Hopp til innhold

HR-2001-317-K

Fra Rettspraksis


Instans: Høyesteretts kjæremålsutvalg - Kjennelse
Dato: 2001-04-27
Publisert: HR-2001-00317-K
Stikkord: Sivilprosess
Sammendrag: Saken gjaldt anke over lagmannsrettens dom.
Saksgang: Nedre Romerike herredsrett Nr 98-01465 - Eidsivating lagmannsrett LE-2000-424 A - Høyesterett HR-2001-00317, sivil sak, anke
Parter: A (advokat Kjell Amundsen) mot Skedsmo kommune v/ordføreren (advokat Jan Grønnerud)
Forfatter: Bruzelius, Utgård, Frisak
Lovhenvisninger: Tvistemålsloven (1915) §373, Forsinkelsesrenteloven (1976) §3


A har anka Eidsivating lagmannsretts dom av 18. desember 2000 i sak 00-00424 A mot Skedsmo kommune v/ordføreren.

Høgsteretts kjæremålsutval finn samrøystes at verken det avgjerda får å seie utanfor denne saka eller andre tilhøve gir grunn til at anken blir prøvd av Høgsterett. Anken bør derfor nektast fremja i samsvar med føresegna i tvistemålslova §373 tredje ledd nr. 4.

Kjæremålsutvalet har ikkje funne grunn til å innhente fråsegn frå ankeparten før avgjerd, jf. tvistemålslova §373 fjerde ledd.

Ankemotparten har påstått seg tilkjent sakskostnader med tillegg av renter. Påstanden blir teken til følgje, og beløpet blir sett til 5.000 kroner.

Slutning:

Anken blir nekta fremja til Høgsterett.

I sakskostnader for Høgsteretts kjæremålsutval betaler A til Skedsmo kommune v/ordføreren 5.000 - femtusen - kroner innan 2 - to - veker frå forkynninga av denne orskurden med tillegg av den alminnelege forseinkingsrenta etter forseinkingsrentelova §3 første ledd 1. punktum, for tida 12 - tolv - prosent årleg rente, frå utgangen av oppfyllingsfristen til betaling skjer.