LA-1993-122
| Instans: | Agder lagmannsrett - Dom |
|---|---|
| Dato: | 1994-03-01 |
| Publisert: | LA-1993-00122 |
| Stikkord: | |
| Sammendrag: | |
| Saksgang: | Kristiansand byrett - Agder lagmannsrett LA-1993-00122. Anket til Høyesterett, anken nektet fremmet. HR-1994-00491. |
| Parter: | Ankende part: Severn Holding AS v/styrets formann (Prosessfullmektig: Advokat Knut Øslebø). Motpart: Kværner Engineering A/S v/styrets formann (Prosessfullmektig: Advokat Øystein Ore). |
| Forfatter: | 1. Lagdommer Asbjørn Nes Hansen 2. Lagdommer Erling Strand 3. Eks.ord. lagdommer Finn Elseth |
| Lovhenvisninger: | Tvistemålsloven (1915) §176, §180, Lov om vidners og sakkyndiges godtgjørelse (1916) §5 |
Kværner Engineering AS (Kværner) har kravt at Severn Holding AS (Severn) skal betala attende USD 375000 som Kværner overførde til Viking Offshore Drilling AS (VOD) den 12. februar 1990. VOD er eit dotterselskap av Severn. Bakgrunnen for innbetalinga var at Kværner skulle gå i samarbeid med Severn, VOD og malaysiske interessentar om kjøp og drift av ein oljeboringsrigg i Malaysia. I protokoll 23. februar 1990 tok Severn og VOD på seg eit solidarisk ansvar for at den nemnde summen vart betala inn som 15 % av aksjekapitalen i det selskapet som var under etablering for å overta kontrakten om bygging og levering av riggen. Ettersom den seinare utviklinga førde til at Kværner ikkje fekk nokon aksjepost i eit selskap som nemnt, gjekk Kværner til sak mot Severn for å få attende dei midlane som var betala. Kristiansand byrett sa dom i tvisten 12. november 1992 med slik domsslutning:
"1. Severen Holding A/S dømmes til innen 14 dager fra forkynnelse av denne dom å betale Kværner Engeneering A/S USD 375000,- med 18% rente fra 24. februar 1991 inntil betaling skjer.
2. Severen Holding dømmes til innen 14 dager fra forkynnelse av denne dom å betale Kværner Engeneering A/S kr 54180,- i saksomkostninger."
Dei faktiske omstenda i saka, partsutsegnene for byretten og grunngjevinga for resultatet går fram av den utførlege domen.
Severn Holding AS, med advokat Knut Øslebø som prosessfullmektig, har anka domen til Agder lagmannsrett. Kværner Engineering AS, med advokat Øystein Ore som prosessfullmektig, har teke til motmæle og påstått byrettsdomen stadfest. Det var ankeførehaving i Skien 16. og 17. februar 1994. Tore Hansen-Tangen, styreformann i Severn, møtte saman med prosessfullmektigen. For Kværner møtte Steinar Lynum, med skriftleg fullmakt, saman med prosessfullmektigen. Ved sidan av Hansen-Tangen og Lynum forklara Kristian Walentin, tidlegare direktør i Kværner, seg for retten. Prosessfullmektigane dokumenterte ei rekkje skriftlege prov. Saka står i hovudtrekk i same stode for lagmannsretten som for byretten. Når det gjeld den faktiske hendingsgangen, går denne fram av byrettsdomen og merknadene nedanfor.
Ankeparten har i hovudsak halde fram det same som for byretten. Det er såleis vist til at det fyrste avtaleverket, på grunnlag av joint venture-avtala frå 1. desember 1989, var i ferd med å verta oppheva då Kværner overførde USD 375000 til VOD den 12. februar 1990. Av di den malaysiske Fleet-gruppa som største deltakar var på veg ut, hadde ikkje Kværner eingong skrive under joint ventureavtala. Kværner hadde såleis betala ut pengar utan dekning i eit avtaleverk. Protokollen 23. februar 1990 kom i stand etter at konsernleiinga i Kværner hadde sett seg i mot at verksemda skulle vera med i prosjektet. Det som kom fram i protokollen, var eit diktat frå Kværners side. Opphavleg var det avtala at Kværner skulle betala USD 750000 i overpris for å koma med, og i tillegg eigenkapital. Og dei fyrst innbetala USD 375000 hadde gått med til å dekkja ymse utgifter i samband med prosjektet og skulle ikkje deponerast hjå Severn/VOD med sikte på innbetaling av aksjekapital, det visste Kværner. Likevel vart pkt. 1 formulert slik at desse pengane skulle reknast å gjelda aksjekapital. Det som var føremålet med protokollen, var likevel å sikra Kværner mot garantiansvar for meir enn 15 % av framandkapitalen, jf. pkt. 3.
Ankeparten gjer prinsipalt gjeldande som grunnlag for frifinningspåstanden at skyldnadene etter protokollen har falle bort ved dei avtalene som kom i stand 8. og 19. mars 1990. Partane la då alle tidlegare avtaler bak seg. Ved ei såkalla "Deed of Revocation" dagsett 8. mars mellom m.a. Kværner og Severn/VOD gav partane avkall på alle krav som reiste eller kunne reisa seg på grunnlag av joint ventureavtala frå 1. desember 1989. Og 8. mars kom det i stand ei ny avtale etter at det var klårlagt at det malaysiske selskapet United Engineers (Malaysia) Berhad (heretter UEM) skulle vera den nye samarbeidsparten i staden for Fleetgruppa. Denne avtala har Kværner, men ikkje UEM skrive under. UEM har likevel slutta seg til avtala ved å gjera ei etterfylgjande rammeavtale ("Memorandum of Understanding") med Severn den 19. mars 1990. Hovudsaka med den sistnemnde avtala var at ein fekk sikra fullfinansiering av riggen, og det var positivt for alle, Kværner medrekna. Kværner må reknast å ha godteke 19. mars-avtala og å ha lagt denne til grunn som gjeldande for seg og.
Innhaldet av det nye avtaleverket frå 8. og 19. mars viser og at ingen lenger skulle hefta ved skyldnader etter gamle avtaler. Og var det meininga at protokollen frå 23. februar framleis skulle gjelda, kunne Kværner og Severn ha teke atterhald om det. Men eit framlegg frå Kværner i så måte, jf. telefaks dagsett 5. mars og framlagd for lagmannsretten, vart avvist av Severn. Kværner hadde heller inga særleg interesse i å halda fast på protokollen. Selskapet skulle under alle omstende betala USD 375000 for å verta medeigar i det nye selskapet, og hadde etter pkt. 2.7 i 8. mars-avtala skyldnad til å betala den summen inn til selskapet - PetroPlus - eller til UEM. Og Kværner, som var oppteken av å knyta kontaktar og vinna innpass på marknaden i Søraust-Asia, var svært glad for at det solide og store selskapet UEM var kome med i samarbeidet.
Som eit subsidiært grunnlag gjer ankeparten gjeldande at avtalene frå mars 1990 sette Kværner i posisjon til å få hand om 15 % av aksjane i eigarselskapet PetroPlus, mot betaling av USD 375000, slik at det ikkje er grunnlag for noko krav mot Severn. Kværner var innforstått med at ei ny joint venture-avtale ikkje kunna koma i stand så raskt som innan 30 dagar, slik det var føresett i pkt. 2.1 i 8. mars-avtala. Kværner var med på det vidare samarbeidet om fullføringa av riggen, og var representert ved direktør Walentin i selskapet Petcon, som skulle vera driftsselskapet. Saman med ein annan av styremedlemene fekk Walentin i oktober 1990 jamvel i oppdrag å leggja fram eit endeleg utkast til joint ventureavtale.
Det kan og vera grunnlag for å rekna dei to avtalene frå 8. og 19. mars samla som nett den joint venture-avtala som partane har sikta til i pkt. 2 i protokollen frå 23. februar. Legg ein dette til grunn, har Kværner mishalde skyldnaden til å betala dei resterande USD 375000 til Severn/VOD og har ikkje noko å krevja. Og Kværner var med på avgjerda i Petconstyret 27. november 1990 om å kasta VOD som operatørselskap for riggen, slik at Severn/VOD var ute av laget. Det er elles påfallande at Kværner ikkje kravde Severn for pengane før etter lang tid, slik at passivitetssynsmåtar kjem inn. Og Kværner l t til å ha samarbeidd med UEM i ettertid for å freista å slå Severn konkurs. Mellom Severn og UEM er det skilsdomssak i Malaysia om oppgjeret for riggen, som UEM har overteke.
Ankeparten har for lagmannsretten sett fram slik påstand:
"Den ankende part frifinnes og tilkjennes saksomkostninger for begge instanser."
Ankemotparten, som held seg til byrettsdomen, har og i hovudsak halde fram det same som for byretten. Det vert såleis gjort gjeldande at protokollen frå 23. februar 1990 ikkje er endra eller bortfallen ved dei seinare avtalene. Severn har i pkt. 1 i protokollen teke på seg ein klår skyldnad - solidarisk ansvarleg med VOD - til som forvaltar eller formidlar å syta for at dei innbetala pengane vert nytta til å skaffa Kværner 15 % av aksjane i selskapet som skal eiga riggen.
Protokollen må lesast i samanheng med brevet som Severn sende 30. januar 1990 3 i ankeutdraget. Det var på grunnlag av dette brevet at Kværner overførde pengane 12. februar. På den tid protokollen kom i stand, var partane kjende med innhaldet av dei avtalene som seinare vart underskrivne i mars. Desse avtalene var naudsynte føresetnader for protokollen. Kværner hadde jamvel for sin part alt den 25. januar skrive under ei kanselleringsavtale ("Deed of Revocation") som refererte seg til joint ventureavtala med Fleet-gruppa frå 1. desember 1989. Det ville vera usannsynleg og meiningslaust om Kværner stutt tid etter protokollen frå 23. februar skulle gå frå denne, utan at noko elles var endra i mellomtida. I den nye avtala, som vart underskriven 8. mars, vart det ikkje vist til protokollen, av di det var ei intern sak mellom Kværner og Severn/VOD. Ettersom protokollen står ved lag, og Kværner ikkje har fått aksjar i eigarselskapet PetroPlus, må Severn vera ansvarleg for attendebetaling av pengane.
Av det nye avtaleverket frå 8. og 19. mars 1990, er den sistnemnde avtala ikkje underskriven av Kværner, som heller ikkje formelt har slutta seg til den. Men Kværner hadde ikkje merknader til innhaldet og ville ha skrive under dersom avtala hadde vore framlagd for godkjenning. Etter pkt. 11 i 19. mars-avtala låg det til Severn og UEM å syta for utarbeiding av ei ny joint venture-avtale innan 30 dagar. Men noka slik avtale kom aldri i stand. Det er rett at Kværner heldt fram med samarbeidet om riggen utover i 1990. Det samarbeidspartane då var opptekne av, var å få riggen ferdigstilt tidsnok til å setjast i drift på den laglege tida av året.
Mars-avtalene kan ikkje under noko omstende reknast som ei slik ny fullstendig joint venture-avtale som pkt. 2 i protokollen føreset. Kværner la stor vekt på at ei slik samarbeidsavtale var fullstendig og hadde ved sine juristar teke ein omfattande gjennomgang av den fyrste avtala frå 1. desember 1989. Ei jamføring mellom 1. desember-avtala og 8. mars-avtala viser klårt at sistnemnde avtale er mindre omfattande. Denne avtala går hovudsakleg på dei kommersielle rammevilkåra, men inneheld ikkje føresegner om samarbeidet. Før VOD vart oppsagt som operatør i november 1990, kom det såleis ikkje i stand eit slikt avtaleverk som februarprotokollen føresette. Og korkje kapitalutvidinga i PetroPlus eller dei påkravde selskapsrettslege endringane vart gjennomførde slik at Kværner kunne tildelast aksjar. Nokon skyldnad for Kværner til å betala dei resterande USD 375000, jf. pkt. 2 i februar-protokollen, har såleis ikkje kome opp.
Ankemotparten har sett fram slik påstand:
"Byrettens dom stadfestes, dog slik at ankemotparten også tilkjennes fulle saksomkostninger for lagmannsretten."
Lagmannsretten er komen til at anken ikkje kan føra fram. På avgjerande punkt kan lagmannsretten slutta seg til den utførlege grunngjevinga til byretten, som ein viser til. På bakgrunn av det som vart halde fram under ankeførehavinga, skal lagmannsretten elles nemna:
Hovudspørsmålet i saka er om den skyldnaden Severn tok på seg i pkt. 1 i protokollen frå 23. februar 1990, framleis står ved lag. Lagmannsretten kan ikkje sjå at dei etterfylgjande avtalene skulle føra til at protokollen fall bort. Ein legg vekt på at utkast til den avtala som seinare vart underskriven 8. mars, låg føre då protokollen kom i stand. Det hadde då vore kjent ei tid at UEM var på veg inn som samarbeidspart i staden for Fleet-gruppa. Kanselleringsavtala ("Deed of Revocation"), som og vart underskriven 8. mars, må både ut frå ordlyd og føremål reknast å avgrensa seg til det som hadde med joint venture-avtala frå 1. desember 1989 å gjera. Og ut frå det som låg føre 23. februar 1990, må det vera klårt at protokollen mellom Kværner og Severn/VOD nett ikkje kunne knyta seg til 1. desember-avtala. Det er i så måte karakteristisk at Kværner alt den 25. januar hadde sendt attende til Severn/VOD ei kanselleringsavtale i underskriven stand, som lagmannsretten må gå ut frå hadde same innhald som den kanselleringsavtala som vart underskriven av alle partar 8. mars. Det kan etter dette ikkje vera tvilsamt at den sistnemnde kanselleringsavtala ikkje sette ut or kraft protokollen frå 23. februar.
Det let heller ikkje til å ha skjedd noko i tidsromet mellom 23. februar og 8. mars som gjer det sannsynleg at Kværner skulle frigjera Severn/VOD frå skyldnadene etter protokollen. Utan at det har noko avgjerande å seia for saka, skal lagmannsretten nemna at innhaldet i protokollen - med omsyn til kva Kværner skulle betala for å koma med - synest stå i samsvar med det brevet Severn sende 30. januar, før Kværner betala. Situasjonen den 8. mars var framleis at Kværner hadde lagt ut USD 375000 utan å ha fått aksjane.
Heller ikkje kan lagmannsretten sjå at dei einskilde føresegnene i 8. mars-avtala må tolkast slik at protokollen mellom Kværner og Severn/VOD skulle falla bort. Det er særleg pkt. 2.7 i avtala som er trekt fram. Etter denne føresegna skal Kværner betala for aksjane beinveges til PetroPlus eller til UEM. Lagmannsretten kan ikkje sjå at dette kjem i motstrid med at Severn/VOD i høve til Kværner står inne for betalinga. Som nytt dokument for lagmannsretten er det lagt fram ein telefaks dagsett 5. mars 1990, der Kværner m.a. gjer framlegg om å ta inn eit punkt i avtala om det ansvaret Severn/VOD hadde teke på seg etter protokollen. Det har kome noko motstridande forklaringar om kvifor det ikkje kom med. Men ut frå det som elles ligg føre, kan lagmannsretten ikkje sjå at dette kan tolkast slik at Kværner løyste Severn/VOD frå ansvaret etter protokollen. I ei avtale som skulle gjelda alle samarbeidspartane, var det mindre naturleg å ta inn noko om det interne tilhøvet mellom Kværner og Severn/VOD. Og meinte Severn/VOD at ansvaret etter protokollen skulle falla bort, var dei sjølve nærast til å få dette klårlagt.
Lagmannsretten legg til grunn at Kværner i det etterfylgjande tidsromet baserte seg på dei to avtalene frå 8. og 19. mars 1990, jamvel om selskapet formelt ikkje var part i den siste. Ein viser til at Kværner engasjerte seg i fullføringa av riggen og gjekk inn med aksjekapital i selskapet Petcon, som skulle vera driftsselskapet. Men det kan ikkje vera særleg tvilsamt at avtaleverket frå mars ikkje kunne utgjera den fullstendige joint venture-avtala som det er vist til i pkt. 2 i protokollen frå 23. februar. Kværner la mykje vinn på å få ei omfattande avtale om samarbeid; det går og fram av pkt. 1.0 i rammeavtala ("Memorandum of Understanding") mellom Kværner og VOD frå 30. oktober 1989 i utdraget. Mars-avtalene er mindre omfattande og inneheld sjølve klåre føresetnader om ei ny joint venture-avtale. I pkt. 2.1 i 8. mars-avtala heiter det at det skal lagast ei joint ventureavtale "substantially in the form of" den fyrste avtala frå 1. desember 1989. Og i pkt. 11 i 19. mars-avtala er det føresett at partane i avtala "shall enter into a formal agreement to carry into full force and effect the transactions contemplated hereby".
Partane er usamde om kven som hadde ansvaret for å få fram utkast til endeleg joint venture-avtale. For lagmannsretten er det nok å visa til at ymse vanskar i samband med fullføringa av riggen synest å ha vore medverkande til at avtaleverket mellom samarbeidspartane ikkje kom på plass. Heller ikkje vart kapitalutvidinga i det som skulle vera eigarselskapet, PetroPlus, sett i verk, og det synest henga saman med tilhøve som UEM måtte svara for. På denne bakgrunnen var det ikkje grunnlag for innbetaling av aksjekapital etter pkt. 2.7 i 8. mars-avtala. Lagmannsretten kan etter dette ikkje sjå at Kværner var i ein slik posisjon at det var opp til selskapet sjølv å få hand om aksjar i PetroPlus. Slik stod saka då VOD vart vraka som operatør på styremøte i Petcon 27. november 1990, visstnok etter klage frå oljeselskapet som det var gjort avtale med. Etter dette fekk VOD slike økonomiske problem at dette selskapet ikkje kunne vera med i det vidare samarbeidet, som føresette ein eigarpart på VOD på opptil 25 %. Severn/VOD var etter dette heilt ute av stand til å skaffa Kværner eigarpart i PetroPlus. Og det er ikkje ført prov for at Kværner etter dette på eiga hand har kunna skaffa seg den føresette aksjeposten på vilkår som avtala.
Ettersom Severn/VOD i pkt. 1 i protokollen frå 23. februar 1990 har teke på seg eit solidarisk ansvar for innbetaling av aksjekapital i selskapet, må Severn då vera pliktig til å betala pengane attende til Kværner. Det er ikkje reist innvendingar isolert sett mot at Severn skal betala forseinkingsrente frå 24. februar 1991.
Anken har som nemnt ikkje ført fram og byrettsdomen vert stadfest, likevel slik at forseinkingsrenta skal reknast med 12 % p.a. frå 1. januar 1994 i samsvar med påstanden til ankemotparten. Ankeparten bør bera kostnadene til motparten for lagmannsretten i samsvar med hovudregelen i tvistemålsloven §180 første ledd, med di det ikkje ligg føre slike særlege omstende at ankeparten bør fritakast for kostnadsansvaret. Advokat Ore har sendt inn kostnadsoppgåve med eit salær på kr 74000. Lagmannsretten meiner salærkravet ligg over det som var naudsynt for å få saka "betryggende utført", jf. tvistemålsloven §176 første ledd, og set salæret til kr 50000. Ein viser til at ankeførehavinga, som tok to rettsdagar, i all hovudsak reiste dei same faktiske og rettslege spørsmål som for byretten, og at prosessfullmektigen var vel kjend med saka frå førehavinga i byretten. Det kan og nemnast at advokat Øslebø, som har protestert mot oppgåva, har kravt eit salær på kr 42000.
I kostnadsoppgåva er det oppført førebuing og reise for vitna Lynum, Walentin og Thor Heidahl (oppgjeven som vitne, men forklara seg ikkje) med i alt 32 timar til ein timesats av kr 800, samla kr 76800. Retten må forstå eit skriv frå Kværner dagsett 28. februar 1994 slik at vitna ikkje sjølve har hatt noko økonomisk tap t.d. i form av tapt arbeidsforteneste, og at timesatsen er basert på kva Kværner fakturerer kundane sine når dei tre utfører tenester. I røynda let det såleis til å vera tale om utgifter Kværner har hatt til eigne folk. Både Lynum, som møtte i retten for Kværner med fullmakt, og Heidahl er tilsette i Kværner, medan Walentin no er pensjonist etter å ha vore tilsett i selskapet tidlegare. Når ingen av dei tre vitna har hatt tapt arbeidsforteneste, ligg ikkje vilkåra for å krevja vitnegodtgjersle føre, jf. for så vidt lov 21. juli 1916 nr. 2 vitnegodtgjørelsesloven §5.
Dersom ein part har tapt arbeidsforteneste ved frammøte i retten, kan han ikkje krevja det dekt av motparten, og berre i særlege tilfelle kan det verta tale om å krevja godtgjersle for eige arbeid med saka, jf. Schei, Tvistemålsloven band I side 366-367 med tilvisingar til rettspraksis og lovførearbeid. Og når parten - som i dette tilfellet - er eit upersonleg rettssubjekt, må lønsutgifter eller tilsvarande utlegg til eigne tilsette koma i same stode. Kværner kan difor ikkje krevja dekning av slike utgifter i samband med at dei nemnde vitna har møtt under ankeførehavinga. Heller ikkje kan lagmannsretten sjå at desse har utført eit slikt arbeid med saka at den oppgjevne førebuinga kan krevjast dekt som sakskostnad. Ein viser her til at Kværner på vanleg måte har engasjert advokat som prosessfullmektig. Det arbeidet Kværners eigne folk har hatt med saka, let hovudsakleg til å ha vore gjennomgang av arkiva, slik at dei betre kunne minnast dei faktiske omstenda, og kan ikkje reknast å ha kome i staden for arbeidet til prosessfullmektigen.
Kravet på kr 76800 kan etter dette ikkje godtakast som naudsynt utgift etter tvistemålsloven §176. Dei andre postane i kostnadsoppgåva til advokat Ore, kopiering, transport og hotell, vert godtekne med kr 8407.
Lagmannsretten er samd i kostnadsavgjerda til byretten. Advokat Ore har i kostnadsoppgåva teke med kr 2520 i rettsgebyr for byretten. Denne posten var ikkje med i kostnadsoppgåva for byretten og vart ikkje teken med i kostnadsfastsetjinga. Det er openbert at gebyret skulle ha vore teke omsyn til, og lagmannsretten tek summen med i si kostnadsavgjerd.
Samla sakskostnader for båe rettar vert etter dette kr 115107.
Domen er samrøystes.
Domsslutning:
1. Domen i byretten, domsslutninga pkt. 1, vert stadfest, likevel slik at forseinkingsrenta skal vera 12 - tolv - prosent årleg frå 1. januar 1994.
2. I sakskostnader for byretten og lagmannsretten betalar Severn Holding AS v/styreformannen til Kværner Engineering AS v/styreformannen 115107 - eitthundreogfemtentuseneitthundreogsju - kroner innan 2 - to - veker etter at domen er forkynt.