Hopp til innhold

LA-1993-837

Fra Rettspraksis


Instans: Agder lagmannsrett - Dom
Dato: 1994-04-05
Publisert: LA-1993-00837
Stikkord: Arbeidsforhold
Sammendrag:
Saksgang: Kristiansand byrett Nr: 93-00800 - Agder lagmannsrett LA-1993-00837 A. Rettskraftig.
Parter: Ankende part: Ingunn Greibesland (Prosessfullmektig: Advokat Gunvor Bryn Haavik). Ankemotpart: Audnedal kommune (Prosessfullmektig: Advokat Nils Astrup).
Forfatter: Lagdommer Trude Sæbø, formann, lagdommer Asbjørn Nes Hansen, eks.ord. lagdommer Bjørn A. Paulson, med meddommere
Lovhenvisninger: Arbeidsmiljøloven (1977) §58, §60, §62, Tvistemålsloven (1915) §172, §180, §5, §61


Saken gjelder: Oppsigelse i arbeidsforhold.

Hovudspørsmålet i saka er om Ingunn Greibesland skal reknast som fast tilsett kultursekretær i 20 % stilling i Audnedal kommune. Kommunen gjer gjeldande at ho berre hadde ei mellombels tilsetjing, i fyrste omgang frå 1. august til 31. desember 1992, medan Greibesland gjer krav på å ha fast tilsetjing. Etter at stillinga var lyst ut som fast, vart Sigrid Bendixen i møte i administrasjonsutvalet 29. mars 1993 tilsett som kultursekretær. Greibesland reiste sak mot kommunen ved Kristiansand byrett for å få dom for kravet om at ho var fast tilsett i stillinga. Saka vart fremja etter dei særskilde prosessreglane i arbeidsmiljølova §61 o.u., men utan meddomarar. Byretten sa dom i saka 24. august 1993 med slik domsslutning:

"1. Audnedal kommune frifinnes.

2. Sakskostnader ilegges ikke."

Dei nærare faktiske omstenda i saka, partsutsegnene for byretten og grunngjevinga for resutatet går fram av domen. Ingunn Greibesland, med advokat Gunvor Bryn Haavik som prosessfullmektig, har anka byrettsdomen til Agder lagmannsrett. Anken gjeld både rettsbruken og vurderinga av prova. Audnedal kommune v/ordføraren, med advokat Nils Astrup som prosessfullmektig, har i tilsvar teke til motmæle. Det var ankeførehaving i Kristiansand 2. mars 1994. Ved sidan av dei to prosessfullmektigane møtte tidlegare ordførar Magne Bråtveit frå kommunen. Ankeparten møtte ikkje sjølv, men gav - med samtykke av motparten og retten - forklaring over telefon. Ved sidan av Greibesland og Bråtveit forklara fire vitne seg for lagmannsretten. Prosessfullmektigane dokumenterte ein del skriftlege prov som vert nemnde nedanfor så langt det trengst for avgjerda. Saka står i hovudtrekk i same stode for lagmannsretten som for byretten. Sakshøvet går fram av byrettsdomen og merknadene nedanfor.

Det ankeparten Ingunn Greibesland har halde fram for lagmannsretten, kan samanfattast slik:

Prinsipalt vert det hevda at det var i strid med den preseptoriske føresegna i arbeidsmiljølova §58 nr. 7 andre leden å avtala tidsavgrensing av kultursekretærstillinga. Det omstendet at kommunen ikkje hadde dekning i budsjettet for fast stilling som kultursekretær, held ikkje som grunnlag for mellombels tilsetjing. Mangel på midlar har ikkje noko med "arbeidets karakter" å gjera. Dette går klårt fram av rettspraksis og juridisk teori. I dette tilfellet er det klårt at arbeidet er av permanent karakter. Og kommunen har ikkje gjort det sannsynleg at uvisse om den administrative tilknytinga var grunnlaget for å gjera tilsetjinga mellombels. Tvert imot tyder voteringa på at kommunestyret i møte 26. juni 1992 tok ei endeleg avgjerd om å kombinera kultursekretærstillinga med stillinga som biblioteksjef. Eit framlegg om intern utlysing av stillinga vart då røysta ned. Og ettersom Greibesland alt var fast tilsett som bibilioteksjef, med ein stillingsbrøk på om lag 60 %, var det etter hovudtariffavtala ikkje noko krav om kunngjering ved tilsetjing av henne i kultursekretærstillinga. - Det er ikkje grunnlag for å jamstella stillinga med eit vikariat, slik byretten har gjort. Ei slik utvidande tolking av vikariatomgrepet er det ikkje rom for.

Subsidiært vert det halde fram at Greibesland var i aktsam god tru med omsyn til at den mellombels tilsetjinga berre var ein formalitet og at ho ville få fast tilsetjing når stillinga var komen inn på kommunebudsjettet.

Konsekvensen av at arbeidsavtala er i strid med arbeidsmiljølova §58 nr. 7, er at Greibesland skal reknast som fast tilsett. Kommunen har ikkje gjort gjeldande at avslutninga av arbeidstilhøvet fyller kravet til sakleg oppseiing, og Greibesland krev å verta teken inn att i stillinga. Det vert kravt skadebot for lønstapet fram til saka er rettskraftig avgjord. Det er ikkje "åpenbart urimelig" at arbeidstilhøvet held fram, slik at retten ikkje har grunnlag for å ta avgjerd om fråtreding etter arbeidsmiljølova §62 fyrste leden andre punktum, slik kommunen subsidiært har kravt. Dersom retten likevel skulle ta avgjerd om fråtreding, vert det kravt skadebot for framtidig inntektstap med opptil kr 110000.

Ankeparten har for lagmannsretten sett fram slik påstand:

"Prinsipalt:

1. Oppsigelsen av Ingunn Greibesland kjennes ugyldig.

2. Kommunens subsidiære påstand om at Ingunn Greibeslands arbeidsforhold som kultursekretær i kommunen skal opphøre tas ikke til følge.

3. Audnedal kommune pålegges å la Ingunn Greibesland gjeninntre i stillingen som kultursekretær.

4. Audnedal kommune dømmes til å betale til Ingunn Greibesland lønnstap for perioden 01. januar 1993 - 19. mai 1993, bto. kr 4732 samt lønn i lønnstrinn 12 i 20 % stilling fra 19. mai 1993 til rettskraftig avgjørelse foreligger.

Subsidiært:

Dersom kommunen får medhold i sin subsidiære påstand om at Ingunn Greibeslands arbeidsforhold som kultursekretær skal opphøre, tilkjennes Ingunn Greibesland erstatning i tillegg til ovennevte krav med et beløp fastsatt etter rettens skjønn, begrenset oppad til kr 110000,-.

I begge tilfelle:

Audnedal kommune pålegges å betale sakens omkostninger for byretten og lagmannsretten."

Det ankemotparten Audnedal kommune har halde fram, kan samanfattast slik:

Føremålet med arbeidsmiljølova §58 nr. 7 andre leden er fyrst og fremst å hindra oppretting av mellombels stilling for å dekkja eit varig behov. Det er ikkje tilfelle i saka her, der kommunen tvert imot oppretta fast stilling seinare. Og rettspraksis har ikkje halde opprekninga i lovførearbeida for uttømande med omsyn til kva arbeidsoppgåver som fell inn under unntaket for "arbeidets karakter" i arbeidsmiljølova §58 nr. 7. I dette tilfellet gjev arbeidsavtala sjølv uttrykk for ei klår tidsavgrensing, og det har Greibesland godteke. Det må leggjast vekt på at det gjeld eit kortvarig arbeidstilhøve og at det berre er tale om eit tillegg på 20 % til ei fast stilling på 60 %. I dei fleste saker som har vore for domstolane tidlegare, har det derimot vore tale om heil stilling, tidsavgrensinga har vore nokså vag og arbeidstakaren har stått i stillinga i lengre tid.

Det var manglande dekning i budsjettet og uvisse om den administrative plasseringa av stillinga som gjorde at kommunestyret som ei førebels løysing valde å tilsetja Greibesland ut 1992. Det må vera rom for å godkjenna ei slik mellombels tilsetjing, anten med direkte heimel i arbeidsmiljølova §58 nr. 7 eller ved analogi frå unntaket for vikariat, slik byretten har gjort.

Ankemotparten kan ikkje høyrast med at at ho på avtalegrunnlag har vunne nokon rett til fast tilsetjing. Det kan ikkje vera særleg tvilsamt at ho var klår over føresetnadene til kommunen og godtok desse.

Dersom retten kjem til at Greibesland måtte reknast å vera fast tilsett i kultursekretærstillinga, må avslutninga av arbeidstilhøvet 31. desember 1992 nok i ettertid vurderast som ei usakleg oppseiing. Kommunen har i så fall heller ikkje innvendingar til det lønstapet Greibesland krev skadebot for. Men kommunen set seg imot at Greibesland vert teken inn att i stillinga, og har sett fram ein subsidiær påstand om at arbeidstilhøvet no skal falla bort. Det ville vera "åpenbart urimelig", slik praksis har tolka dette uttrykket, om arbeidstilhøvet held fram, jf. arbeidsmiljølova §62 fyrste leden andre punktum. I dette stykket må det takast omsyn til at kommunen rekna med at tilsetjinga av Greibesland berre var mellombels og at ho var kjend med det. Det må og takast med i vurderinga at det gjeld ei 20 % stilling som ho berre hadde i nokre månader. Omsynet til ei omplassering av den fast tilsette kultursekretæren kjem og inn i biletet. For Sigrid Bendixen var det og tale om ei utviding av eksisterande stilling i kommunen. Dersom retten tek avgjerd om fråtreding, er det berre rom for ei skadebot av symbolsk karakter.

Audnedal kommune har sett fram slik påstand:

"Prinsipalt:

Byrettens dom stadfestes.

Subsidiært:

Ingunn Greibeslands arbeidsforhold i Audnedal kommune opphører. For dette tilfelle frifinnes Audnedal kommune for Ingunn Greibeslands subsidiære påstand.

I begge tilfeller:

Audnedal kommune tilkjennes saksomkostninger, såvel for byrett som for lagmannsrett."

Lagmannsretten er komen til at anken må føra fram og skal nemna:

Hovudspørsmålet for lagmannsretten vert om avtala om mellombels tilsetjing står seg i høve til føresegna i arbeidsmiljølova §58 nr. 7 andre leden:

"Vilkår om at tilsetting bare skal gjelde for et bestemt tidsrom eller for et bestemt arbeid av forbigående art, kan bare rettsgyldig avtales når arbeidets karakter tilsier det. Avtale om tilsetting for et visst tidsrom kan allikevel inngås når det gjelder praksisarbeid eller vikariat, ..."

Føresegna, som tok sikte på å styrkja oppseiingsvernet, kan ikkje fråvikast ved avtale, jf. arbeidsmiljølova §5. Føresetnadene til partane kan likevel vera eit moment som talar for at ei tidsavgrensa tilsetjing er lovleg, jf. drøftinga i NOU 1992:20 side 172. Det må avgjerast etter ei heilskapsvurdering om "arbeidets karakter" er slik at mellombels tilsetjing kan godtakast.

Partane er samde om at det er den arbeidsavtala som galdt frå 1. august til 31. desember 1992 som skal vurderast av retten. Det omstendet at det kom i stand to forlengingar av avtala vinteren og våren 1993, etter at partane hadde vorte usamde og stillinga lyst ut, skal ikkje ha noko å seia for spørsmålet.

Etter provføringa legg lagmannsretten til grunn at hovudutvalet for kultur iallfall frå 1990 hadde vore oppteke av å få ein sekretær for utvalet. Slik det var, fall etter måten mykje arbeid på leiaren, medan rådmannskontoret tok seg av skriveteneste og kontorarbeid. Det var tvillaust eit politisk press frå medlemer av kulturutvalet for å få oppretta ei fast stilling som kultursekretær. Formannskapet hadde våren 1992 bede utgreidd to alternative ordningar - anten å utvida bibliotekarstillinga (60 %-stilling) med 20 % eller å utvida stillinga for musikkskuleleiaren med 20 %. Ingunn Greibesland var tilsett som biblioteksjef og Sigrid Bendixen var leiar for musikkskulen.

Då rådmannen la saka fram att for formannskapet i møte 28. april 1992, viste han til at den fyrstnemnde løysinga var i samsvar med ynsket frå kulturutvalet ved budsjetthandsaminga i 1991. Korkje i årsbudsjettet for 1992 eller i langtidsbudsjettet var det teke med kostnader til sekretærfunksjonen. Det framlegget som fekk fleirtal i formannskapet og seinare i kommunestyret 25. juni 1992, gjekk ut på å leggja sekretærfunksjonen til bibliotekarstillinga "som førebels løysing fram til 31. desember 92". Eit framlegg i kommunestyret om at stillinga som sekretær for kulturutvalet med 20 % vart lyst ut blant dei tilsette i kommunen, fekk ikkje fleirtal. Då Greibesland fekk melding om mellombels tilsetjing, fylgde sakspapira med. I arbeidsavtala er årsaka til tidsavgrensinga oppgjeven til at "oppretting av fast stilling som kultursekretær vil bli i forbindelse med budsjettbehandlingen høsten 1992".

Avgjerande for vurderinga av saka i høve til arbeidsmiljølova må vera kva som låg føre då den mellombelse arbeidsavtala kom i stand 26. juni 1992. Det som har kome til i ettertid, er mest interessant så langt det kan kasta ljos over kva som var føresetnadene for avtala. Det er lagt til grunn, og for så vidt godteke av kommunen, at manglande dekning i budsjettet i seg sjølv ikkje kan grunngje ei mellombels tilsetjing. Men ved sidan av dette har kommunen vist til at uvisse om den administrative plasseringa gjorde at ein valde ei førebels løysing. Lagmannsretten har vore i tvil om kva vekt kommunen har lagt på dette omsynet. Det må leggjast til grunn at det ikkje seinare i kommunen var noka drøfting av den organisatoriske tilknytinga. Og stillinga vart lyst ledig på nyåret 1993 utan binding til andre stillingar. Dette kan henga saman med at dei folkevalde ikkje lenger var så opptekne av det spørsmålet som dei var våren 1992. Men den manglande drøftinga av den administrative plasseringa av stillinga gjer det likevel mindre sannsynleg at uvisse om dette var ein medverkande grunn til å gjera tilsetjinga mellombels.

Det er ikkje hevda at strid om personval hadde noko å seia for kommunestyrevedtaket om ei førebels løysing fram til utgangen av 1992, men at det kom opp seinare. For lagmannsretten står det likevel noko uklårt når dette kom inn i biletet. Som formannskapsmedlem var jamvel leiaren av musikkskulen, Sigrid Bendixen, med på førehavinga av saka i formannskapet 28. april 1992 og gjorde framlegg om at kommunestyret skulle stå fritt til å velja båe alternativa for administrativ tilknyting. Dersom det er slik at usemje om personvalet låg i bakgrunnen alt på denne tid, og det kan ein vanskeleg heilt sjå bort frå, vil dette ytterlegare tala mot å godta ei mellombels tilsetjing. Kommunen kunne i tilfelle ikkje utsetja eit personval på denne måten. Ei tidsavgrensa arbeidsavtale ville i denne situasjonen vera ei form for prøvetid som ikkje er heimla i arbeidsmiljølova.

Lagmannsretten ser det slik at kommunestyret i møte 25. juni 1992 i røynda vedtok å oppretta stilling som kultursekretær i 20 % stilling, og det ikkje berre som ei førebels ordning. Vedtaket kan vanskeleg tolkast annleis enn at kommunestyret ville fylgja dette opp ved å finna plass for stillinga på årsbudsjettet for 1993. Og lagmannsretten har vorte ståande ved at det ikkje har vore slik tvil og uvisse om den administrative tilknytinga at det kan ha vore medverkande til å utsetja ei avgjerd om å oppretta fast stilling. Det var heller ikkje tale om ein akutt situasjon som gjorde det påkravt med ei mellombels løysing. Bortsett frå at stillinga ikkje var innarbeidd i budsjettet, er det då vanskeleg å sjå andre grunnar for å tidsavgrensa tilsetjinga enn at kommunestyret i tilfelle ville utsetja personvalet. Og det held som nemnt ikkje som grunngjeving i høve til den preseptoriske regelen i arbeidsmiljølova §58 nr. 7 andre leden.

Kommunen har halde fram at ein ikkje tok sikte på å unngå å oppretta fast stilling, slik at grunngjevinga for å forby tidsavgrensa avtaler ikkje slår til i dette tilfellet. Men det å utsetja oppretting av fast stilling - når vilkåra elles ligg føre - ved å tidsavgrensa tilsetjinga, er og ei omgåing av arbeidsmiljølova, og kommunen kan difor ikkje høyrast med denne innvendinga. Dei andre omstenda kommunen har trekt fram - at det berre gjeld ei deltidsstilling, at avtala berre galdt for kort tid og inneheldt ei klår tidsavgrensing, er nok moment som kan reisa tvil om tilhøvet til lova. Men dei kan ikkje vega så tungt at den tidsavgrensa arbeidsavtala i saka her står seg i høve til arbeidsmiljølova.

I motsetnad til byretten kan lagmannsretten ikkje sjå at arbeidstilhøvet kan godtakast etter unntaket for vikariat i §58 nr. 7 andre leden. Greibesland har ikkje vikariert for ein annan arbeidstakar medan denne har vore fråverande. Og det kan ikkje vera grunnlag for å sjå det slik at ho har vikariert for ein komande nytilsett, så lenge stillinga ikkje var vedteken utlyst.

Når resultatet vert at tidsavgrensinga er i strid med §58 nr. 7, er det ikkje tvilsamt at Greibesland må reknast som fast tilsett i 20 % stilling som kultursekretær. - Det er elles opplyst at ho etter hovudtariffavtala kunne tilsetjast utan utlysing av stillinga. Og som fast tilsett har Greibesland vanleg oppseiingsvern. Det er ikkje omstridt at avslutninga av arbeidstilhøvet hennar ikkje fyller kravet til sakleg oppseiing, jf. arbeidsmiljølova §60 nr. 1, og at oppseiinga dermed må haldast for ugyldig, jf. §62 fyrste leden fyrste punktum. Kommunen har ikkje reist innvendingar til å bøta lønstapet fram til endeleg avgjerd, i samsvar med påstanden til Greibesland. Retten gjev etter dette dom for skadebotkravet, jf. arbeidsmiljølova §62 andre leden.

Kommunen kan ikkje få medhald i kravet om at arbeidstilhøvet likevel skal falla bort, slik arbeidsmiljølova §62 fyrste leden andre punktum gjev høve til i særlege tilfelle. Lagmannsretten legg vekt på at då tilsetjinga av Bendixen vart klaga inn for kommunestyret i møte 22. april 1993, var kommunestyret klår over at Greibesland gjorde krav på å vera fast tilsett og at Kommunenes Sentralforbund i eit brev under visse føresetnader hadde konkludert med at ho ville få medhald av ein domstol. Når kommunestyrefleirtalet då valde å la tilsetjinga av Bendixen verta ståande utan å få konsekvensane nærare utgreidde, er kommunen sjølv å lasta for den stoda ein er komen opp i. Omsynet til Greibesland talar for at ho får rett til å verta teken inn att i stillinga. Med deltidsstilling som biblioteksjef er det rimelegvis ikkje så lett for henne å få anna høveleg deltidsstilling i kombinasjon. Og når det gjeld tilhøvet til Bendixen, som elles ikkje kan vera noko sentralt ledd i vurderinga, må det reknast med at ein så pass stor arbeidsgjevar som kommunen vil kunna finna ei høveleg ordning for henne. Det vil såleis ikkje vera "åpenbart urimelig" om arbeidstilhøvet til Greibesland held fram.

Anken har ført fram, men saka har bode på slik tvil at kvar av partane bør bera kostnadene sine for båe rettar. For kostnadene for lagmannsretten fylgjer det av unntaksregelen i tvistemålsloven §180 fyrste leden, og for byretten av tvistemålsloven §180 andre leden, jf. §172 andre leden.

Domen er samrøystes.

Domsslutning:

1. Oppseiinga av Ingunn Greibesland i 20 % stilling som kultursekretær i Audnedal kommune er ugyldig og ho har rett til å gå inn att i stillinga.

2. I skadebot for usakleg oppseiing betalar Audnedal kommune til Ingunn Greibesland brutto 4732 - firetusensjuhundreogtrettito - kroner i lønstap for tida 1. januar til 19. mai 1993 og løn i lønssteg 12 i 20 % stilling frå 19. mai 1993 til rettskraftig avgjerd ligg føre.

3. Kvar av partane ber sine eigne kostnader for byretten og lagmannsretten.