LA-1993-50
| Instans: | Agder lagmannsrett - Dom |
|---|---|
| Dato: | 1993-12-07 |
| Publisert: | LA-1993-00050 |
| Stikkord: | |
| Sammendrag: | |
| Saksgang: | Kristiansand skifterett - Agder lagmannsrett LA-1993-00050 A. Rettskraftig. |
| Parter: | Ankepart: A (Prosessfullmektig: Advokat Per J. Hanisch, Kristiansand). Motpart: B (Prosessfullmektig: Advokat Elisabeth Krag, Kristiansand). |
| Forfatter: | Førstelagmann Arne Christiansen, formann, lagdommer Asbjørn Nes Hansen, ekstraord. lagdommer Haakon Steen |
| Lovhenvisninger: | Ektefelleloven (1927) §25, §43, Ekteskapsloven (1991) §37, §54, Tvistemålsloven (1915) §174, §180, §388, §54, Ekteskapsloven (1918) §37, Avtaleloven (1918) §36 |
Det vart sagt slik dom:
Buet til dei fråskilde ektemakane B og A står under offentleg skifte ved Kristiansand skifterett. Partane fekk separasjonsløyve i 1990 og vart skilde året etter. I ein skiftetvist som galdt spørsmål om ei ektepakt var gyldig og om felleseiga skulle skeivdelast, krav om vederlag og andre krav mellom partane, sa skifteretten - skiftedomaren og to bygningskunnige meddomarar - dom 27. august 1993 med domsslutning som etter retting 17. september 1993 lyder slik:
"1. A tilkjennes et vederlagskrav stort kr 25000,- - kroner tjuefemtusen 00/100 - på skiftet med B.
2. Saksøker og saksøkte frifinnes for øvrige krav og motkrav.
3. Hver av partene dekker sine egne saksomkostninger."
Den nærare faktiske bakgrunnen for tvisten, partsutsegnene for skifteretten og grunngjevinga for resultatet går fram av domen. Domspremissane viser at skifteretten kom til at ektepakta, med føresegner om særeige for B, stod seg, og at felleseiga skulle skeivdelast.
A, med advokat Per J. Hanisch som prosessfullmektig, har anka domen i skifteretten til Agder lagmannsrett. B, med advokat Elisabeth Krag som prosessfullmektig, har i tilsvar teke til motmæle og har motanka på eit par punkt. Lagmannsretten har lagt til grunn at partane, utan omsyn til om det er grunnlag for å oppheva skifterettsdomen på grunn av saksførehavingsfeil, ynsker at lagmannsretten skal ta realitetsavgjerd i saka, jf. tvistemålsloven §388.
Det var ankeførehaving i Kristiansand 3.-5. november 1993, der partane møtte saman med prosessfullmektigane og forklara seg. Ved sidan av fagdomarane var lagmannsretten sett med to bygningskunnige meddomarar. Retten tok imot forklaringar frå seks vitne og var på synfaring til garden X i Y. Prosessfullmektigane dokumenterte ein del skriftlege prov, som vert nemnde nedanfor så langt det trengst for avgjerda. Ettersom ankemotparten under saksførebuinga hadde påstått anken delvis avvist, fekk partane fyrst høve til å gjera greie for sitt syn på avvisingsspørsmålet. Retten trekte seg deretter attende til rådlegging og gjorde samrøystes vedtak om at anken skulle fremjast. Partane vart gjort kjende med avgjerda og at denne vert grunngjeven i samband med realitetsavgjerda, og hadde ikkje merknader til det. Under den vidare ankeførehavinga trekte ankeparten attende eit av krava som var reist i ankefråsegna.
Til avvisingsspørsmålet heldt ankemotparten B fram at A vantar rettsleg interesse i å krevja fastsetjingsdom for at ektepakta er ugyldig, jf. tvistemålsloven §54, og at anken på dette punktet må avvisast. Dette fylgjer av at skifteretten har avgjort at felleseiga skal skeivdelast, og denne avgjerda er det ikkje anka over. Same om ektepakta vert sett til sides, vil B i kraft av skeivdelingsprinsippet ha krav på alle aktiva som etter ektepakta skulle vera særeige. - Når A krev at lagmannsretten skal ta stode til spørsmålet om skeivdeling, må anken avvisast på dette punktet óg. Det går ikkje fram av ankefråsegna at det er anka over denne avgjerda, og det er i tilfelle for seint å gjera det i eit seinare prosesskrift, etter at ankefristen hadde gått ut. - Det er óg grunnlag for å avvisa pkt. 1 i den subsidiære påstanden hans. Det har aldri vore tvist om at berre 3/4-partar av den faste eigedomen vert omfatta av ektepakta.
Ankeparten A heldt til avvisingsspørsmålet fram at det er anka over avgjerda om skeivdeling av felleseiga. Det går klårt fram av den prinsipale påstanden. Når dette er meir uklårt i høve til den subsidiære påstanden i ankefråsegna, kjem det av at domen er uklår på dette punktet og at det ikkje er samsvar mellom premissar og slutning. Det er såleis ikkje grunnlag for å avvisa anken med omsyn til spørsmålet om skeivdeling, og heller ikkje når det gjeld spørsmålet om ektepakta er gyldig.
Til realitetsavgjerda har A i hovudsak halde fram:
Då partane 23. april 1982 skreiv under ektepakt som fastsette at garden X gnr. ... bnr. ... i Kristiansand kommune, med reiskap og buskap skulle vera særeige for B, hadde ho enno ikkje overteke eigedomen på skifte etter onkelen C, som døydde i 1981. På skiftet i 1983 fekk ho utlagd 3/4-partar av den faste eigedomen og all lausøyre, reiskap og buskap. Den siste 1/4-parten av eigedomen gjekk til son åt B, som døydde i 1985. Det er semje mellom partane om at det er 3/4-partar av den faste eigedomen, all reiskap og heile buskapen som fell inn under ektepakta og er særeige for B, så framt ektepakta står seg.
Då A gjekk inn på ektepakta, var det ein føresetnad frå hans side at gardsreiskap og buskap skulle verta felleseige mellom partane. Det går fram av brev frå advokat Launes 29. april 1982 at partane hadde gjort ei avtale om det. A hadde vore i arbeid på garden alt medan C levde, og var den som hadde stått for drifta etterpå. Det var tanken at han og B skulle driva garden saman vidare, til dess son åt B eingong skulle overta. Partane hadde før ektepakta gjort avtale om drifta av garden. I samband med at ektepakta kom i stand, avtala partane å gjera ny ektepakt om to år med sikte på at reiskap og buskap skulle verta felleseige. Men då det kom til stykket, nekta B å gå med på dette.
Føresetnaden om at reiskap og buskap skulle verta felleseige, var såleis synleg for B. Når føresetnaden i ettertid sviktar, må det føra til at ektepakta vert ugyldig, jf. avtaleloven §36. I alle fall må det vera grunnlag for å setja ektepakta delvis til sides, slik at reiskap og buskap vert rekna som felleseige.
Så framt retten kjem til at ektepakta heilt eller delvis må setjast til sides, må A på skiftet godskrivast for kr 75000, av di B urettkome selde buskapen etter samlivsbrotet 1. august 1989. Buskapen må då reknast å ha hatt ein verdi på om lag kr 150000, og det er den summen som må leggjast til grunn.
Vidare må A i alle tilfelle godskrivast kr 6000 på skiftet. Summen kjem fram som differanse til føremon for han i eit oppsett mellomrekneskap som gjeld utgifter og inntekter ved drifta av eigedomen. Utgiftene det gjeld, er rekningar som lyder på A, men enno ikkje er betala av han. I oppsettet er det teke med inntekter partane har motteke etter samlivsbrotet, og som dels var opptente før og dels etter den tid.
Spørsmålet om skeivdeling av felleseiga kjem opp både dersom ektepakta står seg og om ho vert sett til sides. Kravet frå B om skeivdeling har minst for seg dersom ektepakta vert ståande og størsteparten av aktiva vert hennar særeige. Då vil felleseiga i hovudsak omfatte den arveparten B har i dødsbuet etter sonen, og dessutan innbu og lausøyre. Det er likevel ikkje noko stort spørsmål for A om den nemnde arveparten vert likedelt eller ikkje. Ein må sjå spørsmålet i samanheng med det vederlagskravet A har reist, og som er det viktigaste for han dersom retten kjem til at ektepakta står seg.
Vederlagskravet er heimla i ektefelleloven frå 1927 §25 annet ledd, som gjeld i dette høvet. Både den faste eigedomen - særleg bygningane - og buskapen har auka i verdi under ekteskapet, og A har i vesentleg grad medverka til verdiauken, som han krev vederlag for med opptil halvparten. Han har opparbeidd ny tilkomst til garden, og har sett opp ny garasje og stall og teke til med bygging av reiskapsbu. Driftsbygningen har fått mjølkerom og høyturke, og våningshuset har fått ein monaleg standardauke. Det er A som sjølv har stått for mesteparten av desse arbeida. Verdiauken skal vurderast objektivt ut frå den drifta av eigedomen som påkostnadene var tilpassa. Buskapen på garden vart om lag fordobla medan partane var gifte, og det var i hovudsak As forteneste. Ut frå pårekna verdi av buskapen ved samlivsbrotet, kan vederlagskravet for verdiauke på buskapen åleine setjast til kr 37500.
Når det gjeld kravet i motanken om at A skal betala B kr 48924 for produksjonstillegg han har motteke, må kravet avvisast på skiftet. Subsidiært må A frifinnast.
A har sett fram slik påstand:
"Prinsipalt:
1. Ektepakten mellom B og A av 23/4-1982 kjennes ugyldig og fellesboet blir å skifte etter likedelingsprinsippet.
2. For urettmessig salg/nedslaktning av besetning godskrives A på skifte kr 75000.
3. A godskrives på skifte for kr 6000 i mellomregnskap mellom ubetalte driftsutgifter lydende på ham og driftsinntekter.
Subsidiært:
1. Bs særeie i h.h.t. ektepakt omfatter 3/4 av eiendommen + all besetning og redskaper og 1/4 av eiendommen blir å skifte etter likedelingsprinsippet.
2. A godskrives på skifte et vederlagskrav i h.h.t. ektefelleloven §25 annet ledd svarende til inntil 1/2-parten av de verdimessige påkostninger eiendommen har vært gjenstand for fram til 1/8-89, samt for verdiøkning av besetningen.
3. Som pkt. 3 under prinsipalt.
I motanken:
Prinsipalt:
Bs krav på kr 48924 avvises.
Subsidiært:
A frifinnes for dette krav.
I alle tilfelle:
B dømmes til å betale sakens omkostninger, evt. til det offentlige, for skifteretten og lagmannsretten."
B har i hovudsak halde fram:
Det er grunnlag for skeivdeling av felleseiga i dette tilfellet, både om ektepakta vert lagt til grunn eller ikkje. Den faste eigedomen, som B har budd på mesteparten av livet, er arv etter onkelen hennar frå før partane gifte seg. I høve til kriteria i ekteskapsloven §54 tredje ledd, jf. ekteskapsloven frå 1918 §37, ligg det såleis føre eit dobbelt grunnlag for skeivdeling. Ekteskapet varde i 7 år og partane har ikkje born saman. Dessutan var kvaliteten på ekteskapet dårleg, med eit synleg brot i 1986, då det vart fremja krav om separasjon. A har ikkje ført inn noko av verdi i det heile i buet. Vilkåra for skeivdeling er til stades her. Det ville vera urimeleg og støytande med likedeling. Det gjeld i særleg grad i høve til den arveparten B har i buet etter sonen.
Ektepakta er komen i stand på formrett måte mellom avtaleføre partar. Det var naturleg at arven til B vart gjord til særeige. Avtala om at reiskap og buskap skulle verta felleseige, hadde som føresetnad at A skulle kjøpa seg inn med kr 50000, men det vart aldri noko av. Når ein tek omsyn til at A kom til gards utan midlar og at disposisjonane hans førde B opp i økonomiske vanskar, kan det ikkje vera urimeleg at ektepakta vert ståande. Under alle omstende kan ikkje ein føresetnad som gjeld reiskap og buskap, få konsekvensar for det ektepakta fastset om den faste eigedomen.
B må frifinnast for vederlagskravet A har reist. Når det gjeld buskapen, auka talet på dyr under ekteskapet som ei naturleg fylgje av drifta. Men innsatsen til A har ikkje hatt noko vesentleg å seia for denne auken. Det var ei rekkje personar som hjelpte til i fjøset, og B var der óg ei tid. I brev 30. oktober 1985 frå den dåverande advokaten hans sa A jamvel frå seg ansvaret for vidare drift. Når det gjeld bygningane på garden, har den nye garasjen, stallen og det halvferdige reiskapshuset ingen verdi for B. Snarare er det ei tyngsle på grunn av vedlikehaldsarbeidet. Og det var A som av eige tiltak, utan at B ynskte det, sette i gang med desse arbeida. Det han har gjort på våningshuset, må haldast opp mot at han har budd der gratis og at B har hatt alt husstellet.
Ved avgjerda av vederlagskravet må det takast omsyn til at garden er odelseigedom og ikkje er verd meir enn odelstaksten. Dessutan har dotter til B åsetesrett. Når det gjeld den påståtte arbeidsinnsatsen på bygningane, kan den vanskeleg sameinast med at A heile tida har vore uføretrygda og jamvel hatt hjelpestønad. Når ein tek omsyn til dugnadsarbeid og det som er utført av innleigde folk, vert det lite att som A har gjort. I ei samla vurdering av kravet må det óg takast omsyn til all gjelda B vart sitjande att med etter samlivsbrotet, og som kom av dei økonomiske disposisjonane til A.
Kravet frå A om å verta godskriven kr 75000 for sal av buskapen, kan ikkje føra fram. B bar seg ikkje urettkome åt då ho vart nøydd til å selja dyra etter samlivsbrotet. Ho makta ikkje sjølv å sitja med dei.
Heller ikkje kan As krav om å verta godskriven kr 6000 på skiftet, føra fram. Sjølve utgangspunktet for utrekninga hans er gale, og dessutan har ei rekkje av postane ingenting med B å gjera. Det må óg takast omsyn til at medan B var bortimot gjeldfri då ho gifte seg, kom ho ut av ekteskapet med ei samla gjeld og ubetala meirverdiavgift, skatt og rekningar på om lag kr 400000.
Når det gjeld kravet i motanken om at A skal betala B kr 48924, som er det produksjonstillegget han urettkome tok imot etter samlivsbrotet, kan ikkje ankeparten krevja dette avvist for lagmannsretten, av di han må reknast å ha samtykt i at kravet kunne pådømast og sjølv har trekt det inn som ein motpost i samband med kravet om å verta godskriven kr 6000. Materiellrettsleg er ikkje kravet tvilsamt; A hadde ikkje rett til å få tilskotet utbetala etter forskriftene som gjeld for det.
B har sett fram slik påstand:
"1. Partenes fellesbo skiftes ved skjevdeling.
2. B frifinnes for As krav om at ektepakten er ugyldig.
I hovedanken og i motanken:
3. B frifinnes for As vederlagskrav.
4. B frifinnes for As krav om kr 75000 for påstått urettmessig salg av besetning.
5. B frifinnes for As krav om "melkepenger" med kr 6000.
6. A betaler til B kr 48924 med tillegg av 15 % rente fra 1. mars 90.
7. A betaler saksomkostninger til det offentlige for skifteretten og for lagmannsretten og til B for eventuell egenandel."
Lagmannsretten ser saka slik:
Ankeparten A må reknast å ha anka over skifterettens avgjerd om skeivdeling av felleseiga, jamvel om det ikkje er kome heilt klårt til uttrykk i påstandane i ankefråsegna. Det går fram av pkt. 1 i den prinsipale påstanden at han krev likedeling. Pkt. 1 i den subsidiære påstanden er ufullstendig, men er retta i eit seinare prosesskrift, jf. side 181 i ankeutdraget. Det som elles er sagt i ankefråsegna, gjev i alle tilfelle rimeleg grunnlag for å byggja på at anken rettar seg mot avgjerda av skeivdelingsspørsmålet óg. Kravet om at hovudanken skal avvisast på dette punktet, kan ikkje føra fram. Dermed er det heller ikkje i noko tilfelle grunnlag for å avvisa anken når det gjeld påstanden om at ektepakta er ugyldig. Lagmannsretten kan vidare ikkje sjå at det er grunnlag for avvising i høve til pkt. 1 i den subsidære påstanden til ankeparten.
Når gjeld dei materielle krava i saka, viser lagmannsretten til at det er kravt dom for at ektepakta er ugyldig. Retten kan ikkje sjå at det er grunnlag for å setja ektepakta til sides heilt eller delvis. Ektepakta kom i stand dagen før partane gifte seg, og innhaldet synest gjennomtenkt og naturleg ut frå dei faktiske tilhøva. A hadde ikkje nemnande av økonomiske verdiar å ta med seg inn i ekteskapet, medan B hadde ein større arv etter onkelen. På arveskiftet vart dei aktiva som ektepakta galdt, 3/4-partar av eigedomen X og all reiskap og buskap, verdsette til kr 355000.
Dei nærare vilkåra for ei avtale mellom partane om at reiskap og buskap skulle verta felleseige seinare, er uklåre, og gjev ikkje grunnlag for å setja ektepakta til sides. B hevdar såleis at føresetnaden var at A skulle yta eit økonomisk vederlag. Det sikre er at ei ny ektepakt ikkje kom i stand. Det ligg heller ikkje føre sikre opplysningar om at A har kravt dette. Ut frå det som ligg føre, må ektepakta frå 23. april 1982 heilt ut leggjast til grunn for skiftet mellom partane.
Etter dette vert det spørsmål om skeivdeling av dei aktiva som vert ståande att som felleseige. I hovudsak gjeld det den arveparten B har i dødsbuet etter sonen. Dødsbuet eig 1/4-part av garden X, og det er foreldra til guten som er arvingar. Om far hans vil krevja nokon arv, lt ikkje til å vera klårlagt. Andre aktiva i felleseiga er opplyst å vera innbu og lausøyre på eigedomen. Det er klårt at sumt av dette er ting B har arva etter onkelen sin. Om det finst anna innbu og lausøyre som nokon av partane førde inn i fellesbuet då dei gifte seg, kan ikkje lagmannsretten ta stode til, og heller ikkje om noko er kjøpt under ekteskapet. A har vist til at partane i skiftesamling 26. november 1990 var samde om deling av innbu og lausøyre. Dersom dette gjeld ting som i prinsippet skal omfattast av ei skeivdeling, må likevel ei semje mellom partane om likedeling av desse tinga gå føre.
Lagmannsretten er samd med skifteretten i at det synest naturleg å forstå ektepakta slik at ho omfattar den part i eigedomen som B til kvar tid eig. Med ei slik forståing kunne óg Bs arvepart i dødsbuet etter sonen - når det gjeld den faste eigedomen - reknast som særeige. Men partane er samde om at arveparten går inn i felleseiga deira. Det som her er nemnt, er likevel noko som kan tala for skeivdeling.
Vilkåra for skeivdeling går fram av ekteskapsloven §54 tredje ledd, jf. ekteskapsloven frå 1918 §37, og er nærare fastlagde i rettspraksis. Jamvel om ekteskapet ikkje var heilt kortvarig, har partane heller ikkje vore gifte i lang tid. Dei var godt vaksne då dei gifte seg, båe hadde vore gifte før og det er ikkje born i ekteskapet. Det synest nærliggjande og rimeleg at B får sitja att med dei økonomiske verdiane som ho har innført i fellesbuet ved arv og som knyter seg til odelseigedomen hennar. Lagmannsretten tek etter dette avgjerd om at felleseiga skal skeivdelast. Retten har sett denne avgjerda i samanheng med at A delvis får medhald i vederlagskravet som gjeld særeigemidlane.
Etter ektefelleloven §25 annet ledd kan retten ta avgjerd om at ein ektemake skal få rett til vederlag for verdiauke på særeiga til den andre ektemaken, med opptil halvparten av auken. Føresetnaden er at den fyrste ektemaken i vesentleg grad har medverka til verdiauken. Når det gjeld den nærare forståinga av denne føresegna, viser ein til Rt-1990-1227 på side 1229-1230. Lagmannsretten er komen til at det må reknast å ha skjedd ein verdiauke med omsyn til den faste eigedomen og buskapen under ekteskapet. Med verdiauke meiner retten her ein auke i pårekna salsverdi. Etter provføringa må det leggjast til grunn at A har hatt hovudansvaret for husdyrdrifta, jamvel om andre har teke eit tak óg. Og han må reknast å ha ytt ein slik praktisk arbeidsinnsats med omsyn til nybygging og påkostnader på dei eksisterande husa at han må reknast å ha medverka til verdiauken på ein slik måte som lova krev. Slik den økonomiske stoda til kvar av ektemakane vil verta som fylgje av at det aller meste av eignelutene er særeige eller emne for skeivdeling, synest det rimeleg at A gjennom eit vederlagskrav vert godskriven ein del av verdiauken på særeigemidlane.
Når det gjeld buskapen, må det byggjast på at det skjedde bortimot ei dobling av talet på mjølkekyr frå den tid partane gifte seg og fram til den faktiske separasjonen 1. august 1989. Retten har ved vurderinga av verdiauken teke utgangspunkt i opplysningane til vitnet livdyrsjef C om kva buskapen kunne seljast for.
Med omsyn til den faste eigedomen, vil odels- og konsesjonslovgjevinga setja grenser for kva garden kan seljast for. Investeringar i bygningsmassen får difor i utgangspunktet berre ei avgrensa vekt ved vurderinga av verdiauken. Men av di det her gjeld ein mindre landbrukseigedom i nærleiken av ein større by, vil sjølve buverdien måtte telja meir, slik at standarden på våningshuset vert eit nokså viktig element. Det har tvillaust skjedd ein standardauke på bustaden i det relevante tidsromet, men trass alt er det tale om eit gamalt hus med ei innvendig takhøgde som er lite tenleg ut frå krava i dag. Og ettersom eigedomen ligg nær flyplassen på Kjevik, vil støyproblema verka prisdempande når ein ser på buverdien isolert. Dei nyoppførde bygningane - garasjen og stallen - må reknast å vera eit verdipluss for eigedomen, men båe har klåre bygningsmessige manglar. Reiskapshuset var berre påbyrja ved samlivsbrotet. Retten har teke omsyn til at vederlagskravet berre refererer seg til 3/4-partar av den faste eigedomen.
Etter ei samla vurdering har lagmannsretten kome til at A bør få rett til eit vederlag på kr 50000 av særeiga til B.
Når det gjeld As krav om å verta godskriven kr 6000 på grunnlag av eit oppsett mellomrekneskap frå hans side, kan lagmannsretten ikkje sjå at kravet er nok opplyst og sannsynleggjort. Det er i så måte karakteristisk at oppsettet vart endra under ankeførehavinga, og kravet redusert frå kr 20000 som var påstanden i ankefråsegna. Det synest som berre ein del av postane som gjeld drifta av eigedomen er med i reknestykket, og det kunne ha vore spørsmål om å trekkja inn andre postar óg, jf. det B hevdar om gjeld som ho har vorte sitjande med. A får etter dette ikkje medhald i kravet.
Når det gjeld kravet frå A om å verta godskriven kr 75000 vedkomande buskapen, er dette framsett under føresetnad av at han fekk medhald i at ektepakta var ugyldig, og kjem såleis ikkje opp til avgjerd.
Det som står att å avgjera, er kravet i motanken om at A skal betala B kr 48924 som han tok imot som produksjonstillegg i 1990. Det er opplyst i retten at tilskotet galdt drifta av garden for 2. halvår 1989. I hovudsak er det difor tale om eit pengekrav som er opptent etter den faktiske separasjonen og som heilt ut er forfalle etter dette tidspunktet. Desse midlane fell såleis utanfor delingsgrunnlaget på skiftet, jf. ektefelleloven §43 tredje ledd. Lagmannsretten ikkje sjå at ein tvist mellom ektemakane om slike midlar kan avgjerast på skiftet. Kravet må difor avvisast, utan omsyn til om den andre parten må reknast å ha godteke at kravet vart teke opp. Kravet må i tilfelle fremjast ved vanleg søksmål.
Båe partar har hatt fri sakførsel for både lagmannsretten og skifteretten. Hovudanken må reknast dels vunnen og dels tapt, og kvar av partane bør bera sine eigne kostnader for lagmannsretten, jf. tvistemålsloven §180 annet ledd, jf. §174 første ledd. Ein kan ikkje sjå at det bør gjerast unnatak etter §174 annet ledd. Motanken har ikkje ført fram, men lagmannsretten kan ikkje sjå at motanken har ført til særleg nemnande meirkostnader. Under alle omstende bør det her vera grunnlag for å gjera unnatak frå hovudregelen i tvistemålsloven §180 første ledd, slik at kvar av partane ber sine kostnader i motanken óg. Ein viser til at ankeparten fyrst under ankeførehavinga påstod kravet på kr 48924 avvist. Kvar av partane bør bera sine eigne kostnader for skifteretten, slik skifteretten óg fastsette.
Etter omstenda formar lagmannsretten ei sams domsslutning for hovudanke og motanke. Nokre av punkta i slutninga gjeld båe ankene.
Domen er samrøystes.
Slutning:
1. Ektepakta frå 23. april 1982 vert lagd til grunn for skiftet mellom partane.
2. På skiftet skal felleseiga delast som fastsett i ekteskapsloven §54 tredje ledd, jf. ekteskapsloven frå 1918 §37.
3. A har rett til eit vederlag på 50000 - femtitusen - kroner av særeiga til B.
4. B vert frifunnen for kravet frå A om å verta godskriven kr 6000 på skiftet.
5. Kravet frå B på kr 48924 vert avvist på skiftet.
6. Kvar av partane ber sine kostnader både for skifteretten og lagmannsretten.