HR-2002-751 - Rt-2002-934

Sideversjon per 25. jul. 2020 kl. 12:03 av FredrikL (diskusjon | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Instans: Høyesteretts kjæremålsutvalg - Kjennelse
Dato: 2002-07-11
Publisert: HR-2002-00751 - Rt-2002-934 (200-2002)
Stikkord: Straffeprosess, Kjæremål
Sammendrag: Saken gjaldt klage over fastsatt parkeringsgebyr.
Saksgang: Eidsivating lagmannsrett - Høyesterett HR-2002-00751, straffesak, kjæremål
Parter: Arild Unnestad mot Skedsmo kommune
Forfatter: Stang Lund, Skoghøy, Utgård
Lovhenvisninger: Straffeprosessloven (1981) §388, §380


Saka gjeld klage over fastsett parkeringsgebyr.

Arild Unnestad vart 13. oktober 2001 gitt parkeringsgebyr av Skedsmo kommune for å ha parkert i strid med trafikkskilt nr. 370 «Stans forbudt». Han klaga 12. desember 2001 på vedtaket og gjorde gjeldande at han var tilvist parkeringsplass av ordensvaktene utanfor Åråsen stadion. Han ville derfor ikkje betale kravet frå kommunen og klaga vedtaket inn for forhøyrsretten.

For forhøyrsretten gjentok Unnestad at han var tilvist plass av ordensvakter ved Åråsen stadion, og at han derfor hadde lov til å parkere der. Nedre Romerike forhøyrsrett sa 3. april 2002 orskurd med slik slutning:

«1. Klagen blir ikke tatt til følge

2. I saksomkostninger for forhørsretten betaler Arild Unnestad til Skedsmo kommune kr 1.000,- -kroneretttusen- innen 2 -to- uker fra forkynnelse av denne kjennelse.»

Orskurden vart lesen opp i rettsmøtet og var med det forkynt for partane som var til stades der. Unnestad påkjærte - utan nærare grunngiving - orskurden i samband med opplesinga. Dette vart teke inn i rettsboka.

Dagen etter - 4. april 2002 - forkasta Eidsivating lagmannsrett kjæremålet, utan at det låg føre noka grunngiving for kjæremålet frå Unnestad. Lagmannsretten la til grunn at kjæremålet «bygger på den samme innsigelse som klagen til forhørsretten».

Unnestad fekk forkynt lagmannsrettens orskurd 19. april 2002. Då hadde han allereie den 17. april sendt lagmannsretten eit grunngjeve kjæremål over avgjerda i forhøyrsretten. Det låg ved dette kjæremålet som nytt bevis i saka eit brev frå ein som hadde vore passasjer hos Unnestad. Lagmannsretten skreiv til Unnestad 30. april 2002, og viste til at lagmannsretten hadde avgjort kjæremålet. Lagmannsretten oppfatta derfor kjæremålet som eit kjæremål over orskurden til lagmannsretten.

I brev til lagmannsretten av 7. mai 2002 uttala Unnestad at orskurden i lagmannsretten var ukjend for han, og at det derfor ikkje var riktig å oppfatte kjæremålet som retta mot lagmannsrettens orskurd. Lagmannsretten skreiv på ny til Unnestad, og ba då om ytterlegare merknader før saka vart send til Høgsteretts kjæremålsutval. Då det ikkje kom merknader innan den fastsette fristen, vart saka 6. juni 2002 send til kjæremålsutvalet.

Høgsteretts kjæremålsutval viser til at det er tale om eit vidare kjæremål der kjæremålsutvalet har avgrensa kompetanse, jf. straffeprosesslova §388. Kjæremålet blir oppfatta å rette seg mot saksbehandlinga i lagmannsretten, og denne kan utvalet prøve.

Etter straffeprosesslova §380 er det høve til å påkjære munnleg. Kjæremålet er her tilført rettsboka, utan at det er teke atterhald om å kunne grunngi kjæremålet nærare. Unnestad hadde gitt rettsleg forklaring for forhøyrsretten om dei tilhøva gebyret gjaldt. Det faktiske grunnlaget for gebyret var ikkje omtvista, men Unnestad hadde gjort gjeldande at det ikkje kunne nyttast gebyr fordi han - i strid med forbodsskiltet - var tilvist parkering av ei ordensvakt ved fotballstadion.

På denne bakgrunnen kan det ikkje vere ein saksbehandlingsfeil at lagmannsretten avgjorde saka dagen etter avgjerda i forhøyrsretten, på det grunnlaget som då låg føre. Det var ikkje noko i saka som for lagmannsretten kunne tilseie at det her var nødvendig med ytterlegare oppklaringar før kjæremålet vart avgjort, jf. avgjerda i Rt-1987-536. Faktum var såleis her vedgått av klagaren i forhøyrsretten, og det var berre den rettslege vurderinga som var omtvista.

Kjæremålet må etter dette forkastast.

Orskurden er samrøystes.

Slutning:

Kjæremålet blir forkasta.