LA-1994-216
| Instans: | Agder lagmannsrett - Kjennelse |
|---|---|
| Dato: | 1994-03-25 |
| Publisert: | LA-1994-00216 |
| Stikkord: | Salær, Forskrift 7 |
| Sammendrag: | |
| Saksgang: | Agder lagmannsrett LA-1994-00216 K. Rettskraftig. |
| Parter: | Kjærande part: Ove Andersen, Arendal (Prosessfullmektig: Eigen). |
| Forfatter: | Lagdomarane Asbjørn Nes Hansen, Trude Sæbø, Åse Berg |
| Lovhenvisninger: | Forvaltningsloven (1967) §36, Rettshjelpsloven (1980) §28a, Straffeprosessloven (1981) §78 |
Advokat Ove Andersen var oppnemnd som forsvarar for Nedenes heradsrett i straffesak nr. 93-223. Han møtte til hovudførehaving 3. januar 1994. Ved innleiinga til rettsmøtet tok rettsformannen opp spørsmålet om han var ugild, og rettsmøtet vart avgrensa til å gjelda dette spørsmålet, med di det vart teke avgjerd om inhabilitet. Rettsmøtet varde i 2 timar. Ny hovudførehaving vart tillyst til 4. mars 1994, med ny rettsformann og nye meddomarar. Rettsmøtet varde frå kl. 09.00 til kl. 15.00. Hovudførehavinga heldt fram og vart avslutta 7. mars 1994 i eit rettsmøte som varde frå kl. 09.00 til kl. 14. mai
I arbeidsoppgåva la forsvararen til grunn at han skulle få godtgjersle etter forskrifta om salær etter faste satsar (stykkprisforskrifta), slik at godtgjersla skulle fastsetjast etter regelen for hovudførehaving som varer lenger enn 12 timar. Det fylgjer då av §8 annet ledd i stykkprisforskrifta at "påfølgende dager" skal godtgjerast med 14 gonger den offentlege salærsatsen for kvar dag. Salærkravet var etter dette kr 495 x (27 + 14) = kr 20295. I tillegg kom fråværsgodtgjersle og dekning av utlegg.
Ved salærfastsetjinga 15. mars 1994 har heradsretten kome til salæret skal utreknast etter regelen i stykkprisforskrifta om hovudførehaving som varer opptil 12 timar, dvs. med 27 gonger den offentlege salærsatsen. Det svarar til eit salær på kr 13365. Vedtaket er grunngjeve slik:
"Rettsmøte 3. januar 94 anses ikke som del av senere hovedforhandling. Rett satt med nye dommere til ny behandling av saken. Egen arbeidsoppgave må skrives for 3. januar 94, hvor rettsmøtet varte fra kl. 09.30 til kl. 11.30."
Advokat Andersen, som er fast forsvarar ved heradsretten, har påkjært denne salærfastsetjinga til Agder lagmannsrett, og har grunngjeve kjæremålet slik:
"Jeg vil gjøre gjeldende at rettens formann tar feil når det er lagt til grunn at rettsmøtet 03. januar 94 "anses ikke som del av senere hovedforhandling". Avgjørende må være at rettsmøtet 03. januar 94 var en del av hovedforhandlingen i samme sak som også ble behandlet i hovedforhandling 04. mars og 07. mars 94. Forskriftenes §8 innledes med:
"Pådømmelse av straffesak.. herunder forberedende arbeid, hovedforhandling og etterarbeid, godtgjøres.." med stykkprissatser basert på hovedforhandlingens varighet. Et ledd i hovedforhandlingen i en straffesak er også spørsmålet om rettens habilitet. Det kan ikke være riktig å holde utenfor grunnlaget for "stykkprisberegningen" en hovedforhandling som bare har behandlet spørsmålet om habilitet.
Rettens begrunnelse om at ved hovedforhandlingen de to siste dager var med "nye dommere" er etter min mening ikke holdbar. Det er en nødvendig følge av inhabiliteten til rettens formann at nytt rettsmøte måtte settes med ny rettsformann. Hvorfor det også var nye meddommere vet jeg ikke.
Jeg viser forøvrig til Høyesteretts kjæremålsutvalgs avgjørelse i Rt-1993-1115 hvor kjæremålsutvalget kom til at rettsmøtet til domsavsigelse er en del av hovedforhandlingen."
Advokaten har sett fram slik påstand:
"1. Salæret (stykkprisdelen) til advokat Ove Andersen i straffesak 223/93 M for Nedenes herredsrett fastsettes til kr 20295,00.
2. Staten pålegges å betale til Ove Andersen gebyr for kjæremålet med kr 950,00."
Heradsretten har sendt kjæremålssaka over til lagmannsretten utan merknader.
Lagmannsretten er komen til at kjæremålet må føra fram.
Saka reiser spørsmål om forståinga av forskrift om salær frå det offentlege til advokatar m.fl. etter faste satsar (stykkprissatsar) i m.a. straffesaker. Forskrifta er frå 7. desember 1992 og skulle gjelda i ein prøveperiode til og med 31. desember 1993. Ved forskrift 6. desember 1993 vart prøveperioden forlengd til 31. august 1994. I samband med denne forlenginga understreka Justisdepartementet at regelen om tilleggsgodtgjersle for "påfølgende dager" i §8 annet ledd berre skulle gjelda når hovudførehavinga varer minst 3 dagar.
Prøveordninga med godtgjersle etter stykkprissatsar tek sikte på å etablera eit uttømande regelverk for salærfastsetjing i dei sakene som vert omfatta av ordninga, jf. merknadene i Rt-1993-1115. Det vert då spørsmål om alt førebuande arbeid, hovudførehaving og etterarbeid i ei straffesak skal godtgjerast etter §8 i salærforskrifta - eller om heile salæret skal fastsetjast etter skjøn i samsvar med salærforskrifta frå 26. oktober 1992. Slik lagmannsretten forstår salærfastsetjinga til heradsretten, inneber denne at salæret i samband med rettsmøtet 3. januar 1994 skal fastsetjast etter den sistnemnde forskrifta. - Men ein slik kombinasjon av dei to salærforskriftene i same saka kan det ikkje vera høve til.
På line med problemstillinga i Rt-1993-1115 må spørsmålet vera om rettsmøtet som avgrensa seg til habilitetsspørsmålet skal reknast som ein del av hovudførehavinga eller om frammøtet skal reknast som ein del av det førebuande arbeidet til forsvararen som ikkje vert godtgjort særskilt. - Dersom habilitetsspørsmålet hadde vore føre i same rettsmøtet der realiteten i saka kom opp, er det ikkje tvilsamt at heile rettsmøtet skulle reknast som ein del av hovudførehavinga. Lagmannsretten kan ikkje sjå at det gjer nokon skilnad at habilitetsspørsmålet åleine vart teke opp i det fyrste rettsmøtet. Og det kan heller ikkje gjera nokon skilnad at saka måtte setjast med ny rettsformann, ettersom den fyrste som gjorde teneste, var ugild. Som nemnt av forsvararen var det ikkje grunn til å skifta ut meddomarane, og det kan under alle omstende ikkje få noko å seia at dette likevel vart gjort.
I høve til stykkprisforskrifta må såleis rettsmøtet 3. januar reknast som ein del av hovudførehavinga. Når så hovudførehavinga i alt har vart over 12 timar og faktisk har gått over 3 dagar, må resultatet verta at forsvararen har krav på tilleggsgodtgjersle etter §8 annet ledd i forskrifta.
Kjæremålet har ført fram og advokat Andersen bør få dekt utgiftene til kjæremålsgebyret, jf. forvaltningsloven §36 første ledd samanhalde med straffeprosessloven §78 annet ledd og rettshjelploven §28a. Det offentlege v/lagmannsretten er ansvarleg for utgiftene, jf. forvaltningsloven §36 fjerde ledd 2. punktum.
Avgjerda er samrøystes.
Slutning:
1. I salærfastsetjinga til heradsretten vert det gjort den endringa at stykkprisdelen av salæret vert sett til 20295 - tjuetusentohundreognittifem - kroner.
2. Det offentlege v/lagmannsretten er ansvarleg for utgiftene til kjæremålsgebyret.