Hopp til innhold

HR-2001-736

Fra Rettspraksis


Instans: Høyesteretts kjæremålsutvalg - Kjennelse
Dato: 2001-07-05
Publisert: HR-2001-00736
Stikkord: Straffeprosess
Sammendrag: Saken gjaldt kjæremål over lagmannsrettens vedtak om å henvise anke i privat straffesak til ankeforhandling.
Saksgang: Oslo byrett 21.12.2000 - Borgarting lagmannsrett 17.04.2001 - Høyesterett HR-2001-00736, privat straffesak, kjæremål
Parter: A (advokat Per Danielsen) mot B, C, X AS (advokat Jon Wessel-Aas)
Forfatter: Lund, Matningsdal, Utgård
Lovhenvisninger: Straffeprosessloven (1981) §325, , §2, §310, §318, §321, §409, §421, §424, §434, §440Domstolloven (1915) §153, §156, §179, Tvistemålsloven (1915) §180, Forsinkelsesrenteloven (1976) §3


Saka gjeld kjæremål over lagmannsrettens vedtak om å vise anke i privat straffesak til ankeforhandling.

Ved Oslo byretts dom av 21. desember 2000 vart B, C og X AS dømde til å tole ærekrenkingar mortifiserte i høve til A og likeins til å betale oppreising. I domsutskrifta, etter underskriftene frå dommarane, stod det:

«Dommen kan påankes til Borgarting lagmannsrett. Anken må erklæres direkte for Oslo byrett innen 1- en - måned fra dommen er forkynt. ...»

Dommen vart forkynt for prosessfullmektigane etter reglane i domstollova §179. Prosessfullmektigen for dei saksøkte vedtok forkynning 27. desember 2000. Ved fråsegn av 22. januar 2001 anka B, C og X AS til lagmannsretten, som den 17. april 2001 gjorde slikt vedtak:

«Anken henvises til ankeforhandling.»

I avgjerda vart det lagt til grunn at mortifikasjonssaker blir behandla etter reglane i straffeprosesslova, jf. §2 nr. 3 i lova, og at ankefristen då er to veker, jf. §310. Lagmannsretten la til grunn at oversitjinga av ankefristen ikkje kunne leggjast partane til last, jf. straffeprosesslova §318 og Rt-1998-1891. Retten fann ikkje grunn til å nekte anken fremja etter §321 annet ledd og anken vart med det vist til ankeforhandling etter straffeprosesslova §325. Dette gjaldt også dei borgarlege rettskrava, jf. straffeprosesslova §409 første ledd 2. punktum, jf. §434.

A har 7. mai 2001 påkjært vedtaket.

Kjæreparten - A - har i korte trekk gjort gjeldande:

Anken frå dei domfelte er levert inn etter utgangen av fristen etter straffeprosesslova §310. Det vart ikkje bede om forkynning av anken i samsvar med §424 jf. §421 annet ledd. I denne situasjonen kan det ikkje givast oppreising for oversitjing av fristen etter straffeprosesslova §318. Det følgjer av domstollova §156 annet ledd at vedtaket hos lagmannsretten kan vere gjenstand for kjæremål. Ut frå praksis skal anken då i tilfelle også avvisast for dei borgarlege rettskrava.

Kjæreparten har sett fram slik påstand:

«1. Anken avvises i forhold til både det strafferettslige og det sivilrettslige krav.

2. B, C og X AS dømmes til å betale As saksomkostninger, med et tillegg av 12 % forsinkelsesrenter fra forfall og til betaling skjer.»

Kjæremotpartane - B, C og X AS - har i korte trekk gjort gjeldande:

Lagmannsrettens vedtak om å vise anken til ankeforhandling kan ikkje angripast, jf. straffeprosesslova §325 2. punktum. Kjæremålet må derfor avvisast. Saka vart reist - og går framleis - som privat straffesak, og følgjer med det reglane i straffeprosesslova heilt ut.

Det gjekk heller ikkje nokon ankefrist før anken, ved at dommen ikkje vart forkynt kjæremotpartane etter reglane i straffeprosesslova. Ankefråsegna fyller i alle tilfelle krava til særskilt anke for den sivilrettslege delen av saka.

Kjæremotpartane har sett fram slik påstand:

«1. Prinsipalt: Kjæremålet avvises.

Subsidiært: Kjæremålet forkastes.

2. A dømmes til å betale X AS, Cs og Bs saksomkostninger i kjæremålssaken, samlet kr 2.000, med tillegg av lovens forsinkelsesrente fra oppfyllelsestidspunktet til betaling skjer.»

Høgsteretts kjæremålsutval vil uttale at det følgjer av straffeprosesslova §325 2. punktum at det ikkje kan nyttast rettsmiddel mot vedtaket til lagmannsretten om å vise saka til ankeforhandling. Dette gjeld også for private straffesaker, jf. avgjerd frå utvalet i Rt-2000-1205.

Ut frå det som er gjort gjeldande frå kjæreparten finn utvalet grunn til å peike på at oppreisingsreglane i domstollova ikkje gjeld i straffesaker. Dette følgjer mellom anna av innleiingsorda i domstollova §153, og det er lagt til grunn i ein omfattande rettspraksis, jf. også Bøhn, Domstolloven (2000) side 467-468. For private straffesaker viser utvalet til den nemnde avgjerda i Rt-2000-1205.

Kjæremålet må etter dette avvisast.

Kjæremotpartane har kravd sakskostnader med til saman 2000 kroner, med tillegg av renter. Påstanden blir teken til følgje, jf. straffeprosesslova §440 første ledd, jf. tvistemålslova §180.

Orskurden er samrøystes.

Slutning:

Kjæremålet blir avvist.

I sakskostnader for Høgsteretts kjæremålsutval betaler A til B, C og X AS i fellesskap 2.000 - totusen - kroner innan 2 - to - veker frå forkynninga av denne orskurden med tillegg av den alminnelege forseinkingsrenta etter forseinkingsrentelova §3 første ledd 1. punktum, for tida 12 - tolv - prosent årleg rente, frå utgangen av oppfyllingsfristen til betaling skjer.