HR-2014-1899-A
Utseende
| Instans: | Norges Høyesterett |
|---|---|
| Dato: | 2014-09-25 |
| Publisert: | HR-2014-01899-A - Rt-2014-892 |
| Stikkord: | |
| Sammendrag: | Spørsmålet er om det er grunn til å fråvike norma fordi to av dei etterlatne, foreldra til avlidne, bur i og heile tida har budd i eit lågkostland. |
| Saksgang: | HR-2014-01899-A, (sak nr. 2014/655), sivil sak, anke over dom |
| Parter: | : |
| Forfatter: | Ringnes, Bull |
| Lovhenvisninger: | straffeloven § 239, vegtrafikkloven § 31, straffeloven § 62, vegtrafikkloven § 33, straffeprosesslova § 435, skadeserstatningslova § 3-5, straffelova § 12, skadeserstatningslova § 5-2, valdsoffererstatningslova § 15 |
NOREGS HØGSTERETT
Den 25. september 2014 sa Høgsterett dom i
HR-2014-01899-A, (sak nr. 2014/655), sivil sak, anke over dom,
A (advokat Jørund Lægland – til prøve)
mot
B (advokat Per Ove Marthinsen – til prøve)
C
D
E
F
G
H
I (advokat John Christian Elden)
R Ø Y S T I N G :
(1) Dommar Utgård: Saka gjeld utmåling av oppreisingserstatning til etterlatne etter grovt
aktlaust drap.
(2) A køyrde 31. januar 2012 ein varebil sørover -----vegen i X kommune. Ved avkøyringa til
Y køyrde han på J som gjekk og trilla ein sykkel sørover langs vegen. J døydde straks av
skadane han hadde fått ved påkøyrselen. A stansa ikkje, og han kontakta politiet først to
dagar seinare.
(3) Påtalemakta reiste straffesak mot A ved Øvre Romerike tingrett, som 4. juni 2013 gav
dom med slik domsslutning:
"1. A, født 00.00.1972, dømmes for overtredelse av straffeloven § 239 første
straffalternativ, vegtrafikkloven § 31 første ledd, jf. § 3 og vegtrafikkloven
§ 31 første ledd, jf. § 12 første ledd første punktum, sammenholdt med 2
straffeloven § 62 første ledd, til fengsel i 120 – etthundreogtjue – dager. I
straffen fragår 5 – fem – dager for utholdt varetekt.
2. A fradømmes i medhold av vegtrafikkloven § 33 nr. 1 retten til å føre
førerkortpliktig motorvogn for alltid.
3. A dømmes til, innen 2 – to – uker fra dommens forkynnelse, å betale
oppreisning til
- B med 125 000 –etthundreogtjuefemtusen – kroner,
- C med 125 000 –etthundreogtjuefemtusen – kroner,
- D med 125 000 –etthundreogtjuefemtusen – kroner,
- E med 125 000 –etthundreogtjuefemtusen – kroner,
- F med 125 000 –etthundreogtjuefemtusen – kroner,
- G med 125 000 –etthundreogtjuefemtusen – kroner,
- H med 125 000 –etthundreogtjuefemtusen – kroner,
- I med 125 000 –etthundreogtjuefemtusen – kroner.
4. A frifinnes for kravet om sakskostnader."
(4) A anka dommen til Eidsivating lagmannsrett, som 14. februar 2014 gav dom der
domsslutninga lydde:
"1. I punkt 1 i tingrettens domsslutning gjøres den endring at straffen settes til
fengsel i 90 – nitti – dager.
2. Anken over tingrettens oppreisningsavgjørelse, jf. punkt 3 i tingrettens
domsslutning, forkastes."
(5) Lagmannsretten kom til at A hadde handla grovt aktlaust ved forgåinga.
(6) Dei åtte etterlatne som vart tilkjende oppreisingserstatning, var ektefellen, fem born og
begge foreldra. Som normbeløp vart lagt til grunn 125 000 kroner. Oppreisingsbeløpet
vart sett i samsvar med denne norma for alle etterlatne, også for foreldra som er busette i
eit lågkostland. Summen i oppreising vart ikkje redusert på grunn av storleiken på beløpet
samanhalde med den svake økonomien hos skadevaldaren, og ansvaret vart heller ikkje
lempa.
(7) A har anka til Høgsterett etter reglane i tvistelova over storleiken på oppreisingsbeløpet,
jf. straffeprosesslova § 435.
(8) Ankeparten – A – har særleg halde fram:
(9) Utgangspunktet – norma – for oppreisingserstatning ved aktlaust drap kan ikkje setjast så
høgt som til 125 000 kroner. I motsetning til det som gjeld for forsettleg drap og for
valdtekt, der det dei seinare åra har skjedd vesentlege endringar i synet på straffverdet
med monaleg auka straffenivå til følgje, har det ikkje skjedd slike endringar for aktlaust
drap. Norma for oppreisingserstatningar ved grovt aktlaust drap – som i 2006 vart sett til
75 000 kroner – bør derfor ikkje endrast i større grad enn endringa i konsumprisindeksen i
tida som har gått, til i underkant av 90 000 kroner.
(10) Norma kan fråvikast der det er særlege grunnar til det. Det må gjelde for avlidne sine
foreldre, som bur i Kenya, som er eit land med svært mykje lågare levekostnader og
brutto nasjonalprodukt enn hos oss. Fråvik bør også skje fordi A har låg inntekt og stor
forsytingsbyrde, og fordi samla oppreising til åtte personar då blir svært stor. 3
Reduksjonen kan skje ved avgjerda av kva erstatning som er rimeleg, eller den kan skje
ved bruk av reglane om lemping.
(11) A har sett fram slik påstand:
"Den fastsatte oppreisningserstatning reduseres."
(12) Ankemotpartane – B, C, D, E, F, G, H og I – har særleg halde fram:
(13) Normbeløpet for aktlaust drap er med rette auka frå 75 000 kroner i 2006 til no
125 000 kroner. Dette er i samsvar med endringa som er gjort for forsettleg drap, og
auken samsvarar også godt med utviklinga for grovt aktlaus valdtekt og forsettleg
valdtekt. Ei rein justering etter konsumprisindeksen fangar ikkje opp i seg den auka
vektlegging av offera sin situasjon som har skjedd dei siste åra.
(14) Norma må gjelde for alle grupper etterlatne. Prinsipielle omsyn talar mot å gi eit lågare
vern for familiemedlemmer som ikkje bur i Noreg. Det vil også vere praktisk vanskeleg å
skilje ut frå bustadland ettersom det i dag skjer stadige flyttingar.
(15) Norma bør haldast svært fast. Dårleg økonomi hos skadevaldar eller litt fleire etterlatne
enn det som ofte er tilfelle, kan ikkje vere grunn til fråvik av norma. Same grunnane
tilseier at det heller ikkje kan skje lemping i oppreisingsbeløpa.
(16) B og dei andre ankemotpartane har sett fram slik påstand:
"Anken forkastes."
(17) Eg går så over til å gjere greie for mitt syn på saka.
(18) Etter skadeserstatningslova § 3-5 andre ledd, jf. første ledd, kan den som forsettleg eller
grovt aktlaust har valda ein annan sin død, påleggjast å betale slik erstatning – oppreising
– som retten finn rimeleg, til ektefelle, barn eller foreldre til avlidne for valda tort og
smerte og for krenking eller skade av ikkje-økonomisk art. For Høgsterett er det ikkje
omtvista at A handla grovt aktlaust, og at vilkåra for å tilkjenne oppreising til dei
etterlatne er til stades. Tvisten i saka gjeld utmålinga av oppreisinga.
(19) I Rt. 1988 side 532 etablerte Høgsterett ei rettleiande norm etter skadeserstatningslova
§ 3-5 for oppreising til offera i saker med domfelling for forsettleg valdtekt. Ved dom i
Rt. 2001 side 274 vart det gjort ei tilsvarande normering for oppreising til etterlatne ved
forsettleg drap. For grovt aktlaust drap vart oppreisingsbeløpet normert i Rt. 2006 side 61,
og for grovt aktlaus valdtekt i Rt. 2006 side 961.
(20) Ved fastsetjinga av normbeløpet for grovt aktlaus valdtekt i Rt. 2006 side 961 vart det vist
til at nivået for slik handling burde stå i om lag same høve til nivået ved forsettleg
valdtekt, som høvet mellom nivåa for oppreisning for grovt aktlaust og forsettleg drap, sjå
avsnitt 18. Og i Rt. 2012 side 201 vart det uttala at det ikkje var "noen grunn til ikke å
foreta en parallell justering …" av oppreisingsbeløpet ved grovt aktlaus valdtekt etter at
oppreisingsbeløpet for forsettleg valdtekt var auka.
(21) Ved dommen i Rt. 2006 side 61 vart normsummen for grovt aktlaust drap sett til
75 000 kroner, som utgjorde 62,5 prosent av summen for forsettleg drap. Etter at 4
normsummen for forsettleg drap er auka til 200 000 kroner i Rt. 2010 side 1203, er det
etter mitt syn klart at det må skje ein auke av normsummen for grovt aktlaust drap.
Beløpet bør då setjast til 125 000 kroner, noko som inneber at høvet mellom nivåa for
grovt aktlaust drap og forsettleg drap blir det same som tidlegare.
(22) Når det blir fastsett ei slik norm, skal denne norma i utgangspunktet leggjast til grunn for
alle dei ulike gruppene av etterlatne som har krav på oppreising, jf. Rt. 2010 side 1203,
særleg avsnitta 43 og 44. Spørsmålet er om det er grunn til å fråvike norma fordi to av dei
etterlatne, foreldra til avlidne, bur i og heile tida har budd i eit lågkostland.
(23) Etter mitt syn er det ikkje grunn til fråviking av norma på dette grunnlaget. Eg ser dette
først og fremst i samanheng med synet på grunnlaget for oppreising. Sjølv om
kompensasjonselementet etter kvart har vorte viktigare enn tidlegare, er det framleis slik
at oppreising også har "en ideell funksjon, som uttrykk for sterk samfunnsmessig
misbilligelse", jf. Rt. 2011 side 769 avsnitt 21. Slik sett ville det kunne verke støytande
om bustadlandet for vedkomande skulle bli omsynteke. Lågkostland manglar gjerne også
nemnande sosiale støtteordningar, slik at behovet for kompensasjon derfor gjerne er større
for busette der enn for dei som bur i Noreg.
(24) Å leggje vekt på bustad for etterlatne, ville også valde avgrensingsproblem. Mange med
fast bustad i Noreg arbeider til dømes i eit anna land – som også kan vere eit lågkostland
– ei tid for så å kome attende hit. Andre bur her i nokre år, for så å reise attende til eit
lågkostland. Og ikkje minst er det mange som flyttar til eit lågkostland som pensjonistar,
varig eller for ei ikkje fastsett tid. Dette er berre døme på situasjonar som ville gjere det
vanskeleg å seie kva som i tilfelle skulle gi grunnlag for å gjere unntak frå norma på dette
grunnlaget. I tillegg til desse avgrensingsproblema, ville det også vere krevjande å
fastsetje kva land som skulle reknast som lågkostland, og korleis omrekninga skulle skje.
(25) Dommen i Rt. 2011 side 531 som er nemnd under forhandlingane, gjaldt lovval ved
avgjerd av oppreisingsansvar for handlingar som var gjorde av ein utlending i utlandet,
men straffeforfølgde i Noreg, jf. straffelova § 12 første ledd nr 4 bokstav a. Handlingane
fann der stad i eit anna land, og saka vart behandla i Noreg fordi vedkomande utlending
kom hit og vart norsk statsborgar. Utmålinga av oppreisinga var ikkje tema for avgjerda i
Høgsterett. Det er ikkje nødvendig for avgjerda av saka no å ta stilling til korleis
oppreisingsnivået i ei slik § 12-sak skal vurderast.
(26) Eg skal så sjå på spørsmåla om det skal ha noko å seie for utmålinga av oppreisinga at
skadevaldar har svak økonomi, og om det eventuelt bør lempast i ansvaret med grunnlag i
skadeserstatningslova § 5-2.
(27) Sjølv om saka no gjeld aktlaust drap, er spørsmålet om justering av oppreisingsbeløpet
generelt for alle typar saker der det er oppstilt ei norm. Allereie den første dommen som
etablerte norm for oppreisingserstatning, Rt. 1988 side 532, inneheld ei drøfting av
omsynet til skadevaldaren sin økonomi i høve til norma. Det er der vist til at det også i
desse sakene vil kunne vere rimeleg å sjå på skadevaldaren sin økonomi. Dernest heiter
det:
"Noe annet er, siden grunnlaget for betalingsplikten er en straffbar handling hvor
omstendighetene knyttet til selve krenkelsen vil være de dominerende, at disse hensyn
nok vil komme mer i bakgrunnen." 5
(28) I ei seinare sak i Rt. 1997 side 883 kom spørsmålet opp om lemping av
oppreisingsansvaret etter skadeserstatningslova § 5-2. Det vart då kort sagt at det var "lite
naturlig å foreta lempning i en utmålt oppreisning …".
(29) Når grunnlaget for oppreising er ei strafflagd handling, er det etter mitt syn lite naturleg å
setje erstatningsansvaret ned ved reduksjon i høve til normbeløpa eller ved lemping.
Normbeløpa må vere robuste i den leia at det skal særs mykje til for at omsynet til
skadevaldars betalingsevne skal spele inn ved utmålinga eller gi grunnlag for lemping.
Det vil også gjere at den tiltala sin økonomiske situasjon ikkje lett blir tema i straffesaka,
noko som ville vore uheldig også ut frå at personlege omstende hos dei etterlatne normalt
ikkje blir gjorde til gjenstand for vurdering eller bevisføring.
(30) Eg er merksam på at mange som blir domfelte i straffesaker, har svak betalingsevne. I
praksis vil derfor etterlatne med krav på oppeising ofte få dekning av krava sine gjennom
ordninga med valdsoffererstatning. Etter valdsoffererstatningslova § 15 går kravet mot
skadevaldaren i så fall over på staten. Etter same paragrafen kan statens krav ettergivast
heilt eller delvis "dersom utvist skyld, skadevolderens økonomi eller forholdene ellers
tilsier det".
(31) Etter mitt syn kan såleis ikkje den svake økonomien hos skadevaldaren, samanhalden med
at det er tale om oppreising til åtte skadelidne, gi grunnlag verken for fråviking av norma
eller for lemping av ansvaret i høve til dei etterlatne med oppreisingskrav i saka no.
(32) Anken må etter dette forkastast.
(33) Eg røystar for slik
D O M :
Anken blir forkasta.
(34) Dommer Tønder: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med
førstvoterende.
(35) Dommer Ringnes: Likeså.
(36) Dommer Bull: Likeså.
(37) Dommer Gjølstad: Likeså.
(38) Etter røystinga sa Høgsterett slik
D O M :
Anken blir forkasta.
Rett utskrift: