Hopp til innhold

LA-1993-556

Fra Rettspraksis


Instans: Agder lagmannsrett - Dom
Dato: 1994-02-15
Publisert: LA-1993-00556
Stikkord:
Sammendrag:
Saksgang: Mandal herredsrett - Agder lagmannsrett LA-1993-00556 A. Rettskraftig.
Parter: Ankepart: Agder Spennbetongfabrikk A/S, Marnardal. (Prosessfullmektig: Advokat Kristian Launes, Kristiansand). Motpart: Britt Mjåland Dyngvold, Marnardal. (Prosessfullmektig: Advokat Olav Andreas Bryge, Kristiansand).
Forfatter: 1. Lagdomar Asbjørn Nes Hansen, formann. 2. Lagdomar Tore-Jarl Christensen. 3. Ekstraord. lagdomar Haakon Steen
Lovhenvisninger: Tvistemålsloven (1915) §180, Kjøpsloven (1988) §20, §32, §39


Ankeparten Agder Spennbetongfabrikk A/S har reist sak med krav om heving av ein kontrakt om uttak av sand på eigedomen til motparten Brit Mjåland Dyngvold, og krav om attendebetaling av kr 360000 som er svara på forskot. Tvisten mellom partane har vore føre for Mandal heradsrett (i domen kalla byrett), som sa dom 27. april 1993 med slik domsslutning:

"1. Saksøkte frifinnes.

2. Hver av partene bærer sine omkostninger."

Dei nærare faktiske omstenda i saka, partsutsegnene for heradsretten og grunngjevinga for resultatet går fram av domen.

Agder Spennbetongfabrikk A/S v/styreformannen, med advokat Kristian Launes som prosessfullmektig, har anka denne domen til Agder lagmannsrett. Anken rettar seg mot rettsbruken og prov-vurderinga til heradsretten. Brit Mjåland Dyngvold, med advokat Olav Andreas Bryge som prosessfullmektig, har teke til motmæle og påstått domen stadfest. Det var ankeførehaving i Kristiansand 3. februar 1994, der partane møtte saman med prosessfullmektigane. Ankemotparten forklara seg for retten. Det same gjorde fem vitne, dei same som for heradsretten. Saka står i hovudtrekk i same stode for lagmannsretten som for heradsretten.

Ankeparten har i hovudsak gjort gjeldande det same som for heradsretten og som det er gjort greie for i domen. Det er såleis halde fram at det tykke laget av skrotmassar representerer eit "vesentlig kontraktbrudd" som etter §39 første ledd i kjøpsloven frå 1988 gjev rett til heving. Oppgraving og mellomlagring av desse massane vert så omfattande at det ikkje lét seg gjera teknisk/økonomisk å vinna ut sand. Og grunnen inneheld på langt nær så mykje sand som kjøpekontrakten føreset. Pkt. 2 i kontrakten er heilt avgjerande i saka. Det heiter her at grunnlaget for kontrakten er at kjøparen skal kunna ta ut 30000 m3 sand rekna i faste massar. Føresetnaden var klårlegvis at sanden kunne takast ut på rekningssvarande måte. Ankeparten har oppfylt sin skyldnad etter kontrakten til å betala forskot, medan ankemotparten ikkje har stilt den avtala sandmengda til rådvelde. Kontrakten er basert på opplysningar frå dåverande eigar, Helge Mjåland, om at sanden skulle vera dekt av skrotmasse i om lag 1/2 meters høgde, slik det elles er på eigedomen. Det er denne føresetnaden som har svikta, ved at sanden ligg mykje djupare. Når Mjåland som vitne har hevda for lagmannsretten at partane la til grunn at skrotmassane gjekk djupare enn 1/2 meter, står det i motstrid kva som er sagt tidlegare og retten må sjå bort frå det.

Etter kjøpsloven §39 er det ikkje spørsmål om kva som er årsaka til mishaldet. Det er tale om ei reint objektiv vurdering av om seljaren er i stand til å prestera ytinga si. Og det er ikkje rom for ei allmenn risikovurdering av tilhøva på kvar side, slik heradsretten med urette lét til å ha lagt til grunn. Partane var klår over at dei tok ein sjanse med omsyn til tilgjenge til og omfang av sandmassane, men i dette stykket må partane reknast å ha vore jamvektige. Og ankemotparten må svara for at ho ikkje kan stilla den avtala ytinga til rådvelde. Ankeparten er ikkje hindra i å krevja heving av di han ikkje har oppfylt undersøkingsplikta etter kjøpsloven §20. Etter §20 annet ledd er det berre spørsmål om kva kjøparen burde ha oppdaga dersom han undersøkte tingen før kjøpet. Den undersøkinga folka frå fabrikken gjorde av området på førehand, var ei reint visuell undersøking, som ikkje kunne ha ført til at mangelen vart oppdaga.

Subsidiært, dersom lagmannsretten går inn på slike risikosynsmåtar som heradsretten, vert det halde fram at desse vurderingane må føra til at ankeparten har rett til å heva. Ankemotparten kan ikkje høyrast med at ho var den veike parten i samband med i kontraktstingingane. Ho må ha fått saksdokumenta og opplysningar frå tidlegare eigar, jamvel om ho ikkje kan identifiserast med han. Og den prisen ho gav på tvangsauksjonen over denne verdifulle landbrukseigedomen, er så låg at han kan forsvarast jamvel om ein ser bort frå sandkontrakten.

Det er reklamert i tide i dette høvet. To-årsfristen i kjøpsloven §32 annet ledd skal reknast frå overtakinga. Og innehavinga av sandtaket gjekk ikkje over på ankeparten før ein tok til med å grava der sommaren 1992. Når det gjeld restitusjon av ytingane, pliktar ankemotparten å svara renter av den mottekne forskotskjøpesummen. Før 1 månad etter påkrav i brev 24. september 1992 er det rett nok ikkje tale om morarenter. For tida før det kan renteplikta anten grunngjevast i det tapet kjøparen har hatt eller i den vinninga seljaren har oppnådd.

Ankeparten har for lagmannsretten sett fram slik påstand:

"1. Britt Mjåland Dyngvold dømmes til å betale Agder Spennbetongfabrikk A/S følgende beløp:

A) Kr. 200000 med tillegg av 18% rente p.a. fra 14. november 1989 til 1. januar 1994 og dernest 12% rente til betaling skjer.

B) Kr. 100000 med tillegg av 18% rente p.a. fra 6. februar 1990 til 1. januar 1994 og dernest 12% rente til betaling skjer.

C) Kr. 60000 med tillegg av 18% rente p.a. fra 14. september 1990 til 1. januar 1994 og dernest 12% rente til betaling skjer.

2. Britt Mjåland Dyngvold dømmes til å betale Agder Spennbetongfabrikk A/S sakens omkostninger for byrett og lagmannsrett."

Ankemotparten held seg til heradsrettsdomen. Ho har og i hovudsak gjort gjeldande det same som for heradsretten, slik det er gjort greie for i domen. Det er såleis halde fram at det ikkje ligg føre nokon kjøpsrettsleg mangel og at mangelen iallfall ikkje er "vesentlig". Ankeparten har ikkje ført prov for at sandmengdene ikkje er tilgjengelege og at dei er mindre enn det kontrakten omfattar, og iallfall ikkje mindre enn den mengda som det er forskotsbetala for. Motivet for å krevja heving av kjøpet synest vera at kjøparen meiner det er for tungvint å vinna ut sanden. Men ankeparten tok ikkje atterhald i så måte og lyt under alle omstende sjølv bera risikoen for ein føresetnad om at sanden kunne takast ut på ein rimelegare måte. Ankemotparten har korkje garantert for tilgjenge eller omfang av skrotmassar eller for den sak skuld kvaliteten på sanden. Det er dei fagkunnige folka til ankeparten som etter å ha vore på synfaring har rekna ut kor mykje sand det kunne vera i området. Utan sandkontrakten er det mindre truleg at ankemotparten i det heile hadde bode på eigedomen på tvangsauksjonen. Ankemotparten kjøpte eigedomen etter at ankeparten hadde tilbode henne kr 300000 for sandtaket, og kjøpesummen var ein avgjerande del av finansieringa hennar.

Det er klårt at ankeparten har undersøkt tingen i høve til kjøpsloven §20 annet ledd. Og med etter måten enkle tiltak kunne han ha undersøkt kor tykt det øvstliggjande skrotlaget var. Hadde ankeparten det gjort, ville han ha funne ut at ein føresetnad om at dette laget berre strekte seg 1/2 meter under overflata, ikkje heldt stikk. Ved at ankeparten ikkje har oppfylt undersøkingsplikta si, er det iallfall ikkje høve til å gjera ein eventuell mangel gjeldande. Under alle omstende fører reklamasjonsfristen i §32 annet ledd til at kjøparen ikkje kan fremja mangelsåtgjerder. I høve til denne absolutte reklamasjonsfristen må kjøparen reknast å ha overteke tingen då kontrakten vart underskriven.

Ankemotparten har sett fram slik påstand:

"1. Domsslutningens pkt. 1 i Mandal byretts dom stadfestes.

2. Britt Mjåland Dyngvold tilkjennes saksomkostninger for byrett og lagmannsrett."

Lagmannsretten er komen til same resultatet som heradsretten. Dei faktiske omstenda i saka har heradsretten gjort utførleg greie for på side 2-5 i rettsboka, og lagmannsretten viser til det.

Både partane og heradsretten har lagt til grunn at det gjeld ei kjøpsrettsleg avtale, jamvel om heradsretten er inne på at rettshøvet ligg i grenselandet mellom ein vanleg kjøpekontrakt og ei avtale om rett til å ta ut sand i ei viss mengde over eit fastsett tidsrom (side 10 i domen). Lagmannsretten meiner det er rettast å sjå avtala ut frå den sistnemnde synsstaden, jamvel om det under alle omstende er spørsmål om å nytta vanlege avtalerettslege tolkingsprinsipp på rettshøvet. Det er nok så at kontrakten i pkt. 2 slår fast at grunnlaget er at det skal takast ut 30000 m3 sand rekna i faste massar, men dei andre kontraktsvilkåra, samanhalde med omstenda i saka, talar mot å rekna dette som ein vanleg kjøpekontrakt. Det er retten for ankeparten til uttak av sand på eigedomen til ankemotparten som er det typiske ved avtala, og ikkje kjøp av ei særskild mengde sand. Ei forskotsbetaling på 2/3-partar av den pårekna samla kontraktssummen utan at ankemotparten hadde konkrete planar om når sanden skulle takast ut, ville elles i seg sjølv vera påfallande i eit kjøpsforhold. Og vurdert som kjøp kunne ei slik sak ha reist tvil om når levering, overgang av risiko og overtaking (utgangspunkt for den absolutte reklamasjonsfristen) skulle reknast å ha skjedd.

Lagmannsretten legg til grunn at det var fabrikken som fyrst tok kontakt med Helge Mjåland med sikte på å sikra seg framtidig tilgang på sand, ettersom det eksisterande sandtaket - som låg på same eigedomen - tok til å tømast. Det er semje om at Mjåland saman med produksjonsleiar Kjellemo og sivilingeniør Kerlefsen var på synfaring i det aktuelle området på våren 1989. Arealet som kontrakten skulle gjelda, lét til å ha vorte avgrensa med sikte på at behovet til ankeparten skulle dekkjast. Den eksakte grensedraginga må ankeparten ha stått for, jf. brev 20. april 1989 til landbruksnemnda.

Kerlefsen var seinare ute på området og tok lengde- og breiddeprofilar og rekna ut kor store sandmassar det kunne vera der. Han la då inn visse føresetnader om kor djupt det kunne vinnast ut sandmassar av omsyn til vassføringa i elva ved flaum, og kor høgt massane strekte seg. Med omsyn til det siste rekna han med at overflatedekket - skrotmassane - jamt over berre var 1/2 meter djupt. Det vart ikkje gjort nokon slag kontroll av at denne føresetnaden slo til. På dette grunnlaget rekna Kerlefsen ut at det kunne vera 30000 m3 fast masse i grunnen, eller 45000 m3 i lause massar. Det er vidare klårt at den same føresetnaden hadde mykje å seia for kor rekningssvarande prosjektet ville vera. Eit djupare lag av skrotmassar kunne føra til monalege meirkostnader til oppgraving, mellomlagring og attendeføring.

Det er etter provføringa for lagmannsretten noko uklårt kva som vart sagt av Helge Mjåland under synfaringa om kor djupt overflatelaget var. Men same kva som måtte ha vorte nemnt om det, hadde folka til ankeparten fullt høve til å undersøkja alle naturgjevne vilkåra som kunne ha noko å seia for kontrakten. For lagmannsretten er det ikkje hevda at Mjåland sette seg mot at det skulle prøvegravast i området. Etter det som har kome fram, er det ikkje tvilsamt at jamvel svært enkle undersøkingar ville ha vist at skrotmassane til dels gjekk mykje djupare enn føresetnaden til ankeparten, og at grunnlaget for utrekningane og lønsemda difor svikta på eit hovudpunkt.

Ettersom ankeparten - som har vore den aktive parten - med sin fagkompetanse stod fritt til å gjera dei undersøkingar som han ville, kan lagmannsretten ikkje sjå det annleis enn at ankeparten sjølv må bera risikoen for at hans eigen føresetnad var til stades. Mykje talar for at ankeparten jamvel i eit avtaleforhold med Helge Mjåland hadde måtta finna seg i det. Endå klårare vert dette i høve til ankemotparten, som kom inn i biletet etter at ankeparten og broren i røynda hadde kome til semje om ei avtale. Ankemotparten hadde ingen særlege føresetnader for å vurdera dei utrekningane ankeparten hadde gjort om sandmassane.

I tillegg viser lagmannsretten til at ankemotparten baud på eigedomen på tvangsauksjon etter at ho nokre dagar i førevegen hadde fått lovnad frå dagleg leiar Kjellemo - som og sat i styret for sparebanken i bygda - om at ankeparten ville gjera kontrakt med henne og betala kr 300000 kontant, på forskot. Kjellemo lét ikkje til å ha teke noko atterhald. Og han måtte vita at sandkontrakten var ein av føresetnadene for at ankemotparten kjøpte eigedomen. Han sende og ankemotparten eit avtaleutkast over telefaks same dagen som tvangsauksjonen skulle vera.

Dersom meininga til avtalepartane hadde vore at ankemotparten skulle stå inne for dei føresetnadene som ankeparten gjer gjeldande med omsyn til tilgjenge til og omfang av sandmassane, hadde det dessutan - særleg ved ei så stor forskotsbetaling - vore naturleg å ta atterhald i kontrakten om attendeføring av ytingar dersom føresetnadene svikta. Det vart ikkje gjort. Pkt. 10 i kontrakten om utferding av skadeslausbrev tek openbert sikte på andre tilhøve, og er heller ikkje gjort gjeldande av ankeparten.

Lagmannsretten er komen til at risikoen for dei nemnde føresetnadene må liggja hos ankeparten, og korkje heilt eller delvis kan veltast over på ankemotparten. Pkt. 2 i kontrakten kan etter ei objektiv tolking ikkje vera slik å forstå at ankemotparten stod inne for at det på ein teknisk/økonomisk rekningssvarande måte kunne vinnast ut slike sandmengder som der er nemnde. For så vidt kan ein visa til dei merknadene heradsretten har kome med og som lagmannsretten i hovudsak er samd i. Det kan etter dette ikkje vera tale om noko mishald av kontrakten og under alle omstende ikkje noko mishald som gjev grunnlag for heving.

Lagmannsretten skal leggja til at resultatet i saka måtte ha vorte det same dersom ein vurderer kontrakten som eit kjøp som fell inn under reglane i kjøpsloven. Ut frå dei same allmenne tolkingsprinsippa som ovanfor ville det ikkje ha vore grunnlag for å konstatera noko "vesentlig kontraktbrudd" som nemnt i kjøpsloven §39 første ledd. Under alle omstende ville manglande oppfylling av undersøkingsplikta etter §20 annet ledd i lova ha vore til hinder for å gjera ein eventuell mangel gjeldande. Det aktuelle området vart faktisk undersøkt av ankeparten på førehand og ved denne undersøkinga burde han ha oppdaga mangelen. Ankeparten kan ikkje høyrast med at han berre gjorde ei visuell undersøking av området som ikkje kunne ha avdekt kor djupe overflatemassar det var der.

Anken har etter dette ikkje ført fram og domen i heradsretten vert stadfest. Ankeparten bør bera sakskostnadene til ankemotparten for lagmannsretten i samsvar med hovudregelen i tvistemålsloven §180 første ledd, med di det ikkje ligg føre slik særlege omstende at ankeparten bør fritakast for kostnadsansvaret. Advokat Bryge har sendt inn kostnadsoppgåve på kr 22496, der salæret utgjer kr 21850. Det har ikkje kome innvendingar til oppgåva, som vert godteken av retten. Lagmannsretten er samd i kostnadsavgjerda til heradsretten.

Domen er samrøystes.

Domsslutning:

1. Domen i heradsretten vert stadfest.

2. I sakskostnader for lagmannsretten betalar Agder Spennbetongfabrikk A/S v/styreformannen til Brit Mjåland Dyngvold 22496 - tjuetotusenfirehundreognittiseks - kroner innan 2 - to - veker etter at domen er forkynt.