HR-2009-452-A
| Instans: | Norges Høyesterett |
|---|---|
| Dato: | 2009-02-24 |
| Publisert: | HR-2009-00452-A - Rt-2009-203 |
| Stikkord: | |
| Sammendrag: | |
| Saksgang: | HR-2009-00452-A, (sak nr. 2008/1383), sivil sak, anke over dom |
| Parter: | : |
| Forfatter: | Flock, Indreberg, Gussgard |
| Lovhenvisninger: | tinglysingslova § 27, tinglysingslova § 38, tidlegare § 39 |
NOREGS HØGSTERETT
Den 24. februar 2009 sa Høgsterett dom i
HR-2009-00452-A, (sak nr. 2008/1383), sivil sak, anke over dom,
Statskog SF (Regjeringsadvokaten
v/advokat Ketil Bøe Moen – til prøve)
mot
Arne Henning Nordby
Inger-Marit Nordby
Jens Holme
Harald Eikerol
Gunhild Eikerol
Helge Kruke
Erik Andreas Skaarseth
Ole Tande (advokat Christen S. Dahl)
R Ø Y S T I N G :
(1) Dommar Utgård: Saka gjeld spørsmålet om eigarar av seks gardsbruk har eigedomsrett
eller berre bruksrett til særskilt matrikulerte setrar i Øyer statsallmenning.
(2) Øyer statsallmenning i Øyer kommune er på om lag 430 000 dekar. Det er opplyst at det
er rundt 250 setrar i allmenningen.
(3) Av desse setrane har 36 vore særskilt matrikulerte. Det inneber at dei har – eller fram til
nyleg hadde – eige gards- og bruksnummer, som berre omfatta setra i allmenningen. Dei
private partane i saka har alle i dag slik særskilt matrikulert seter. For Erik Andreas
Skaarseth, som er eigar av eigedom i tidlegare Fåberg kommune, no Lillehammer, gjeld
dette Graven seter, som etter opplysningar frå Statsarkivet vart særskilt skyldsett og 2
matrikulert av matrikkelkommisjonen i 1820-åra. På dette tidspunktet var setra i bruk av
Skaarseths rettsforgjengar, utan at det ligg føre nærare opplysningar i saka om når og
korleis dette først skjedde. For dei andre private partane gjeld saka setrar som
rettsforgjengarane deira erverva frå andre som hadde seter med grunnlag i
allmenningsrett. I samband med overdraginga skjedde det ei skylddeling av
overdragarane sine eigedommar, som alle var gardsbruk. Ved desse skylddelingane vart
ein del av skatteskylda lagt til setrane, som då også fekk eigne matrikkelnummer. Alle
desse skylddelingane skjedde i perioden 1853–1875.
(4) Etter innføringa av delingslova i 1980 tok Øyer kommune i 1984 opp spørsmålet om
registreringa av setrane i GAB (Statens offisielle grunneigedoms-, adresse- og
bygningsregister), mellom anna med dei som hadde særskilt matrikulerte setrar.
Mottakarane fekk også spørsmål om dei gjorde gjelda nde at eigedommane var
sjølveigareigedommar. Skogforvaltninga gav i 1988 t ilbod til innehavarane av særskilt
matrikulerte setrar om å dekkje kostnadene med å samanføye matrikkelnummeret med det
til statsallmenningen. Deretter skjedde det ikkje noko meir før Statskog SF – som no
hadde overteke som heimelshavar til statsallmenningane – i brev 18. juni 2003 til
seterhavarane tok opp spørsmålet om grunnboksheimel en til setergrunnen. Ei rad
heimelshavarar svarte ikkje på brevet eller dei gav til kjenne at dei ikkje var viljuge til å
overføre heimelen til Statskog SF. Statskog tok der etter rettslege skritt mot dei som hadde
17 av dei særskilt matrikulerte setrane. – Under saksførebuinga godtok åtte av
seterhavarane Statskogs krav om eigedomsrett til setergrunnen.
(5) Sør-Gudbrandsdal tingrett sa dom 16. januar 200 7 med slik domsslutning:
”I.
1. Grunnen på seter, gnr. 2, bnr. 5-6 i Øyer, er statens eiendom som del av Øyer
statsallmenning.
2. Grunnen på seter i Øyer statsallmenning, matrikulert under gnr. 3, bnr. 9 i
Øyer, er statens eiendom som del av Øyer statsallmenning.
3. Grunnen på seter, gnr. 6, bnr. 5 i Øyer, er statens eiendom som del av Øyer
statsallmenning.
6. Grunnen på seter, gnr. 39, bnr. 2 i Øyer, er statens eiendom som del av Øyer
statsallmenning.
7. Grunnen på seter, gnr. 41, bnr. 4 i Øyer, er statens eiendom som del av Øyer
statsallmenning.
10. Grunnen på seter, gnr. 67, bnr. 2 i Øyer, er statens eiendom som del av Øyer
statsallmenning.
13. Grunnen på seter, gnr. 85, bnr. 1 i Øyer er statens eiendom som del av Øyer
statsallmenning.
14. Grunnen på seter, gnr. 86, bnr. 1 i Øyer, er statens eiendom som del av Øyer
statsallmenning.
15. Grunnen på seter, tidligere gnr. 88, bnr. 2, nå matrikulert under gnr. 100,
bnr. 14 i Øyer, er statens eiendom som del av Øyer statsallmenning.
II. 3
Arne Henning Nordby og Inger-Marit Nordby, Anne Lise Nordlien og Jan Erik
Nordlien, Jens Holme, Andreas Høvren, Gunnhild Haug en Eikerol og Harald Dag
Eikerol, Helge Kruke, Erik Andreas Skaarseth, Knut Einar Solberg og Ole Tande
dømmes til hver for seg å erstatte Statskog SF sake ns omkostninger med kr. 10.644,- –
kroner titusensekshundreogførtifire – med tillegg av 9 % forsinkelsesrente fra 14 –
fjorten – dager fra dommens forkynnelse til betaling skjer.”
(6) For tre av setrane vart dommen ikkje anka. Eidsivating lagmannsrett sa dom 1. juli 2008
med slik domsslutning:
”1. Arne Henning og Inger-Marit Nordby, Jens Holme, Harald og Gunhild
Eikerol, Helge Kruke, Erik Andreas Skaarseth og Ole Tande frifinnes.
2. I saksomkostninger for lagmannsretten betaler Statskog SF til Arne Henning
og Inger-Marit Nordby, Jens Holme, Harald og Gunhild Eikerol, Helge
Kruke, Erik Andreas Skaarseth og Ole Tande 267.289 –
tohundreogsekstisyvtusentohundreogåttini – kroner innen 2 – to – uker fra
forkynnelsen av dommen.
3. I saksomkostninger for tingretten betaler Statskog SF til Arne Henning og
Inger-Marit Nordby, Jens Holme, Harald og Gunhild Eikerol, Helge Kruke,
Erik Andreas Skaarseth og Ole Tande 118.034,80 –
etthundreogattentusenogtrettifire 80/100 – kroner innen 2 – to – uker fra
forkynnelsen av dommen.”
(7) Det var dissens i lagmannsretten, i det ein av dei tre lagdommarane røysta for å forkaste
anken. Fleirtalet kom til at seterhavarane hadde vorte eigarar av den matrikulerte grunnen
på setrane i medhald av reglane i tinglysingslova § 27, samanhalde med statens passivitet
og det konkret rimelege.
(8) For tingrett og lagmannsrett hadde seterhavarane gjort gjeldande at Statskog ikkje hadde
oppfylt bevisbyrda med omsyn til at området i ”kjend” tid har vore statsallmenning. Både
tingretten og ein samrøystes lagmannsrett kom til a t slikt allmenningsbevis var ført.
Seterhavarane gjorde dernest gjeldande at setrane i si tid var selde som eigedom, når
kongen gjennomførte sal av gardsbruk, særleg på 170 0-talet. Også for eigedommar der
det ikkje kunne visast til kongeskøyte, vart det gj ort gjeldande at det var presumsjon for
slike sal. Verken dette eller ein synsmåte om alders tids bruk eller alternativt hevd førte
fram. På desse punkta har seterhavarane ikkje anka til Høgsterett.
(9) For Høgsterett står saka elles i hovudsak i sam e stilling som for dei tidlegare rettane, med
den endring at det som ny synsmåte blir gjort gjeldande at eigedomsrett for seterhavarane
også følgjer av tilleggsprotokoll 1 artikkel 1 til Den europeiske
menneskerettskonvensjonen (EMK).
(10) Ankeparten, Statskog SF, har særleg halde fram:
(11) Det er for Høgsterett ikkje tvist om at område t er og har vore statsallmenning. Og i ein
allmenning er allmenningseigaren eigar av grunnen, men då slik at dei som har setrar eig
bygningane på setrane og har bruksrett i kraft av allmenningsretten til grunnen til setrane.
(12) Det er ikkje grunnlag for ekstinksjon etter tinglysingslova § 27. Prinsipalt kan dette
grunnast på at skøyta på setrane må forståast slik at det var ein bruksrett som vart
overdregen. Stort sett var det tale om overdraging av setrane saman med garden.
Subsidiært blir det gjort gjeldande at det ikkje kan skje ekstinksjon fordi det ikkje låg føre 4
noko ugyldig dokument, slik dette må forståast i tinglysingslova § 27. Det er ikkje i noko
tilfelle plass for å nytte tinglysingslova § 27 analogisk. I tillegg kjem at seterhavarane
ikkje var i god tru. Dei har såleis vore kjende med området sin karakter av
statsallmenning, og at seterretten då er ein bruksrett.
(13) Seterhavarane kan heller ikkje vinne fram med ulovfesta ekstinksjon. For ulovfesta
ekstinksjon, og ikkje minst i allmenning, må det gjelde vesentleg strengare krav til
rettsoverskriding enn t.d. for hevdserverv. Seterhavarane har her ikkje gjort investeringar,
og allmenningseigaren har heller ikkje medverka på nokon måte som kan ha gitt
seterhavarane tilskuv til å tru at dei var grunneigarar. Tvert om har statens representantar
påtala bruk i strid med bruksretten til setrane. Rettslege disposisjonar frå seterhavarane
tyder ikkje på at dei har meint å vere grunneigarar, og det skal under alle omstende særs
mykje til for at slike disposisjonar skal ha vekt.
(14) Staten har heller ikkje på nokon måte vist passivitet, og i alle fall ikkje på ein måte som
kan gi grunnlag for rettserverv for seterhavarane.
(15) Det er uklart kva seterhavarane legg i synsmåten om erverv av eigedomsrett etter
allminnelege rettsgrunnsetningar, og det er vanskeleg å sjå at dette kan ha nokon plass i
rettssystemet. Dei reelle omsyna er i realiteten dei same som ved dei andre ervervsmåtane
seterhavarane har gjort gjeldande.
(16) Tilleggsprotokoll 1 artikkel 1 (P1-1) til EMK kan heller ikkje gi grunnlag for overføring
av eigedomsrett. Denne artikkelen er til vern om eigedomsrett. Og det er ingen som har
gjort innvendingar mot den retten seterhavarane har til setrane i kraft av sin
allmenningsrett. Den formelle posisjonen som heimelshavar i grunnboka er ikkje uttrykk
for eigedomsrett, og kan heller ikkje gje grunnlag for vern av ein grunneigedomsrett
gjennom synsmåtar om rettkomen forventing (”legitimate expectations”).
(17) Statskog SF har sett fram slik påstand:
”1. Tingrettens dom punkt I, underpunkt 1, 3, 7, 10, 13 og 15, og tingrettens dom
punkt II, stadfestes.
2. Staten v/Statskog SF tilkjennes saksomkostninger for lagmannsrett og
Høyesterett.”
(18) Ankemotpartane, Arne Henning og Inger-Marit Nordby, Jens Holme, Harald og Gunhild
Eikerol, Helge Kruke, Erik Andreas Skaarseth og Ole Tande, har særleg halde fram:
(19) Sjølv om dommane i dei tidlegare rettane er go dtekne når det gjeld statusen av området
som er Øyer statsallmenning, har det ikkje direkte føringar for vurderinga av
eigedomsretten til dei enkelte setrane. Til dømes vart ikkje statusen på setrane drøfta av
Gudbrandsdalskommisjonen, som gav si tilråding i 1884. Og kommisjonen rådde også
staten til å gå til sak for å få avklara statusen til heile området. Det må i alle tilfelle vere
eit grunnleggjande utgangspunkt for vurderinga av dei ulike synsmåtane at seterhavarane
gjennom 150 år og meir har hatt grunnboksheimelen til setrane, og at dei har basert seg på
dette i mange ulike samanhengar.
(20) Seterhavarane må såleis kunne ekstingvere eigedomsretten til setrane med heimel i
tinglysingslova § 27. Grunnboksheimel gir til vanleg uttrykk for grunneigedomsrett. Og 5
etter tinglysingslova § 27 blir ein godtruande ervervar eigar. Når det i § 27 er tale om
”ugyldig” dokument, kan omgrepet ikkje tolkast for snevert. Det er ikkje berre
avtalesituasjonen det kan gjelde. Hovudomsynet bak føresegna er å skape ei sikker
omsetning, og det slår like godt til i vår situasjon som der det i snever forstand er eit
ugyldig dokument. Statskog – tidlegare staten – kunne dessutan som grunneigar nytta
tinglysingslova § 38 a, tidlegare § 39, for å ordne opp heimelsspørsmålet.
(21) Det må under alle omstende vere plass for å nytte tinglysingslova § 27 analogisk. Omsyna
er dei same som i tilfelle der det elles skjer analogisk bruk, så som ved proforma og ved
spørsmål om heimelen for ektefellar. Ein slik bruk har også ei viss støtte i juridisk teori.
(22) Seterhavarane har behandla eigedommane som sine. Det må i denne situasjonen også vere
plass for ulovfesta ekstinksjon. Statskog – tidlegare staten – har vore klar over at
seterhavarane har hatt grunnboksheimel og også meint å vere grunneigarar, og burde ha
teke opp spørsmålet i alle fall etter ca. 1880.
(23) I denne situasjonen, med ein gjennomgåande passivitet med å få korrigert ei urett
matrikulering frå slutten av 1800-talet, er dette ein passivitet av ein karakter som må vere
rettsstiftande. Spesielt gav eit rundskriv frå Finansdepartementet frå 1887, der
departementet bad om at praksisen med særskilte skyldsetjingar vart stoppa som uheimla,
grunn for staten til å rydde opp. Når staten først tok dette opp i 1984, vart det så ein ny
stillstand frå 1988 til 2003.
(24) Også allminnelege rettsgrunnsetningar tilseier at seterhavarane er grunneigarar. Det er eit
stort rom for variasjon i det praktiske rettslivet, og det må nærast ut frå eit syn på kva som
er rimeleg, kunne leggjast vekt på at seterhavarane har eit langvarig og festna tilhøve til
setrane. Samtidig har setrane skifta karakter ved at ordinært seterbruk er redusert, og det
er større grunn enn tidlegare for at dei som har se trane skal ha eigedomsrett til grunnen.
For Statskog som allmenningseigar spelar det lita rolle om setra er undergitt eigedomsrett,
i det ein bruksrett på allmenningsrettsleg grunnlag er svært omfattande. Også eit
synspunkt om rettkomne forventingar må spele inn.
(25) Også P1-1 vil kunne kome inn, mykje ut frå same argumentasjonen som for dei andre
synsmåtane. Seterhavarane har formell heimel, og i realiteten eigedomsrett, som då må ha
vern.
(26) Arne Henning og Inger-Marit Nordby, Jens Holme, Harald og Gunhild Eikerol, Helge
Kruke, Erik Andreas Skaarseth og Ole Tande har sett fram slik påstand:
”1. Anken forkastes.
2. Ankemotpartene tilkjennes saksomkostninger for Høyesterett.”
(27) Eg er komen til at anken fører fram.
(28) Innleiingsvis skal eg seie litt om bakgrunnen for at ein del setrar i allmenning er særskilt
matrikulerte og såleis har eigne gards- og bruksnummer. I matrikkellova av 17. august
1818 vart det gitt føresegner om ein ny matrikkel. Etter § 2 skulle denne matrikkelen
berre ha ”een Benævnelse for Skatte-Skylden”, og det var ”Skyld-Daler”. Matrikkelen var
på dette tidspunktet ei opplisting over skyldnaden som låg på dei faste eigedommane til å
svare skatt. Etter § 28 første ledd i lova skulle d et ved fastsetjing av skylda takast omsyn 6
mellom anna til ”Brugsret i Alminding”. Ved lov av 6. juni 1863 vart det fastsett at det
skulle givast ein ny revidert matrikkel, men det var dei same prinsippa som skulle leggjast
til grunn, såleis gjaldt nemnde § 28 framleis.
(29) Bruksrett i allmenning skulle såleis vektleggjast ved matrikuleringa av gardsbruket, som
til vanleg var skyldobjekt. Og som påpeika av G.P. Schult i ein artikkel innteken i
Rt. 1915 side 218, hadde retten til særskilt opptekne setrar gjerne vore viktigare
skyldobjekt enn den abstrakte allmenningsretten. Med andre ord: Der bruksretten innebar
bruksrett til ei særleg god seter, gav det seg ekstra utslag i skylda på gardsbruket som
hadde allmenningsretten.
(30) I ikkje liten grad vart setrar overførte frå e in allmenningsrettshavar til ein annan,
jf. mellom anna rundskriv frå Finansdepartementet 19. september 1887. Skylda –
skatteskylda – skulle då følgje setra. Det kunne ha vore gjort ved at skylda på det
gardsbruket som overtok bruken av setra, vart auka tilsvarande som skylda vart redusert
på gardsbruket som gav frå seg setra. I praksis var det ofte slik at det vart fastsett ei
særleg skyld på setra, som så gjekk til frådrag i skylda på det overdragande bruket. I
staden for å auke skylda på det mottakande bruket, synest det ofte å ha vore slik at setra
fekk eit eige matrikkelnummer og ei eiga skatteskyld. I det nemnde rundskrivet bad
departementet om at det for framtida ikkje skulle skje særskilt matrikulering, men
reduksjon av skylda på overdragande gardsbruk og auke på skylda på det mottakande.
Som det går fram av det eg sa innleiingsvis, gjeld vår sak særskilde matrikuleringar som i
tid skjedde før 1887.
(31) Med unntak av setra til ein av partane må det leggjast til grunn at særskilt matrikulering
har funne stad i samband med slik overdraging mellom allmenningsbrukshavarar av rett
til oppteken seter i Øyer statsallmenning. Setra til eigaren av Lysgård i tidlegare Fåberg
kommune, Erik Andreas Skaarseth, synest å ha vorte særskilt matrikulert ved opprettinga
av matrikkelen i samsvar med lova av 1818. Karakteren av seterretten for Lysgård er
ikkje nærare prosedert i saka, men eg nemner at Høg sterett i avgjerda i Rt. 1982 side 1575
la til grunn at allmenningsretten i Øyer for seterhavarar frå Ringsaker kommune var ein
avgrensa allmenningsrett som berre gjaldt seterretten. For alle setrane var det bruksretten
– retten til ei konkret seter i allmenningen – som vart særskilt matrikulert på 1800-talet.
(32) Eg går så over til å sjå på spørsmålet om ekst inksjon med grunnlag i tinglysingslova § 27.
(33) For meg er det ikkje nødvendig å gå inn på sta tens prinsipale synsmåte med mellom anna
gjennomgang av heimelsdokument for dei ulike matrikkelnummera. Det er nemleg etter
mitt syn klart at det – som staten subsidiært har argumentert med – ligg føre ein situasjon
som er utanfor verkeområdet for tinglysingslova § 27.
(34) Denne føresegna gir grunnboka positivt truverd e for dei som har handla i tillit til eit
”ugyldig dokument”. I så fall blir rette eigar sin rett ekstingvert. Men når det blir tala om
at føresegna gjeld ”ugyldig dokument”, inneber det samstundes at ein ervervar må ha
handla i tillit til eit ugyldig dokument mellom rette eigar og overdragar for at det skal skje
ein ekstinksjon. Det må altså vere tale om ”privatrettslig ugyldighet”, jf. Falkanger og
Falkanger, Tingsrett, 2007, side 554.
(35) Når det ikkje kan visast til at overdragaren var legitimert gjennom eit ugyldig dokument
der rette eigar var part, er det ingen plass for ekstinksjon etter tinglysingslova § 27. Rette 7
eigar har her ikkje utstyrt heimelshavar med noko dokument som kan gi grunnlag for
legitimasjon. Staten, no Statskog, som allmenningseigar var såleis ikkje med på å utforme
skylddelinga.
(36) Det er her også grunn til å minne om at det ikkje skjedde nokon feil ved skylddelingane
på 1800-talet. Setrane skulle tilleggjast matrikkelskyld, og det vart valt ein metode som på
det tidspunktet vart rekna for tenleg i så måte. Ved denne matrikuleringa vart bruksretten
til setra skilt ut som skatteobjekt, og det er dette som seinare er overdrege. Retten er såleis
ein bruksrett, og det er det seterhavarane har fått overført. I NOU 1982: 17 Ny
tinglysningslov side 159 er det uttala om dette:
”Tinglysingsutvalget antar at man får best sammenheng i systemet dersom man legger
til grunn at utk. § 28 [§ 27 i lova] ikke omfatter tilfelle hvor det er tvist om hvilken rett
som er overført mellom partene. Utvalget stiller de rmed på linje de tilfelle hvor det er
tvist om hvilket omfang eiendommen har, og de hvor tvisten gjelder rettighetens
omfang.”
(37) Eg legg til at den faktiske situasjonen i vår sak har sterke likskapstrekk med den som låg
føre i Rt. 1982 side 694. Tilhøvet til tinglysingsl ova § 27 vart der ikkje teke opp av den
private parten. Også elles har det vore mange tvistar om eigedomsrett til setrar i
allmenning for domstolane. Det er illustrerande at berre i ei av desse sakene er
tinglysingslova § 27 så vidt nemnt i den samanheng som no blir behandla.
(38) Etter mitt syn er det ut frå dette sikkert grunnlag for å konkludere at det her ikkje kan skje
ekstinksjon etter tinglysingslova § 27.
(39) Etter mitt syn er det her ikkje grunnlag for analogisk bruk av tinglysingslova § 27.
Grunneigaren – no Statskog – har ikkje utstyrt nokon med legitimasjon. Dette skil seg frå
situasjonane der det har lege føre eit proforma hei melstilhøve eller der det mellom
ektemakar har vore nytta heimel som ikkje har vore dekkjande for det reelle eigartilhøvet.
Sjølv om dette ikkje er ugyldige dokument, jf. ordl yden i § 27, er heimelshavaren i slike
høve av rette eigar – eller med godtaking av denne – utstyrt med ein legitimasjon som det
er rimeleg at ein ervervar bør kunne byggje på. Fra mgangsmåten med særskilt
skyldsetjing var – som før nemnt – både vanleg og l ovleg den gongen det skjedde
særskilde matrikuleringar. Det som kjem inn, er at ved tinglysingslova av 1935 vart
tinglysingsordninga heilt omforma, sjølv om dei gam le matriklane over skatteskyld vart
nytta som utgangspunkt for definering av eigedommane. Som påpeika i NOU 1982: 17 i
det eg nett siterte, er det, der matrikkeleininga gjeld bruksrett og ikkje full
grunneigedomsrett, tale om eit tilhøve som bør få s ame løysing som der det er gitt urette
opplysningar t.d. om areal. Det kan ikkje vere tale om la det føre til ekstinksjon etter
analogisk bruk av tinglysingslova § 27.
(40) Det er i rettspraksis lagt til grunn at det i særleg høve kan skje ekstinksjon av
grunneigedomsrett på ulovfesta grunnlag, jf. særleg dommane i Rt. 1986 side 1210,
Rt. 1992 side 352 og Rt. 2000 side 604. Eg nøyer me g med å vise til at seterhavarane
ikkje har gjort gjeldande at dei har investert i setereigedommane, og går elles ikkje nærare
inn på vilkåra for ulovfesta ekstinktivt erverv, i det denne synsmåten då klart ikkje kan
føre fram.
(41) Seterhavarane har gjort gjeldande at både passivitet og ulovfesta rettsgrunnsetningar kan
gjere at dei får grunneigedomsrett til setrane. Som eg tidlegare har nemnt, har staten og 8
Statskog handheva eigedomsretten til Øyer statsallmenning i svært lang tid. Det er ikkje
vist til konkrete disposisjonar der det kunne vere grunnlag for allmenningseigaren til å
gripe inn. Eg kan ikkje heilt sjå kva som skulle vere innhaldet i ein regel om erverv ut frå
alminnelege rettsgrunnsetningar. Eg er også litt usikker på kva rom det vil vere for
passivitet som rettsgrunnlag i ei sak av denne karakteren. Dette går eg ikkje nærare inn
på, i det omstenda i saka her klart gjer dette unød vendig.
(42) Tilleggsprotokoll 1 artikkel 1 til EMK gjeld vern om eigedom. Ankemotpartane har, som
eg har gjort greie for tidlegare, bruksrett til særskilt oppteken seter i statsallmenning som
sin ”eigedom” etter P1-1. Denne retten til særskilt oppteken seter er i behald, og bruken
blir verken fråteken seterhavarane eller regulert gjennom dette søksmålet.
Ankemotpartane blir også for sine setrar behandla likt med alle andre som har setrar i
Øyer statsallmenning, med same opphav og som byggjer på det same rettsgrunnlaget.
(43) Slik eg ser det, vil ein eventuell dom på grunneigedomsrett med grunnlag i P1-1 tvert om
ta frå Statskog eigedomsrett og flytte den over til andre. Dette kan ikkje føre fram. Det er
tilstrekkeleg å vise til at det ikkje kan sjåast at ankemotpartane på nokon måte eller på
noko tidspunkt har handla ut frå at dei skulle ha noka anna rettsstilling enn andre
seterhavarar i allmenningen. Dei har såleis ikkje i noko tilfelle ein posisjon som må
vurderast ut frå prinsippet om at posisjonen ut frå ei rettkomen forventing også kan vere
verna i særlege situasjonar.
(44) Anken har ført fram. Etter mitt syn må Statsko g tilkjennast sakskostnader for alle rettar.
Saka har ikkje reist tvil for Høgsterett på noko pu nkt, og det ligg heller ikkje føre andre
grunnlag for å frita ankemotpartane for kostnadsansvaret. Etter mitt syn må
ankemotpartane også dekkje sakskostnadene for lagmannsrett og tingrett, i det eg ikkje
kan leggje til grunn at behandlinga av synsmåtar som ikkje er gjorde gjeldande for
Høgsterett, gir grunnlag for ei anna vurdering. Sak skostnadene for lagmannsrett og
Høgsterett blir fastsette i samsvar med oppgåve til i alt 240 497 kroner. For
lagmannsretten blir kostnadene sette til 91 277 kroner, der 86 400 kroner er salær og
resten utlegg, og for Høgsterett til 149 220 kroner der 105 600 kroner er salær og resten
utlegg.
(45) Eg røystar for slik
D O M :
1. Tingrettens dom punkt I, underpunkt 1, 3, 7, 10, 13 og 15, og tingrettens dom
punkt II, blir stadfesta.
2. I sakskostnader for lagmannsrett og Høgsterett betaler Arne Henning og Inger-
Marit Nordby, Jens Holme, Harald og Gunhild Eikerol, Helge Kruke, Erik
Andreas Skaarseth og Ole Tande ein for alle og alle for ein, 240 497 –
tohundreogførtitusenfirehundreognittisju – kroner t il Statskog SF innan 2 – to –
veker frå forkynninga av denne dommen. 9
(46) Dommer Flock: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med
førstvoterende.
(47) Dommer Matningsdal: Likeså.
(48) Dommer Indreberg: Likeså.
(49) Dommer Gussgard: Likeså.
(50) Etter røystinga sa Høgsterett slik

veker frå forkynninga av denne dommen.
Rett utskrift: