Instans: Gulating lagmannsrett
Dato: 1969-12-08
Publisert: RG-1970-358
Stikkord:
Sammendrag:
Saksgang: Orskurd 8. desember 1969 i kjæremålssak nr. 66/1969
Parter: Olav A. Feet (advokat Oddvin Sindre) mot Bjarne H. Talle (advokat Worm D. Hirsch).
Forfatter: Lagdommerne Lars Sollesnes, Jonas Madsø, Jac. Wesenberg
Lovhenvisninger: Skjønnsprosessloven (1917) §43, Tvistemålsloven (1915) §180, §181, §2, §60, Skjønnsprosessloven (1917)


Etter krav frå Bjarne H. Talle, Marifjøra, heldt Indre Sogn heradsrett 15.10.1969 odelstakst over eigedommen «Talla», gnr. 55, bnr. 3 i Luster herad, som Olav A. Feet hadde kjøpt ved skøyte av 10.6.1969. Eigedommen vart verdsett til kr. 80 000.-. Dei lovlege kostnadene ved taksten skulle berast av saksøkjaren.

Båe partar møtte med prosessfullmektig, Bjarne H. Talle med advokat Worm D. Hirsch og Olav A. Feet med advokat Oddvin Sindre.

Når det gjeld spørsmålet om saksøkte skulle tilkjennast sakskostnader, var det dissens i skjønsretten. Om dette spørsmålet står det fylgjande i taksten:

«Når det gjelder saksøktes utgifter til juridisk bistand, har retten delt seg i et flertall og et mindretall. Flertallet - de tre skjønnsmennene - mener at det ikke kan sies å foreligge slike omstendigheter som nevnt i skjønnspr.l. §43. Selv om saksøkeren har møtt med advokat, må det være avgjørende for anvendelsen av skjønnspr.l. §43 at saksøkeren opprinnelig ikke har opptrådt med advokat. I innkallingen til skjønnet er således saksøkeren oppført uten prosessfullmektig. Først når det var på det rene at saksøkte likevel ville møte med prosessfullmektig, har saksøkeren sett seg henvist til det samme. Når forholdet er dette, kan hovedregelen i skjønnspr.l. §43 ikke komme til anvendelse. Flertallet finner derfor at partene må bære sine egne omkostninger.

Mindretallet - rettens formann - finner at saksøkeren bør dekke saksøktes utgifter til juridisk bistand. Mindretallet anser at det avgjørende for forståelsen av skjønnpr.l. §43 må være om saksøker faktisk møter med advokat, og at det ikke kan antas å

Side:359

være avgjørende hvem av partene som først har gjort det klart at han vil møte med advokat ved taksten. En antar også at en slik anvendelse av regelen i skjønnpr.l. §43 vil være i overensstemmelse med praksis. Da rettens formann således er i mindretall, finner en ikke grunn til å gå nærmere inn på fastsettelsen av advokat Sindres salær.»

Det er ikkje formulert særskilt slutning.

For Olav A. Feet har advokat Oddvin Sindre kjært til lagmannsretten over skjønsretten si avgjerd om sakskostnadene.

Den kjærande har halde fram at han, som og har odelsrett til eigedommen, overtok den etter uttrykkjeleg ynskje frå den tidlegare eigaren, Anders N. Talle. Han meinte det var naudsynt med juridisk hjelp under taksten, særleg fordi han hadde høyrt at Bjarne H. Talle hadde nytta advokat til å forma kravet om takst, og han gjekk då ut frå at vedkomande advokat ville møta på taksten. Han har streka under at odelseigedommen er ein av dei største gardane i Indre Sogn med skyld 12,68 mark, og at det av den grunn var naturleg at båe partar hadde prosessfullmektig. Den kjærande har gjort gjeldande at etter vanleg praksis skal saksøkte få dekning for utgiftene sine til juridisk hjelp, særleg når saksøkjaren møter med advokat, som i dette tilfellet.

Den kjærande sin påstand er:

«1. Odelstaksten så vidt vedkjem saksøktes utgifter til juridisk bistand blir å oppheve.

2. Den kjærande parten blir å tilkjenne sakskostnader i kjæremålssaka hos kjæremotparten.»

Bjarne H. Talle har med advokat Worm D. Hirsch som prosessfullmektig teke til motmæle. Han har m.a. halde fram at han opphavleg rådde Talle til å møta åleine på taksten. Når han gjorde det, var det fordi det etter hans meining ikkje låg føre slike spørsmål at det var naudsynt å ha juridisk hjelp, og for at saksøkte kunne avstå frå å møta med advokat. Motparten har understreka at avgjerda om sakskostnadene byggjer på ei skjønsmessig vurdering, som lagmannsretten ikkje kan prøva. Feil ved sakshandsaminga eller rettsbruken føreligg ikkje.

Motpartens påstand er:

«Skjønnsrettens avgjørelse av omkostningsspørsmålet stadfestes og den kjærende part pålegges å betale saksomkostninger til motparten i kjæremålet.»

Lagmannsretten finn at kjæremålet ikkje kan føra fram.

Etter skjønslova §60, 2. leden, skal odelstakstar med visse endringar fremjast etter reglane for skjøn i første kapittel i skjønslova. Føresegnene i skjønslova §43 om sakskostnader gjeld fylgjeleg også for odelstakstar. Det er vidare klart at etter tvml. §181, 2. leden, jfr. skjl. §2, kan lagmannsretten berre prøva om skjønsretten si avgjerd om sakskostnadene er i strid med lova.

Den kjærande har halde fram at det er vanleg at ein saksøkt ved undertakst får sine utlegg til juridisk hjelp godtgjort av saksøkjaren. Når det gjeld ekspropriasjonsskjøn, må det etter Kjæremålsutvalet sin orskurd Rt-1966-382 leggjast til grunn at

Side:360

skjønslova §43 må forståast slik at eksproprianten alltid skal betala sakskostnader, såframt det ikkje ligg føre særlege grunnar for å frita han. Spørsmålet er om lova må forståast på same måten også når det gjeld odelstakstar. I nemnde orskurd er det uttrykkeleg sagt at avgjerda gjeld sakskostnader i ekspropriasjonssaker, og utgangspunktet for Kjæremålsutvalet si avgjerd er innstillinga frå den nemnda som kom med framlegg til lov om oreigning. I dette tilfellet er det ikkje tale om å nytta ekspropriasjonsrett, men ein familierettsleg løysingsrett. Då den kjærande kjøpte garden, måtte han vera klår over at det kvilde odelsrett på den, og at odelsretten kunne verta nytta. Dei grunnar som tilseier at ein saksøkt i ekspropriasjonssaker normalt skal få sakskostnader, er ikkje til stades på same måten når det gjeld odelstakstar, og lagmannsretten ser det slik at ein då ikkje utan vidare kan leggja til grunn at skjønslova §43 må fortolkast på same måten ved odelstakstar som ved ekspropriasjonsskjøn.

Det går ikkje fram av rettsboka at saksøkjaren har påstått seg tilkjent sakskostnader for skjønsretten. Fleirtalet i skjønsretten har lagt til grunn at det ikkje låg føre slike «særlige omstendigheter» som nevnt i skjønslova §43, jamvel om saksøkjaren møtte med advokat. Lagmannsretten finn at ein må forstå fleirtalet sine grunnar slik at skjønsmennene meinte det ikkje var turvande for saksøkte å møta med advokat, slik forholda i denne saka låg til rette, og at saksøkte ville blitt tilkjent sakskostnader dersom dei hadde funne det naudsynt for han å ha juridisk hjelp under taksten. Lagmannsretten kan ikke sjå at fleirtalet si vurdering for så vidt er vilkårleg, og ut over det kan lagmannsretten ikkje prøva skjønsretten si vurdering. Når ein legg denne vurderinga til grunn, finn lagmannsretten at det ikkje er i strid med lova at sakskostnader ikkje er tilkjent. Det kan leggjast til at etter ordlyden i skjønslova §43 står skjønsretten nokså fritt ved avgjerda, også når det ligg føre «særlige omstendigheter», ettersom det heiter at sakskostnader «kan» leggjast på saksøkjaren.

Skjønsretten si avgjerd av sakskostnadene vil etter dette bli å stadfesta.

Kjæremålet har vore til fånyttes, men avgjerda har vore særleg tvilsam, og sakskostnader for lagmannsretten vil ikkje verta tilkjent, jfr. tvml. §180, 1. leden.

Orskurden er samrøystes.

Slutning:

Skjønsretten si avgjerd om ikkje å tilkjenna sakskostnader, vert stadfest.

Sakskostnader for lagmannsretten vert ikkje tilkjent.