LA-1993-447
| Instans: | Agder lagmannsrett - Dom |
|---|---|
| Dato: | 1994-05-20 |
| Publisert: | LA-1993-00447 |
| Stikkord: | |
| Sammendrag: | |
| Saksgang: | Aust-Telemark jordskifterett Nr 9/1992 - Agder lagmannsrett LA-1993-00447 A. Rettskraftig. |
| Parter: | Ankende part: 1. Torstein Torekåsa 2. Halvor J. Li (Prosessfullmektig: Advokat Helge Aarnes, Bø). Motpart: Mari H. Li (Prosessfullmektig: Advokat Nils Juel, Ulefoss). |
| Forfatter: | 1. Lagmann Ola Rygg, formann. 2. Ekstraord. lagdommer Finn Elseth. 3. Ekstraord. lagdommer Bjørn A. Paulson |
| Lovhenvisninger: | Servituttlova (1968), Tvistemålsloven (1915) §172, §180, Lov om hermetiseringsanlegg for fiskevarer (1963)3-§53, Jordskifteloven (1979) §2, §62 |
Eigedomen Torekåsa, gnr. 19 bnr. 25 i Bø, var opphavleg husmannsplass under gnr. 19 bnr. 14 Nordigard Li og vart utskild frå denne eigedomen som eige bruk i 1843. Torstein Torekåsa er eigar av Torekåsa, som han tok over etter mor si i 1952. Mari H. Li vart eigar av Nordigard Li i 1980. Ho tok då over etter far sin, Harald Li, som var eigar frå 1950.
I åra frå ca 1950 og framover til ca 1962 bygde Torstein Torekåsa ein gardsveg på ca 405 m - Torekåsvegen - frå ein kommunal veg aust for Torekåsa som også vart bygd kring 1950 og fram til Torekåsa. Ca. 325 m av vegen går over innmarka til Nordigard Li, og dei resterande ca 80 m nærast den kommunale vegen går over granneeigedomen Nordre Li, gnr. 19 bnr. 48, som Halvor J. Li eig. Det er på det reine i saka at det var gjeve løyve til bygging av vegen frå Harald Li, som døydde i 1992, og frå Jon Li - dåverande eigar av Nordre Li og far til Halvor J. Li. Vegen vart køyrande med traktor i 1954 og med bil i 1962. Det vart lagt fast dekke på vegen i 1976. Det er til no ingen andre enn Torstein Torekåsa som har lagt pengar eller arbeid i Torekåsvegen.
Det er no kome opp tvist om Torstein Torekåsa har einebruksrett til Torekåsvegen, eller om også Mari H. Li har rett til å bruka vegen i samband med drifta av Nordigard Li. Tvisten gjeld heile Torekåsvegen - altså også den strekninga som går over granneeigedomen Nordre Li.
Saka vart reist av Torstein Torekåsa som rettsutgreiingssak, jfr. jordskiftelova §2 bokstav h). Aust-Telemark jordskifterett vedtok den 11. februar 1993 å fremja saka, og vedtok samtundes å utvida saka slik at jordskifteretten også skal avgjera spørsmål om fordeling av vedlikehaldet av Torekåsvegen etter at tvisten om bruksrett er endeleg avgjort. Same dagen avsa jordskifteretten dom i saka med slik slutning:
"1. Nordigard Li har bruksrett til den omtvista veien for transport i forbindelse med gårdsdrifta for den del av veien som går over eiendommen til gnr. 19, bnr. 14 og den del som går over gnr. 19, bnr. 48.
2. Dommen settes til forhånds påanke i henhold til jordskifteloven §62 annet ledd."
Torstein Torekåsa og Halvor J. Li, begge v/advokat Helge Aarnes, har anka domen i jordskifteretten til Agder lagmannsrett.
Mari H. Li v/advokat Nils Juel har imøtegått anken og påstått domen i jordskifteretten stadfest.
Ankeførehaving i saka vart halden i kommunehuset i Bø 2. og 3. mai 1994. Ankepartane Torstein Torekåsa og Halvor J. Li møtte båe og forklarte seg. Ankemotparten Mari H. Li likeins. I tillegg møtte 15 vitne som også forklarte seg. Av vitna var 5 nye for lagmannsretten. Retten var på synfaring til Li og fekk påvist Torekåsvegen, dei 3 gardane som partane i saka eig og kvar partane meiner tilkomstvegane til Torekåsa var fram til ca 1950.
Torstein Torekåsa og Halvor J. Li v/advokat Aarnes har i hovudsak halde fram:
Anken gjeld provvurderinga og rettsbruken.
Det var ein heilt klår føresetnad mellom Harald Li og Torstein Torekåsa at dersom Nordigard Li skulle nytta Torekåsvegen så skulle Nordigard Li også ta del i opparbeidings- og vedlikehaldskostnadene. Harald Li sa med reine ord at dette var noko som kunne vera aktuelt for han "dersom han fekk lov å kjøpa seg inn", men det vart aldri noko av. Torstein Torekåsa opparbeidde vegen åleine, og har i alle år åleine hatt alt vedlikehald av vegen. Det avgjerande for Nordigard Li var å få lagt ferdsla til og frå Torekåsa bort frå tunet på Nordigard Li. Det var for å få dette til det vart gjeve fri grunn til ny veg. Det er med andre ord tale om flytting av tilkomstveg til Torekåsa, til ein stad som var til mindre ulempe for Nordigard Li enn den gamle tilkomstvegen gjennom gardstunet. Det var inga avtale om bruksrett til den nye vegen for Nordigard Li, og slik bruksrett var heller ingen føresetnad mellom partane den gongen. Torstein Torekåsa og huslyden hans kjenner heller ikkje til at dei på Nordigard Li nokon gong har bruka Torekåsvegen, før no dei siste åra.
Men sjølv om Mari H. Li skulle ha rett til å bruka Torekåsvegen på den strekninga der ho eig veggrunnen, så har ho i alle høve ingen bruksrett på den austre delen der vegen går over Nordre Li. Korkje Jon Li eller Halvor J. Li har gjeve noko samtykke til at andre enn Torstein Torekåsa skulle få vegrett over bnr. 48. Det har heller aldri vore spurt om noko slikt samtykke. Jordskifteretten si grunngjeving for å gje Nordigard Li bruksrett også til den austre delen av vegen - at Harald Li og Jon Li var syskenborn, og at det difor ikkje trongst nokon avtale mellom dei - held ikkje mål.
Det er vist til Brækhus/Hærem: Norsk Tingsrett 223 og til Falkanger: Tingsrett 173. Avgjerda i RG-1971-666 gjaldt hovudtilkomst til eigen eigedom og har difor ikkje noko å seia for denne saka.
Ankepartane har sett fram slik sams påstand:
"1. Torstein Torekåsa har eksklusiv bruksrett til sin gårdsveg over "Nordigard Li", Gnr. 19, Bnr. 14 i Bø, bortsett fra grunneierens erkjente rett til å krysse vegen på omforente steder.
2. Mari H. Li, eier av Gnr. 19, Bnr. 14 i Bø, har ikke vegrett over Gnr. 19, Bnr. 48 der det er bygd veg av eier av Gnr. 19, Bnr. 25.
3. Mari H. Li dømmes til å erstatte de ankende parter sakens omkostninger for lagmannsretten."
Mari H. Li v/advokat Juel har i hovudsak halde fram:
Vegen til Torekåsa gjennom tunet på Nordigard Li vart lite bruka til anna ferdsle enn som gangveg. Som køyreveg var denne vegen lite praktisk avdi ein måtte gjennom 3 grinder for å koma til husa på Torekåsa.
Det var Torstein Torekåsa som tok opp med Harald Li spørsmålet om framføring av veg til Torekåsa kring 1950. Harald Li ga løyve til bygging av vegen, sjølv om det driftsmessig var til ulempe for Nordigard Li å få jorda delt i to. Det var avtalt mellom Harald Li og Torstein Torekåsa, som naturleg var, at Nordigard Li skulle ha bruksrett til Torekåsvegen til turvande køyring i samband med gardsdrifta. Dette ga Harald Li fleire gonger klårt uttrykk for medan han levde. Vegen har gjennom åra vore bruka av Nordigard Li til ulike slag transport - mellom anna til køyring av høy og gras, gjerdestolpar og hesjestaur og vatn til beitedyr. Så lenge Harald Li levde var det ikkje reist noko motsegn mot slik bruk av vegen. Det var fyrst etter at Harald Li døydde at påstanden om einerett for Torekåsa vart sett fram.
Vitnet Andres Aasene - innkalla av ankepartane - har sagt at Nordigard Li sjølvsagt har bruksrett til ein annan veg som Aasene har bygt i utmark som tilhøyrer Nordigard Li. På tilsvarande måte må Nordigard Li ha bruksrett også til Torekåsvegen; noko anna ville vera heilt unaturleg.
Når det gjeld bruksrett til den austre delen av vegen, har Mari H. Li vist til dom i RG-1971-666 og til Gunnar K. Eriksen: Alders tids bruk 81-82.
Når det gjeld spørsmålet om kva for slag bruk Nordigard Li har rett til, bruksomfang og plikter knytta til bruksretten, må dei vanlege reglane i servituttlova gjelda. Mari H. Li har såleis sagt seg innforstått med at ho skal ha plikt til å ta del i vedlikehaldet av vegen etter ei fordelingsordning fastsett av jordskifteretten.
Mari H. Li har sett fram slik påstand:
"1. Jordskifterettens dom stadfestes.
2. De ankende parter dømmes til å betale sakens omkostninger for lagmannsretten."
Lagmannsretten har kome til at anken ikkje kan føra fram når det gjeld den delen av Torekåsvegen som går over Nordigard Li, men at Mari H. Li ikkje har nokon bruksrett til den delen av vegen som går over gnr. 19 bnr. 48.
I. Den vestre delen av Torekåsvegen går i ca 325 m. lengde over Nordigard Li og deler jorda på Nordigard Li i to. Partane er samde om at også sjølve veggrunnen på denne strekninga tilhøyrer Nordigard Li. Det er med andre ord i saka spørsmål om eigaren av Nordigard Li skal nektast å ferdast fritt på eigen grunn; det er ei slik nekting som ligg i påstanden frå ankepartane. Vegen ligg ikkje slik til at Nordigard Li har trong for å bruka den dagleg til noko føremål, men ein viss meir tilfeldig bruk i samband med gardsdrifta vil det vera trong for. Innmarka sør for Torekåsvegen - det såkalla "Husjordet" - vert bruka til beiting, og til transport i tilknyting til beitebruken her vil det vera naturleg å bruka Torekåsvegen. Det same gjeld køyring av høy og gras frå næraste delane av jordet ovanfor vegen.
Det har kome fram nokså ulike parts- og vitneforklaringar om den faktiske bruken av Torekåsvegen frå Nordigard Li si side. Lagmannsretten reknar det likevel for prova at Nordigard Li frå tid til anna har bruka vegen, men bruken har nok vore tilfeldig og sett i heilskapssamanheng av mindre omfang. Det er nok rett å seia det slik at både Harald Li og Mari H. Li som eigarar av veggrunnen har meint å ha rett til å bruka vegen, at dei gjennom åra også har bruka vegen til ulike føremål i den mon dei har hatt trong for det, og at Torstein Torekåsa har kjent til dette utan å gjera noko motsegn så lenge Harald Li levde.
Lagmannsretten legg til grunn at det i 1950 må ha vore til føremon både for Harald Li og for Torstein Torekåsa å få flytta tilkomstvegen til Torekåsa frå gardstunet på Nordigard Li og dit vegen vart lagd. Ei slik omlegging var i det heile naturleg etter at det var kome kommunal veg i området som ein ny tilkomstveg kunne knytast til. Om vegen gjennom tunet på Nordigard Li var hovudtilkomstveg for Torekåsa før 1950 eller ikkje, er etter lagmannsretten sitt syn mindre vesentleg. Det avgjerande er at Torekåsa den gongen ikkje hadde nokon tilfredsstillande køyreveg til garden, og at det på grunn av den nye kommunale vegen då låg til rette for å kunne få det. Dette ynskjet fall saman med eit ynskje frå Harald Li om å bli fri ferdsla gjennom gardstunet. Men det kan ikkje vera tvil om at føremonane ved omlegginga var størst for Torstein Torekåsa, og at den nye vegen også førde med seg driftsmessige ulemper for Nordigard Li. Det ville etter lagmannsretten sitt syn ha vore ein svært lite naturleg skipnad om Harald Li i 1950 skulle ha gjeve løyve til bygging av ny veg slik det vart gjort utan at han sjølv skulle ha rett til å nytta vegen i samband med gardsdrifta. Det ville ha vore så uvanleg at det etter lagmannsretten sitt syn ville måtte krevjast prov for ei uttrykkjeleg avtale om dette. Den rettsoppfatninga Halvor J. Li har gjeve uttrykk for - at han som eigar av veggrunnen på austre delen av vegen ikkje har nokon som helst bruksrett - er etter lagmannsretten sitt syn heilt uvanleg i slike avtalehøve. Lagmannsretten ser det med andre ord slik at det ikkje er Mari H. Li som må godtgjera at far hennar tok unna vegrett i 1950, men at det er Torstein Torekåsa som i tilfelle måtte godtgjera at Harald Li den gongen skreiv frå seg all rett til sjølv å bruka vegen i samband med drifta av garden. Lagmannsretten held det for svært lite truleg at Harald Li gjorde det eller meinte å gjera det. Det kan ikkje i 1950 ha vore noko avgjerande moment for Torekåsa at berre han åleine og ikkje Harald Li skulle kunne bruka vegen når den var ferdig. Det var heller ingen grunn for Harald Li til å gå med på eit slikt vilkår om det hadde kome fram som eit ynskje frå Torekåsa. Det er såleis lite truleg at spørsmålet den gongen var framme i det heile; truleg har begge partar rekna det for sjølvsagt at Nordigard Li skulle ha rett til slik vanleg bruk av vegen som ikkje er til noko ulempe for Torekåsa og som heller ikkje skadar vegen.
Det er iallfall ikkje ført noko prov for at Harald Li i samband med bygginga av Torekåsvegen har skrive frå seg retten til å ferdast fritt på eigen grunn. Det meiner som nemnt lagmannsretten måtte til dersom Torstein Torekåsa skulle få medhald i pkt. 1 i påstanden.
Jordskifteretten sin dom vert etter dette stadfest når det gjeld den delen av vegen som går over Nordigard Li. Bruksretten gjeld berre "transport i forbindelse med gardsdrifta", og med dette meiner lagmannsretten ikkje tømmerkøyring og anna tungtransport i samband med drifta av skogen på Nordigard Li. Skal Nordigard Li få rett til å nytta Torekåsvegen også til slike føremål, må det skipast rettsgrunnlag for det - anten ved avtale med Torstein Torekåsa eller ved eigedomsinngrep etter veglova §53 og då på vilkår som nemnt der.
II. Problemstillinga er ei anna når det gjeld den austre delen av vegen - strekninga frå Lindebergsvingen i den kommunale vegen og ca 80 m vestover. På denne strekninga går vegen over bnr. 48 Nordre Li, og Nordigard Li har korkje ytt fri grunn eller teke del i opparbeidinga. Ein eventuell bruksrett for Nordigard Li til denne delen av vegen kan då ikkje ha noko anna rettsleg grunnlag enn avtale. Nokon bruksrett i kraft av reglane om alders tids bruk eller hevd kan det etter lagmannsretten sitt syn ikkje vera tale om. Ettersom det er Torstein Torekåsa som eig vegen og Halvor J. Li som eig veggrunnen, må det i prinsippet krevjast avtalegrunnlag i høve til båe. Det er Mari H. Li som må godtgjera at det ligg føre slike avtaler.
Når det gjeld Torekåsa, meiner lagmannsretten samtykke må reknast som gjeve til bruk av heile vegen. Lagmannsretten har framanfor lagt til grunn at føresetnaden mellom Torstein Torekåsa og Harald Li i 1950 var at Nordigard Li skulle kunne bruka vegen i samband med gardsdrifta så langt bruken ikkje var til ulempe for Torekåsa eller skada sjølve vegen. Det er lite naturleg å sjå det slik at Harald Li som motyting til fri grunn fekk bruksrett til den delen av vegen som går over Nordigard Li, men ikkje til den austre delen. Torstein Torekåsa kan såleis som eigar av vegen ikkje setja seg imot at Nordigard Li brukar også den austre delen.
Når det derimot gjeld tilhøvet til Halvor J. Li, kan lagmannsretten ikkje sjå at det er noko bindande rettsgrunnlag for bruksrett til denne delen av vegen. Det har nok sikkert vore rekna med både i 1950 og seinare at Nordigard Li skulle kunne bruka også denne delen. Samanhengen er truleg også her at dette har vore rekna som så sjølvsagt at det korkje har vorte spurt om eller gjeve noko formalisert løyve. Når vegen fyrst var der, hadde det ikkje noko å seia for Jon Li om den vart bruka av Torekåsa åleine eller av Torekåsa og Nordigard Li saman. Dette kan heller ikkje ha noko større å seia for Halvor J. Li no.
Men dette at Nordigard Li sin bruk av vegen ikkje i seg sjølv aukar ulempene for Nordre Li, er ikkje det same som at det er skipa ein bruksrett som det kan krevjast dom for. Harald Li kunne i 1950 ha sett som vilkår for å gje fri grunn over bnr. 14 at han og seinare eigarar av bnr. 14 fekk bruksrett til heile Torekåsvegen - altså også den austre delen som går over bnr. 48. Det hadde sikkert ikkje vore vanskeleg den gongen å få ein slik skipnad formalisert. Men det vart ikkje gjort; det er ingen opplysningar om at dette spørsmålet har vore teke opp med eigaren av bnr. 48 korkje i 1950 eller seinare. Då meiner lagmannsretten ein må sjå det slik at bruken av austre delen av Torekåsvegen over bnr. 48 har vore såkalla "told bruk" som ikkje har hatt noko eigentleg rettsleg grunnlag, men som ikkje har vore til skade eller ulempe for nokon og som det difor ikkje har vore protestert mot.
Jordskifteretten synest å ha mistydd Halvor J. Li sitt standpunkt i saka når det i domsgrunnane er sagt at "Dagens eier av Nordre Li har ikke motsigelser til at Nordigard Li nytter den delen av den omtvista veien som går over hans eiendom." Dette samsvarar iallfall ikkje med det som har vore halde fram i ankesaka. Halvor J. Li sitt syn er - slik lagmannsretten har oppfatta han - at det er Torstein Torekåsa åleine som eig vegen, og at andre som i tilfelle skal få bruka vegen på strekninga over Nordre Li må ha løyve frå han. Lagmannsretten har oppfatta Halvor J. Li slik at han motset seg bruk av vegen på sin eigedom så langt bruken er i strid med vegeigaren sin vilje. Det må han etter lagmannsretten sitt syn kunne gjera. Halvor J. Li kunne i staden ha sagt at dette får Torekåsa og Mari H. Li gjera opp seg imellom; for han har denne tvisten ikkje noko å seia. Men når han har valt å gå inn i tvisten og påstå fastsetjingsdom for at Nordigard Li ikkje har vegrett over bnr. 48, har lagmannsretten kome til at denne påstanden må takast til fylgje. Ei anna sak er at det truleg vil vera kurant for Mari H. Li å få det rettslege grunnlaget som trengst ved eigedomsinngrep etter veglova §53. Men det må koma seinare, etter at dei eksisterande rettshøva er klårlagde.
III. Sakskostnader:
I høve til spørsmålet om sakskostnader må ein sjå saka slik at det er Torstein Torekåsa åleine som er ankepart når det gjeld den vestre delen av vegen, medan både Torekåsa og Halvor J. Li er ankepartar når det gjeld den austre delen.
I høve til Torstein Torekåsa må ankesaka reknast som heilt tapt. Lagmannsretten vurderar ikkje domsresultatet som tvilsamt i høve til han. Påstanden om at Mari H. Li skal nektast å ferdast fritt på eigen grunn, ser lagmannsretten på som urimeleg. Mari H. Li har sagt seg viljug til å ta del i vedlikehaldet av vegen i høve til bruken. Dette burde Torekåsa etter lagmannsretten sitt syn ha godteke; ein bruksrett mot eit fastsett vederlag ville truleg ha vorte sluttresultatet sjølv om Torstein Torekåsa hadde nådd fram med påstanden sin i ankesaka no. Etter dette kan lagmannsretten ikkje sjå at det kan bli spørsmål om å gjera unntak frå hovudregelen i tvistemålslova §180 om at den parten som ankar utan å oppnå noko skal betala sakskostnader til motparten. Advokat Juel har lagt fram kostnadsoppgåve som for Torekåsa sin del lyder på kr 35 000,- som svarar til salærkravet. Advokat Juel kom inn i saka som prosessfullmektig for Mari H. Li fyrst i samband med anka til lagmannsretten. Han opplyser at det har vore turvande med førehandssynfaring og gjennomgang av ein god del dokument. Advokat Aarnes, som var prosessfullmektig for Torstein Torekåsa også for jordskifteretten, har lagt fram ei kostnadsoppgåve for sitt arbeid som ikkje er så mykje lågare enn oppgåva frå advokat Juel. Lagmannsretten legg etter dette oppgåva frå advokat Juel til grunn.
Anken frå Halvor J. Li har ført fram. Tilleggskostnadene som er knytta til denne delen av tvisten er små. Lagmannsretten reknar dette spørsmålet som såpass tvilsamt at kvar av partane bør bera sine sakskostnader, jfr. unntaksregelen i tvistemålsloven §180 andre leden samanhalden med §172 andre leden.
Dommen er samrøystes.
Domsslutning:
1. Aust-Telemark jordskifterett sin dom vert stadfest i høve til Torstein Torekåsa.
2. Mari H. Lie, eigar av gnr. 19 bnr. 14 i Bø, har ikkje vegrett over gnr. 19 bnr. 48 i høve til Halvor J. Li.
3. I sakskostnader for lagmannsretten skal Torstein Torekåsa betala kr 35 000,- - trettifemtusen - til Mari H. Li innan 2 - to - veker frå forkynninga av lagmannsretten sin dom. Ut over dette ber kvar av partane sine kostnader.