HR-2010-2139-A - Rt-2010-1537

Instans: Høyesterett - Dom
Dato: 2010-12-14
Publisert: HR-2010-02139-A - Rt-2010-1537
Stikkord: Erstatningsrett, Oppreisingserstatning
Sammendrag: Saken gjaldt utmåling av oppreising til den krenkte med heimel i skadebotlova § 3-5 første ledd, jf. § 3-3 i sak om grov menneskehandel.

B var funnen skuldig i brot på føresegnene om menneskehandel i straffelova § 224, ved at ho hadde fått A hit til landet ved bruk av falske dokument og falske påskot om kva føremålet skulle vere. A vart pressa til å skaffe seg inntekter ved prostitusjon, og hindra frå å kome ut av denne. Ho vart såleis fråteken personlege dokument, og ho vart mishandla og truga. Dette skjedde over ein periode på sju månader.

B var i lagmannsretten dømd til ei straff av fengsel i 3 år og 2 månader, og av dette kunne om lag 3 år reknast å gjelde menneskehandel. Den utmålte straffa var eit moment når oppreisinga skulle fastsetjast.

Høgsterett drøftar i dommen jamføring med typar av seksuallovbrot og familievald, men fann ikkje at samanlikning var nærliggjande. Det var likevel ei viss støtte i oppreisingsbeløpa ved desse handlingane.

I saka var det tale om menneskehandel i ei form som innebar ei svært total krenking, som var langvarig og omfattande.

Oppreisingsbeløpet vart sett til 150 000 kroner.

Saksgang: Bergen tingrett - Gulating lagmannsrett - Høyesterett HR-2010-02139-A (sak nr. 2010/952), sivil sak, anke over dom
Parter: A (advokat Rolf Knudsen – til prøve) mot B (advokat Gunnar K. Hagen)
Forfatter: Utgård, Bårdsen, Sandberg, Normann, Tjomsland
Lovhenvisninger: Skadeserstatningsloven (1969) §3-5, Straffeloven (1902) §60, §224, §270

(1)     Dommar Utgård: Saka gjeld utmåling av oppreising til den krenkte med heimel i
        skadebotlova § 3-5 første ledd, jf. § 3-3 i sak om grov menneskehandel.

(2)     B vart 11. september 2008 sett under tiltale for grov menneskehandel ved at ho ved

        utilbørleg åtferd hadde utnytta A til prostitusjon over ein periode på sju månader, jf.
        straffelova § 224 første ledd, jf. fjerde ledd. Sei nare – for lagmannsretten – vart dette
        endra til også å omfatte det å leggje til rette for slik utnytting, jf. straffelova § 224 andre
        ledd. Både den tiltala og den krenkte er frå X. Tiltalen gjaldt også såkalla databedrageri
        ved bruk av kredittkortinformasjon frå stolne eller forfalska kredittkort til kjøp av
        flybillettar over Internett, jf. straffelova § 270 første ledd nr. 2, jf. andre ledd. Også andre

        tilhøve, som ikkje har ført til domfelling, var med .

(3)     Bergen tingrett sa 22. desember 2008 dom, som for straffespørsmålet hadde slik
        domsslutning:

              ”B, født 16.06.1977, dømmes for overtredelse av str l. § 224 fjerde ledd, jfr første ledd
              bokstav a, strl. § 229 første straffalternativ jfr. § 232 og strl. § 270 første ledd nr. 2 jfr
              annet ledd til en straff av fengsel i 4 – fire – år. Hun tilkommer fradrag for utholdt
              varetekt med 302 – trehundreogto – dager.”                                                         2

(4)      B vart dømd til å betale A oppreising med 200 0 00 kroner og skadebot for tapt inntekt

         med 400 000 kroner.

(5)      Dommen vart anka til Gulating lagmannsrett, som 24. juni 2009 sa dom med slik
         domsslutning:

                ”B, f. 16.06.1977, dømmes for overtredelse av straf feloven § 224, 1. ledd bokstav a), jfr.
                2. ledd bokstav a), jfr. 4. ledd, og straffeloven § 270, 1. ledd nr. 2, jfr. 2. ledd, til fengsel i

                3 – tre – år og 2 – to – måneder. Til fradrag i straffen går 486 – firehundreogåttiseks –
                dager for utholdt varetekt, jfr. straffeloven § 60.”

(6)      I ei særskilt orskurd før dommen i lagmannsrett en var domfellinga for brot på straffelova
         § 229, jf. § 232 oppheva og saka avvist for denne tiltaleposten.

(7)      Gulating lagmannsrett sa tilleggsdom 17. mars 2010 med slik domsslutning:

                ”1.      B, f. 16.06.1977, betaler i oppreisning kr. 100.000 – kroneretthundretusen – til
                         A innen 2 – to – uker fra forkynnelsen av denne dom.

                 2.      B, f. 16.06.1977, tilbakebetaler kr. 400.000 – kronerfirehundretusen – til A
                         innen 2 – to – uker fra forkynnelse av denne dom.”

(8)      A har anka tilleggsdommen til Høgsterett. Anken gjeld storleiken på oppreisingsbeløpet.

         Avgjerda om tilbakebetaling er ikkje anka.

(9)      Ankeparten – A – har gjort gjeldande at oppreisingsbeløpet er sett for lågt av
         lagmannsretten, og at det skulle ha vore på 200 000 kroner slik tingretten kom til.

(10)     Det er tale om eit grovt brot på forbodet mot menneskehandel, ved at ho vart utnytta til
         prostitusjon over ein periode på sju månader. Menneskehandel er eit alvorleg brotsverk,
         noko som også kjem fram ved at dei norske reglane er tekne inn i lova som følgje av

         norsk tilslutning til FN-konvensjon.

(11)     Handlinga kan ikkje utan vidare samanliknast med valdtekt. Særleg kjem det då inn at det
         er tale om ei svært langvarig krenking som ikkje berre omfattar seksuell utnytting, men
         også element som vald og plassering i eit heilt framandt miljø. Ved fastsetjinga av

         oppreisingsbeløpet må det leggjast stor vekt på at slik handling vanlegvis vil ha store
         skadeverknader, også på lang sikt, for den krenkte.

(12)     A har sett fram slik påstand:

                ”B dømmes til å betale oppreisningserstatning til A fastsatt etter rettens skjønn oppad
                begrenset til kr. 200.000,-.”

(13)     Ankemotparten – B – har gjort gjeldande at det ikkje er grunnlag for å auke
         oppreisingsbeløpet ut over 100 000 kroner, som var det lagmannsretten kom til.

(14)     Ved utmålinga kan det vere grunn til å samanlikne med andre krenkingar med tilsvarande
         strafferamme og utmålt straff. Samanlikning med nivået ved valdtekt vil då vere
         nærliggjande. Valdtekt må vurderast som eit alvorlegare brotsverk enn menneskehandel,
         og gir oftast strengare straff. Spennvidda i saker etter straffelova § 224 er likevel stor, slik

         at dette vil måtte variere. I vår sak kan det reknast med at straffa for menneskehandel                                                        3

         isolert sett er tre år eller litt over det, og det er under det som i dag blir gitt i svært mange
         saker om valdtekt.

(15)     Det er også spørsmål om kva for rolle vedkomande hadde i utføringa av handlinga. I dette
         tilfellet må det reknast med at det stod nokon bak, som hadde organisert det heile.

(16)     B har sett fram slik påstand:

               ”Anken forkastes.”

(17)     Eg går så over til å gi uttrykk for mitt syn på saka.

(18)     Skadebotlova § 3-5 gir heimel for skadebot – oppreising – for skade av ikkje-økonomisk
         art etter mellom anna domfelling for brot på straffelova § 224 om menneskehandel.
         Gjerningspersonen kan då påleggjast ”å betale den fornærmede en slik engangssum som

         retten finner rimelig til erstatning (oppreisning) for den voldte tort og smerte og for annen
         krenking eller skade av ikke-økonomisk art”.

(19)     Oppreisinga har dels ein pønal karakter. Men o ppreisinga er ikkje minst grunna på at det
         skal givast ein kompenasjon – ei skadebot – for eit ikkje-økonomisk tap. Oppreising har

         også ein ideell funksjon i å uttrykkje sterk samfunnsmessig misnøye med den
         skadegjerande handlinga, jf. HR-2010-01742-A avsnitt 38. Det kan nok også vere andre
         omsyn som kjem inn. Eg går ikkje nærare inn på dette, og seier heller ikkje noko om kva
         vekt dei ulike omsyna vil ha reint allment.

(20)     Som det går fram av det partane har gjort gjeldande, er det ikkje omtvista at det er
         grunnlag for oppreising. Saka gjeld dermed utmålinga. Før eg går konkret inn på den, skal
         eg seie litt om det straffebodet som ligg til grunn for oppreisingsansvaret i saka og dernest
         om den handlemåten som utmålinga må byggje på.

(21)     Straffelova § 224 første ledd omfattar svært u like tilhøve som har det til felles at ein
         person blir utnytta ved utilbørleg åtferd. Etter bo kstav a er utnytting til prostitusjon eit
         alternativ, og det er det som er aktuelt i saka no. Men utnytting kan også skje til andre
         føremål, så som tvangsarbeid eller tvangstenester, medrekna tigging, til krigstenester i
         framande land og til fjerning av vedkomande sine organ. Det er såleis eit vidt spenn i dei

         handlingane som blir omfatta.

(22)     Straffelova § 224 andre ledd rammar på nærare vilkår den som legg tilhøva til rette for
         slik utnytting som er omhandla i første ledd.

(23)     Menneskehandel til utnytting til prostitusjon er eit stort og veksande problem. Ikkje minst
         er dette tilfelle som følgje av markerte økonomiske og sosiale forskjellar mellom land.
         Straffelova § 224 vart gitt ved lov 4. juli 2003 nr. 78, som hadde som bakgrunn norsk
         tilslutning til FNs konvensjon av 15. november 2000 om grenseoverskridande organisert
         kriminalitet og tilknytt protokoll om menneskehandel mv, jf. nærare i Rt. 2006 side 111.

         I den saka vart det uttala følgjande i avsnitt 47:

               ”Forarbeidene til straffeloven § 224 og § 60 a gir generelt uttrykk for at disse
               lovbruddene er alvorlige. Flertallet i Stortingets justiskomitØ uttalte således at ”[h]andel
               med mennesker er en kynisk utnyttelse av fattigdomsskapt sårbarhet som i første rekke
               rammer kvinner og barn” og at ”vi her snakker om en alvorlig form for profittmotivert                                                            4

                 og organisert kriminalitet som truer de mest grunnleggende prinsipper om menneskets
                 verdi”, jf. Innst.O.nr.118 (2002-2003) s. 9.”

(24)      Straffutmålinga i saka er endeleg avgjort gjennom lagmannsrettsdommen. Samla straff
          der vart fengsel i tre år og to månader. Det må kunne leggast til grunn at straffa for
          menneskehandel isolert sett ville ha vore rundt tre års fengsel. Den faktisk utmålte straffa

          er eit moment når oppreisinga skal fastsetjast.

(25)      Eg skal no gå over til å sjå på dei nærare omstenda ved det B er funnen skuldig i. Om

          dette heiter det i lagmannsrettsdommen:

                 ”I Italia måtte fornærmede gi fra seg passet til en for henne ukjent mann, og ble så
                 introdusert for tiltalte, som hadde reist fra Norge til Milano 04.03.2007. Av tiltalte ble
                 hun utstyrt med billetter og et annet pass – som verken inneholdt hennes bilde eller
                 riktige opplysninger for øvrig. Sammen med en tredj e kvinne reiste tiltalte og

                 fornærmede fra Milano med fly 06.03.2007, og ankom etter noen dager Y via
                 København, Gøteborg og Oslo.

                 Etter at fornærmede var kommet til Norge, måtte hun gi fra seg passet til tiltalte, og ble
                 fortalt at hun nå skyldte et meget betydelig pengebeløp for den hjelp hun hadde fått til å
                 gjennomføre reisen. Videre ga tiltalte instruks om at denne gjelden måtte betales med
                 kr 25.000 pr. uke. Tiltalte ordnet bolig for fornærmede sammen med seg selv og andre
                 … prostituerte, i alt på tre forskjellige adresser.

                 Fratatt sine papirer, i et på alle måter fremmed land, og helt uten reelle valgmuligheter,
                 fant fornærmede i den foreliggende situasjon ingen annen utvei enn å følge tiltaltes
                 tilskyndelse om å skaffe penger ved prostitusjon.

                 Fornærmede ble kort tid etter ankomst Y vist stedet hvor hun skulle gå for å finne
                 prostitusjonskunder. Med få og korte avbrudd solgte fornærmede deretter seksuelle
                 tjenester tilnærmet daglig i Y inntil hun ble pågrepet 08.10.2007. Foruten å bli oppsøkt
                 av kunder på gaten, besørget tiltalte også tatt nak enbilder m.v. av fornærmede som ble

                 lagt ut på internett-sider med nærmere kontaktdata.

                 Ved de tilfeller fornærmede ikke klarte å betale kr 25.000 pr. uke utsatte tiltalte henne
                 for slag mot kroppen ved hjelp av en kjepp eller stokk som medførte betydelig smerte og
                 bloduttredelser. Videre truet tiltalte fornærmede med at dersom hun ikke betalte
                 gjelden raskt nok ville fornærmedes familie i X bli informert om hva hun drev med og
                 bli utsatt for represalier. … ”

(26)      Domfellinga av B gjaldt både § 224 første ledd bokstav a og § 224 andre ledd bokstav a. I
          premissane i straffedommen har lagmannsretten summert opp det B vart funnen skuldig i,

          på følgjande vis:

                 ”Samlet sett er det således funnet bevist at tiltalte har utnyttet fornærmede til
                 prostitusjon gjennom både vold, trusler rettet mot fornærmede selv og hennes familie,
                 samt gjennom misbruk av fornærmedes sårbare situasjon etter at hun var ankommet
                 Norge, blitt fratatt reisedokumenter/identifikasjon, og var uten nevneverdige egne

                 midler, jfr. strl. § 224, 1. ledd bokstav a). Videre omfatter domfellelsen overtredelse av
                 strl. § 224, 2. ledd bokstav a), for så vidt tiltalte la til rette for den etterfølgende
                 utnyttelse ved å utstyre fornærmede med reisedokumenter og å ta henne med til Norge
                 under falske foregivender om hva oppholdet der ville innebære. Overtredelsen er grov
                 særlig på grunn av utbyttets størrelse som nevnt, j fr. strl. § 224, 4. ledd.”

(27)      Eg går så over til å sjå på utmålinga av oppreisinga. Som det går fram av det eg har sagt
          om innhaldet i straffelova § 224, gjeld denne paragrafen menneskehandel innanfor eit vidt
          spekter av handlingar. Det er ikkje etablert noka norm for nivået i desse sakene, heller                                                        5

         ikkje for visse typar av dei, og det er då etter mitt syn mest tenleg no å vurdere utmålinga
         konkret ut frå omstenda i saka. Det er behov for noko meir omfattande praksis før det
         eventuelt vil vere naturleg å fastsetje ei rettleiande norm for utmålinga i enkelte

         typetilfelle.

(28)     Tilhøvet i vår sak er graverande. Det er i str affedommen lagt til grunn at domfelte tok den
         krenkte med til Noreg med falske reisedokument og med falske påskot om kva føremålet
         skulle vere. Og i Noreg vart den krenkte hindra i å kome ut av prostitusjonen, gjennom
         ulike utilbørlege handlingar. Ho var åleine i eit f ramand land der ho ikkje kunne språket

         og var utan noka form for personlege dokument, ho vart mishandla og truga. Samtidig
         vart ho altså pressa til å skaffe seg inntekter gjennom prostitusjon. Dette varte i sju
         månader. Dei nærare omstenda går fram av det eg har sitert frå lagmannsrettsdommen.

(29)     Straffa for B kan som nemnt vurderast til fengsel i om lag tre år for det som gjaldt
         menneskehandel. Det er ikkje spesielt høgt samanlik na med det som i dag er nivået ved

         domfelling til dømes for valdtekt. Straffutmålinga i vår sak i seg sjølv kan ikkje grunne
         ein høgare sum i oppreising enn det som er tilfelle ved valdtekt, der det fram til no har
         vore oppstilt ei norm på 100 000 kroner, jf. Rt. 2003 side 1580 og Rt. 2008 side 50. Men
         som eg kjem til, er ikkje ei slik samanlikning nødv endigvis særleg treffande. Ein viktig
         skilnad er at krenkinga ved menneskehandel gjerne er meir langvarig.

(30)     Eit anna mogeleg samanlikningsgrunnlag kunne vere oppreisingsbeløpa i sak med
         langvarige overgrep mot mindreårige barn. Også slike overgrep vil kunne gå føre seg i
         årevis, og det er gjerne lite barna sjølve kan gjer e for å kome ut av situasjonen. For desse
         sakene er det inga fast norm, og det har i ei særleg alvorleg sak der straffa var sett til
         fengsel i ni år, vore fastsett beløp opp til 150 00 0 kroner og 300 000 kroner, sjå Rt. 2005

         side 1766. Men både tilhøva og beløpa vil nok her v ariere mykje.

(31)     Familievald er ei form for krenking som kan strekkje seg over svært lang tid. Men også
         her er det tale om så ulike situasjonar at det er vanskeleg å trekkje eintydige
         samanlikningar. Eg nemner likevel at det i Rt. 2007 side 1537 vart fastsett oppreising med

         60 000 kroner i ei sak der straffa var sett til fengsel i eitt år.

(32)     Menneskehandelen i vår sak er vurdert som grov av lagmannsretten, og det er uttala at
         dette særleg er på grunn av storleiken på utbytet. Som framheva i Rt. 2006 side 111
         avsnitt 50 har domfelte sine handlingar i slike saker viktige trekk til felles med
         økonomisk kriminalitet, som blir straffa strengt fo rdi oppdagingsrisikoen er avgrensa og

         fordi ein er på eit område der straffa må reknast å verke avskrekkande. Det som er sagt
         om straff, bør eit stykke på veg også gjelde opprei sing. Som eg var inne på, byggjer
         ordninga med oppreising dels på pønale synsmåtar.

(33)     Når eg skal gi uttrykk for kva eg meiner gjerningspersonen bør bere, finn eg ei viss støtte

         i praksis ikkje minst når det gjeld oppreisingsbelø pa ved seksuallovbrot og familievald.
         Men det er likevel slik at det er avgrensa kor langt parallellane rekk. Menneskehandel er,
         som uttrykket viser, ei svært total krenking. Krenkinga i vår sak var – som eg tidlegare
         har gjort utførleg greie for – langvarig og omfatta nde.

(34)     Etter dette er eg komen til at oppreisinga til A bør setjast til 150 000 kroner.

(35)     Eg røystar for slik                                                  6

                                               D O M :

        B betaler 150 000 – eitthundreogfemtitusen – kroner i oppreising til A innan 2 – to –
        veker frå forkynninga av denne dommen.

(36)    Dommer Bårdsen:                           Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med

                                                  førstvoterende.

(37)    Kst. dommer Sandberg:                     Likeså.

(38)    Dommer Normann:                           Likeså.

(39)    Dommer   Tjomsland:                       Likeså.

(40)    Etter røystinga sa Høgsterett slik

        Rett utskrift:      
                                    NOREGS HØGSTERETT

        Den 14. desember 2010 sa Høgsterett dom i

        HR-2010-02139-A, (sak nr. 2010/952), sivil sak, anke over dom,

        A                                         (advokat Rolf Knudsen – til prøve)

        mot

        B                                         (advokat Gunnar K. Hagen)

                                         R Ø Y S T I N G :