Hopp til innhold

LA-1993-231

Fra Rettspraksis


Instans: Agder lagmannsrett - Dom
Dato: 1994-04-26
Publisert: LA-1993-00231
Stikkord: Tingsrett
Sammendrag:
Saksgang: Nedenes herredsrett - Agder lagmannsrett LA-1993-00231 A. Rettskraftig.
Parter: Ankepart: Erik Olsen (Prosessfullmektig: Advokat Ove Andersen), Motpartar: Tellef Aas Jørgensen, Solveig Krøgenes (Prosessfullmektig: Advokat Jostein Dalane).
Forfatter: 1. Lagdomar Asbjørn Nes Hansen, formann 2. Eks.ord. lagdomar Haakon Steen 3. Sorenskriver Harald Jølle
Lovhenvisninger: Hevdslova (1966) §8, Lov om bruksrettigheter (1874) §2, Tvistemålsloven (1915) §172, §176, §178, §180, Hevdslova (1966)


Saka gjeld spørsmålet om to fritidseigedomar på Øyna på Tromøy, no Arendal kommune, har rett til gangveg over ein tredje fritidseigedom - Strand, gnr. 224 bnr. 129 - som vert ått av Erik Olsen. Dei to eigedomane der eigarane gjer krav på vegrett, er Knubben, bnr. 12 - eigar Tellef Aas Jørgensen - og Sjøgløtt, bnr. 74 - eigar Solveig Krøgenes. Dei to sistnemnde gjekk i 1992 til sak mot Olsen - som hadde overteke Strand i 1991 - for å få dom for vegretten dei meiner å ha hevda.

Nedenes heradsrett sa dom i tvisten 14. desember 1992 med slik domsslutning:

"Eiendommene "Knubben", gnr. 224 bnr. 12, og "Sjøgløtt", gnr. 224 bnr. 74, begge i Arendal har rett til gangatkomstvei over eiendommen "Strand", gnr. 224 bnr. 129 i Arendal.

Erik Olsen dømmes til innen 14 - fjorten - dager å betale sakskostnader til Tellef Aas Jørgensen og Solveig Krøgenes med 39620 - trettinitusensekshundreogtjuekroner." Dei nærare faktiske omstenda i saka, partsutsegnene for heradsretten og grunngjevinga for resultatet går fram av domen.

Erik Olsen, med advokat Ove Andersen som ny prosessfullmektig for lagmannsretten, har anka heradsrettsdomen til Agder lagmannsrett. Anken rettar seg mot prov-vurderinga og rettsbruken til heradsretten. Tellef Aas Jørgensen og Solveig Krøgenes, båe med advokat Jostein Dalane som prosessfullmektig, har teke til motmæle og påstått domen stadfest. Det var ankeførehaving i Eydehavn 6.-8. april 1994, der Erik Olsen og Tellef Aas Jørgensen og ektemake Klara Jørgensen møtte saman med prosessfullmektigane og forklara seg. Solveig Krøgenes hadde sjukdomsforfall, og for henne møtte dottera Sylvi Krøgenes Ellefsen og forklara seg. I tillegg gav åtte vitne forklaring for retten. Saman med partar og prosessfullmektigar var retten på synfaring til dei eigedomane som saka gjeld. Prosessfullmektigane dokumenterte ein del skriftlege prov som vert nemnde nedanfor så langt det trengst for avgjerda.

Erik Olsen har i hovudsak halde fram:

Det har ikkje vore noka fast tilstelling (innretning) som har varsla om ein mogeleg vegrett. - At det har vore merke i lendet etter trakk, er ikkje nok. Og fellesbrønnen på noverande bnr. 134 har ikkje gjeve varsel om nokon vegbruk over Strand og opp "klomra" til terrenget ovanfor. - Frå brønnen var det naturleg å gå beint over "heia" og fram til eigedomane til ankemotpartane. Heller ikkje har den omstridde vegen vore "eneste Adkomst" eller "naudsynt veg" for Knubben og Sjøgløtt, jf. kravet i lov om bruksrettigheter frå 1874 §2 og hevdslova frå 1966 §8. Før Tromøy og Øyna fekk brusamband tidleg i 1960-åra, var sjøvegen den vanlege måten å koma til desse fritidseigedomane på. Og då var ikkje den omstridde vegen einaste tilkomst til eigedomane. Dessutan kunne eigarane av Knubben og Sjøgløtt velja to andre stigar som var likeverdige med den dei krev rett til no. Den omstridde tilkomsten var ikkje meir tenleg eller naturleg enn dei to andre vegane, men må ha vore ein snarveg som dei nytta når det høvde.

Den eine alternative tilkomsten tek av frå fellesstigen like ved brønnen på bnr. 134 og går over bnr. 130, som er ei ubygd tomt. Denne stigen går så inn på bnr. 51 og 218 nett slik den omstridde stigen gjer. Eigaren av bnr. 134 har ikkje innvendingar til at ankemotpartane går der, og bnr. 130 må reknast som utmark med allmenn rett til ferdsle. Dessutan har ankemotpartane høve til å koma til eigedomane sine ved å ta av frå fellesstigen noko lenger nordaust enn det fyrstnemnde alternativet - der viser det tydelege far etter ein opptrakka stig som går over bnr. 51. Ettersom både Knubben og Sjøgløtt er utskilde frå bnr. 4/5, er det naturleg at tomtene har tilkomsten sin over grunn som kjem frå bnr. 4/5, dvs. bnr. 51 og 218. - Eigedomen Strand er derimot utskild frå bnr. 2.

Konsekvensen av at vegbruken over Strand og opp "klomra" ikkje viser seg av ei fast tilstelling, og at vegen heller ikkje kan reknast som naudsynt veg for Knubben og Sjøgløtt, er at det etter nogjeldande hevdslov krevst 50 års hevdstid for rettsvinning. Og ei slik brukstid er det ikkje ført prov for.

Dersom retten skulle koma til at vegretten kan hevdast etter 20 år i dette høvet, vert det halde fram at det ikkje har vore ein eksklusiv og kontinuerleg bruk i hevdstid. Før Wilhelm Olsen etablerte seg på Strand i 1963-65, måtte arealet reknast som utmark der kven som helst hadde rett til å gå. Og utøving av ein allemannsrett gjev ikkje grunnlag for rettsvinning ved hevd. Ettersom sjøvegen var hovudtilkomst til hyttene tidlegare, er det heller ikkje tale om ein slik kontinuerleg bruk av den omstridde stigen at dette hevdsvilkåret er oppfylt.

Heller ikkje etter 1963-65, då Wilhelm Olsen bygde hytte, er det tale om ei kontinuerleg bruksutøving i hevdstid. Olsen sa frå om at han ikkje ville ha noka ferdsle over Strand, og Jørgensen og Krøgenes innretta seg etter det. Under alle omstende slutta dei med å nytta den omstridde vegen i 1978, då dei fekk løyve av eigaren av bnr. 134 til å gå over tomta hans frå brønnen ved fellesstigen og mot bnr. 130. Om det skulle vera så at Jørgensen og Krøgenes har nytta vegen opp "klomra" når Wilhelm Olsen ikkje var på hytta si og såleis ikkje kunne ta til motmæle, kan ikkje det gje grunnlag for hevd. - Jørgensen og Krøgenes må i ikkje liten mon ha nytta vegen frå fellesbrønnen og over "heia" som tilkomstveg. Og det har kome fram at dei som leigde hytte på bnr. 51/218, og som kunne hatt like stor nytte av snarvegen om "klomra", fekk påvist andre vegar.

Kravet om god tru som vilkår for rettsvinning ved hevd ligg heller ikkje føre. Dei reint subjektive førestellingane til hevdaren er ikkje avgjerande. Det er ikkje godtgjort kva som konkret skulle gje grunnlag for Jørgensen til å meina at han hadde ein særrett til å gå over Strand og opp "klomra". I så fall måtte han óg ha meint at han hadde særskild rett til å halda fram over bnr. 51 og 218 for å koma fram til hytta si, og det har det ikkje kome fram noko om. Jørgensen tok heller aldri opp spørsmålet om vegrett med eigaren av bnr. 2, som Strand høyrde til. Det omstendet at Wilhelm Olsen bygde hytta si som han gjorde, gav i seg sjølv eit varsel om at andre eigedomar ikkje hadde vegrett over Strand. Endå klårare varsel fekk Jørgensen og Krøgenes då Olsen bad dei gå ein annan veg. Ved vurderinga av om hevdarane var i aktsam god tru, må det óg takast omsyn til at den omstridde vegen ikkje verkar som ein naturleg tilkomst til Knubben og Sjøgløtt. Jørgensen og Krøgenes har ikkje påvist eit plausibelt grunnlag for den påståtte retten sin.

Det er ikkje grunnlag for rettsvinning ved bruk i alders tid.

Erik Olsen har for lagmannsretten sett fram slik påstand:

"1. Erik Olsen frifinnes for Tellef Aas Jørgensen og Solveig Krøgenes' krav om veirett over eiendommen gnr. 224, bnr. 129 i Arendal.

2. Erik Olsen tilkjennes saksomkostninger for herredsretten og for lagmannsretten."

Tellef Aas Jørgensen og Solveig Krøgenes har i hovudsak halde fram:

Det skal i denne omgangen avgjerast om ankemotpartane for sine eigedomar har rett til gangveg over Strand og opp den omtala "klomra". Etter at Erik Olsen har sett opp ny hytte på Strand, er det klårt at vegtraséen over tomta hans må leggjast om, men det er noko ein må koma attende til. Olsen har elles gått inn i situasjonen med opne augo. Han visste at ankemotpartane gjorde krav på vegrett før han kjøpte Strand.

Den omstridde vegen over Strand må reknast som "naudsynt veg" for Knubben og Sjøgløtt. Jamvel om det óg er høve til å koma til eigedomane sjøvegen, er ikkje det til hinder for hevd av vegrett over land, jf. RG-1992-30 på side 38, der det vert vist til lovførearbeida. Og det er tilhøva i dag som må vera avgjerande for vurderinga. Når det gjeld dei andre stigane som ankeparten har trekt fram, må det vera avgjerande at det ikkje ligg føre avtaler om rett for Jørgensen og Krøgenes til å nytta desse.

Vidare må den omstridde gangvegen reknast å ha vist seg i form av ei fast tilstelling - brønnen på bnr. 134. I eit dokument som Jørgensen sat med, men seinare er bortkome, gjekk det fram at den dåverande eigaren av Knubben kring 1905 hadde fått både brønnrett og vegrett, og det må ha vore etter avtale med eigaren av bnr. 2. Jamvel om denne vegretten galdt i samband med bruk av brønnen, må han kunna utvidast til å gjelda tilkomst til eigedomen. Når det gjeld Sjøgløtt, kan retten til å bruka denne brønnen vera hevda. Ut frå provføringa må det byggjast på at den vanlege brønnvegen gjekk om "klomra" og ikkje oppe på "heia" som ankemotparten hevdar.

Det er opplyst at Strand vart nytta til potetdyrking fram til 1939, eventuelt til 1935. På den tid Jørgensen kjøpte Knubben og tok til å nytta vegen om "klomra", måtte Strand framleis reknast å vera innmark. Jørgensen gjorde seg difor ein bruk av stigen som ikkje fylgde av nokon allemannsrett. Og under alle omstende har bruken overskride rammene for ein allemannsrett. Etter at Wilhelm Olsen hadde bygt på Strand, var det endå klårare at vegbruken var i strid med retten til eigaren. Jørgensen kan såleis visa til ein konsekvent bruk av denne vegen heilt frå han overtok Knubben i 1942. Medan han var i USA, vart vegen nytta av familien hans som var mykje på hytta. Krøgenes kan óg visa til ein vedvarande bruk attende til same tid, med di denne eigaren må kunna godskriva seg bruken til tidlegare eigar av Sjøgløtt. - Krøgenes fekk hand om Sjøgløtt i 1952, jamvel om tomta ikkje vart skyldsett før i 1962.

Det avgjerande for saka er likevel at eigarane av Knubben og Sjøgløtt har utøvd ein fast og kontinuerleg bruk frå byrjinga av 1960-åra og i minst 20 år frametter som stettar vilkåra for hevd. Ein vegrett må kunna hevdast når vegen vert nytta så ofte det trengst, jf. Brækhus/Hærem, Norsk tingsrett side 584. Det kan ikkje ha noko å seia om hevdarane frå tid til anna gjekk ein annan veg medan Wilhelm Olsen heldt til på hytta si. Den omstridde vegen har vore tilkomst til hyttene i hevdstid.

Ved vurderinga av kravet til god tru må det takast omsyn til kvalifikasjonane til hevdarane. Det no bortkomne dokumentet om brønnrett og vegrett var med på å gje Jørgensen grunnlag for å meina at han hadde vegrett opp "klomra". Dertil var dette den mest naturlege vegen å nytta. Det er ikkje ført prov for at Wilhelm Olsen nekta Jørgensen og Krøgenes å gå over Strand. Det var ferdsle av framande som Olsen reagerte på, og dette var fyrst mot slutten av eigartida hans, truleg i 1983. Når Jørgensen og Krøgenes stundom gjekk ein annan veg for å koma til hyttene sine, var dette berre for å visa omsyn overfor Olsen, og det bør ikkje føra til rettstap for dei. Hevdarane har vore i aktsam god tru gjennom heile hevdstida.

Dersom lagmannsretten skulle koma til at hevdstida er 50 år i dette tilfellet, vert det subsidiært halde fram at ei slik brukstid er oppfylt ved den kontinuerlege vegbruken som har vore frå minst 1942 både når det gjeld Knubben og Sjøgløtt. Atter subsidiært vert det gjort gjeldande at det for Knubben er vunne vegrett ved bruk i alders tid. Tellef Aas Jørgensen og Solveig Krøgenes har sett fram slik påstand:

"1. Herredsrettens dom stadfestes.

2. Ankemotpartene tilkjennes saksomkostninger for lagmannsretten, samt 15 % morarente p.a. av tilkjente saksomkostninger for herredsretten inntil 31. desember 93 og med 12 % morarente p.a. fra 01. januar 94 til betaling skjer."

Lagmannsretten har kome til at anken må føra fram.

For området - som høyrer under gnr. 224 i noverande Arendal kommune - ligg det føre ein stadfest reguleringsplan. Den fellesstigen som er omtala i saka og som er tilkomst til dei aktuelle eigedomane frå parkeringsplassen, er utlagd til friområde i planen. Det er opplyst at grunneigaren - eigaren av bnr. 2 - er innstilt på at ferdsla langs denne stigen ikkje må hindrast. Det synest såleis ikkje vera omstridd at ankemotpartane kan nytta denne fellesstigen, som óg går over eit hjørne av Strand-eigedomen. Det tvisten gjeld, er om dei har hevda rett til å ta av frå fellesstigen ved Strand, gå over denne eigedomen og halda fram opp den omtala "klomra", der terrenget stig i form av små avsatsar - "trappesteg" - i fjellet. - "Klomra" (ei klomber) er i Nynorskordboka definert som "fjellkluft, glyvre; trong og vanskeleg veg". Etter synfaringa er det klårt at ferdsla vidare går inn på eigedomen til Krøgenes, Sjøgløtt. For å koma fram til sin eigedom - Knubben - må Jørgensen halda fram over grunn som høyrer til bnr. 218 og 51.

Etter provføringa synest det nærliggjande å rekna med at den nemnde fellesstigen har kome opp i samband med utviklinga av området som hyttegrend. Den gamle stigen over Øyna, fram til fyrlyktene, gjekk noko lenger oppe i terrenget. Det har vore fast busetnad på Knubben frå kring hundreårsskiftet og fram til 1920-åra. Om det i denne tid utvikla seg nokon fast tilkomstveg fram til staden ved sidan av sjøvegen, er vanskeleg å seia. Truleg har folk gått der det har vore naturleg å ferdast, alt etter ver og føre. Knubben var den gong omgjeven av utmark på alle kantar på land. Og den gongen var nok sjøvegen hovudtilkomsten.

Då Tellef Aas Jørgensen i 1942 vart medeigar, seinare eineeigar av Knubben, var heller ikkje området vorte så privatisert at det var vanskar med å koma seg fram til hytta utan å koma retten til andre eigarar for nær. I den mon Jørgensen og familien hans tok seg fram til eigedomen ved å gå utover Øyna, har nok den omstridde vegen ofte vore nytta. Det verkar som ein grei snarveg, særleg for dei lettføtte. Men retten kan vanskeleg tru anna enn at folk óg har teke av frå fellesstigen attmed brønnen på noverande bnr. 134, og gått nordvestover knattane fram til Knubben. Dette er ein lettare framkomeleg veg, og det ikkje minst ved vasshenting i brønnen. Det som her er sagt om vegar og tilkomst fram til Knubben, må på tilsvarande måte gjelda for Krøgenes og tidlegare eigar av Sjøgløtt.

Det tidsromet som retten då i fyrste omgang må vurdera, er frå tidleg i 1940-åra og fram til byrjinga av 1960-åra. Det vil med andre ord seia tida før Tromøy - og Øyna - fekk brusamband, og før Wilhelm Olsen bygde seg hytte og tok i bruk Strand som fritidseigedom. Det må leggjast til grunn at i dette tidsromet var det sjøvegen som var den vanlegaste å nytta når folk skulle til Knubben og Sjøgløtt. Båe eigarane og familiane deira var busette på Saltrød, og hadde såleis grei veg over sjøen til Øyna. Alt av denne grunn er det tvilsamt om det var ein så omfattande bruk av tilkomst over land at det kunne gje grunnlag for rettsvinning ved hevd.

Når det gjeld denne tidbolken, er det likevel meir avgjerande for retten at Strand låg unytta etter at potetdyrkinga tok slutt i 1930-åra. Om arealet etter kvart måtte reknast som utmark med allmenn ferdslerett, treng retten ikkje gå inn på. Det må i alle tilfelle leggjast til grunn at eigaren av bnr. 2 - som arealet høyrde til - ikkje nekta nokon å gå eller halda til der. Det har kome fram at arealet i fleire år vart nytta til ballspel og leik for born til hyttefolket. Ein av hytteigarane har som vitne jamvel forklara at han i nokre år betala leige til eigaren av bnr. 2 for bruken av arealet til leikeplass. Så langt stigen over Strand og opp "klomra" har vore nytta som tilkomst til Knubben og Sjøgløtt, kan det såleis vanskeleg reknast som anna enn ein tolt bruk som ikkje gjev brukarane nokon rett.

Spørsmålet vert så om ankemotpartane frå byrjinga av 1960-åra og frametter har gjort ein slik bruk av den omstridde gangvegen at det kan gje grunnlag for rettsvinning ved hevd. Etter at Wilhelm Olsen, truleg i 1964-65, hadde bygt seg hytte på Strand, må det reknast med at det ikkje var nokon rett for kven som helst til å gå over eigedomen - bortsett frå når dei fylgde fellesstigen. For lagmannsretten er det ikkje heilt klårt korleis ankemotpartane bar seg åt dei fyrste åra etter at Olsen hadde etablert seg på Strand. Men etter kvart lét dei til å ha unngått å nytta vegen opp "klomra" til dei tider Olsen var på hytta si. Under alle omstende må det ha vore slik frå 1978, då både Jørgensen og Krøgenes tok opp med Odd Gustavsen - den nye eigaren av bnr. 134 - om dei kunne gå over tomta hans frå fellesbrønnen. Seinast på denne tid må det ha vore eit avbrot i bruksutøvinga som truleg i seg sjølv må føra til at ei mogeleg hevding stoggar. Ankemotpartane kunne ikkje hevda ein vegrett dersom dei berre nytta vegen når eigaren var fråverande og difor ikkje visste om bruken og hadde tilskunding til å gripa inn.

Ved sidan av at kravet til kontinuitet i bruksutøvinga ikkje lét til å vera oppfylt, kan lagmannsretten heller ikkje sjå at ankemotpartane kan ha vore i aktsam god tru om den påståtte retten sin. Det er på dette punktet dei sterkaste innvendingane gjer seg gjeldande mot at dei har hevda ein rett. Om innhaldet av kravet til god tru kan visast til Falkanger, Tingsrett (1993) side 239. Jamvel om kravet kan variera etter føresetnadene til hevdaren, er det spørsmål kva ein vanleg fornuftig person ville ha forstått. Provføringa etterlét inntrykk av at Jørgensen - og det same må gjelda Krøgenes - ikkje kan ha hatt eit gjennomtenkt grunnlag for den påståtte retten. Sentralt i oppfatninga til ankemotpartane lét til å vera at eigedomane deira må ha vegrett ein stad, og då må det vera der dei oftast har gått. Dokumentet som omtala brønnrett med tilhøyrande vegrett burde ha gjeve Jørgensen grunn til å spørja seg om tomta hans elles var sikra vegtilkomst, og på kva måte ein slik rett var komen i stand. Det har ikkje kome fram at ankemotpartane nokon gong tok opp spørsmålet om vegrett med eigaren av bnr. 2, som hadde vore rette vedkomande.

Dersom Jørgensen og Krøgenes meinte å ha ein særrett til å gå over Strand, er det påfallande at dei ikkje sa frå om det då Wilhelm Olsen bygde hytta si. Dei måtte vera klår over at bygginga kunne føra til konfliktsituasjonar i høve til vegretten, slik at det var særleg grunn til ei avklåring. - Gangtrafikken ville koma til å gå rett framanfor hytta til Olsen. Det kan vera menneskeleg forståeleg at dei veik unna for å gå i rettes med Olsen - som har vorte karakterisert som ein einstøing, men det hadde vore naturleg å ta saka opp dersom dei var overtydde om retten sin.

Det har kome motstridande forklaringar om det var slik at Wilhelm Olsen ved eit høve sette seg mot at Jørgensen nytta den omstridde gangvegen, eller om han berre reagerte på at andre nytta vegen. Same korleis det må henga saman, kan lagmannsretten vanskeleg sjå det annleis enn at Olsen med dette gav uttrykk for at han ikkje rekna med nokon rett for andre til å gå over tomta hans. Det vitnar ikkje om ei grunnfest overtyding hjå Jørgensen og Krøgenes at dei tok til å gå utanom Strand medan Olsen heldt seg på hytta si, og jamvel spurde eigaren av bnr. 134 om løyve til å gå over grunnen hans.

Kravet til god tru som grunnlag for hevd kan ikkje reknast å vera oppfylt, og lagmannsretten treng ikkje gå inn på kor lang hevdstid som måtte krevjast i dette tilfellet. Dei spørsmåla som partane har teke opp med omsyn til om bruken har vist seg av ei fast tilstelling og om vegen har vore naudsynt veg, er difor ikkje aktuelle å drøfta.

Det subsidiære grunnlaget om rettsvinning ved bruk i alders tid kan ikkje føra fram. På dette punktet må det vera nok å visa til merknadene ovanfor.

Saka gjev ikkje grunn for lagmannsretten til å koma nærare inn på dei andre gangvegtraséane som har vore framme i saka, og i kva mon ankemotpartane har rett til å nytta desse.

Anken har ført fram, og sakskostnadsspørsmålet vert regulert av tvistemålsloven §180 andre leden, jf. §172. I samsvar med hovudregelen i §172 fyrste leden bør ankemotpartane bera kostnadene til ankeparten for båe rettar. Saka har ikkje bode på slik tvil at det bør gjerast unntak frå hovudregelen. Advokat Andersen har gjeve inn kostnadsoppgåve for lagmannsretten på kr 65.302; av dette utgjer salæret kr 43000. - Det er opplyst at det ved salærutrekninga er teke omsyn til at parten har skift prosessfullmektig, slik at det ikkje er ført opp fullt salær. Prosessfullmektigen som ankeparten hadde for heradsretten, gav opp kostnadene til kr 54.327; av dette utgjorde salæret kr 45000. Ankeførehavinga tok 2 1/2 rettsdag, medan hovudførehavinga for heradsretten tok 2 rettsdagar. Saka har reist velkjende tingsrettslege problemstillingar som ikkje burde krevja omfattande førearbeid. Og med omsyn til faktum har saka ikkje vore så innfløkt at saksførebuinga burde vera særleg tidkrevjande for prosessfullmektigane. På denne bakgrunnen synest salærkrava både for heradsretten og lagmannsretten å vera i høgste laget. Retten set salæret for heradsretten til kr 30000 og for lagmannsretten til kr 35000, jf. tvistemålsloven §176 fyrste leden. Elles vert kostnadsoppgåvene godtekne. Etter dette vert sakskostnadene til ankeparten fastsette til kr 39327 for heradsretten og kr 57302 for lagmannsretten, i alt kr 96629. Dei to ankemotpartane bør svara for kvar sin halvpart av sakskostnadene til ankeparten, jf. tvistemålsloven §178 andre leden.

Domen er samrøystes.

Domsslutning:

1. Erik Olsen vert frifunnen for kravet frå Tellef Aas Jørgensen og Solveig Krøgenes om vegrett over eigedomen gnr. 224 bnr. 129 i Arendal.

2. I sakskostnader for heradsretten og lagmannsretten betalar Tellef Aas Jørgensen 48314,50 - førtiåttetusentrehundreogfjorten 50/100 - kroner og Solveig Krøgenes 48314,50 - førtiåttetusentrehundreogfjorten 50/100 - kroner til Erik Olsen innan 2 - to - veker etter at denne domen er forkynt.