Hopp til innhold

LA-1992-317

Fra Rettspraksis


Instans: Agder lagmannsrett - Dom
Dato: 1993-03-29
Publisert: LA-1992-00317
Stikkord: Skatterett
Sammendrag:
Saksgang: Vest-Telemark heradsrett Nr.: 91-00076 - Agder lagmannsrett LA-1992-00317 A. Rettskraftig.
Parter: Ankepart: Gerd og Noralf Midthus, Åsgårdstrand. (Prosessfullmektig: Advokat Ole Lindseth, Oslo). Motpart: Kviteseid kommune. (Prosessfullmektig: Advokatfullmektig Tone Kleven, Skien).
Forfatter: 1. Lagdomar Asbjørn Nes Hansen, formann. 2. Lagdomar Gunnar Hanssen, 3. Ekstraord. lagdomar Anfinn Sunde med meddommere
Lovhenvisninger: Tvistemålsloven (1915) §172, §180


År 1993 den 2. mars blei lagmannsrett halde i Statens Hus, Skien, til førehaving av tvistemål for Telemark lagsokn.

År 1993 den 3. mars heldt førehavinga fram.

År 1993 den 29. mars vart rett sett på nytt på kontoret til Agder lagmannsrett i Skien med dei same domarane som tidlegare.

Etter rådlegging og røysting for stengde dører sa retten slik dom:

Saka gjeld skattelikninga av ekteparet Gerd og Noralf Midthus (heretter tildels berre kalla Midthus) for inntektsåret 1986.

Midthus hadde alle aksjane i St. Torpitz Drift A/S, som var eigar og drivar av Vrådal Turisthotell frå 1981. Ved kjøpekontrakt dagsett 5. august 1985 vart hotellet selt til Finstad-Gruppen A/S, som reint faktisk hadde overteke med verknad frå 15. januar same året. Ekteparet Midthus heldt fram som daglege leiarar på hotellet, som skulle drivast som rekreasjons- og feriestad for kreftpasientar og familiane deira. Det vart snart usemje mellom partane om drifta, og Midthus vart oppsagde i brev 14. februar 1986. I ei seinare avtale kom partane fram til eit økonomisk sluttoppgjer som dels galdt oppgjer i samband med hotellsalet og dels oppgjer i samband med avslutning av arbeidstilhøvet. To av postane i dette oppgjeret galdt tre personbilar som etter ordlyden skulle overførast frå Finstad-Gruppen til Gerd og Noralf Midthus. Ved likninga vart ekteparet Midthus skattlagde for fordelen ved overføringa av bilane. Likninga vart etter klage stadfest av overlikningsnemnda i møte 13. mai 1991. Skattytarane gjekk til sak for å få oppheva likninga, med di dei gjorde gjeldande at bilane måtte tilordnast St. Torpitz Drift A/S, som var godskriven den økonomiske verdien av overføringa. Det er på det reine at slik den økonomiske stoda var i dette selskapet, ville det ikkje verte nokon inntektsskatt på selskapet si hand. Vest-Telemark heradsrett sa dom i tvisten 30. desember 1991 med slik domsslutning:

"1. Kviteseid kommune frifinnes.

2. Gerd og Noralf Midthus dømmes til innen 2 - to - uker fra forkynnelsen av dommen til å betale i saksomkostninger til saksøker kr 18.600,- -attentusensekshundre-."

Den nærare faktiske bakgrunnen for saka, partsutsegnene for heradsretten og grunngjevinga for resultatet går fram av domen.

Gerd og Noralf Midthus, med advokat Ole Lindseth som prosessfullmektig, har anka domen til Agder lagmannsrett. Anken er oppgjeven å rette seg mot provsvurderinga til heradsretten. Kviteseid kommune, med advokatfullmektig, no advokat Tone Kleven som prosessfullmektig, har teke til motmæle og påstått domen stadfest. Det var ankeførehaving i Skien 2. og 3. mars 1993. Ved sidan av prosessfullmektigane møtte Noralf Midthus og likningssjef Borgar Kaasa og forklara seg. I tillegg var det forklaring av vitnet revisor Bjørn Klock, som med samtykke av retten var til stades under heile ankeførehavinga. Prosessfullmektigane dokumenterte ein del skriftlege prov, som vert nemnde nedanfor så langt det trengst for avgjerda. Saka står i same stode for lagmannsretten som for heradsretten.

Gerd og Noralf Midthus har for lagmannsretten i hovudsak halde fram det same som for heradsretten, slik det går fram av referatet av partsutsegnene i heradsrettsdomen. Dei har såleis hevda at posten på kr 1,8 mill. i kjøpekontrakten var ein del av kjøpesummen. Det var munnleg avtale mellom Noralf Midthus og Lasse Finstad om at hotellet skulle seljast for kr 12 mill. Men det viste seg at kjøparen hadde likviditetsproblem og difor måtte seljaren godta at kjøparen fekk utsetjing med den delen av kjøpesummen som ikkje vart avgjord ved gjeldsovertaking. Det er ikkje grunnlag for å kalle dette bonus, slik kjøparsida gjorde i ettertid. I kontakten mellom St. Torpitz Drift A/S, ekteparet Midthus og Finstad-Gruppen A/S har ein blanda saman rettssubjekta, slik at ei rekkje av dei framlagde dokumenta ikkje kan takast på ordet i dette stykket. Ved den siste avtala mellom partane var det berre ei utbetaling på kr 250.000 som skal tilordnast Midthus. Overlikningsnemnda har godteke at denne summen må reknast som skadebot for framtidig tap i samband med oppseiinga. Alle andre postar, medrekna dei tre bilane som saka her gjeld, hadde samanheng med den nemnde restkjøpesummen. Dei vart faktisk inntektsførde i St. Torpitz Drift og skal difor skattemessig tilordnast dette rettssubjektet. - Som eit sjølvstendig grunnlag for å oppheve likninga er det gjort gjeldande at overlikningsnemnda har gjort ein saksførehavingsfeil ved å leggje til grunn at skattytarane meinte verdien av bilane skulle tilordnast dei som skadebot for usakleg oppseiing. Midthus har sett fram slik påstand:

"1. Ligningen av Gerd og Noralf Midthus for inntektsåret 1986 oppheves. Ved ny ligning skal de ikke inntektsbeskattes for noen fordel i form av mottatte biler fra Finstad-Gruppen AS.

2. Kviteseid kommune dømmes til å betale sakens omkostninger for herredsretten og lagmannsretten."

Kviteseid kommune har og i hovudsak halde fram det same for lagmannsretten som for heradsretten, og ein viser til det som går fram av heradsrettsdomen. Kommunen har såleis halde fram at bakgrunnen for kontraktsvilkåret om kr 1,8 mill. var eit ynske frå kjøparen om å binde Midthus til drifta av hotellet. Finstad, som i mangt hadde idealistiske motiv for overtakinga, kjøpte eit vertskap med eit hotell kring og ikkje det motsette. Posten må reknast som ein bonus som skulle tilfalle Midthus, og har slik samanheng med at ekteparet stilte si arbeidskraft til rådvelde at fordelen måtte reknast å vere innvunnen ved arbeid i fall han hadde kome til utbetaling. Det seinare brevskiftet viser at nemninga "tillegg til kjøpesummen" i kontrakten vart nytta av formelle og skattemessige grunnar, noko båe partar kunne ha interesse av. Meininga var å yte eit økonomisk tilskot til Midthus. Det er tale om ein konstruksjon på grunn av interessefellesskapen mellom St. Torpitz Drift og Midthus, slik at det er grunnlag for gjennomskjering. Dei tre bilane kjem i same stilling som kontraktssummen på kr 1,8 mill og må tilordnast Midthus. Det går jamvel fram av ordlyden i den siste avtala at bilane skal gå til Midthus, ikkje til St. Torpitz Drift. Seinare disposisjonar over ein innvunnen fordel fritek ikkje for skatteplikt. Det har difor ikkje noko å seie at salssummen for bilane er inntektsførd i St. Torpitz Drift. Kommunen har sett fram slik påstand:

"1. Vest-Telemark herredsretts dom i sak nr. 91-0076 A stadfestes.

2. Gerd og Noralf Midthus dømmes til å betale sakens omkostninger for lagmannsretten."

Lagmannsretten har kome til eit anna resultat enn heradsretten.

Det som skal prøvast rettsleg, er vedtaket i overlikningsnemnda om at fordelen ved den vederlagsfrie overføringa av tre personbilar, verdsett til kr 460.000, skal tilordnast Gerd og Noralf Midthus som fordel vunnen ved arbeid. For lagmannsretten har kommunen halde fram at det avgjerande er dei faktiske opplysningane som låg føre for nemnda, og det er retten samd i. Men lagmannsretten kan vanskeleg sjå at dei utfyllande opplysningane som har kome fram i retten, vil ha noko avgjerande å seie for resultatet samanlikna med det som låg føre ved likningshandsaminga.

Det var ei formlaus avtale som førde fram til at FinstadGruppen A/S overtok drifta av Vrådal Turisthotell 15. januar 1985, utan å svare noko kontantvederlag til seljaren. Og retten må leggje til grunn at slett ikkje alle avtalevilkår var klårlagde på det tidspunktet, slik at rettshøvet mellom avtalepartane må ha vore noko flytande. I tida som fylgde, vart det klårt at hotelldrifta i 1984 hadde gått med eit monaleg underskot og at økonomien i St. Torpitz Drift A/S var langt veikare enn det som var rekna med. Då 1984-rekneskapen låg føre i mars-april 1985, viste den eit oppsamla underskot på kr 3 mill.

Etter provføringa legg retten til grunn at Noralf Midthus og Lasse Finstad opphavleg hadde vorte samde om at FinstadGruppen skulle gje kr 12 mill. for hotellet. Det gjev då rimeleg god samanheng at den endelege kjøpekontrakten, som fyrst kom i stand i august 1985, fastsette ein kontantsum på kr 1,8 mill. i tillegg til at kjøparen overtok ansvar for pantegjelda og noko anna gjeld. Samla ville salssummen for hotellet då vere kr 11-12 mill. Den nemnde summen vart i pkt. 5 i kjøpekontrakten kalla "tillegg til kjøpesummen" og skulle fyrst kome til utbetaling 15. januar 1990 med tillegg av renter, på det vilkåret at Midthus då framleis var daglege leiarar av hotellet.

Avtalevilkåret verkar uvanleg og kan ha fleire grunnar. Det har kome fram at Finstad-Gruppen hadde svært dårleg likviditet. Slik kjøpekontrakten vart utforma, slapp gruppa noka kontantbetaling til seljaren. Ved atterhaldet om at Midthus måtte halde fram på hotellet, oppnådde Finstad-Gruppen å binde vertskapet fastare til hotellet. Ut frå situasjonen på det tidspunktet, var det nok frå kjøparen si side ynskjeleg at Midthus stod for hotelldrifta. Ettersom Finstad skulle drive hotellet som eit rekreasjonstilbod til kreftpasientar, sette det særskilde krav til vertskapet.

Det dårlege økonomiske resultatet av hotelldrifta i 1984 har rimelegvis og verka inn på klimaet mellom avtalepartane, slik at kjøparen hadde eit motiv til å få utforma den endelege kjøpekontrakten meir til gagn for seg. Revisor Klock har som vitne i lagmannsretten hevda at det var kjøparsida som pressa gjennom avtalevilkåret om dei kr 1,8 mill. Då den skriftlege avtala kom i stand, hadde Finstad-Gruppen alt drive hotellet i vel eit halvt års tid, og for seljaren, St. Torpitz Drift, var den økonomiske stoda slik at konkurs var einaste utvegen i fall salet ikkje vart gjennomført.

Kommunen har gjort gjeldande at den nemnde summen må reknast som eit vederlag til Midthus i tilknyting til arbeidstilhøvet. Og på grunn av interessefellesskapen mellom St. Torpitz Drift A/S og Midthus som eineaksjonærar er det naturleg at det spørsmålet må reisast. Men som det går fram av merknadene ovanfor, meiner lagmannsretten det ut frå tilhøva på avtaletidspunktet har mest for seg å sjå posten som eit tillegg til kjøpesummen. I denne samanhengen har retten og lagt vekt på at det verkar lite truleg at Finstad-Gruppen var viljug til å betale heile kr 1,8 mill. i arbeidsvederlag til ekteparet. Dersom ein tek omsyn til at det skulle svarast renter av summen fram til oppgjerstidspunktet 15. januar 1990, ville det utgjere om lag kr 725.000 i året. I tillegg hadde ekteparet Midthus til saman kr 300.000 i årsløn og fri kost, fritt husvære og fri bil til kvar. Dersom ein ser bort frå rentene, ville det likevel ha tilsvara alt i alt om lag kr 900.000 i året. Ei godtgjersle på dette nivået verkar urealistisk i høve til lønsnivået for tilsvarande stillingar elles.

Det er dokumentert ein del brevskifte og møteprotokollar i tida mellom kjøpekontrakten og fram til brev 16. mai 1986 frå advokat Thomas Idsøe, som inneheld avtalevilkåra i samband med restoppgjeret ved hotellsalet og avslutninga av arbeidstilhøvet for Midthus. Desse dokumenta går dels på hotellsalet og dels på arbeidstilhøvet, men synest i liten grad skilje mellom dei to rettshøva. Rettssubjekta St. Torpitz Drift A/S og Gerd og Noralf Midthus er blanda saman, og det både av advokaten til desse og av dei som hadde med saka å gjere på vegner av Finstad-Gruppen. Ut frå den nære økonomiske tilknytinga mellom St. Torpitz Drift og Finstad er det lett å skjøne at det vart slik, men det er likevel påfallande at så profesjonelle aktørar ikkje makta å halde klårare liner. Det har ført til ein svært uklår situasjon med omsyn til dei skattemessige konsekvensane.

Overlikningsnemnda - og heradsretten - har lagt vekt på at ein del av formuleringane i dokumenta synest vise at posten i kjøpekontrakten i røynda var meint som eit økonomisk tilskot til Midthus, ein "bonus" som i kontrakten vart kalla eit tillegg til kjøpesummen. Lagmannsretten er komen til at ein ikkje kan leggje avgjerande vekt på desse formuleringane, som i hovudsak skriv seg frå advokaten til Finstad-Gruppen og er nytta i argumentasjonen mellom partane særleg etter at oppseiinga og brotet var eit faktum. Rettnok er nemninga bonus nytta så tidleg som i referat frå styremøte i Nye Vrådal Turisthotell A/S (stifta av Finstad-Gruppen) 18. eller 20. desember 1985, men det er då å nemne at Noralf Midthus sa frå om at han "for sitt vedkommende ikke har sett på saken som en bonus, men i realiteten et tillegg til en kjøpesum" (side 7 i ankeutdraget). Sett frå Finstad-Gruppen si side, ville det rimelegvis lettare kunne argumenterast for å redusere summen dersom den vart rekna som arbeidsvederlag.

Når det elles gjeld tingingane som førde fram til den endelege avtala, jf. det nemnde brevet frå 16. mai 1986, var det ymse oppgjersmåtar som var aktuelle. Det som går att, var at ein del av ytingane frå Finstad-Gruppen si side skulle skje i form av naturalia, som bilar og eit husvære i Oslo. Det er hevda frå ankepartane, og retten legg til grunn, at dette kom av den manglande likviditeten i Finstad-Gruppen. Men ettersom ein og dreiv i bilbransjen, kunne gruppa stille bilar til rådvelde.

Den avsluttande avtala skulle som nemnt omfatte både sluttoppgjer ved hotellsalet og avslutninga av arbeidstilhøvet for Midthus. Særleg på denne bakgrunnen verkar formuleringane lite gjennomtenkte med omsyn til kva rettshøve og rettssubjekt dei einskilde postane skulle gjelde. Det som gjer saka innfløkt, er at post 1 og 3 fastset at bilane skal gå til Midthus. Etter ei samla vurdering er lagmannsretten likevel komen til at post 1-4 må reknast å gjelde salet av hotellet og post 5 avslutninga av arbeidstilhøvet. Det siste er og lagt til grunn av overlikningsnemnda ved skattlegginga, og er elles ikkje ei sak for lagmannsretten. For ordens skuld legg ein til at heller ikkje den skattemessige vurderinga av post 2 og 4 er oppe til rettsleg prøving.

Lagmannsretten legg vekt på at kjøparen stod til rest med heile kontantsummen for hotellet og at det for Midthus på vegner av St. Torpitz Drift var viktig å få inn så mykje som råd av det ein meinte å ha til gode, i pengar eller på annan måte. På denne bakgrunnen verkar det meir naturleg at verdiane under post 1-4 skulle reknast som ein del av kjøpesummen for hotellet enn at dei skulle gjelde arbeidstilhøvet. Det kravet ekteparet Midthus hadde etter oppseiingane, lt til å ha fått si oppfylling - iallfall delvis - ved oppreisinga på kr 250.000 i post 5. Det kan vidare visast til at kjøpesummen i skøytet, som fyrst vart utferda 28. oktober 1986, lt til å ha inkludert summane under post 1-4 i sluttavtala, jf. brev 10. november 1986 frå advokat Idsøe.

Lagmannsretten har og lagt vekt på at den økonomiske verdien av dei tre bilane har gått direkte til St. Torpitz Drift. Bilane vart selde utan at Midthus fekk nokon fordel av dei og salssummane inntektsførde i selskapet til dekning av ein del av det oppsamla underskotet. No ville ikkje det hindre skatteplikt for Midthus dersom fordelen måtte reknast innvunnen på deira hender. Det retten her legg vekt på, er at desse disposisjonane som tolkingsmoment kastar ljos over kva som var føremålet med avtala. Ein kan heller ikkje i ei samla vurdering sjå at skattytarane ved sine disposisjonar har freista å omgå skattereglane. Det som står att, er manglande presisjon og samanblanding av rettssubjekt som har skapt ein uklår skattemessig situasjon.

Det er etter dette ikkje grunnlag for å tilordne Midthus fordelen ved overføringa av dei tre bilane. Likninga av Midthus for 1986 må opphevast så langt ektemakane er skattlagde for fordel i form av mottekne bilar frå FinstadGruppen A/S.

Anken har såleis ført fram. Ved avgjerda av sakskostnadsspørsmålet har retten delt seg i eit fleirtal og eit mindretal. Fleirtalet, dei tre juridiske domarane, meiner at saka, av grunnar som nemnt ovanfor, har bode på slik tvil at kvar av partane bør bere sine eigne kostnader for båe rettar, jf. tvistemålsloven §180 andre leden, jf. §172 andre leden. Mindretalet, dei to meddomarane, røystar for at kommunen vert pålagd å bere kostnadene til Midthus i samsvar med hovudregelen i tvistemålsloven §172 fyrste leden.

Domen er samrøystes, bortsett frå sakskostnadsavgjerda.

Slutning:

1. Likninga av Gerd og Noralf Midthus for inntektsåret 1986 vert oppheva. Ved ny likning skal dei ikkje inntektsskattleggjast for fordel i form av mottekne bilar frå Finstad-Gruppen A/S.

2. Kvar av partane ber sine sakskostnader for heradsretten og lagmannsretten.