HR-2002-459 - Rt-2002-849
| Instans: | Høgsterett - Dom |
|---|---|
| Dato: | 2002-06-24 |
| Publisert: | HR-2002-00459 |
| Stikkord: | |
| Sammendrag: | A, som på gjerningstida var 21 år og 8 til 9 månader gammal, var domfelt for å ha hatt samleie med to jenter i mai-juni 2000. A vanka saman med ein kamerat i eit ungdomsmiljø med yngre jenter. I tilknyting til det som kunne oppfattast som kortvarige kjærasteforhold, hadde han samleie med dei to jentene. Han hadde først 27. mai samleie med den yngste av jentene, som då var 13 år og 11 månader. Få dagar etter dette innleidde han eit forhold til ei anna jente, som han hadde minst fem samleie med i perioden mai-juni. Ho var då 15 år og 2 til 3 månader.
Høgsterett la til grunn at domfelte hadde utnytta situasjonen til å skaffe seg samleie med dei to jentene. Det vart samstundes vist til at det her var tale om utglidingar i eit ungdomsmiljø, og ikkje om utnytting frå eldre personar eller frå nokon som den krenkte stod i eit særleg tillits- eller omsorgsforhold til. Det vart vist til at domfelte hadde nekta å vedgå dei faktiske omstenda i saka, og med det utsett dei krenkte for påkjenninga ved kanskje ikkje å bli trudde. I straffskjerpande lei vart det også vist til at domfelte ikkje nytta prevensjon og med det utsett dei krenkte for risiko for graviditet og sjukdom. Saka vart vurdert i høve til avgjerda i Rt. 2001 side 1354 der ein 26 år gammal mann vart dømt til fengsel i 1 år - av det 6 månader på vilkår - for samleie med ei jente på 13 år og 8 månader, som han hadde hatt samleie med etter å ha kome i kontakt med henne på Internett. Det vart lagt til grunn at det i den saka i større grad var tale om utnytting enn i saka her. Straffa vart - som i lagmannsretten - sett til fengsel i 1 år og 3 månader. Høgsterett fastsette at 10 månader skulle vere på vilkår, medan lagmannsretten hadde gitt 3 månader på vilkår. |
| Saksgang: | Vesterålen herredsrett nr 01-00261 - Hålogaland lagmannsrett LH-2001-01076 - Høgsterett HR-2002-00459, straffesak, anke. |
| Parter: | A (advokat Berit Reiss-Andersen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Erik Thronæs). |
| Forfatter: | Utgård, Oftedal Broch, Gjølstad, Tjomsland, Smith |
| Lovhenvisninger: | Straffeloven (1902) §195, §196, §52, §54, §62, Forsinkelsesrenteloven (1976) §3 |
Dommar Utgård: Saka gjeld straffutmålinga ved brot på straffelova §195 første ledd andre straffalternativ og §196 første ledd. Tilhøva ligg i tid før lovendringa 11. august 2000.
Vesterålen heradsrett sa 9. november 2001 dom med slik domsslutning:
«A, f. *.*.1978, dømmes for overtredelse av straffeloven §195, 1. ledd 2. straffalternativ og §196, 1. ledd, sammenholdt med straffeloven §62, 1. ledd, til en straff av fengsel i ett år og tre måneder. Åtte måneder av straffen gjøres betinget med en prøvetid på to år, jfr straffeloven §52 - §54.
A, f. *.*.1978, dømmes til å erstatte B kr 10.000 med tillegg av 12% rente p.a. ved forsinket betaling.
A, f. *.*.1978, frifinnes for erstatningsansvar overfor C.
Saksomkostninger idømmes ikke.
Oppfyllelsesfristen er 14 dager fra i dag.»
A anka dommen til Hålogaland lagmannsrett. Anken retta seg mot bevisvurderinga under skuldspørsmålet med omsyn til domfellinga for brot på straffelova §195 første ledd andre straffalternativ og mot straffutmålinga. Skuldspørsmålet i høve til brotet på straffelova §196 vart ikkje påanka, og var med det endeleg avgjort av heradsretten. Anken vart fremja som bevisanke. Ankesaka vart behandla med lagrett, og han svara ja på skuldspørsmålet. Dommen i lagmannsretten av 8. mars 2002 har slik domsslutning:
«1. A, født *.*.1978, dømmes for forbrytelse mot straffeloven §195 første ledd annet straffalternativ - sammenholdt med den forbrytelse mot straffeloven §196 første ledd som han ble endelig domfelt for ved herredsrettens dom - til en straff av fengsel i 1 - ett - år og 3 - tre - måneder. Straffeloven §62 første ledd er anvendt. Fullbyrdelsen av 3 - tre - måneder av fengselsstraffen utsettes med prøvetid på 2 - to - år, jf. straffeloven §52 følgende.
2. A dømmes til å betale B erstatning for ikke-økonomisk skade (oppreisning) med 25.000 - tjuefemtusen - kroner. Oppfyllelsesfrist er 2 - to - uker fra dommens forkynnelse. Rente vil deretter påløpe etter forsinkelsesrenteloven §3 første ledd første punktum.
3. Saksomkostninger ilegges ikke for herredsretten eller lagmannsretten.»
Domfellingane - både for brot på §195 første ledd andre straffalternativ i lagmannsretten og §196 første ledd i heradsretten - gjeld samleie med innføring av penis i vagina.
A har anka lagmannsrettsdommen til Høgsterett. Anken gjeld straffutmålinga, og det er påstått at straffa må setjast ned. Påtalemakta har sett fram den same påstanden som for lagmannsretten, nemleg fengsel i 1 år og 3 månader og av dette 8 månader på vilkår. Påstanden er i samsvar med domskonklusjonen frå heradsretten.
Eg er komen til at anken bør takast til følgje.
Innleiingsvis finn eg grunn til å seie litt om det A er domfelt for. Det dominerande tilhøvet er brotet på straffelova §195 første ledd andre straffalternativ, og dette vart avgjort i lagmannsretten. I lagmannsrettsdommen er tilhøvet omtala slik:
«Tiltalte hadde i tiden forut for samleiet oppvartet fornærmede, ved å vise henne betydelig oppmerksomhet og interesse, ha henne med på kjøreturer i bilen fra butikken som møteplass, og spørre henne om å være kjæreste med ham. Videre hadde han i løpet av vinteren og våren samme år, sammen med kameraten D, født xx.xx.1975, oppvartet noen venninner i samme ungdomsskole som fornærmede hørte til, hvorav noen i samme klasse som henne. Dette kan forklare hvorfor fornærmede hadde slik tillit til tiltalte, at han kunne ha samleie med henne.»
Lagmannsretten la til grunn at A hadde eitt samleie med B, nemleg den 27. mai 2000. På dette tidspunktet var ho 13 år og 11 månader gammal.
Av heradsretten var A funnen skuldig i å ha hatt samleie med C minst fem gonger i perioden mai-juni 2000. Ho var då 15 år og 2 til 3 månader gammal. Dette - som var eitt samanhengande tilhøve - vart teke med i straffutmålinga til lagmannsretten.
Som nemnt er det brotet på straffelova §195 første ledd andre straffalternativ, som gjeld samleie med person under 14 år, som er det dominerande strafflagde tilhøvet. Både aktor og forsvarar har i særleg grad teke utgangspunkt i Høgsteretts dom frå 11. juni 2002 i sak 2002/63 ( HR-2002-00063)f . Sjølv om dommen inneheld synspunkt av interesse også for vår sak, skil omstenda i saka no seg frå dei i dommen på sentrale punkt. I tillegg kjem at domfelte her er domfelt for krenking av jente på 15 år i svært nær tidsfølgje med krenkinga av jenta på under 14 år.
Eg viser først til dei reint ytre omstenda i saka. Domfelte var på gjerningstida 21 år og 8 til 9 månader. B var 13 år og 11 månader, og det var såleis nær 8 år mellom dei to. Også i høve til C var det ein stor skilnad, nemleg på 6 år og 6 månader. Lagmannsretten har, basert på direkte bevisføring, uttala at tiltala og dei krenkte ikkje var om lag jamlike i alder og utvikling, og at skilnaden var «markert». Eg har ikkje grunnlag for å setje til sides denne vurderinga hos lagmannsretten, og må då byggje på at skilnaden ikkje låg nær opp til vilkåra fastsette i straffelova §195 fjerde ledd og §196 fjerde ledd.
I sak 2002/63 var aldersskilnaden mindre enn i saka her. Dessutan var det der lagt særleg vekt på at det var tale om eit relativt langvarig kjærasteforhold som var kjent og akseptert av omgivnadene. I vår sak er det ikkje tale om nokon slik situasjon. Det må ut frå måten lagmannsretten har vurdert det, takast utgangspunkt i at domfelte, saman med ein kamerat, har vanka i eit ungdomsmiljø med yngre jenter. Kameraten er også domfelt for samleie med ei jente under 14 år. Domfelte har så - i noko som ein eller begge av partane har oppfatta som kortvarige kjærasteforhold - utnytta situasjonen til å skaffe seg samleie med dei to jentene. Det fortel noko om handlemåten hos domfelte når han berre få dagar etter samleiet med den yngste av jentene, starta eit nytt seksuelt forhold til den andre. På den andre sida er det her trass alt tale om utglidingar i eit ungdomsmiljø, og ikkje om utnytting frå eldre personar eller frå nokon som dei krenkte stod i eit særleg tillits- eller omsorgsforhold til.
Tilhøva i saka her skil seg såleis klart frå dei i sak 2002/63. Etter mitt syn er det meir rettleiande for vurderinga av straffenivået å sjå på avgjerda i Rt-2001-1354, sjølv om det der var tale om meir direkte utnytting enn i vår sak. Mannen var 26 år gammal på gjerningstida, jenta 13 år og 8 månader. Straffa vart sett til fengsel i 1 år, og av dette vart 6 månader gitt på vilkår. I den saka var det lagt vekt på at domfelte hadde vedgått dei faktiske tilhøva slik at krenkte ikkje vart utsett for påkjenninga ved kanskje ikkje å bli trudd. Domfelte har i vår sak i to instansar nekta å vedgå dei faktiske omstende som han har vorte domfelt for.
I straffskjerpande lei må det vidare leggjast vesentleg vekt på at domfelte ikkje nytta prevensjon, og at jentene med det vart utsette for risiko for graviditet og sjukdom.
På den andre sida tek eg eit visst omsyn til at domfelte har psykiske problem med diagnosen angstnevrose.
Vurderinga av straffa i desse sakene må i stor grad bli konkret. På bakgrunn av dei momenta som eg har gjort greie for, har eg vorte ståande ved ei straff på fengsel i 1 år og 3 månader som dei tidlegare rettane, men då slik at 10 månader av dette blir gitt på vilkår.
Eg røystar etter dette for slik dom:
I lagmannsrettsdommen blir det gjort den endringa at den delen av straffa som blir gitt på vilkår, blir sett til 10 - ti - månader.
Dommer Oftedal Broch: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.
Dommer Gjølstad: Likeså.
Dommer Tjomsland: Likeså.
Justitiarius Smith: Likeså.
Etter røystinga sa Høgsterett slik
dom:
I lagmannsrettsdommen blir det gjort den endringa at den delen av straffa som blir gitt på vilkår, blir sett til 10 - ti - månader.