LA-1992-949
| Instans: | Agder lagmannsrett - Dom |
|---|---|
| Dato: | 1993-08-18 |
| Publisert: | LA-1992-00949 |
| Stikkord: | Militærnekting |
| Sammendrag: | |
| Saksgang: | Setesdal herredsrett nr. 92-00132 - Agder lagmannsrett LA-1992-00949 A. Rettskraftig. |
| Parter: | Ankande part: A (Prosessfullmektig: Advokat Jørgen Bugge). Ankemotpart: Staten v/Justisdepartementet (Prosessfullmektig: Adv.fullmektig Ola Haugen). |
| Forfatter: | Lagdomar Asbjørn Nes Hansen, formann, lagdomar Åse Berg, sorenskrivar Jørn Ree |
| Lovhenvisninger: | Militærnekterloven (1965) §1, Grunnloven (1814) §109, LOV-1905-03-19-3, §8 |
Det vart sagt slik dom:
I sak som galdt spørsmålet om fritaking for militærteneste av overtydingsgrunnar sa Setesdal heradsrett dom 18. november 1992 med slik domsslutning:
"Vilkårene for å frita A født xx.xx.1971 for militærtjeneste i medhold av lov 19. mars 1905 nr. 3 er ikke til stede."
Heradsretten har openbert meint å vise til militærnektarlova frå 1965, og ikkje 1905, slik det står i domsslutninga. Dei nærare faktiske omstenda i saka, partsutsegnene for heradsretten og grunngjevinga for resultatet går fram av domen.
A, med advokat Jørgen Bugge som prosessfullmektig, har anka domen til Agder lagmannsrett. Anken rettar seg mot provsvurderinga og rettsbruken til heradsretten. Staten v/Justisdepartementet, med Regjeringsadvokaten v/advokat Hans Petter Graver som prosessfullmektig, har teke til motmæle. Seinare har advokatfullmektig Ola Haugen frå Regjeringsadvokaten overteke som prosessfullmektig for staten og møtt under ankeførehavinga. Det var ankeførehaving i Kristiansand 10. august 1993, der ankeparten og prosessfullmektigane møtte. Ankeparten og to vitne, dei same som for heradsretten, gav forklaring. Prosessfullmektigane dokumenterte ein del skriftlege prov som vert nemnde nedanfor så langt det trengst for avgjerda.
A har i hovudsak halde fram:
Kravet i militærnektarlova §1 til innhaldet av overtydinga er oppfylt i dette høvet. Det har klårt og eintydig kome fram at A set seg mot å ta liv, jamvel i ekstreme tilfelle. Prinsippet om at livet er ukrenkjeleg, er absolutt for han. Han har ei atterhaldslaus pasifistisk overtyding og er jamvel viljug til å gå i fengsel framfor å gjere militærteneste, om han ikkje får dom for fritak. Han kan heller ikkje tenkje seg å utføre ikkje-stridande funksjonar i ein militær organisasjon. Det er ikkje velferdsgrunnar som ligg til grunn for fritakssøknaden.
Overtydinga er så fast og sterk at dette vilkåret for fritak må reknast å vere oppfylt óg. A har vanskar med å gje ei rasjonell grunngjeving for standpunktet sitt. Men det inneber ikkje at overtydinga ikkje er alvorleg og velfundert nok. Og det skal ikkje kome han til skade at han ikkje har same evne som mange andre til å tenkje gjennom og ta standpunkt til hypotetiske situasjonar. Retten må ikkje setje krava til grunngjeving så høgt som i saker der den vernepliktige har akademisk utdaning. A må dømast ut frå utgangspunktet sitt. Han har lite utdaning utover grunnskulen og er ingen intellektuell som har ordet i si makt. Det må leggjast vekt på at han har vore konsekvent i haldninga si heile tida. Det er tale om ei alvorleg og djupt forankra overtyding som han har hatt i fleire år. Og han har ikkje freista seg på snarvegar, slik han kunne ha gjort ved å ha samrådd seg med ein eldre bror som tidlegare hadde søkt og fått imøtekome fritak for militærteneste.
A har sett fram slik påstand:
"A, født xx.xx.71 fritas for militærtjeneste i medhold av lov av 19. mars 65 nr. 3."
Staten har i hovudsak halde fram:
Domen i heradsretten er rett og må stadfestast. Føresegna om allmenn verneplikt i Grunnlova §109 er utgangspunktet for vurderinga etter militærnektarlova §1, som set svært strenge vilkår for fritak. Slik A har ordlagt seg i lagmannsretten, er truleg kravet i lova til innhaldet av overtydinga oppfylt. Det avgjerande vert om overtydinga er så fast og sterk at den vernepliktige difor kan fritakast for militærteneste. Det er berre når militærtenesta kjem i strid med verdiar som er fundamentale og heilt vesentlege for den vernepliktige at han kan fritakast. Og det må krevjast at han har tenkt gjennom sentrale spørsmål i emnet. Har den vernepliktige ikkje evne til gjennomtenking, ligg det ikkje føre ei alvorleg overtyding.
A har i lang tid vore aktiv i eit kristent miljø, som må ha stimulert til tenking og ordskifte. Han burde difor ha tolleg gode føresetnader for å målbere synet sitt, men har likevel berre gjeve ei usjølvstendig forklaring i retten utan ei rasjonell grunngjeving for haldninga si. Han har ikkje sett seg inn i andre konfliktløysingsmetodar, ikkje søkt til pasifistiske samskipnader eller engasjert seg mot våpenbruk. Han er ikkje orientert om internasjonale konfliktar. Og A har eit heilt ureflektert avvisande syn på våpenbruk i naudverjesituasjonar. Overtydinga hans kan ikkje reknast å vere så fast og sterk at ho fyller vilkåret for fritak.
Staten har sett fram slik påstand:
"Herredsrettens dom stadfestes."
Lagmannsretten har under tvil kome til at anken må føre fram. Vilkåra for fritaking går fram av §1 i militærnektarlova frå 19. mars 1965. Spørsmålet er om det er grunn til å gå ut frå at den vernepliktige ikkje kan gjere militærteneste av noko slag utan å kome i konflikt med si alvorlege overtyding. I utgangspunktet er det tilhøva på domstidspunktet som skal leggjast til grunn, likevel slik at skifte av standpunkt undervegs vil kunne ha noko å seie for avgjerda. Lova stiller opp to vilkår som båe må vere oppfylte dersom nokon skal fritakast. Den vernepliktige må ha ei overtyding med slikt innhald som nemnt i lova, og ho må vere så fast og sterk at det med rette er tale om ei alvorleg overtyding. I praksis vil vurderinga av desse to vilkåra - innhaldskravet og alvorskravet - gå over i einannan.
A har i lagmannsretten konsekvent og utan atterhald teke avstand frå våpenbruk i alle situasjonar, jamvel i naudverjetilfelle. Han meiner ut frå sitt kristne livssyn at det er gale å ta liv, og for han gjer det ingen skilnad om det er samfunnet som gjennom eit militært forsvar tek våpen i bruk for å forsvare land og folk. Han kan ikkje tenkje seg å nytte våpen sjølv og meiner det er gale at andre gjer det. Han har kristne kameratar som har avtent militær verneplikt, og har drøft spørsmålet med dei. Lagmannsretten må leggje til grunn at det som er nemnt i politiavhøyret, ankeutdraget side 9 fjerde avsnittet, om synet på det norske forsvaret, iallfall ikkje er dekkjande for det A meiner i dag. Han meiner det er gale å ha eit militært forsvar, men har ikkje tenkt gjennom kva alternativet skal vere.
Lagmannsretten kan vanskeleg sjå det annleis enn at A har målbore ei overtyding som reint innhaldsmessig fyller kravet til fritak etter militærnektarlova.
Det som skaper tvil i saka, er om denne overtydinga kan reknast å vere så fast og sterk at alvorskravet er oppfylt. A har i lagmannsretten hatt vanskar med å grunngje det avvisande synet på våpenbruk med anna enn at Bibelen set forbod mot å drepe. Han synest ikkje å ha tenkt gjennom om bruken av våpen kan tenkjast å stille seg ulikt alt etter kva situasjon det gjeld. I det heile synest han å vere lite oppteken av dei problemstillingane som ei pasifistisk grunnhaldning naturleg reiser. På den andre sida hadde han visstnok alt i konfirmasjonsalderen kome til at han ikkje ville gjere militærteneste og samtala med brør og kameratar om det. Han synest såleis i lang tid å ha hatt ei fast og konsekvent oppfatning om at han ikkje kan gjere teneste i eit militært forsvar, av di slik teneste for han kjem i strid med prinsippet om at livet er ukrenkjeleg.
Det er semje om at kravet til grunngjeving i nokon mon må avpassast etter dei intellektuelle føresetnadene til den vernepliktige. Når ein tek høgde for det, er lagmannsretten komen til at A har målbore ei slik alvorleg overtyding at vilkåret for fritaking i militærnektarlova er oppfylt. Slik lagmannsretten skjønar det, er det bodordet om ikkje å drepe som er det sentrale for A. Av dette dreg han den konsekvensen at all bruk av våpen mot menneske, såleis óg innanfor ramma av eit militært forsvar, kjem i strid med den kristne bodskapen. Etter omstenda kan det då ikkje krevjast meir av grunngjeving.
Lagmannsretten har ved vurderinga lagt vekt på at A frå han kom i kontakt med vernepliktstyresmaktene konsekvent synest å ha sagt frå om at han ikkje kan tenkje seg å gjere militærteneste. Det kan ha vore ei mistyding då han var på sesjon, men lagmannsretten legg til grunn at A oppfatta det slik at han kunne vente med fritaksspørsmålet til han kom på rekruttskulen. Det kan forklare at han let vere å krysse av i rubrikken for ynske om sivilteneste på spørjeblanketten. Ved frammøte på rekruttskulen tok han spørsmålet opp så snart det var høve til det. Det synest ikkje liggje velferdsgrunnar eller andre vikarierande motiv bak fritakssøknaden.
Lagmannsretten legg etter dette til grunn at A har ei slik alvorleg overtyding at han ikkje kan gjere militærteneste av noko slag utan å kome i konflikt med denne overtydinga. Vilkåra for å frita han for militærteneste av overtydingsgrunnar etter militærnektarlova §1 er dermed til stades og lagmannsretten gjev dom for det.
Staten ber kostnadene med saka etter militærnektarlova §8.
Domen er samrøystes.
Slutning:
Vilkåra for å frita A, født xx.xx.1971, for militærteneste etter §1 i lov 19. mars 1965 nr. 3 er til stades.