Hopp til innhold

HR-2001-643-K

Fra Rettspraksis


Instans: Høyesteretts kjæremålsutvalg - Kjennelse
Dato: 2001-06-14
Publisert: HR-2001-00643-K
Stikkord: Sivilprosess
Sammendrag: Saken gjaldt anke over lagmannsrettens dom.
Saksgang: Oslo byrett sak nr 99-02421 A/77 - Borgarting lagmannsrett LB-2000-1859 A/02 - Høyesterett HR-2001-00643, sivil sak, anke
Parter: A (advokat Morten Mørch jr.) Mot Viken Energinett AS (advokat Jeppe Normann)
Forfatter: Gjølstad, Utgård, Frisak
Lovhenvisninger: Tvistemålsloven (1915) §373


A har anka Borgarting lagmannsretts dom av 12. mars 2001 i sak 00-01859 A/02 mot Viken Energinett AS.

Høgsteretts kjæremålsutval finn samrøystes at anken bør nektast fremja til Høgsterett i samsvar med føresegna i tvistemålslova §373 tredje ledd nr. 1.

Kjæremålsutvalet har ikkje funne grunn til å innhente fråsegn frå ankeparten før avgjerd, jf. tvistemålslova §373 fjerde ledd.

Ankemotparten har påstått seg tilkjent sakskostnader, med tillegg av renter. Påstanden blir teken til følgje, og beløpet blir sett til 2000 kroner.

Slutning:

Anken blir nekta fremja til Høgsterett.

I sakskostnader for Høgsteretts kjæremålsutval betaler A til Viken Energinett AS 2.000 - totusen - kroner innan 2 - to - veker frå forkynninga av denne orskurden med tillegg av den alminnelege forseinkingsrenta etter forseinkingsrentelova §3 første ledd første punktum, for tida 12 - tolv - prosent årleg rente, frå utgangen av oppfyllingsfristen til betaling skjer.