Hopp til innhold

HR-2001-809-K - Rt-2001-937

Fra Rettspraksis
Instans: Høyesteretts kjæremålsutvalg - Kjennelse
Dato: 2001-07-04
Publisert: HR-2001-00809-K - Rt-2001-937 (170-2001)
Stikkord: Familierett, Samværsrett, Midlertidig avgjørelse
Sammendrag: Saken gjaldt midlertidig avgjørelse i sak om samværsrett til felles barn frem til hovedforhandling i saken.
Saksgang: Gulating lagmannsrett - Høyesterett HR-2001-00809, sivil sak, kjæremål
Parter: A (advokat Roe Lauvås) mot B (advokat Halvor Urrang Simonsen)
Forfatter: Lund, Matningsdal, Utgård
Lovhenvisninger: Barneloven (1981) §44a, §46, Tvistemålsloven (1915) §179, §404


Saka gjeld førebels avgjerd om samværsrett til fellesbarn fram til hovudforhandling i saka.

B reiste sak og sette fram krav om førebels avgjerd om samvær 11. desember 2000. Partane gjorde seinare ein mellombels avtale om samvær, men samvær i samsvar med avtalen fungerte ikkje. X heradsrett sa 23. mars 2001 orskurd med slik slutning:

«1. Frem til saken blir avgjort ved rettskraftig dom, skal B ha rett til følgende samvær med sine barn C, født *.*.1996 og D, født *.*.1993:

a. Annenhver helg fra lørdag klokken 1030 til søndag klokken 1700. Dog skal de første tre helgesamvær være uten overnatting og ha en varighet til klokken 1830.

b. Sammenhengende sommerferiesamvær i 5 døgn lagt til juli eller de to første ukene av august. B må meddele tidspunktene for feriesamværet til A senest 1. mai.

c. Julesamvær med minst 2 overnattinger døgn i julen. Julaften og 1. juledag er inkludert bare annenhvert år, første gang julen 2001. B må meddele tidsrom senest 1. desember.

d. B skal hente og bringe barna til og fra deres bosted og de ovenfor angitte tidsrom gjelder fra avhentelsen/tilbakeleveringen.

2. Saksomkostningskravene avgjøres sammen med hovedsaken.»

A påkjærte avgjerda til Gulating lagmannsrett, som i orskurd 28. mai 2001 stadfesta henne.

A har påkjært lagmannsrettens orskurd til Høgsteretts kjæremålsutval på grunn av feil rettsbruk og bevisvurdering. Eldste dottera til B, E, har i vaksen alder meldt faren til politiet for tidlegare seksuelt overgrep. Ho har opplagt opplysningar som kan ha vekt ved vurderinga av overgrepsfare for mindreårige barn, og som med det er relevante i saka. Heradsretten har avgjort at det skal nemnast opp sakkunnig i saka, som også skal greie ut haldepunkta for meldinga frå E. Overgrepsmeldinga er framleis eit sentralt element i høve til den eventuelle avgrensinga som blir kravd fastsett i samband med samvær mellom faren og fellesbarna til partane. Det er ikkje tale om å nekte faren samvær, men det er relevant å fastsetje avgrensing av samvær til dagtid og under tilsyn, når det er mistanke om overgrep, jf. Rt-1998-562.

Det blir gjort gjeldande at dersom det er rett at faren har forgripe seg på den eldste dottera si, viser det ei legning som inneber særleg fare for nye overgrep mot andre barn. Grunngivinga til lagmannsretten om at dette er ein «enkelt situasjon», er derfor uforståeleg. Når faren har brote ei slik barriere, er faren for nye overgrep nærliggjande.

Det er tidlegare slått fast i rettspraksis at ved mistanke om seksuelle overgrep skal det ikkje bli teken nokon risiko. Ved ei førebels avgjerd må det kunne setjast strengare krav til vurderinga av risikoen enn ved ei endeleg avgjerd der alle sider ved saka kan bli betre opplyst. Spesielt må dette vere situasjonen når sakkunnig er oppnemnd. Ved ei førebels avgjerd der saka er under nærare sakkunnig utgreiing, må utsegna frå Høgsterett om at det ikkje må takast nokon risiko gjelde. Det er sett fram slik påstand:

«1. B skal ha samvær med C, f. *.*.1996 og D, f. *.*.1993 på dagtid og under tilsyn. Omfanget av samværsordningen fastsettes etter rettens skjønn.

2. A tilkjennes sakens omkostninger.»

B har i tilsvaret gjort gjeldande at lagmannsretten har brukt lova rett. Det blir vist til at det ikkje er sett fram påstandar om incest mot det barnet som samværsretten gjeld. Den påståtte misbruken er ikkje dokumentert, og meldinga er lagt bort. Det har i den seinare tida vore fleire oppattakingssaker med frifinning som følgje i incestsaker, og det er eit moment som må vege tungt i samsværssaker med påstand om incest. Det vil vere for vidtgåande å tolke lova slik at det strenge forsiktigkravet også skal gjelde i tilfelle der melding mot tredjemann er lagt bort, særleg når den påståtte handlinga ligg 6-7 år attende i tid. Både herads- og lagmannsretten har utøvd eit forsvarleg skjønn der retten for barna til samvær med begge foreldra er ivareteke. Det er sett fram slik påstand:

«1. Lagmannsrettens kjennelse stadfestes.

2. Det offentlige tilkjennes saksomkostninger.»

Høgsteretts kjæremålsutval viser til at det er tale om eit vidare kjæremål, der utvalet berre kan prøve saksbehandlinga og den generelle lovtolkinga til lagmannsretten, jf. tvistemålslova §404 første ledd nr. 2 og nr. 3.

Kjæremålsfråsegna blir av utvalet oppfatta slik at det mellom anna blir gjort gjeldande at lagmannsretten i si avgjerd har tolka lova i strid med den forståinga av reglane i barnelova §46 jf. §44a om fastsetjing av samværsretten, som er lagt til grunn i Rt-1998-562.

I denne avgjerda frå utvalet var det vist til Rt-1994-940 med vidare tilvising til dei grunnleggjande utsegnene i dommen i Rt-1989-320 der førstvoterande mellom anna uttala:

«Spesielt i en sak om omsorg for mindreårige barn, kan det hevdes at det overhodet ikke kan tas noen risiko i et slikt forhold. Dette synspunkt er etter min mening relevant selv om bevisvurderingen er meget vanskelig.»

I saka i Rt-1995-1152 uttala kjæremålsutvalet at avgjerda «må under enhver omstendighet bero på et konkret skjønn, der man på den ene side må ta hensyn til datterens rett til samvær med begge sine foreldre, og på den annen side til at hun ikke bør utsettes for noen urimelig risiko.»

Lagmannsretten har bygd på at dottera til B, E, har meldt faren for ei handling som i tilfelle skal ha funne stad då dottera var 15 år, og at meldinga til politiet er lagt bort. Lagmannsretten har uttala at retten ikkje kan «se bort fra at anmeldelsen kan medføre riktighet.» Deretter har lagmannsretten sagt at det i det framlagde materialet ikkje er noko grunnlag for mistanke om overgrep mot D og C, og heller ikkje overfor ei dotter - fødd 1986 - frå eit tidlegare ekteskap.

Kjæremålsutvalet forstår grunngivinga hos lagmannsretten slik at det ikkje ligg føre nokon konkret risiko mot barna for seksuelle overgrep. Utvalet finn at lagmannsretten ikkje her har tolka lova feil.

Det som elles er gjort gjeldande i kjæremålet rettar seg mot den konkrete lovbruken og mot bevisvurderinga hos lagmannsretten, og dette kan ikkje prøvast av kjæremålsutvalet.

Kjæremålet blir etter dette å forkaste. Spørsmålet om sakskostnader blir utsett til den avgjerda som avsluttar saka, jf. tvistemålslova §179 første ledd.

Orskurden er samrøystes.

Slutning:

Kjæremålet blir forkasta.

Spørsmålet om sakskostnader for Høgsteretts kjæremålsutval blir utsett til den avgjerda som avsluttar saka.