Hopp til innhold

LA-1993-606

Fra Rettspraksis


Instans: Agder lagmannsrett - Dom
Dato: 1995-08-24
Publisert: LA-1993-00606
Stikkord:
Sammendrag:
Saksgang: Vest-Telemark jordskifterett - Agder lagmannsrett LA-1993-00606 A
Parter: Ankande part: Bugen sameige v/Mariann Romtveit (Prosessfullmektig: Advokat Jon I. Lunde). Ankemotpart: Anne Aalandslid v/Tove Aalandslid (Prosessfullmektig: Advokat Lars Skjelbred).
Forfatter: Domarar: 1. Lagdomar Asbjørn Nes Hansen, formann 2. Lagdomar Jan Villum 3. Sorenskriver Harald Jølle
Lovhenvisninger: Tvistemålsloven (1915) §180, Jordskifteloven (1979) §62, Jordskifteloven (1979)


Ankesaka gjeld tvist om grensa mellom to eigedomar i Mo, Tokke kommune.

For eigedomen gnr. 86 bnr. 2, det såkalla Bugen sameige, vart det i 1982 kravt rettsutgreiing og grensegang etter jordskiftelova. Vest-Telemark jordskifterett gav domar i 1984 og 1985 om ein del av nordgrensa for eigedomen og om eigedomsog bruksrettstilhøve i sameiga. Avgrensinga av Bugen sameige mot søraust, frå fylkesgrensa mellom Telemark og Aust-Agder og austover til Bugsåi, vart så teke opp til avgjerd av jordskifteretten, som sa dom i denne tvisten 23. februar 1993 med slik domsslutning:

"1. Nummereringa i denne slutninga refererar seg til nummerering på dok. nr. 114, som ligg vedlagt rettsboka.

Grensa for Bugensameige, gnr. 86 m.fl., tek til i punkt utan merke, nr. I, i fylkesgrensa mellom Aust-Agder og Telemark og går i rett line til høgde 1489, pkt. nr. II, vidare i rett line til høgde 1506, pkt. nr. III, så i rett line til høgde 1488, pkt. nr. IV, vidare i rett line til høgde 1444, pkt. nr. V, så i rett line til pkt. nr. 8 som er ei deild på Flodvassnutane. Herifrå gå grensa gjennom punkta nr. 9 og 10, vinklar så litt mot nord og går i rett line gjennom pkt. nr. 14 til pkt. nr. 4 (pkt. nr. 4 er skjeringspunktet for forlenginga av rettlina gjennom pkt. nr. 10 og 14 og forlenginga av rettlina gjennom pkt. nr. 6 og 5). Her vinklar grensa omlag mot nord og går gjennom pkt. nr. 5 og nr. 6 til djupaste Bugselva.

Grensa fylgjer så djupaste vassdraget fyrst austover, sidan sørover inntil grensa støyter mot Flodvassheia, gnr. 113, bnr. 2.

På ei strekning vestanfrå fylkesgrensa støyter Slettetveit, gnr. 118, bnr. 1, til den oppskrivne grensa. På ei strekning austanfrå Bugselva støyter Flodvassroi, gnr. 114, bnr. 5, 6 og 7 til den oppskrivne grensa.

Retten tek ikkje stilling til kor langt dei støyter til, idet ein heller ikkje tek stilling til om, og i tilfelle kvar, Felland nedre (Strålaus), gnr. 114, bnr. 10 og Hovassheia, gnr. 114, bnr. 13, støyter til Bugensameige langs den oppskrivne grensa.

2. Partane dekkjer sjølve sine sakskostnader.

3. Dommen vert sett til førehands påanke, jfr. jordskiftelova §62. Fristen for anke er 2 - to - månader frå forkynning."

Den nærare omstenda i saka går fram av domen i jordskifteretten.

Mariann Romtveit, ein av sameigarane i Bugen, har anka denne domen til Agder lagmannsrett, så langt gjeld grensa mellom Bugen sameige og eigedomen Vendalen, gnr. 118 bnr. 1. Advokat Jon Isak Lunde er prosessfullmektig for ankeparten. Eigaren av Vendalen, Anne Aalandslid, med advokat Lars Skjelbred som prosessfullmektig, har i anketilsvar teke til motmæle og påstått domen stadfest. Det var ankeførehaving på Dalen 15.-17. august 1995, der båe partane møtte saman med prosessfullmektigane. Tove Aalandslid, mor til ankemotparten, var òg til stades under heile ankeførehavinga. Retten tok imot forklaring frå ankeparten og 11 vitne. Prosessfullmektigane dokumenterte ei rekkje skriftlege prov, som vert nemnde nedanfor så langt det trengst for avgjerda. Den andre rettsdagen var det synfaring i tvisteområdet.

Slik anken er avgrensa, gjeld tvisten for lagmannsretten grensa for Bugensameiga frå fylkesgrensa og austover til ei høgd på 1488 meter, avmerkt som pkt. IV på kart frå jordskifteretten. Det er ikkje tvilsamt at eigedomen til ankemotparten, Vendalen, støyter til Bugen på mesteparten av denne strekninga, men lengst aust vil mogeleg andre eigedomar støyta til frå søraust. Med det resultatet lagmannsretten har kome til, er det ikkje turvande å gå nærare inn på dei prosessuelle spørsmåla som ei grensefastsetjing i samsvar med påstandslina til Bugen kunne ha reist.

Mariann Romtveit v/advokat Lunde har i hovudsak halde fram:

Som jordskifteretten har lagt til grunn, vil ei tolking av skøytet på Vendalen frå 1803 vera det sentrale ved avgjerda av tvisten. Etter skildringa i dette dokumentet skal grensa for Vendalen fylgja bekken frå Brandsnuten, og då kjem ein opp i det ein kan kalla Brandsnutmassivet. - Dette må vera den formasjonen ein ser frå Vendalen, med høgdene 1459 og 1479 merkte på kartet. Skildringa i skøytet må vera slik å forstå at grensa skal fylgja Brandsnutmassivet til nordre enden av det som er kalla nordre Brandsvatnet, og deretter venda austover. Knekkpunktet må då vera på det som er kalla høgste Brandsnuten, på høgd 1496, vist som pkt. 49 på kart i tilknyting til sak nr. 3/1968 for Vest-Telemark jordskifterett. I sistnemnde sak vart grensene mellom ei rekkje eigedomar i Bykle på den eine sida, og ei rekkje eigedomar i Tokke på den andre sida, fastlagde.

Med "det nordre Brands-Vandet" i 1803-dokumentet må dei ha meint det vatnet som er kalla øystre Brandsvatn på nyare kart. Frå gamalt av var det berre to Brandsvatn; dei som er kalla midtre og øystre Brandsvatn på kartet. Det som på nyare kart er kalla nørdste Brandsvatn, er i røynda det eine av to Gråsteinsvatn, som før oppdemminga låg etter einannan med ein liten høgdeskilnad mellom vatna. Det ville ha vore underleg om berre det eine vatnet skulle heita Gråsteinsvatnet, medan det andre skulle ha same namnet som to vatn lenger sør. Kartet til løytnant Hertzberg frå 1850 viser den gamle namnebruken - at det var to Brandsvatn og to Gråsteinsvatn. I ei skildring frå Noregs Geografiske Oppmåling frå åra etter 1906 er det nemnt "Graasteinsvandene", dvs. i fleirtal. Og i eit brev frå 1941 til Byklehei Reinsamlag er det tale om "(b)egge Bransvannene", dvs. ikkje tre Brandsvatn. Det var namnebruken på Setesdalssida som var grunnen til at det øystre Brandsvatnet vart kalla det nordre i 1803. For setesdølene var det dette vatnet som låg lengst unna, og då var det naturleg å kalla vatnet det nordre utan omsyn til den rette himmelretninga.

Etter heimelsdokumentet frå 1803 skulle grensa for Vendalen, etter vendepunktet i vest, gå "østerlig oven Æggene som er væsten for det lange Grasdahls Tiøn, og lige i østre Ende af det nordre Grasdahls Tiøn". I det fyrstnemnde stadnamnet må adjektivet "lang" knyta seg til dalen, som må vera heile dalføret som strekkjer seg frå Vendalen og opp imot Sanddalane. Namnet Grasdalsnuten viser at dei kan ha kalla denne dalen for Grasdalen, og det høver òg med dei naturgjevne tilhøva. I 1803dokumentet må dei ha vist til den langstrekte tjørna i Sanddalane. - Tjørna i den nordre Grasdalen må vera tjørna som er vist aust for Langevatn på høgd 1377 meter. Nordaust for denne tjørna vart det under synfaringa påvist ei steinsamling som høver godt inn i påstandslina til ankeparten.

Ved å trekkja grensa frå høgste Brandsnuten austover slik at ho går vest for tjørna i Sanddalane og på austsida av nordre Grasdalstjørn, vil grensa nett gå "oven Æggene", slik det er sagt i skøytet frå 1803. Det sentrale i dette stykket er at grensa går etter ein samanhangande kant eller formasjon, meir enn at ho råkar dei høgste tindane. Dette kan vera grunnen til at t.d. Sigurdstind ikkje er nemnd i grenseskildringa. Påstandslina til ankeparten vil gje godt samsvar med det som er sagt i 1803-dokumentet om tilhøvet til dei to Grasdalstjørnane. På dette punktet lèt jordskifteretten til å ha gjeve opp å finna ut av formuleringane i skøytet.

Påstandslina til ankeparten fører som nemnt med seg at grensa mellom Bugen og Vendalen går over høgste Brandsnuten (høgd 1496). Dette vil vera i samsvar med tradisjon i bygda, jf. vitneforklaringar, om at grensa mellom Mo og Byrte går her. Bugen vert rekna til ytre Byrte, medan Vendalen er Moeigedom. Både på kartet til løytnant Hertzberg frå 1850 og kartet til kaptein Gjessing frå 1857 ligg høgste Brandsnuten just i grensa mellom Frolandsheiane og Byrteheiane.

I boka "Heibeiti i Telemark" av beitekonsulent Gravir er det sagt at "Vendalen er smal med høge fjell" (side 13), og det høver godt med den avgrensinga som fylgjer av påstandslina til ankeparten. Eit av vitna forklara at ein tidlegare eigar hadde sagt at heile Kjellaren, jf. Kjellartjørni på kartet, høyrde til Vendalen, og det kan tyda på at nordgrensa for eigedomen ikkje gjekk så langt derifrå. Avlidne Salmund Geiskelid, eigar av tilstøytande eigedom på Byklesida, meinte opphavleg at Vendalen ikkje strekte seg lenger nordvest enn til øystre Brandsvatn. Det var den tidlegare eigaren av Vendalen, Gunnar Slettetveit, som seinare fortalde Salmund at Vendalen gjekk heilt til nørdste Brandsvatn.

Ankeparten har for lagmannsretten sett fram slik påstand:

"1. Grensen mellom gnr. 86 bnr. 2 og gnr. 118 bnr. 1, begge i Tokke kommune, går fra grensepunkt 49 i fylkesgrensen mellom Aust-Agder og Telemark, jfr. 26 i rettsbok av 1972 for Vest-Telemark jordskiftesokn.

Herfra går grensen nordøstover til trigonometrisk punkt med høyde 1518, derfra til høyeste punkt på Sigurdstind, høyde 1520, herfra i rett linje over vann, høyde 1377, frem til høyde 1488. Dette siste er identisk med pkt. IV i Jordskifterettens dom i nærværende sak.

2. Den ankende part tilkjennes saksomkostninger for lagmannsretten."

Anne Aalandslid v/advokat Skjelbred har halde seg til domen i jordskifteretten, og har elles i hovudsak halde fram:

Ved fastlegginga av grensa mellom Bugen og Vendalen er det tale om å tolka skøytet på Vendalen frå 1803, med di ein ikkje kjenner til seinare rettslege disposisjonar som har endra rettshøvet. Det er då å vera klår over at skøytet inneheld ei geografisk skildring av grensene; det vert ikkje vist til deilder, men til bekkar, vatn, toppar og til himmelretninga. Grenseskildringa er svært grov - for ein strekning på fleire km inneheld ho berre nokre få ord.

Det gjeld om å koma fram til ei avgrensing mellom eigedomane som er naturleg ut frå den tradisjonelle bruken og dei naturgjevne tilhøva. Påstandslina til ankeparten skjer over dei naturlege beiteområda åt Vendalen, som fylgjer dalane opp mot vasskiljet. Det området som vert påstått å høyra til Bugen, har dei frå Vendalen røynleg nytta til beite. Og det er utnyttinga av beitet som har vore den sentrale bruken av desse heiane tidlegare, med di mykje av jakta var fri.

Når grensa skal gå "op efter høieste Riset af Brandsnutten, - - - og lige Strækning til den nordre Ende af det nordre Brands=Vandet", må det tyda at grensa ikkje stoggar på Brandsnuten, men går vidare til det nordre Brandsvatnet. Etter ordlyden er ikkje Brandsnuten eit vinklingspunkt; dette må derimot vera ein stad ved vasskanten nord for nørdste Brandsvatn. Det er ikkje grunnlag for å meina anna enn at dei med det nordre Brandsvatnet i 1803 har meint det same som nørdste Brandsvatn på nyare kart. Lokalkjende folk som Rasmus Felland og Salmund Geiskelid har vist til nørdste Brandsvatn. Det høver heller ikkje at det øystre Brandsvatnet skal ha vore kalla det nordre, ettersom det ikkje ligg i nord.

Påstandslina til Bugen viser ei grense som vert gjennomskoren av djupe dalar, og då kan ikkje grensa seiast å gå "oven Æggene". Den naturlege grensa mellom Bugen og Vendalen går frå topp til topp i vasskiljet, slik jordskifteretten har kome til. Dei skriftlege fråsegnene frå Gunnar Slettetveit og Arne Larsen talar for denne grensa. Når det gjeld "det lange Grasdahls Tiøn", kan det vera det same som Langevatnet på kartverket, og "det nordre Grasdahls Tiøn" kan vera Langetjørni. Forklaringa til vitnet Kjetil Hauglid om "Dei lange grøi" og "Dei inste lange grøi" kan, som jordskifteretten har nemnt, vera av interesse i denne samanhengen.

Det er påfallande ved påstandslina åt ankeparten at eit markert punkt i grensa som Sigurdstind ikkje er nemnd i 1803dokumentet, endå det namnet må ha vore kjend og nytta på den tid. Påstandslina går som nemnt over djupe dalar og skjer over dei gamle beiteområda til Vendalen. Endå meir problematisk vert grensepåstanden i høve til skildringa i skøytet om at grensa går vest for "det lange Grasdahls Tiøn". - Sistnemnde tjørn kan ikkje liggja nede i Sanddalane, slik som påstått av ankeparten.

Det som er nemnt av sume vitne om grensa mellom Mo og Byrte, er lause og usikre utsegner som det ikkje kan leggjast noko vekt på. Dersom påstandslina til ankeparten vert lagd til grunn, vil Vendalen få eit monaleg mindre areal enn det som er oppgjeve i "Heibeiti i Telemark". Kartet som er teke inn i den boka, viser at Vendalen strekkjer seg nord for Brandsnutane. I jordskiftesaka om grensene mellom eigedomar i Bykle og Tokke vart det framlagt eit kart som viste at Vendalen var føresett å gå nord for Brandsnuten, jamvel om eigedomsgrensene på kvar side av fylkesgrensa ikkje vart fastlagde i den saka.

Ankemotparten har sett fram slik påstand:

"1. Jordskifterettens dom pkt. 1 stadfestes så langt den er påanket.

2. Anne Aalandslid tilkjennes saksomkostninger for lagmannsretten."

Lagmannsretten har kome til same resultatet som jordskifteretten.

Båe eigedomane er vidstrekte høgfjellseigedomar, gamle febeite eller driftebeite, som strekkjer seg frå Mo og vestover mot Setesdal, med høgder opp til 1520 meter over havet. Det omstridde området skal vera på ikring 5500 da. I jordskifterettens dom frå 22. august 1985 er det lagt til grunn at Bugen opphavleg var ei sameige mellom fire gardar i Byrte. Byrte er eit grendelag i Mo sokn. Vendalen har kome frå garden Haugland i Mo; det går fram av skøytet som vart tinglyst 10. mars 1803, og som er det sentrale skriftlege dokumentet i saka her. Garden Slettetveit, som Vendalen høyrer til i dag, skal òg i si tid vera utskild frå Haugland, som ikkje vert rekna til Byrte.

Den tradisjonelle utnyttinga av desse fjelleigedomane har, ved sidan av beitet, vore jakt. Då dei jakta i eldre tid, hadde truleg ikkje dei eksakte eigedomsgrensene i desse fjelltraktene så mykje å seia. Både reinsjakt og anna jakt vart truleg utnytta av den det høvde for, utan omsyn til eigedomsgrensene, jf. opplysningar i brev 28. desember 1963 frå grensenemnda i Mo (Rasmus Felland og Aanund Haugen). Etter det lagmannsretten skjønar, er det fyrst med den organiserte villreinjakta, som visstnok kom i gang i 1981, at spørsmålet om eigedomsgrensene vart mykje meir viktig i jaktsamanheng.

Båe partar har trekt fram skøytet på Vendalen frå 1803. Lagmannsretten er samd med dei - og med jordskifteretten - i at ei tolking av dette dokumentet, saman med andre provsmoment, vil vera det sentrale grunnlaget for å fastsetja grensa. Ein kjenner ikkje til seinare rettslege disposisjonar som har endra grensene etter dette. Lagmannsretten vil understreka at det gjeld om å koma fram til ei avgrensing mellom eigedomane som høver etter dei naturgjevne tilhøva og den tradisjonelle bruken av desse fjelleigedomane.

I det nemnde heimelsdokumentet frå 1803 er grensene for Vendalen skildra. Grenseskildringa for den nordvestre luten av Vendalen vil då samstundes måtta vera avgrensinga mot Bugen. Grensa for Vendalen mot Klippingdalen, i sør og sørvest, er sagd å gå gjennom eit punkt der åa frå Klippingdalen møter bekken frå Brandsnuten. Frå dette åmøtet er framhaldet av grensa, fyrst i nordvestleg og så i austleg lei, ordlagt slik i skøytet: "- - - følger samme Bæk op over Brandsnutten, op efter høieste Riset af Brandsnutten, dog paa væstre Kandt hvor den helder til Klipingdahlen og lige Strækning til den nordre Ende af det nordre Brands=Vandet; Nu vender

Strækningen sig østerlig oven Æggene som er væsten for det lange Grasdahls Tiøn, og lige i østre Ende af det nordre

Grasdahls Tiøn; - - -"

Den fyrste delen av sitatet ovanfor reiser spørsmål om kva som er meint med "Brandsnutten". Både ut frå nyare kartverk og etter namnebruken i bygda er Brandsnutane eit namn på fleire nutar i dette området, der den søraustre luten hallar bratt ned mot Klippingdalen. Det er ikkje kome fram noko som skulle tyda på at namnebruken har vore annleis tidlegare. Nuten på høgd 1496 meter, nord for øystre Brandsvatn, vert gjerne kalla høgste Brandsnuten og synest vera den mest kjende og markerte av desse nutane.

Ankeparten har halde fram at den delen av grensa som er skildra som "lige Strækning til den nordre Ende af det nordre Brands=Vandet", refererer seg til ei strekning i nordvestleg lei fram til høgd 1496 meter. Slik lagmannsretten les 1803dokumentet, ligg det nærare å tolka grenseskildringa slik at ein med dette har forlate Brandsnutane og halde fram i nordvestleg lei frå høgste Brandsnuten. Det kan heller ikkje i 1803 ha vore særleg råkande å omtala denne nuten - eller eit punkt i nærleiken - som nordre enden av eit vatn.

Det talar òg mot tolkinga til ankeparten at stadnamnet "det nordre Brands=Vandet" i skøytet i så fall må vera å forstå lik øystre Brandsvatn på nyare kart. Rettnok synest namnebruken med omsyn til desse vatna å ha vore nokså skiftande, men det er ikkje ført noko prov for lagmannsretten for at nemninga nordre eller nørdste Brandsvatn har vore nytta om det øystre vatnet. Tvertom kan vitneutsegner tyda på at sistnemnde vatn er kalla heimare Brandsvatn, frå Mosida. Når det så vert hevda at setesdølene har kalla det noverande øystre Brandsvatn for det nordre, reiser dette i det minste spørsmål om kvifor dei i 1803 i eit dokument frå Telemark nytta namneforma til setesdølene.

Lagmannsretten er såleis samd med jordskifteretten i at vendepunktet i grenselina etter 1803-skøytet mest sannsynleg må vera eit punkt på nordaustsida av nørdste Brandsvatn. Men slik fylkesgrensa no er fastsett, vil knekkpunktet liggja lenger aust, i forlenginga av ei line som går gjennom det nemnde punktet.

Etter grenseskildringa i skøytet skal grenselina så gå "østerlig oven Æggene". Den grensa som jordskifteretten har trekt opp, synest høva tolleg godt med denne skildringa, jf. merknadene på side 108 nedst til side 109 øvst i rettsboka for jordskifteretten. Grensa er lagd over høgdedraga austover mot høgd 1488 meter. Det siste kan ein forsåvidt seia om påstandslina til ankeparten òg, men denne lina vert i større mon gjennomskoren av dalane som strekkjer seg opp frå søraust og har såleis ikkje den samanhengen i fjellformasjonane som grensa jordskifteretten kom fram til.

Det kan innvendast mot grenselina jordskifteretten fastsette at fastlegginga av grensa i høve til dei to Grasdalstjønnane i 1803-dokumentet byd på vanskar. Men det same kan seiast om påstandslina til ankeparten, som byggjer på at grenseskildringa viser til tjørnar i to ulike dalføre, som likevel båe skal heita Grasdalen. Ut frå det som ligg føre, kan lagmannsretten ikkje sjå at tilhøvet til denne delen av grenseskildringa i skøytet kan vera avgjerande for den eine eller andre løysinga.

Den avgrensinga mellom Bugen og Vendalen som den mest nærliggjande tolkinga av 1803-dokumentet fører til, må òg seiast å vera ei avgrensing som ut frå dei naturgjevne tilhøva verkar meir naturleg enn påstandslina til ankeparten. Domen frå jordskifteretten inneber ei grenseline som går over nokolunde samanhangande høgdedrag, medan påstandslina til ankeparten skjer over dalane som strekkjer seg oppover frå Vendalssida. Ut frå tilgjenge og naturlege føresetnader for bruk synest det ha mest for seg at tvisteområdet høyrer til Vendalen. Samstundes vil Bugen, med tyngdepunkt kring Midvatn og Poddevatn og vidare vestover, ha ei meir naturleg avgrensing sørvestover på det høgdedraget jordskifteretten har trekt grenselina.

Når det gjeld bruken av det omstridde området og oppfatningar blant eigarane og bygdefolk elles om eigedomstilhøva, har det kome fram ein del opplysningar i provføringa for lagmannsretten. Det kan synast som eigarane på kvar side har hatt ulik meining om grenselina og utnytta området i samsvar med sine eigarpretensjonar, utan at dette tidlegare har ført til at usemja kom for dagen. Dette kan henga saman med at desse svære heistrekningane låg langt unna bygda og at utnyttinga ikkje var særleg intensiv. Ein viser òg til det som er nemnt om at folk jakta utan særleg tanke på eigedomsgrensene. Eigedomane, eller partar av dei, har òg vore mykje på handel, og nye eigarar kan ha vore meir uvisse på grensene for eigedomane. Etter provføringa kan lagmannsretten difor vanskeleg sjå at tidlegare bruk av området og oppfatningar hjå eigarane kan føra til særleg klårlegging av grensetvisten.

Grensene mellom dei einskilde eigedomane på kvar side av fylkesgrensa vart ikkje fastlagde i den før nemnde jordskiftesaka (sak nr. 3/1968 ved Vest-Telemark jordskifterett) om grensene mellom eigedomar i Bykle og Tokke. Det er likevel sagt at "på grunnlag av dei opplysningane som kom fram under saksførehavinga den 9.-11. juli 1970 vil dei omtrentlege grensene verte nemnd i grenseoppskrivinga" (side 24 i rettsboka). Av interesse for saka her er då merknaden på side 26 i rettsboka om at "frå Brandsnutane og nordvestover (har ein) først fjellområdet under gnr. 118, bnr. 1 og så gnr. 86, bnr. 2". Dette går òg fram av eit kartriss som vart framlagd som dok. 39 i den saka og viser gnr. 118 bnr. 1 (Vendalen) på strekninga nordvest for pkt. 49 (høgste Brandsnuten) og gnr. 86 bnr. 2 fyrst lenger nordvest.

Det må leggjast ei viss vekt på at ein i jordskiftesaka om fylkesgrensa lèt til å ha bygt på ei avgrensing mellom Bugen og Vendalen som er samhøveleg med den grensa jordskifteretten har kome til i saka her. Dei dåverande eigarane av Bugen var partar i fyrstnemnde sak, jamvel om dei i liten mon lèt til å ha møtt fram i retten (jf. side 10 og 21 i rettsboka).

Av fleire vitne er det sagt at den gamle grensa mellom Byrte og resten av Mo gjekk i høgste Brandsnuten. Det må òg seiast å samsvara med dei to framlagde karta frå 1850 og 1857, der Brandsnuten synest vera den nordlege avgrensinga for Frolandsheiane, i grensa mot Byrteheiane. - Froland er eit anna grendelag i Mo sokn. Ut frå det som er opplyst om eigedomane Bugen og Vendalen, vil nett grensa mellom desse eigedomane samstundes vera grense mellom Byrte og resten av Mo sokn. Denne tradisjonen om grensa mellom grendelag vil då vera eit moment som styrkjer påstandslina til ankeparten. Men på den andre sida er opplysningane såpass uvisse at lagmannsretten ikkje kan leggja avgjerande vekt på dei.

Slik saka då står, vil ei tolking av ordlegginga i skøytet frå 1803 falla saman med ei høveleg avgrensing mellom eigedomane ut frå dei naturgjevne tilhøva, og tala for ei grenseline slik jordskifteretten har fastsett. Desse momenta må vera avgjerande, slik at domen frå jordskifteretten vert stadfest.

Anken har ikkje ført, men saka har bode på slik tvil at ankeparten bør fritakast for kostnadsansvaret for lagmannsretten etter unnataksregelen i tvistemålsloven §180 fyrste leden.

Domen er samrøystes.

Domsslutning:

1. Domen i jordskifteretten, domsslutninga pkt. 1, vert stadfest så langt han er anka.

2. Kvar av partane ber sine kostnader for lagmannsretten.