Hopp til innhold

HR-2002-898 - Rt-2002-924

Fra Rettspraksis
Sideversjon per 25. jul. 2020 kl. 11:53 av FredrikL (diskusjon | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Instans: Høyesteretts kjæremålsutvalg - Kjennelse
Dato: 2002-07-05
Publisert: HR-2002-00898 - Rt-2002-924 (196-2002)
Stikkord: Straffeprosess, Varetektsfengsling
Sammendrag: Saken gjaldt kjæremål over lagmannsrettens kjennelse om videre varetektsfengsling.
Saksgang: Borgarting lagmannsrett - Høyesterett HR-2002-00898, straffesak, kjæremål
Parter: A (advokat Fredrick Andersen) mot Den offentlege påtalemakta
Forfatter: Stang Lund, Skoghøy, Utgård
Lovhenvisninger: Straffeloven (1902) §233, Straffeprosessloven (1981) §171, §171, §227, §49, §170a, §176, §184, §185, §388


Saka gjeld vidare varetektsfengsling.

A, fødd *.*.1975, er sikta for brot på straffelova §233 første ledd jf. §49 - forsøk på drap på søstera si. Han vart varetektsfengsla i to veker ved orskurd frå Asker og Bærum forhøyrsrett av 3. juni 2002. Påtalemakta kravde fengslinga lengd til 19. august 2002 - som er dato for tidsett hovudforhandling - og stadfesting av besøksforbod fastsett av politiet. Asker og Bærum forhøyrsrett gav 17. juni 2002 orskurd med slik slutning:

«1. A, født *.*.1975, blir å holde i varetektsfengsel i medhold av straffeprosessloven §184, jf. straffeprosessloven §171 første ledd nr. 2 inntil noe annet bestemmes av retten eller påtalemyndigheten, dog ikke ut over 19. august 2002.

For samme tidsrom kan han undergis slik brev- og besøksforbud som omhandlet i straffeprosessloven §176 annet ledd.

2. Besøksforbudet av 12. juni 2002 stadfestes.»

Etter kjæremål fra den sikta over fengslingsorskurden gav Borgarting lagmannsrett 19. juni 2002 orskurd med slik slutning:

«I forhørsrettens kjennelse, slutningens punkt 1, gjøres følgende endringer:

Varetektsfengsel bestemmes i medhold av strpl §184 jf §171 nr 3.

Bestemmelsen om brev- og besøksforbud utgår.»

A har i rett tid påkjært lagmannsrettens orskurd. Han har gjort gjeldande at det er feil ved lovtolkinga og saksbehandlinga og har særleg halde fram:

Ved vurderinga av om det ligg føre sterk sannsynlegovervekt for at den sikta vil gjere nye overgrep, har lagmannsretten ikkje teke omsyn til at den sikta er gitt besøksforbod overfor krenkte. Besøksforbodet vil vere tilstrekkeleg til å hindre gjentaking. Det blir vist til Rt-2001-727. Det blir dessutan gjort gjeldande at det ikkje er rett når lagmannsretten har lagt til grunn at den sikta er overhovudet i familien, og det er ikkje haldepunkt for at han nokon gong har lekamskrenkt søstera si.

Som saksbehandlingsfeil blir gjort gjeldande at det ikkje har vore mogeleg med kontradiksjon, då forhøyrsretten bygde på fare for bevistap, medan lagmannsretten har bygd på tilbakefallsfare. Dessutan har lagmannsretten ikkje vurdert straffeprosesslova §185 første ledd, der det går fram at hovudregelen er at fengsling ikkje skal lengjast med meir enn fire veker. Det er svært avgrensa høve til å fråvike denne hovudregelen.

Det er sett fram slik påstand:

«1. Siktede løslates.»

Påtalemakta har påstått kjæremålet forkasta.

Høgsteretts kjæremålsutval viser til at kjæremålet er eit vidare kjæremål, og at utvalet då har avgrensa kompetanse, jf. straffeprosesslova §388.

A er av Asker og Bærum politidistrikt sikta etter straffelova §233 første ledd, jf. §49, for å ha forsøkt «å ta livet av B med en kniv, men han lyktes ikke i sitt forehavende i det han ble stanset av ... .» I si orskurd tok lagmannsretten ikkje standpunkt til om bevisa var slik at det var skilleg grunn til å mistenkje den sikta for drapsforsøk. Lagmannsretten fann at det innanfor det same rettshøvet må liggje ein trussel om å drepe søstera, jf. straffelova §227, og at det måtte vere skilleg grunn til å mistenkje den sikta for dette. Etter dette kom lagmannsretten til at dei generelle fengslingsvilkåra i §171 første ledd var til stades.

I motsetning til forhøyrsretten som bygde fengslingsavgjerda på §171 første ledd nr. 2 om bevistap, avgjorde lagmannsretten saka etter nr. 3 om tilbakefallsfare. Lagmannsretten la til grunn at det var «påkrevd å holde siktede varetektsfengslet for å hindre at han påny begår straffbare handlinger overfor sin søster» og at det var «sterk sannsynlighetsovervekt for at siktede vil begå nye overgrep mot sin søster». Det er ikkje her feil tolking av straffeprosesslova §171 første ledd nr. 3. Denne føresegna byggjer også på at det må skje ei totalvurdering, jf. Bjerke/Keiserud, Straffeprosessloven, band I, 3. utgåve 2001, side 642-643.

Frå forsvararen er det også gjort gjeldande at det ikkje i noko fall kan vere gjentakingsfare når den sikta er gitt besøksforbod, og dette er eit element som utvalet finn høyrer heime i ei slik totalvurdering. Det er ikkje slik at eit besøksforbod i seg sjølv fører til at det ikkje er gjentakingsfare. Spørsmålet er om det er ein saksbehandlingsfeil når lagmannsretten ikkje har vurdert kva besøksforbodet skal ha å seie i ei slik totalvurdering som skal skje i høve til §171 første ledd nr. 3. I dette tilfellet er det tale om tilbakefallsfare som berre byggjer på risikoen for at den sikta skal gjere seg skuldig i nye strafflagde handlingar mot den krenkte, og utvalet finn at det i denne situasjon ikkje kan vere noko krav om at spørsmålet om verknaden av besøksforbodet blir drøfta vidare. Besøksforbodet vart av heradsretten avgjort samtidig med fengslinga, og det er går fram av lagmannsrettens orskurd at lagmannsretten var merksam på forbodet.

Påtalemakta hadde i forhøyrsretten kravd fengsling både på grunn av fare for bevistap, jf. straffeprosesslova §171 første ledd nr. 2, og på grunn av tilbakefallsfare, jf. same førsegna nr. 3. Forhøyrsretten kom til at nr. 2 var fengslingsgrunnlag, og tok ikkje standpunkt til bruken av nr. 3. Lagmannsretten avgjorde fengslingsspørsmålet etter nr. 3. Det er ikkje nokon saksbehandlingsfeil at dette vart gjort, utan at forsvararen særskilt fekk høve til å uttale seg om lagmannsrettens grunnlag, jf. Rt-1995-596.

Utgangspunktet ved ei fengsling er at ho kan lengjast med fire veker om gongen, jf. straffeprosesslova §185 første ledd andre punktum. Fengsling fram til 19. august innebar ei lenging med om lag åtte og ei halv veke. Det kan setjast lengre frist mellom anna der «særlige omstendigheter tilsier at fornyet prøving etter fire uker vil være uten betydning», jf. §185 første ledd fjerde punktum. Føresegna i fjerde ledd inneheld likevel ein snever unntaksregel, jf. Rt-1991-838 og Bjerke/Keiserud, Straffeprosessloven, band I, 3. utgåve 2001, side 670. Lagmannsretten har i si avgjerd uttala at fengsling «frem til hovedforhandling den 19. august 2002 i medhold av straffeprosessloven §171 første ledd nr. 3 må anses nødvendig og ikke uforholdsmessig, jf. straffeprosessloven §170a». Lagmannsretten ha såleis ikkje direkte teke standpunkt til bruken av §185 første ledd fjerde punktum, som stiller krav ut over vurderinga av om fengslinga står i mishøve, jf. straffeprosesslova §170a. Det kan vere at lagmannsretten har meint at fengslingsgrunnen i dette tilfellet er slik at krava i §185 første ledd fjerde punktum er oppfylt, men dette er ikkje mogeleg for utvalet å byggje på. Lagmannsrettens avgjerdsgrunnar er såleis ikkje tilstrekkelege til at utvalet kan prøve om lova er tolka rett.

Lagmannsrettens orskurd må etter dette opphevast.

Orskurden er samrøystes.

Slutning:

Lagmannsrettens orskurd blir oppheva.