida, og sa då opp etter at ho fekk vita at dei to andre hadde gjort det. Ikkje på noko tidspunkt av møtet var såleis alle tre arbeidstakarane til stades samstundes. Under delar av møtet var arbeidstakarane åleine saman med den tillitsvalde for å drøfta saka. Styreformann Andersen forlot hotellet før oppseiingane vart skrivne.

Det er på det reine at dei forklaringane arbeidstakarane hadde å gje til differansane, ikkje sette saka i ei anna stode for leiinga. Lagmannsretten må byggja på at leiinga då i røynda tok avgjerd om at arbeidstilhøvet måtte avsluttast straks. Det må ha vore uaktuelt at dei tilsette skulle koma attende til arbeid i baren etter dette. Leiinga vedgår å ha sagt at saka ville verta meld til politiet dersom dei tilsette ikkje valde å seia opp sjølve. Derimot nektar leiinga for å ha sagt at avskil ville verta resultatet om ikkje arbeidstakarane sa opp. For lagmannsretten er det ikkje avgjerande om ordet avskil vart nytta av leiinga. Det må ha lege i heile situasjonen at leiinga meinte arbeidstilhøvet måtte få si avslutning, og at dei tilsette var klår over det.

Det omstendet at ein arbeidstakar seier opp etter oppmoding frå arbeidsgjevaren, fører i seg sjølv ikkje til at han må reknast å ha fått avskil. Dersom arbeidstakaren har hatt eit reelt val mellom å seia opp sjølv eller få avskil eller oppseiing av arbeidsgjevaren og har hatt rimeleg tid til å tenkja seg om, lyt han som utgangspunkt ta konsekvensen av det valet han har gjort.

Slik lagmannsretten ser saka, fekk rettnok ankemotpartane eit val. Men det må reknast å ha lege eit urimeleg press i at dei i tilfelle måtte seia opp same kvelden, utan å venta t.d. til neste dag. I ettertid må det kunne seiast at båe partar ville ha tent på å gje seg noko betre tid med avgjerda. Etter provføringa må det byggjast på at dei tilsette bad om meir tid til å tenkja seg om, men at leiinga ville ha ei avgjerd den kvelden. Den tillitsvalde prøvde å ringja heim til ein av dei tillitsvalde sentralt i fagforbundet i Oslo, men fekk ikkje tak i vedkomande. Arbeidstakarane vart såleis ikkje rådgjevne av andre enn den tillitsvalde på hotellet før dei sa opp stillingane sine, og dei fekk ikkje samrå seg alle tre i lag. Dei kan knapt ha vore klår over dei prosessuelle og materiellrettslege skilnadene på eiga oppseiing og avskil eller oppseiing frå arbeidsgjevaren.

Dei omstenda som oppseiingane har kome i stand under, talar såleis for at det er arbeidsgjevaren som i røynda avslutta arbeidstilhøvet. Oppseiingane frå arbeidstakarane vert då berre det formelle uttrykket for den faktiske avgjerda arbeidsgjevaren hadde teke. Lagmannsretten legg til grunn at ankemotpartane har fått avskil av ankeparten. Dei har såleis med rette reist sak for domstolane etter dei særskilde prosessreglane i arbeidsmiljølova.

Når det gjeld avgjerda av dei materielle krava i saka, skal lagmannsretten nemna:

Ankemotpartane har ikkje reist krav om å verta tekne innatt i stillingane. Retten skal såleis ikkje gje fastsetjingsdom for om avskilen må reknast ugyldig eller ikkje, men må prejudisielt ta stode til om avskilen var urettkomen i samband med avgjerda av skadebotkrava. Vilkåret for avskil etter §66 nr. 1 i arbeidsmiljølova er at arbeidstakaren har gjort seg skuldig i grovt pliktbrot eller anna vesentleg mishald av arbeidsavtala.

Som avskilsgrunn for domstolane har Hotell Maritim berre gjort gjeldande at dei tre arbeidstakarane har brote interne reglar og retningsliner når det gjeld å slå inn sal på kassa. Så vidt ein skjønar, gjeld dette i fyrste rekkje dei dagane då ølteljaren var montert, men slik at det óg vert vist til praksis over lengre tid. For lagmannsretten er dette presisert slik at avskilsgrunnen er at dei tilsette medvite har late vore å slå inn sala på kassa, "bonga", etter kvart. Retten oppfattar ankeparten slik at det i dette ikkje ligg noko meir enn at ankemotpartane har vore klår over at dei braut retningslinene. Den mistanken som må seiast å ha vorte reist på møtet 16. desember 1991 om at dei tilsette hadde tileigna seg pengar som høyrde til verksemda, har ankeparten ikkje gått vidare med, og lagmannsretten går ikkje nærare inn på det.

Provføringa etterlot ikkje inntrykk av særleg ryddige ansvars- og organisasjonstilhøve på hotellet. Rettnok fekk direktør Aksnes i stand eit nytt arbeidsreglement etter at han hadde teke over våren 1991 og det vart utarbeidd ein stillingsinstruks for dei tilsette i baren under eitt. Men leiinga forvissa seg ikkje om at B og C, som var deltidstilsette, fekk overlevert desse dokumenta. Under alle omstende måtte det vera noko uklårt for dei tilsette i baren kven i leiinga dei skulle venda seg til med konkrete saker - hovmeistrane, produktsjefen eller direktøren. Og kontakten mellom dei ulike leiingsnivåa kan ikkje ha vore tilfredsstillande.

Heller ikkje lot leiinga til å ha teke det så nøye med at reglar og rutinar for kassaoppgjer vart fylgde. Etter provføringa må det leggjast til grunn at det i ei årrekkje ofte hadde vore kassaoverskot både i baren og bistroen, og at leiinga var kjend med det. Overskotet kunne vera frå nokre kroner og opptil 2000 kroner. Noko uklårt kan det vera om leiinga over hovmeisternivå óg kjende til praksisen i båe avdelingane med å la pengane sumtid liggja i ein konvolutt natta over til neste vakt. Men dette ser ikkje ut til å ha skjedd på nokon fordekt måte og var allment kjent mellom anna av dei tilsette i resepsjonen. Overskotet vart i slike høve lagt saman med vekslepengane i safen i resepsjonen. Det hadde vore lett for leiinga å gjera seg kjent med praksisen dersom ein ville ha gått rutinane for kassainnslag og kassaoppgjer nærare etter i saumane.

Under ankeførehavinga har det vore mykje fokusert på det som er fastsett i stillingsinstruksen om at eit varesal skal "bongast" før vara vert produsert. Det må leggjast til grunn at vanleg praksis har vore at salet fyrst er slege inn etter at kunden har fått utlevert vara. Dei tilsette har gjort gjeldande praktiske omsyn til forsvar for denne praksisen, og det må leggjast til grunn at leiinga har vore klår over det utan å gripa inn.

Heller ikkje etter revisorkontrollen i september 1990 lot leiinga i praksis til å ha vore særleg meir oppteken av å fylgja opp dei tilhøva som revisor tok opp. A gav i eit skriv, innteke i ankeutdraget side 36, uttrykk for kva han meinte var grunnen til differansane ved kassaoppgjeret, men leiinga lot ikkje til å ha kome med noka tilbakemelding. Rettnok vart det halde eit par kassakontrollar hausten 1991, som avdekte eit overskot i kassa båe gongene. Men leiinga lot ikkje til å ha sett i verk tiltak med sikte på meir tilfredsstillande rutinar for kassainnslag og kassaoppgjer. Det vart såleis ikkje vurdert å leggja opp til at kvar tilsett kunne haldast ansvarleg for eige kassaoppgjer, slik føresetnaden i stillingsinstruksen var. Og leiinga kunne lett ha konstatert at dei bartilsette heldt fram med same praksis som før.

Når det gjeld handlemåten til dei tilsette, er det klårt kritikkverdig at dei heller ikkje lot til å ha gjort noko for å motverka kassaoverskota og få klåre retningsliner for korleis slike overskot i tilfelle skulle registrerast. Dei måtte skjøna at det var viktig for verksemda å ha kontroll med omsetnaden i baren og burde ha teke desse tilhøva opp med leiinga på ein heilt annan måte, slik at problemet fekk si løysing på leiingsnivå. Etter at revisor hadde teke opp desse tilhøva hausten 1990, hadde dei tilsette endå større grunn til å melda frå til leiinga. Kritikken mot dei tilsette råkar særleg A som barsjef; han burde ha kjent eit ansvar for å ta tilhøva opp med leiinga på ein tydeleg måte.

Ankemotpartane har kome med ymse forklaringar på grunnen til kassaoverskota. Etter provføringa sit lagmannsretten med inntrykk av at vanskane med det databaserte kassaregistreringssystemet ikkje kan ha hatt noko vesentleg å seia i denne samanhengen. Dei andre feilkjeldene som er tekne fram, kan heller ikkje ha vore ein vesentleg årsaksfaktor. Den sannsynlege grunnen til kassaoverskota må vera at ein del av salet rett og slett ikkje er slegen inn på kassa. Dersom ein legg til grunn at det skjedde av rein vanvare, må det omstendet at ein venta med å slå inn salet til kunden hadde fått vara, ha medverka sterkt til dei manglande kassainnslaga.

Jamvel om det ingen stad var direkte instruksfest at sala skulle registrerast på kassa etter kvart, kunne dei tilsette ikkje vera i tvil om at det var regelen. Noko anna ville vera i strid med alle reglar for forsvarleg forvaltning av pengar. Indirekte fylgde det óg av instruksen om å "bonga" før produksjon.

Når det gjeld kontrollen med ølforbruket i baren i dagane like før ankemotpartane slutta, har lagmannsretten ikkje grunnlag for å meina at tala i seg sjølv ikkje er rette. Det står likevel att kva slutningar som kan dragast ut frå ei gransking som berre galdt ei av varegruppene i baren. Ettersom grunnlaget for avskil no er at ankemotpartane medvite lot vera å slå inn sala etter kvart, vert det for lagmannsretten berre spørsmål om denne granskinga viser om kvar av ankemotpartane har bore seg slik åt.

Retten kan ikkje sjå at målinga av ølforbruket gjev grunnlag for å slå fast eit slikt medvite brot på retningslinene frå nokon av ankemotpartane. Etter provføringa kan det ikkje byggjast på at dei manglande kassainnslaga kjem av anna enn menneskeleg svikt og slurv. Dette gjeld jamvel om ein ser det i samanheng med det som har kome fram om dei tilbakevendande kassaoverskota og om utviklinga av bruttofortenesta på ølsalet i baren før og etter at ankemotpartane slutta. Når det gjeld overskot i kassa, har det kome fram at andre var ute for det etter at ankemotpartane hadde slutta g. Det som har kome fram om bruttofortenesta, er ikkje skikkeleg dokumentert for lagmannsretten, og det er ikkje gjort nærare greie for grunnlaget for desse rekneskapstala.

Dei tilsette har handla kritikkverdig som nemnt ovanfor, men det må haldast opp mot den måten leiinga, eller delar av leiinga, har bore seg åt på. Dei tilsette må ha fått eit inntrykk av at leiinga ikkje tok det så nøye med kassaoppgjersrutinane. Dersom ankemotpartane skulle få avskil på det grunnlaget som er gjort gjeldande, er det under alle omstende rimeleg å krevja at dei på førehand hadde fått ei åtvaring.

Etter ei samla vurdering er lagmannsretten komen til at det ikkje ligg føre slikt grovt pliktbrot eller anna vesentleg mishald som gjev grunnlag for å gje nokon av ankemotpartane avskil. Dei innvendingane ankemotpartane har kome med mot saksgangen i samband med at dei fekk avskil, treng retten etter dette ikkje gå nærare inn på.

I høve til dei skadebotkrava som står til avgjerd, må retten så ta stode til om det hadde vore grunnlag for oppseiing av nokon av ankemotpartane, jf. for så vidt arbeidsmiljølova §66 nr. 4 siste punktum. Etter §60 nr. 1 kan ein arbeidstakar ikkje seiast opp utan at det er sakleg grunngjeve "i virksomhetens, arbeidsgiverens eller arbeidstakerens forhold".

Ved den nærare vurderinga av om det var grunnlag for oppseiing, har retten delt seg i eit fleirtal og eit mindretal. Fleirtalet, dei tre fagdomarane og meddomarane Øvrebø og Olsen, har kome til at åtferda til dei tre ankemotpartane heller ikkje ville ha gjeve grunnlag for å seia dei opp. Fleirtalet viser til det som er nemnt ovanfor om avskilsspørsmålet. Dei same synsmåtane gjer seg gjeldande i høve til spørsmålet om det var sakleg grunnlag for oppseiing. Fleirtalet legg i denne samanhengen vekt på at ankemotpartane ikkje hadde fått noka åtvaring før dei måtte slutta 16. desember 1991. Dei må lastast for ikkje å ha slege inn sala etter kvart, jamvel om det ikkje er ført prov for at dei medvite har brote retningslinene. Og dei må lastast for ikkje i tydelegare grad å ha teke opp problema med kassaoverskot etter revisorkontrollen hausten 1990. Men når ein ser dette i samanheng med manglande tiltak frå leiinga si side, kan fleirtalet ikkje sjå at det var sakleg grunnlag for å seia nokon av ankemotpartane opp.

Mindretalet, meddomarane Evensen og Johannesen, er samd med fleirtalet i at det ikkje ville ha vore grunnlag for å seia opp B. Når det derimot gjeld A og C, har dei bore seg så kritikkverdig åt at det var sakleg grunnlag for oppseiing. Det er dei to som i fyrste rekkje har hatt ansvar for kassaoppgjeret, og dei har då vore dei næraste til å sjå dei uheldige fylgjene av at ikkje alt sal vart registrert i kassa. Vidare har dei halde fram den uheldige praksisen med å la kassaoverskot verta liggjande uregistrert til neste dag. B, som berre har arbeidd i baren annankvar laurdag, har hatt ei meir perifer rolle i høve til det som her er nemnt. Ho har svært sjeldan hatt ansvar for kassaoppgjera.

Når det gjeld avgjerda av skadebotkrava, tek fleirtalet utgangspunkt i arbeidsmiljølova §66 nr. 5, som lyder:

"Er avskjeden urettmessig, kan arbeidstakeren kreve erstatning. Erstatningen fastsettes til det beløp som retten under hensyn til det økonomiske tap, arbeidsgiverens og arbeidstakerens forhold og omstendighetene for øvrig finner rimelig."

Som den tilsvarande føresegna i §62 annet ledd, som gjeld i oppseiingstilfella, gjev §66 nr. 5 heimel for skadebot både for økonomisk tap og "billighetserstatning" for ikkjeøkonomisk skade. Åtferda til partane vil det såleis kunna leggjast vekt på både ved fastsetjinga av det økonomiske tapet som arbeidsgjevaren bør bøta og ved avgjerda av om det bør gjevast skadebot for ikkje-økonomisk skade.

Det er semje mellom partane om at retten kan leggja til grunn at tapte inntekter medrekna feriepengar og tips utgjer kr 16000 i månaden for A, kr 4000 for B og kr 7300 for C. Partane er óg samde om at det kan vera rom for å bøta eit rentetap, men ikkje i form av morarenter. Det er lagt fram oppgåver over kva A og B har tent i anna arbeid som dei har teke i staden for arbeidet på Hotell Maritim. Partane er samde om at retten ikkje skal gjera frådrag for arbeidsløysetrygd, med di dei føreset at ankemotpartane vil ha ei refusjonsplikt i høve til trygdestyresmaktene.

Fleirtalet legg vekt på at ankemotpartane kan lastast for handlemåten sin, men meiner det er grunn til å skilja noko mellom ankemotpartane, slik at dette i nokon mon gjev seg utslag i skadebotutmålinga. Størst kritikk er det grunn til å retta mot A. Som tilsett barsjef i heiltidsstilling hadde han eit særleg tilføre til å ta opp kassaoppgjersrutinane. B var den av dei tre som hadde minst med kassaoppgjeret å gjera, og var dessutan tilsett i ei mindre deltidsstilling. Det er ikkje grunnlag for å lasta henne like mykje som A. C kjem i så måte i ei mellomstilling.

Fleirtalet har kome til at det i utgangspunktet kan vera rimeleg å gje skadebot for lønstapet til ankemotpartane i omlag eitt år etter at dei laut slutta og at det vert gjeve noko kompensasjon for rentetap. I dette tilfellet er det rimeleg at ankemotpartane lyt finna seg i at det vert gjort frådrag for inntekter dei har hatt i denne tida, så langt det gjeld arbeid dei har teke i staden for arbeid hjå ankeparten.

Fleirtalet røystar etter dette for å gje A kr 140000 i skadebot for økonomisk tap, B kr 45000 og C kr 95000.

Når det gjeld skadebot for ikkje-økonomisk skade, viser fleirtalet til at ankemotpartane måtte gå frå hotellet på dagen, under omstende som måtte verka krenkjande. Det kunne ikkje vera tvilsamt at dei vart mistenkte for å ha tileigna seg pengar frå arbeidsgjevaren. Skuldinga må ha vore ei stor påkjenning for dei. Saka vart omtala i avisene og må reknast å ha vorte allment kjend i lokalsamfunnet, med konsekvensar for omdømet til ankemotpartane. På den andre sida må det takast omsyn til at ankemotpartane kan lastast for dei tilhøva som førde fram til avskilen. Fleirtalet har kome til at skadebot for ikkje-økonomisk skade høveleg kan setjast til kr 40000 til kvar av ankemotpartane.

Mindretalet, som er samd med fleirtalet i at det ikkje var grunnlag for seia opp B, er samd med fleirtalet i skadebotfastsetjingane for hennar del. Når det gjeld A og C, har mindretalet, som byretten, kome til at det var sakleg grunnlag for oppseiing av desse. Etter ei samla vurdering røystar mindretalet for at dei får skadebot for økonomisk tap og oppreising med dei same summane som byretten fastsette, dvs. i alt kr 120000 for A og kr 70000 for C.

Etter røystinga gjev lagmannsretten dom for ei samla skadebot på kr 180000 til A, kr 85000 til B og kr 135000 til C.

Hovudanken har vore til fånyttes, og fleirtalet meiner ankeparten bør bera kostnadene til ankemotpartane og det offentlege for lagmannsretten, jf. hovudregelen i tvistemålsloven §180 første ledd. Motanken har ført fram, og ankeparten bør difor óg bera kostnadene til ankemotpartane og det offentlege for lagmannsretten i motanken, jf. tvistemålsloven §180 annet ledd, jf. §172 første ledd. Det same bør gjelda kostnadene som ankemotpartane og det offentlege har hatt for byretten i saka, jf. tvistemålsloven §172 første ledd. Fleirtalet kan ikkje sjå at det bør gjerast unnatak frå hovudreglane i tvistemålsloven §180 første ledd og §172.

Mindretalet, som legg sitt resultat til grunn for kostnadsavgjerda, er samd med fleirtalet i kostnadsavgjerda for lagmannsretten i hovudanken, men meiner elles at partane bør bera sine eigne kostnader i motanken og for byretten, jf. tvistemålsloven §180 annet ledd, jf. §174 første ledd.

Lagmannsretten tek etter røystinga avgjerd om sakskostnadene slik fleirtalet har røysta. Advokat Holo har gjeve inn kostnadsoppgåve som etter eit par korreksjonar lyder på i alt kr 172673 for heile ankesaka. I denne summen ligg det eit salærkrav frå advokat Vikstøl på i alt kr 8955. Salærkravet frå advokat Holo for lagmannsretten kjem opp i kr 141285. Jamvel om saka har vore svært omfangsrik og arbeidskrevjande, synest dette å vera i meste laget for å få saka "betryggende utført", jf. tvistemålsloven §176 første ledd, og retten set salæret til kr 120000. Reduksjonen vert gjort i salærkravet vedkomande A, slik at denne delen av salæret vert sett til kr 58715. Når det gjeld fordelinga på hovudanke og motanke, har advokat Holo oppgjeve meirkostnadene med motanken til kr 15000, som er salær, og retten legg for så vidt dette til grunn. Av dei samla kostnadene på kr 151388 vert A tildømd kr 79815, B kr 45833 og det offentlege vedkomande C kr 25740. - Sistnemnde har hatt fri sakførsel både for lagmannsretten og byretten.

Kostnadene til ankemotpartane for byretten er oppgjevne til i alt kr 116932,50. Av dette er kr 58000 salær til advokat Holo og kr 38092,50 salær til advokat Vikstøl. Lagmannsretten godtek kostnadsoppgåvene. Av den samla summen vert A tildømd kr 76000, B kr 23920 og det offentlege vedkomande C kr 17012,50.

Etter dette vert A tildømd kr 155815, B kr 69753 og det offentlege kr 42752,50 i samla sakskostnader for båe rettar.

Lagmannsretten formar sams domsslutning for hovudanke og motanke i dette tilfellet, og for dei to ankesakene under eitt.

Domen vert gjeven med slik dissens som det er gjort greie for

Slutning:

1. Hotell Maritim A/S v/styreformannen vert dømd til å betala skadebot til A med 180000 - eitthundreogåttitusen kroner, til B med 85000 - åttifemtusen - kroner og til C med 135000 - eitthundreogtrettifemtusen - kroner.

2. I sakskostnader for byretten og lagmannsretten betalar Hotell Maritim A/S v/styreformannen 155815 - eitthundreogfemtifemtusenåttehundreogfemten - kroner til A, 69753 - sekstinitusensjuhundreogfemtitre - kroner til B og 42752,50 - førtitotusensjuhundreogfemtito 50/100 - kroner til det offentlege.

3. Oppfyllingsfristen etter pkt. 1 og 2 er 2 - to - veker etter at domen er forkynt.