Hopp til innhold

HR-2011-1193-A

Fra Rettspraksis

Instans: Norges Høyesterett
Dato: 2011-06-14
Publisert: HR-2011-01193-A - Rt-2011-868
Stikkord:
Sammendrag:
Saksgang: HR-2011-01193-A, (sak nr. 2011/257), straffesak, anke over dom
Parter: :
Forfatter: Matheson, Noer, Falkanger
Lovhenvisninger: straffeloven § 202, straffelova § 202, straffeloven § 34, straffelova § 34

                                    NORGES HØYESTERETT

         Den 14. juni 2011 sa Høgsterett dom i

         HR-2011-01193-A, (sak nr. 2011/257), straffesak, anke over dom,

         A                                          (advokat John Christian Elden)

         mot

         Den offentlege påtalemakta                 (førstestatsadvokat La sse Qvigstad)

                                          R Ø Y S T I N G :

(1)      Dommar Utgård: Saka gjeld inndraging i eit tilfelle der den tiltala vart frifunnen for
         straff.

(2)      I tiltalevedtak av 25. mars 2008 frå Oslo statsadvokatembete vart A og ein medhjelpar

         sette under tiltale ved Oslo tingrett. Post I i tiltalevedtaket hadde slik ordlyd:

              ”Straffeloven § 202 første ledd bokstav b
              for å ha leid ut lokaler og forstått at lokalene skulle brukes til prostitusjon eller utvist
              grov uaktsomhet i så måte

              Grunnlag er følgende forhold eller medvirkning til dette:
              Gjelder begge:
              I perioden fra mai 2006 til oktober 2006 på flere steder i X, herunder Y, Z, ˘, Ø, ¯ og
              XX, som eier og bestyrer av bygårdene leide han ut rom til flere kvinner som drev
              prostitusjon i lokalene.”

(3)      Tiltalen mot A gjaldt også grovt trygdebedrageri og falsk forklaring ved søknaden om
         varig uførtrygd.                                                       2

(4)      Oslo tingrett sa 25. september 2009 dom, der A vart funnen skuldig etter tiltalen. I
         tilknyting til domfelling etter straffelova § 202 første ledd bokstav b vart han dømd til
         inndraging med 970 000 kroner. Også medhjelparen vart domfelt etter § 202 første ledd

         bokstav b. Overfor han var det ikkje kravd inndraging.

(5)      Begge dei domfelte anka til Borgarting lagmannsrett. Anken gjaldt ikkje domfellinga av
         A for grovt trygdebedrageri og dokumentfalsk. Under ankeforhandlinga endra aktor
         grunnlaget frå å gjelde tida frå mai 2006 til å gjelde tida frå 1. januar 2004.

         Lagmannsretten sa dom 6. desember 2010, der begge vart frifunne for post I i tiltalen.
         Den delen av domsslutninga som gjaldt denne posten i tiltalen og inndraging ut frå
         tilhøvet i den, hadde for A slik ordlyd:

               ” 1.     A, født 21. november 1954, frifinnes for over tredelse av straffeloven § 202
                        første ledd bokstav b.

                 …

                3.      I medhold av straffeloven § 34 inndras hos A, til fordel for statskassen, et
                        beløp på 1.300.000 – enmilliontrehundretusen – kron er.”

(6)      Det vart vidare utmålt straff for dei tilhøva s om var endeleg avgjorde ved

         tingrettsdommen. Mindretal i lagmannsretten, dels ein fagdommar og dels også to av
         meddommarane, dissenterte for delar av tiltalen, og meinte at A måtte domfellast på
         grunnlag av grov aktløyse.

(7)      Påtalemakta anka til Høgsterett. Anken overfor A gjaldt lovbruken, saksbehandlinga og

         straffutmålinga. A anka likeeins. Anken frå han gjaldt straffutmålinga, saksbehandlinga
         og dessutan bevisvurderinga og lovbruken under inndragingsspørsmålet. Anken frå A vart
         av ankeutvalet tillaten fremja for så vidt gjeld lovbruken under inndragingsspørsmålet.
         Elles vart ankane ikkje tillatne fremja, jf. HR-2011-598-U.

(8)      Eg går no over til å gjere greie for mitt syn på saka, og skal starte med å gi eit riss av
         bakgrunnen.

(9)      A kjøpte frå tidleg på 1990-talet opp ei rekkje bygardar i X med sikte på å leige ut
         leilegheiter. Dels vart eigedommane kjøpte personle g og dels var det tale om eigedommar

         tilhøyrande selskap der A kjøpte alle aksjane. Med verknad frå 1. januar 2006 skjedde det
         ei omdanning til aksjeselskap slik at kvar eigedom utgjorde eitt selskap og med A som
         eineaksjeeigar. I 2006 eigde A på dette viset ca. 16 bygardar i X, med i alt om lag 200
         leilegheiter. A har opplyst at han har drive ut frå det han omtalar som eit
         ”lågterskeltilbod”, der ein stor del av leigetakarane har vore sosialklientar og personar

         med rusproblem.

(10)     Tiltalen gjaldt utleige til bruk i prostitusjon i seks bygardar. Ved ein politiaksjon mot
         desse den 31. oktober 2006 vart det i 18 leilegheiter – av i alt 80–90 – påtreft 75 kvinner
         som politiet mistenkte for å vere prostituerte. Dei fleste av kvinnene opplyste å vere

         prostituerte, men forklarte gjennomgåande at prostitusjonen skjedde andre stader enn i
         leilegheitene, mellom anna ”på gata”.

(11)     I lagmannsrettsdommen er dei seks bygardane delte opp i grupper.                                                         3

(12)     For tre av bygardane – Y, XX og Ø – var det for lagmannsretten ikkje omstridt at det i
         2005–2006 flytta inn ei rekkje kvinner som viste seg å vere prostituerte, og at det då gjekk
         føre seg prostitusjon i leilegheitene i alle desse gardane. – Det må her nemnast at A

         overtok eigedommen i Ø først frå 7. april 2006.

(13)     Lagmannsretten kom til at A frå juni 2006 forsto at det gjekk føre seg prostitusjon i desse
         gardane, men kom til at han måtte frifinnast fordi han deretter hadde gjort det ”man med
         rimelighet kan forlange” for å stanse denne verksemda.

(14)     I to av dei andre bygardane vart det drive massasjestudio. I Z opna det i mai 2004 eit
         massasjestudio. For lagmannsretten var det ikkje omstridt at det i alle fall til ein viss grad
         hadde gått føre seg prostitusjon i lokala. Også i ¯ vart det lagt til grunn å ha skjedd
         prostitusjon. Det gjaldt for ein periode frå ein gong etter oktober 2004 og fram til januar

         2005, og det gjaldt i tida etter 1. januar 2006 og fram til politiaksjonen. For desse
         bygardane vart A frifunnen i lagmannsretten grunna manglande skuld.

(15)     Den sjette bygarden i tiltalen var ˘, og den g jaldt to leilegheiter. For den eine leilegheita
         fann lagmannsretten det ikkje bevist at det hadde skjedd prostitusjon. For den andre

         leilegheita – som vart leigd ut frå juli 2004 – kom lagmannsretten til at bruken til
         prostitusjon var bevist, men at skuldkravet ikkje var oppfylt.

(16)     Som det har gått fram av det eg ho har gjort greie for, jf. også domsslutninga hos
         lagmannsretten, vart A frifunnen for tiltalen for utleige til bruk i prostitusjon.

         Lagmannsretten kom til at det likevel var grunnlag for inndraging overfor han etter
         straffelova § 34, under tilvising til § 34 første l edd siste punktum der det heiter:

                ”Inndragning foretas selv om lovovertrederen ikke kan straffes fordi han … ikke utviste
                skyld.”

(17)     Lagmannsretten fann det, som eg har vist til, prova at det reint faktisk hadde skjedd

         prostitusjon i alle dei seks bygardane. Inndraginga vart som utgangspunkt vurdert slik for
         dei ulike gardane:

             -   Y for tida mai – juni 2006 : 40 000 kroner
             -   XX for tida august 2005 – juni 2006: 170 000 kroner

             -   Ø for tida mai – juni 2006: 8 000 kroner
             -   Z for tida mai 2004 – oktober 2006: 656 000 kroner
             -   ¯ for tida desember 2004 – januar 2005 og tida fe bruar – oktober 2006: 110 000
                 kroner
             -   ˘ fra høsten 2004 – oktober 2006 (to år): 216 000      kroner

(18)     Eg går så over til å sjå på det som er gjort gjeldande i anken. Innleiingsvis minner eg om
         at inndragingsreglane vart endra ved lov 11. juni 1999 nr. 39. Om føremålet med
         lovendringa heiter det i Ot.prp. nr. 8 (1998–1999) side 5:

                ” Hovedformålet er å gjøre reglene om inndragning a v vinning mer effektive, slik at
                vinning inndras i flere saker og i større omfang en n i dag. Regelverket bør innenfor de
                rammer som hensynet til rettssikkerheten setter, i størst mulig grad bidra til at
                lovbrytere ikke får beholde utbyttet av forbrytelser. Kriminalitet skal ikke lønne seg.”

(19)     Dette er eit viktig utgangspunkt når inndragingsreglane skal forståast.                                                        4

(20)     Straffebodet i § 202 første ledd bokstav b ret tar seg mot den som ”leier ut lokaler og
         forstår at lokalene skal brukes til prostitusjon eller utviser grov uaktsomhet i så måte”.

         Forsvararen har gjort gjeldande at det nettopp er det at ein utleigar forstår at det blir drive
         prostitusjon i lokala – eller handlar grovt aktlaust i så måte, som er gjort til eit strafflagt
         tilhøve. Når lagmannsretten kom til at A ikkje fors to at det vart drive prostitusjon i lokala,
         og det heller ikkje låg føre grov aktløyse i så måt e, vil det måtte innebere at det objektive
         gjerningsinnhaldet etter § 202 første ledd bokstav b ikkje var oppfylt.

(21)     Etter mitt syn kan dette ikkje føre fram. Sjøl v om formuleringa i føresegna kanskje er litt
         uvanleg, er det likevel skuldkravet som er teke inn. Såleis kunne føresegna vore delt i to,
         slik at ho ramma den som ”leier ut lokaler som skal brukes til prostitusjon” og som
         ”forstår det eller utviser grov uaktsomhet i så måte”. Slik eg ser det, kan det ikkje spele
         noka rolle om det subjektive står i straffebodet og ikkje elles i lova. Innhaldet kan ikkje
         vere forskjellig alt etter som føresegna er bygd op p.

(22)     Det er heller ikkje slik at utleige til nokon som driv prostitusjon er lovleg så lenge ikkje
         vedkomande huseigar ”forstår dette”. Objektivt sett er det eit ulovleg tilhøve frå bruken til
         prostitusjon tek til.

(23)     Spørsmålet er likevel om ei slik forståing gje r høvet til inndraging – som etter straffelova
         § 34 første ledd siste punktum altså kan skje også der det ikkje er utvist skuld – for
         omfattande. Det kan gjere det risikofylt å leige ut som eit ”lågterskeltilbod”. Også
         prostituerte skal ha ein stad å bu. Sjølv om eg ser at dette er eit argument med vekt, må
         dette etter mitt syn kome inn ved vurderinga av om inndraging i tilfelle vil vere klart
         urimeleg, jf. § 34 første ledd andre punktum.

(24)     Inndraginga er retta mot A personleg. I 2004 og 2005 var i det minste ein del av
         bygardane etter det opplyste i hans personlege eige. Så langt er det ikkje tvilsamt at
         utbytet ved handlingane tilfall han direkte, jf. ordlyden i straffelova § 34 fjerde ledd første
         punktum. Frå 1. januar 2006 var bygardane, som tidlegare omtala, lagde inn i

         aksjeselskap med ein eigedom i kvart selskap og med A som eineaksjeeigar. Også her må
         det leggjast til grunn at utbytet ved handlingane tilfall A direkte, jf. Rt. 1987 side 1194.
         Som påpeika der ”ville den økonomiske vinning som t ilfløt selskapet ved den straffbare
         virksomhet, måtte slå ut i den økonomiske verdi av hans eierinteresser”. Som det går fram
         av dette, er det ikkje tale om gjennomskjering slik ein til vanleg oppfattar dette omgrepet,
         men om inndraging av verdistiginga som ligg føre på eineaksjeeigaren sin hand. Dette

         synspunktet kjem inn ved spørsmålet om frådrag for skatt, som eg skal sjå på om litt.

(25)     Det er tale om ”utbytte” av ei strafflagd handling. Inndraginga gjeld leige som A fekk inn
         der lokala vart brukte til prostitusjon. At A kunne ha fått dei same inntekter av same
         storleik som dei inndraginga gjeld, ved utleige til andre, endrar ikkje dette.

(26)     Det er lagt til grunn at sjølve utmålinga av i nndraginga skjer ut frå det som er mest
         sannsynleg. Som det går fram av straffelova § 34 andre ledd tredje punktum er
         utgangspunktet nettopp om storleiken kan ”godtgjøre s”. Av same punktumet følgjer at
         alternativet er at retten fastset inndragingsbeløpe t etter skjønn.

(27)     Etter straffelova § 34 andre ledd andre punktum kjem utgifter ikkje til frådrag.
         Lagmannsretten har korrekt lagt til grunn bruttoinndraging.                                                         5

(28)     Forsvararen har gjort gjeldande at det skulle vore gjort frådrag for skatt. Dette spørsmålet
         synest ikkje å ha vore framme for dei tidlegare instansane. Tingretten fastsette ei

         bruttoinndraging, utan frådrag for skatt. Lagmannsretten omtalar skatt indirekte ved
         drøftinga av frådrag for renteutgifter mv. ved fast setjinga av utbytet, ved ei tilvising til
         Matningsdal og Bratholm, Straffeloven med kommentarer (2. utg. 2003) side 226–227 om
         frådrag for ilikna skatt og betalt skadebot.

(29)     I anken til Høgsterett er det gjort gjeldande at det skulle vore gjort frådrag for skatt, under
         tilvising til opplysningar om gjeldande skattesatsar.

(30)     I dei nemde sidene frå Matningsdal og Bratholm går det fram at det før lovendringa i
         1999 var fast praksis å gjere frådrag for ilikna skatt og betalt skadebot. Inn under ilikna

         skatt går også betalt skatt. Eg viser her vidare til Rt. 2008 side 897 avsnitt 43 der det er
         lagt til grunn at ”betalt eller ilignet skatt skal trekkes fra brutto utbytte”. Kva som er
         skattesatsane er såleis ikkje av interesse.

(31)     Frådragsrett for betalt eller ilikna skatt vil gjelde direkte for den perioden og dei

         bygardane der A var personleg eigar.

(32)     For aksjeselskapa er dette ei innfløkt vurderi ng. Først må det klargjerast om det er betalt
         eller ilikna skatt. Deretter er spørsmålet kva verk nad utleigeinntektene, omsynteke betalt
         eller ilikna skatt, har på verdien av selskapa på A si hand. At inndraging kan skje på dette

         viset, går fram av Rt. 1987 side 1194 der det heiter:

                ”I og med at retten har lagt til grunn at A i store deler av det tidsrom saken gjelder har
                sittet som eneaksjonær i selskapet, ville den økono miske vinning som tilfløt selskapet
                ved hans straffbare virksomhet, måtte slå ut i den økonomiske verdi av hans
                eierinteresser.”

(33)     Det er såleis tale om ei konstatering av kven ”utbyttet er tilfalt direkte ved handlingen” i
         straffelova § 34 fjerde ledd første punktum.

(34)     Det er heller ikkje for Høgsterett opplyst kva som er betalt eller ilikna i skatt eller kva

         som eventuelt var skatteposisjonane for selskapa i dei aktuelle åra. I anken er det berre
         vist til at frådrag må gjerast ut frå gjeldande skattesatsar.

(35)     Inndraging skal skje effektivt. I mangel av nærare opplysningar, vel eg å omsynta skatten
         ved skjønn. Ut frå ei samla skjønnsmessig vurdering set eg reduksjonen i inndraginga

         overfor A til 100 000 kroner.

(36)     Lagmannsretten inndrog 100 000 kroner som følg je av verdistiging på eigedommane i
         den tida leilegheiter vart nytta til prostitusjon, ut frå ei vurdering av kor stor del av den
         samla eigedomsmassen det var tale om. Aktor og forsvarar har vore einige om at det ikkje

         er grunnlag for slik inndraging. Under tilvising til det nøyer eg meg med å seie at eg ikkje
         kan sjå at det her er tale om utbyte ”av” dei strafflagde handlingane. Det må såleis også
         her gjerast eit frådrag med 100 000 kroner i inndraginga overfor A.

(37)     For Høgsterett er det gjort gjeldande at inndr agingsbeløpet bør setjast ned etter
         unntaksregelen i straffelova § 34 første ledd andre punktum om reduksjon ”i den grad                                                     6

         retten mener at inndragning vil være klart urimelig”. Dette var ikkje gjort gjeldande for
         lagmannsretten.

(38)     Etter mitt syn er det ikkje grunn til nedsetjing. Det er tale om ein profesjonell utleigar, og
         det har vore drive prostitusjon i mange eigedommar over eit ikkje heilt lite tidsrom. I
         høve til den samla verksemda for A er det heller ik kje tale om noko spesielt stort
         inndragingsbeløp.

(39)     Eg røystar etter dette for slik

                                                 D O M :

         I lagmannsrettsdommen, domsslutninga punkt 3, blir gjort den endringa at beløpet blir
         sett til 1 100 000 – einmillioneitthundretusen – kroner.

(40)     Dommer Matheson:                            Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med
                                                     førstvoterende.

(41)     Dommer Noer:                                Likeså.

(42)     Dommer Falkanger:                           Likeså.

(43)     Dommer Gjølstad:                            Likeså.

(44)     Etter røystinga sa Høgsterett slik

         Rett utskrift:      