RG-1972-563
| Instans: | Gulating lagmannsrett |
|---|---|
| Dato: | 1972-03-18 |
| Publisert: | RG-1972-563 |
| Stikkord: | |
| Sammendrag: | |
| Saksgang: | Orskurd 18. mars 1972 i ankesak nr. 126/1971 |
| Parter: | Egil Njåstad (advokat Hans A. Pedersen v/advokat J. Kjos-Hansen) mot 1. Klepp kommune, 2. Jon Laug (høyesterettsadvokat T. Tengs Pedersen v/advokat Johan Stiegler). |
| Forfatter: | Lagdommerne Jac. Wesenberg, Sverre Nygaard, sorenskriver W. Wahr Fareth |
| Lovhenvisninger: | Tvangsfullbyrdelsesloven (1915) §147, §162, §164, Tvistemålsloven (1915) §180, §384, §113, §152, §159, §2 |
Kommunekasseraren i Klepp kravde 15. desember 1970 tvangsauksjon over ymse aktiva som tilhøyrde Egil Njåstad, mellom anna eigedomen Kleppe, gnr. 1 bnr. 402, ein einebustad oppført i
Side:564
1966-67. Auksjonsgrunnlaget var diverse utpantingar for skuldige skattar på ialt 51.125 kroner. Likeså kravde Den Vestenfj. Creditreformforening A/S 21. desember 1970 på vegne av Klepp trygdekasse tvangsauksjon over same eigedomen til inndriving av eit tilgodehavande på kr. 3.184,89. Namsretten tok krava til fylgje, og overlet til namsmannen i Klepp å halda auksjonen.
Auksjonsmøte vart halde 27. februar 1971. Høgstbydande på eigedomen vart Jon Laug med eit bod på kr. 80.000.-. Dernest hadde Klepp kommune ved kommunekasserar Torger Skretting eit bod på kr. 75.000.-. Under framhald av auksjonsmøtet vedtok Skretting og representanten for trygdekassen, trygdesjef Hodne, bodet på kr. 80.000.- frå Laug. Deretter vart bodet stadfesta av Jæren namsrett i orskurd 3. mars 1971.
På vegne av Egil Njåstad vende advokat Hans A. Pedersen seg til namsretten i eit brev 5. mars 1971 og gjorde gjeldande at auksjonsbodet var altfor lågt og at der var eit openbert mishøve mellom bodet og verdien på eigedomen etter vanleg pris. Med brevet fylgde ein takst på cigedomen frå murmeister Jon Heskje, Bryne, på kr. 120.000.-, datert 3. mars 1971. Namsretten gjorde i sitt svar til advokat Pedersen 10. mars merksam på at auksjonsbodet på kr. 80.000.- var stadfesta 3. mars og at åtak på auksjonssalet berre kunne gjerast ved anke over orskuden om stadfesting. Njåstad har deretter anka orskurden til lagmannsretten.
Njåstad gjer gjeldande både feil i saksførehavinga og feil i innhaldet i orskurden. - Om saksførehavinga hevdar han for det første at auksjonsprotokollen er uriktigt ført. Dette er viktigt fordi det etter tvangsl. §159, 2. leden, er rettsboka som er avgjerande for kva som gjekk for seg i auksjonsmøtet. Etter tvangsl. §152 skulle det førast inn i protokollen kven av dei interesserte som møtte, og Njåstad var å rekna som «interessert», jfr. tvangsl. §113. I protokollen står at «saksøkte» var til stades ved opninga av auksjonsmøtet, og dette er rett. Under framhaldet av auksjonsmøtet, som gjekk for seg for stengde dører, var han ikkje til stades, hevdar han. Men på dette punktet er protokollen høgst misvisande, for i den står mellom anna at dei «interesserte» var til stades, og mellom dei var som før nemnt også han. På den andre sida er namnet hans ikkje nemnt, og uttrykket «saksøkte» er heller ikkje brukt her. Protokollen er dermed så uriktig eller så tvetydig at det hindrar prøvinga av anken, og dette er ein mangel som utan vidare skal tilleggjast vekt etter rettargangsl. §384 nr. 5, jfr. tvangsl. §2. - Dernest hevdar han at det hefter feil ved auksjonsmøtet, som i alle høve må tilleggjast vekt fordi dei har hatt innverknad på utfallet, nemleg stadfestinga av auksjonsbodet. Han forlet møtet etter at oppropet var slutt, og fekk inga orientering om at førehavinga skulle halda fram til drøfting av vedtakinga av boda. Heller ikkje fekk han veta at innvendingar mot stadfesting måtte setjast fram snarast, helst under auksjonsmøtet. Det einaste namsmannen gjorde var å peika ut nokre som skulle bli verande
Side:565
igjen, men han var ikkje mellom dei. Han var derfor ukjend med kva som gjekk for seg i møtet for stengde dører. Dermed har namsretten med urette gått ut frå at han ikkje hadde noko innvending mot at bodet på 80.000 kroner vart stadfest, og han har då heller ikkje fått det høve til å uttala seg som tvangsl. §164, 3. leden, gir heimel for. Situasjonen kan etter Njåstads meining ikkje samanliknast med fullstendigt fråver frå auksjonsforfylgjinga. - Namsretten skulle etter omstenda i alle høve ha gitt han høve til å uttala seg før stadfestinga.
Mot innhaldet i orskurden gjer Njåstad gjeldande at bodet på 80.000 kroner er altfor lågt etter vanleg pris. Han viser i så måte til murmeister Heskje sin takst på 120.000 kroner. Han hevdar at han er utan skuld i at han ikkje kom fram med dette omstendet, fordi han ikkje fekk den rettleiing han hadde krav på etter tvangsl. §147.
Påstanden er:
«Namsrettens kjennelse oppheves, og den ankende part tilkjennes saksomkostninger for lagmannsretten.»
Klepp kommune og Jon Laug hevdar at det ikkje ligg føre nokon saksførehavingsfeil. Dei gjer for det første gjeldande, at Njåstad var til stades under heile førehavinga i auksjonsmøtet, også då bo det vart vedtatt av kommunen i møtet for stengde dører. Dette går fram av auksjonsprotokollen, som på den eine staden seier at «saksøkte» var tilstades, på den andre staden at dei «interesserte» var til stades. Dei meiner derfor at auksjonsprotokollen er tydeleg nok. - Dernest hevdar dei at tvangsauksjonen i alle høve kunne fremjast utan at Njåstad var til stades. Han var ikkje noko turvande ledd i gjennomføringa av auksjonssalet, hans medverknad trongst ikkje til vedtaking eller stadfesting av auksjonsboda. Han kunne gjera innvendingar mot stadfestinga, men så lenge han ikkje gjorde det, hadde korkje namsmannen eller namsretten noko plikt eller nokon grunn til å innhenta noko fråsegn frå han. Innvendinga hans måtte ha kome før stadfestinga. Ho kom for seint og vart med rette avskoren.
Kommunen og Laug gjer vidare gjeldande at det heller ikkje er nokon feil i innhaldet i orskurden. Auksjonsbodet på 80.000 kroner svarar til det som er oppnåeleg for eigedomen. Dei peikar på at huset ikkje er godkjent av Husbanken eller bygningsrådet, og at Njåstad fekk ein frist på eit par månader til å selja huset sjølv, utan at det lukkast. Dei meiner at murmeister Heskje sin takst på 120.000 kroner meir er uttrykk for ein byggjeteknisk verdi enn ein marknadsverdi. I alle høve er denne ankegrunnen etter deira meining avskoren etter tvangsl. §162, 1. leden.
Påstanden er:
«Jæren namsretts kjennelse stadfestes, og Klepp kommune og Jon Laug tilkjennes saksomkostninger.»
For lagmannsretten har Egil Njåstad møtt og gitt forklaring. Det er ført 3 vitne, kommunekasserar Skretting, byggmeister Mikal Skjæveland og murmeister Jon Heskje. Det er lagt fram
Side:566
nokre nye dokument, mellom anna den før omtala taksten av murmeister Heskje og ei fråsegn frå eigedomsmeklar Dagsland.
Lagmannsretten er komen til at anken over saksførehavinga må forkastast, og at anken over innhaldet i orskurden må avvisast.
1. Saksførehavinga. Det er rettnok så at det gjekk svært kort tid frå auksjonsmøtet til stadfestinga, 4 dagar, og at Njåstad såleis hadde lite tid til å omrøma seg. Men lova set ingen minstefrist, og namsretten må ha høve til å seia orskurd om stadfesting så snart namsmannen har gitt melding om at auksjon er halde og har sendt utskrift av auksjonsprotokollen til namsretten.
I auksjonsprotokollen er det i innleiinga, under opprekninga av dei som var til stades, protokollert at «saksøkte» var der. Etter at protokollen har referert dei bod som vart gitt, og har gitt uttrykk for at oppropet var slutt, heiter det så:
«For lukkede dører ble forhandlingene fortsatt. Saksøkerne, de interesserte og byderne var til stede. Namsmannen gjorde oppmerksom på at innvendinger mot stadfestelse kunne komme for sent såfremt de ikke ble fremsatt i auksjonsmøtet og grunner for hver innsigelse måtte oppgis.
Saksøkerne, kommunekasserer Torger Skretting og trygdesjef Samuel Hodne, antok deretter de gitte bud.
Auksjonsboken ble lest opp.»
Etter tvangsl. §152 skal dei møtande interesserte nemnast i protokollen. Ordlyden tyder på at det er meininga at dei skal nemnast ved namn eller på annan individualiserande måte, t.d. «saksøkte». Det gir sjølvsagt ikkje god samanheng, om Njåstad ein stad er omtala som «saksøkte», ein annan stad medtatt under dei «interesserte». Men protokollen tyder på at der ikkje var andre «interesserte» til stades enn saksøkjarrepresentantane som er særskilt nemnde som «saksøkerne», og Njåstad, og «interesserte» kan i så fall ikkje gå på andre enn Njåstad. Kommunekasserar Skretting har dessutan som vitne gitt uttrykk for at han meiner alle dei møtande vart verande til heile førehavinga var slutt. Det er derfor mogeleg at Njåstad minnest feil, når han meiner at han forlet møtet etter oppropet. Han har sjølv opplyst at han var noko alterert ved dette høvet.
Lagmannsretten finn det likevel ikkje turvande å ta standpunkt til om auksjonsprotokollen er uriktig eller tvetydig, for det som feilen i tilfelle refererer seg til, nemleg om Njåstad var til stades i møtet for stengde dører etter oppropet eller ikkje, er etter rettens syn i alle høve ikkje til hinder for prøvinga av anken. Lagmannsretten ser det slik at Njåstad sitt nærvære i det heile ikkje var turvande for gjennomføringa av auksjonen, jfr. Rt-1933-1094. Hans frammøte var berre motivert i eigne interesser. Han har sjølv forklart at han iallfall ikkje var bedt om å gå etter oppropet. Det må derfor vera hans eigen vågnad, om han har forlate auksjonsmøtet før det var slutt, eller om han har mistydd eller overhøyrt noko som var sagt der. Anken på dette grunnlaget kan derfor ikkje i noko høve føra fram.
Side:567
Om så skulle vera at Njåstad forlet møtet før det var slutt, og av den grunn ikkje fekk det høve til å uttala seg eller den orientering som tvangsl. §147 føreskriv, så er ikkje det nokon feil ved saksførehavinga under auksjonen i det heile. Det som lova krev, er at dei som er til stades, skal få ordet og få orientering om innvendingsfrist etc. Etter protokollasjonen må det leggjast til grunn at namsmannen gjekk fram i samsvar med §147. Når det då ikkje vart gjort nokon innvendingar, hadde namsretten på si side iallfall inga plikt til å innhenta fråsegn frå Njåstad, jfr. tvangsl. §164, 3. leden.
Etter som det ikkje kan finnast nokon relevante feil ved gjennomføringa av tvangsauksjonen, må anken over saksførehavinga forkastast.
2. Innhaldet i orskurden.
Det blir etter lagmannsrettens syn ikkje aktuelt å drøfta om auksjonsbodet på 80.000 kroner er for lågt. Etter hovudregelen i tvangsl. §162, 1. leden, kan denne innvendingsgrunnen ikkje gjerast gjeldande som ankegrunn, når han ikkje i rett tid vart brukt som innvending mot stadfestinga. Som påpeika framafor har Njåstad i det heile ikkje reist noko innvending mot stadfestinga på førehand, og innvendinga er då ikkje sett fram i rett tid, jfr. Alten side 188 og Skeie: Sivilprosess III (1940) side 332. Spørsmålet er då om Njåstad kan gjera bruk av unnataksregelen i §162,1. leden, og gjera sannsynleg at han utan eiga skuld har vanta kjennskap til det omstendet som gir grunn til innvendinga. Det omstendet som kunne gi han grunn til å reisa innvending mot stadfestinga, er det eventuelle mishøvet mellom auksjonsbodet og verdien på eigedomen etter vanleg pris. Men dette forholdet vart han kjend med i og med at han uomtvista var til stades under oppropet og tilslaget. Han fekk dermed den turvande kjennskap, og kunne straks sett fram den innvending at prisen var altfor låg. Njåstad kan dermed ikkje skyta seg inn under unnataksregelen, og innvendingsgrunnen er avskoren som ankegrunn, jfr. Rt-1961-237. Dette medfører at anken på dette grunnlaget må avvisast.
Anken har vore til fånyttes. Men saka har vore tvilsam. Hertil kjem at førehavinga for namsretten var svært summarisk, og dei aktuelle tvistespørsmåla var i det heile ikkje prøvde der. Dette er særlege omstende som gir grunn til å oppheva sakskostnadene for lagmannsretten i medhald av unnataksregelen i rettargangsl. §180, 1. leden. - Sakskostnader for namsretten er det ikkje spørsmål om.
Orskurden er samrøystes.
Slutning:
1. Anken over saksførehavinga blir forkasta.
2. Elles blir anken avvist.
3. Sakskostnader blir ikkje tilkjent.
Side:568
Av namsrettens kjennelse (kst. sorenskriver Frederik Zimmer):
Saksøkerne: Kommunekassereren i Klepp og Klepp trygdekasse har antatt et auksjonsbud avgitt av Jon Laug, Randaberg på Jæren som høyest bydende ved 1. gangs tvangsauksjon den 27.2.1971 over eiendommen Kleppe gnr. 1 bnr. 402 av skyld 0 mark 01 øre i Klepp.
Budet kan ikke stadfestes i relasjon til Klepp trygdekasses tvangsauksjonsbegjæring da det ikke dekker foranstående heftelser. I relasjon til begjæringen fra kommunekassereren i Klepp er det ingen grunn til å nekte stadfestelse og det er ikke fremsatt noen innvending mot stadfestelsen.
Omkostningene fastsettes til kr.850,-. - - -