Hopp til innhold

LA-1993-369

Fra Rettspraksis


Instans: Agder lagmannsrett - Dom
Dato: 1994-01-31
Publisert: LA-1993-00369
Stikkord:
Sammendrag:
Saksgang: Sand herredsrett - Agder lagmannsrett LA-1993-00369 A. Rettskraftig.
Parter: Ankende part: Grimstad kommune v/Ordføreren (Prosessfullmektig: Advokat Per Aasen). Ankemotpart: Vera AS v/styrets formann (Prosessfullmektig: H.r.advokat Helge Tofte).
Forfatter: 1. Lagdomar Trude Sæbø, formann 2. Lagdomar Asbjørn Nes Hansen 3. Eks.ord.lagdomar Haakon Askildsen
Lovhenvisninger: Avtaleloven (1918) §33, §36, Tvistemålsloven (1915) §180


Saka gjeld krav frå Vera AS mot Grimstad kommune om oppgjer for levering av røyrdelar i samband med utbetring av inntaksleidningen for Grimstad vannverk i Rorevannet. Firma Arne Olav Lund AS var hovudentreprenør ved legging av inntaksleidningen i 1982. Ankemotparten Vera AS var underentreprenør og stod for levering og samanskøyting (laminering) av plastrøyra som vart nytta til leidningen. Ferdigsynfaring av anlegget vart halde 30. september 1982 og garantisynfaring 9. oktober 1984. Kommunens folk oppdaga 24. august 1987 at det var brot på leidningen på 14 meters djup, i overgangen mellom to røyr. Det vart deretter teke kontakt med Vera AS, og Siv.ing. Tom R. Hansen & Co. vart engasjert som konsulent til å vurdera skaden og koma med framlegg til reparasjon.

Etter nærare kontakt mellom kommunen, Vera og konsulenten vart eit dykkarfirma engasjert til å utføra reparasjonsarbeidet, med delar leverte av Vera. Då det fyrste reparasjonsforsøket førde til eit nytt brot på leidningen, var det ytterlegare kontakt, mellom anna eit møte i Sandefjord 16. desember 1987, der ein kom fram til semje om korleis reparasjonen etter dette skulle utførast.

Grimstad kommune reiste seinare sak mot hovudentreprenøren Arne Olav Lund AS med krav om at denne skulle betala kostnadene med reparasjonen. Vera AS var ikkje part i denne saka. Ved rettskraftig dom i Agder lagmannsrett 11. desember 1992 vart hovudentreprenøren frifunnen. Lagmannsretten kom til at brota måtte reknast å koma av feil og/eller manglar ved lamineringsarbeida som kunne førast attende til Vera AS, utan å ta stode til den konkrete årsaka. Men ettersom det ikkje var vist grov aktløyse, slik fleirtalet i lagmannsretten såg det, kunne hovudentreprenøren ikkje koma i ansvar overfor byggherren. Grov aktløyse var eit vilkår for ansvar etter at garantitida var ute, jf. NS 3401 pkt. 25.9, som galdt i kontraktshøvet mellom kommunen og Arne Olav Lund AS.

Den ankesaka som no er føre for lagmannsretten, gjeld eit krav frå Vera AS på kr 131472 med tillegg av renter og refererer seg til materiellet som firmaet leverte ved det andre og avsluttande reparasjonsarbeidet. Rekninga for leveransen til det fyrste reparasjonsforsøket er heller ikkje betala, men det kravet er forelda. Då saka var føre i heradsretten, gjorde kommunen i motsøksmål gjeldande eit krav mot Vera AS om dekning av dei utgiftene kommunen hadde hatt i samband med reparasjonsarbeidet, kr 333393. Sand heradsrett sa dom i båe søksmåla 17. februar 1993. Kravet frå kommunen førde ikkje fram, med di retten bygde på at kravet var forelda. Domen i motsøksmålet er rettskraftig. I hovudsøksmålet - kravet frå Vera mot kommunen - lyder domsslutninga slik:

"I Hovedsøksmålet

1. Grimstad kommune dømmes til å betale til Vera A/S - innen 14 - fjorten - dager kr 131472,- kroneretthundreogtrettientusenfirehundreogsyttito 00/100 med tillegg av 18 - atten - prosent rente fra 29. mai 1988 og til betaling skjer.

2. Grimstad kommune dømmes til - innen 14 dager - fjorten dager - å betale sakens omkostninger med kr 15000,- til Vera A/S.

II Motsøksmålet

1. Vera A/S frifinnes.

2. Grimstad kommune dømmes til - innen 14 dager - å betale sakens omkostninger med kr 10300,- til Vera A/S."

Dei nærare faktiske omstenda i saka, partsutsegnene for heradsretten og grunngjevinga for resultatet går fram av domen.

Grimstad kommune v/ordføraren, med advokat Per Aasen som prosessfullmektig, har anka domen i hovudsøksmålet til Agder lagmannsrett. Anken rettar seg både mot prov-vurderinga og rettsbruken til heradsretten. Vera AS v/styreformannen, med advokat Helge Tofte som prosessfullmektig, har teke til motmæle og påstått domen stadfest. Det var ankeførehaving i Arendal 13. januar 1994, der driftssjef Børge Thorsen møtte for ankeparten og adm. dir. Arne Langsethagen for ankemotparten saman med prosessfullmektigane. Ved sidan av Thorsen og Langsethagen forklara eit vitne seg for retten. Prosessfullmektigane dokumenterte ein del skriftlege prov som vert nemnde nedanfor så langt det trengst for avgjerda.

Ankeparten har i hovudsak halde fram:

Det er rett at kommunen har bestilt delar frå Vera AS i samband med reparasjonen, men det var under føresetnad av at partane kom attende til spørsmålet om kostnadsfordeling. For å sikra kvaliteten på vassforsyninga, kunne ikkje reparasjonen utsetjast. Vera AS har både i ord og handling til fullnads godteke føresetnaden om å drøfta kostnadsfordelinga seinare. Dei fakturaene Vera AS sende for leveransane, vart straks returnerte av kommunen, utan at firmaet reagerte på det. Og det vart ikkje purra på betaling før heradsretten i februar 1991 hadde sagt dom i tvisten mellom kommunen og hovudentreprenøren. Grunnen til at Vera AS let saka driva, må ha vore at selskapet var i uvisse om den rettslege situasjonen med omsyn til skadeårsak og ansvar. Årsakstilhøvet vart fastlagt ved lagmannsrettsdomen frå desember 1992. Det viste seg då at dei føresetnadene Vera AS hadde om mogelege skadeårsaker, ikkje heldt.

Ved avgjerda av saka må det takast omsyn til at den tekniske løysinga som Vera AS initierte, innebar monalege meirkostnader. Kommunen godtok denne løysinga, av di ein rekna med at Vera AS skulle betala for den.

Det vert prinsipalt gjort gjeldande at partane har avtala at kostnadene skulle fordelast når årsakstilhøvet var fastslege. Det vert då spørsmål om å nytta vanlege tolkingsprinsipp på denne avtala. Ho må forståast slik at Vera AS har bunde seg til å dekkja ein del av kostnadene utan omsyn til om selskapet var rettsleg ansvarleg, dersom det viste seg at skaden kunne førast attende til selskapet. Og det er nett dette som er slege fast i den rettskraftige lagmannsrettsdomen. Ei kostnadsfordeling må i det minste innebera at Vera AS sjølv ber kostnadene med dei delane firmaet har levert.

Subsidiært må ei avtaleplikt for kommunen til å betala for leveransen, setjast til sides etter avtaleloven §33. Det må reknast med at Vera AS sine folk alt på avtaletidspunktet visste at skaden på inntaksleidningen kunne førast attende til selskapet. Og då ville det vera i strid med "redelighet eller god tro" å gjera gjeldande ei avtale som innebar at kommunen måtte betala for delane til reparasjonen. Det må og vera grunnlag for å setja avtala til sides etter avtaleloven §36. Det ville vera støytande om Vera AS kunne krevja betaling for eigne feil.

Ankeparten har sett fram slik påstand:

"1. Grimstad kommune frifinnes.

2. Grimstad kommune tilkjennes saksomkostninger for begge retter."

Ankemotparten har i hovudsak halde fram:

Domen i heradsretten er korrekt og må stadfestast. Utgangspunktet er at kommunen har bestilt ei vare som Vera AS har levert. Kommunen pliktar då å gjera opp for røyrdelane, om ikkje partane har avtala noko anna. Men partane var berre samde om at dei skulle koma attende til kostnadsfordelinga seinare. Dei skauv spørsmålet framfor seg, av di ansvarstilhøvet med omsyn til skaden var uklårt. Meinte kommunen å ha fått nokon lovnad av Vera AS, burde det ha kome fram på møtet 11. oktober 1988. I staden gjekk kommunen på hovudentreprenøren og kravde dekning av han for alle utgiftene til reparasjonen, jamvel for fakturane frå Vera AS.

Den kontakt som seinare var mellom partane, viser at kommunen kravde at Vera skulle bera alle kostnadene. Det kom ikkje til reelle forhandlingar om ei kostnadsfordeling, av di kommunen ikkje ville betala noko. Vera AS var ikkje uviljug til ei ordning, men det stranda på kommunen. Når stoda er den at partane ikkje har kome fram til ei avtale om kostnadsfordeling, må saka løysast etter vanlege reglar om oppgjer i kontraktshøve. Og då er det klårt at kommunen pliktar å gjera opp for seg.

Det einaste grunnlaget som kunne tenkjast å ha noko for seg, var å krevja skadebot etter reglane om springande regress, men det er avskore etter NS 3401, og ville elles ikkje ha ført fram i noko fall. I tilhøvet mellom Arne Olav Lund AS og Vera AS gjeld dei same avgrensingar i ansvaret som i hovudentreprisen. Det kommunen eigentleg synest å meina, er at det er urimeleg å betala for reparasjonskostnader som kjem av feil frå entreprenøren si side. Men regelen i NS 3401 pkt. 25.9 fører til at byggherren må betala for reparasjonar når garantitida er ute, same kvar han rekvirerer hjelp frå.

Dei subsidiære tilvisingane til avtaleloven §33 og §36 er i røynda eit åtak på regelen i NS 3401 pkt. 25.9.

Ankemotparten har sett fram slik påstand:

"1. Herredsrettens dom stadfestes.

2. Vera A/S tilkjennes saksomkostninger for lagmannsretten."

Lagmannsretten har kome til same resultatet som heradsretten.

Kommunen har halde fram at ein vende seg til Vera AS etter at skaden var konstatert sidan dette selskapet hadde utført samanskøytinga av røyra og hadde "spisskompetansen" på området, og av di kommunen meinte skaden kunne førast attende til den måten selskapet hadde utført arbeidet på. Det er på reine at Vera AS stilte seg imøtekomande til kommunen med rådgjeving og drøfting av korleis skaden skulle utbetrast. Det er likevel ikkje tvilsamt at kommunen var den formelle oppdragsgjevaren for konsulentfirmaet og dykkarfirmaet som vart engasjerte. Ved levering av delar til det fyrste reparasjonsforsøket gav Vera AS kommunen ein rabatt på 33,33 %.

Etter at reparasjonsforsøket førde til eit brot i den andre enden av same røyret, var det eit møte 16. desember 1987, der ein kom til semje om ei løysing som innebar at dette røyret for framtida skulle fylgja botnen og ikkje "sveva" over. For å oppnå dette, måtte det lagast eit S-forma bend i overgangen mellom røyra. Partane synest alt på dette møtet å ha vore klår over at løysinga ville føra til meirkostnader samanlikna med ein reparasjon i samsvar med dei opphavlege spesifikasjonane. Om det var Vera AS eller konsulenten eller representanten for dykkarfirmaet som kom med framlegg om den nye løysinga, kan ikkje ha nemnande å seia. Det er i alle fall klårt at det var semje på møtet om dette. Kommunen kan vanskeleg høyrast med at den valde løysinga i seg sjølv er eit moment som talar for at Vera AS må halda delane sjølv. Kommunen må rimelegvis ha vore interessert i å få ei utbetring som gav nokolunde tryggleik for framtida.

Slik saka stod, var det naturleg for Vera AS å strekkja seg noko i høve til kommunen, av omsyn til omdømet i marknaden. Kommunens folk synest heile tida å ha meint at skaden kunne førast attende til Vera AS, medan selskapet reserverte seg mot det og visstnok framleis gjer det. Men så lenge årsakssamanhengen ikkje var klårlagt, er det forståeleg at Vera AS ville utsetja ei avgjerd om kostnadsfordeling. Provføringa gjev ikkje grunnlag for å meina at selskapet har bunde seg opp til å svara ein del av kostnadene. I møtet 16. desember 1987 skal målsmennene frå kommunen ha sagt frå om at kommunen hadde som føresetnad at Vera AS dekte alle utgiftene, slik teknisk styre hadde gjort vedtak om nokre dagar tidlegare. Men i dette møtet kom partane ikkje lenger enn til å verta samde om at kostnadsfordelinga skulle drøftast seinare. På dette grunnlaget har kommunen gått til bestilling av røyrdelane frå Vera AS, som i brev 24. februar 1988 bad om aksept frå kommunen før selskapet sette i gang med produksjon. Arbeidet vart utført vinteren/våren 1988.

Vera AS har sendt faktuaer for leveransane sine, som kommunen har returnert med tilvising til at partane seinare skulle drøfta korleis kostnadene skulle fordelast. Lagmannsretten kan ikkje sjå at Vera AS har bore seg åt på ein måte som måtte tolkast slik at dei avstod frå å krevja oppgjer. Den 23. august 1988 sende selskapet kopi av fakturaene med spørsmål til kommunen om "hvordan De vil forholde Dem i henhold til den avtalen vi gjorde 16. desember 1987". Svaret frå kommunen var eit brev dagsett 30. august 1988 med krav om at Vera AS dekte alle utgiftene til reparasjonen. I nytt møte mellom partane i Sandefjord 11. oktober 1988 kom det heller ikkje til semje om ei kostnadsfordeling. Av møtereferatet, som er sett opp av kommunen, går det fram at kommunen meinte Vera AS var ansvarleg for alle kostnadene i samband med leidningsbrotet, medan Vera AS ikkje meinte å ha noko ansvar. Vitnet Lundsett, som var med på møtet, har likevel forklara at Vera AS tilbaud seg å betala utgiftene til konsulenten. Desse utgiftene var på i underkant av 45000 kroner.

Når ein ser kontakten mellom partane i samanheng, kan lagmannsretten vanskeleg sjå det annleis enn at kommunen heile tida har teke som utgangspunkt å skulle haldast heilt økonomisk skadeslaus. Det synest difor ikkje på noko tidspunkt å ha vore grunnlag for å koma i gang med reelle forhandlingar om ei kostnadsfordeling, og det kan ikkje då vera noko å seia på at kommunen må ta konsekvensen av at partane ikkje kom til semje.

Når saka står slik, må ein falla attende på vanlege reglar om oppgjer i kontraktshøve. Grimstad kommune har bestilt varene, og har motteke kontraktsmessig yting. Det er ikkje hevda at prisen er urimeleg. Kommunen handla nok under tidspress ved at det hasta med å reparera inntaksleidningen av omsyn til kvaliteten på drikkevassforsyninga, men må sjølv bera vågnaden for å ha gått til bestilling utan at det låg føre avtale om kostnadsfordeling. Det kan rettnok og spørjast om Vera AS ved å produsera og levera røyrdelane må bera vågnaden for oppgjer, slik tilhøvet mellom partane var. Men her må det avgjerande vera at leveransen skjedde i kommunen si interesse og etter at selskapet hadde bede om aksept frå kommunen før produksjonen vart sett i gang.

Etter dette kan Grimstad kommune ikkje på avtalegrunnlag nekta å betala rekninga frå Vera AS.

Subsidiært er det hevda at ei avtale om betaling for røyrdelane må setjast til sides etter avtaleloven §33. I så fall måtte retten koma til at det var i strid med "redelighet eller god tro" at Vera AS kravde betaling for reparasjonskostnader i samband med ein skade som selskapet ikkje er rettsleg ansvarleg for. Noko slikt har lagmannsretten ikkje grunnlag for å slutta. Det kan heller ikkje vera rom for å nytta avtaleloven §36 i saka. Det omstendet at det seinare har kome ei rettsavgjerd om årsakssamanhengen, kan ikkje føra til at det ville verka urimeleg av Vera AS å krevja betaling for ytinga. Kommunen har heile tida meint at skaden kunne førast attende til Vera AS, men valde likevel å bestilla hos selskapet utan avtale om kostnadsfordeling.

Anken har ikkje ført fram, og domen i heradsretten vert stadfest. Ein viser likevel til at lovleg forseinkingsrente med verknad frå 1. januar 1994 er sett ned til 12 % p.a., med den konsekvensen det har for renterekninga i det etterfylgjande tidsromet. Ankeparten bør bera kostnadene til ankemotparten for lagmannsretten i samsvar med hovudregelen i tvistemålsloven §180 første ledd, med di det ikkje er grunnlag for å nytta unntaksregelen i dette tilfellet. Advokat Tofte har oppgjeve kostnadene til kr 17890 medrekna salær på kr 17500, og det godtek retten. Kostnadsavgjerda til heradsretten bør stå ved lag.

Domen er samrøystes.

Domsslutning:

1. Domen i heradsretten vert stadfest.

2. I sakskostnader for lagmannsretten betalar ankeparten til ankemotparten 17890 - syttentusenåttehundreognitti - kroner innan 2 - to - veker etter at denne domen er forkynt.