LA-1994-240
| Instans: | Agder lagmannsrett - Dom |
|---|---|
| Dato: | 1994-06-10 |
| Publisert: | LA-1994-00240 |
| Stikkord: | |
| Sammendrag: | |
| Saksgang: | Tinn og Heddal heradsrett Nr. 1993-226 - Agder lagmannsrett LA-1994-00240 A. |
| Parter: | Ankepart: Åge Chr. Torød Motpart: Knut Buen (Prosessfullmektig: Advokat Agnar Haukås) Motpart: Torstein Våle. |
| Forfatter: | 1. Førstelagmann Arne Christiansen, formann 2. Lagdomar Asbjørn Nes Hansen 3. Eks.ord. lagdomar Bjørn A. Paulson |
| Lovhenvisninger: | Tvistemålsloven (1915) §172, §174, §180, §340, §381, Foreldelsesloven (1979) §2 |
Ankeparten Aage Torød har sidan 1956 leigt ei hyttetomt i Gvålsheia i Tuddal, Hjartdal kommune, på grunn som ligg i sameige mellom eigedomane gnr. 98 bnr. 1 og gnr. 99 bnr. 1. Noverande eigarar av desse eigedomane og ankemotpartar i saka er høvesvis Torstein Våle og Knut Buen. Det er fastsett i leigekontrakten at utan samtykke av leigaren skal det ikkje til nokon av sidene kunna setjast opp bygg nærare hytta hans enn 80 meter. Det fylgjer óg av leigekontrakten at leigaren har rett til veg fram til hytta og rett til å henta vatn på høveleg stad. Leigetida skal vera 40 år, rekna frå 1. juli 1956. Når leigetida er ute, og leigaren i tilfelle ynskjer å fornya kontrakten, kan utleigarane velja om dei vil overta bygningane på tomta etter vanleg pris eller fornya leigekontrakten.
I 1987 vedtok kommunestyret ein reguleringsplan for området der leigetomta til Torød ligg. Etter det som er opplyst, opnar planen for bygging av over 60 nye hytter i området. På grunnlag av denne reguleringplanen er det mellom anna sett opp fem hytter som kjem nærare hytta til Torød enn 80 meter. Ei av desse hyttene vart bygd kring 1988, og dei fire andre kring 1990/91. I samband med bygging av veg inn i hyttefeltet kring 1988/89 meiner Torød at vegtiltaket har ført til at brunnen hans er vorten øydelagd som vasskjelde. Torød tok opp desse to tilhøva - bygging innanfor eit belte på 80 meter kring hytta hans og øydelegginga av vasskjelda - med dei to grunneigarane, utan at partane kom til semje. Torød tok ut forliksklage 10. mars 1993, og forliksrådet viste saka til retten. Torød sende stemning 21. juni 1993 og Tinn og Heddal heradsrett sa dom i tvisten 30. desember 1993 med slik domsslutning:
"1. Knut Buen og Torstein Våle frifinnes for saksøkers krav om vederlagsfri rett til å ta vann fra vannuttak, post 1 i saksøkers påstand.
2. De dømmes til in solidum å betale til Aage Torød en erstatning stor kr 10000,- innen to uker fra dommens forkynnelse.
3. Hver av partene bærer sine omkostninger."
Heradsretten kom til at vegarbeidet ikkje hadde ført til at Torød hadde mist retten sin etter leigeavtala til å henta vatn på høveleg stad, slik at det ikkje var grunnlag for skadebot på dette punktet. I høve til brotet på avstandsklausulen kom retten til at hytta til Torød hadde falle noko i verdi ved bygginga av dei nye hyttene, og fastsette ei skadebot på kr 10000 under omsyn til at leigetida går ut i 1996. Dei nærare faktiske omstenda i saka, partsutsegnene for heradsretten og grunngjevinga for resultatet går fram av domen.
Aage Torød, som er sjølvprosederande, har anka heradsrettsdomen til Agder lagmannsrett. Anken rettar seg mot rettsbruken og provsvurderinga til heradsretten. Knut Buen, med advokat Agnar Haukås som prosessfullmektig, har i anketilsvar teke til motmæle og påstått seg frifunnen. Påstanden frå Buen inneber at han óg har motanka så langt han vart pålagd å svara skadebot. Torstein Våle, som ikkje har prosessfullmektig, har i anketilsvar påstått seg frifunnen.
Det var ankeførehaving med synfaring i Tuddal 4. oktober 1994. Aage Torød og Knut Buen møtte, den siste saman med prosessfullmektigen. Torstein Våle møtte ikkje. Dei frammøtte partane forklara seg for retten. Det vart frå kvar av sidene dokumentert ein del skriftlege prov. Saka står i det meste i same stode som for heradsretten.
Aage Torød har i hovudsak halde fram det same som for heradsretten, og som det er gjort greie for i domen. Når han for lagmannsretten prinsipalt krev dom på naturaloppfylling både for øydelegginga av vasskjelda og brotet på avstandsklausulen, kjem det av at han i høve til motpartane vil vera sikra tilgjenge på vatn og rett til å bruka den nye vegen inn i hyttefeltet. Det vil ikkje kosta motpartane noko å gje han dei rettane han krev i påstanden sin, og som er ein rimeleg kompensasjon for ulempene dei har valda han. Subsidiært krev Torød ei skadebot på kr 65000. Det er då lagt til grunn at det vil kosta kr 30-40000 å bora etter ny brunn i området, og at kr 25000 vil vera ei høveleg skadebot for den verdireduksjonen på hytta hans som bygginga av dei nye hyttene har ført til. Heradsretten har teke i miss når festeavtala er tolka slik at festaren ikkje har nokon verna rett til å grava brunn i området. Under alle omstende har Torød vunne rett til brunnen på grunnlag av hevd. Når det gjeld brotet på avstandsklausulen, har grunneigarane trassa seg fram utan å respektera klausulen, og har skaffa seg ei stor vinning på denne måten. Ved fastsetjing av skadebot må det takast omsyn til at festekontrakten gjev høve til fornying av festetida med 40 år. Det vert kravt at retten i høve til Torstein Våle gjev fråveringsdom. Det er sett fram slik påstand:
"1. Prinsipalt:
Aage Torød gis for sin hytte varig rett til vederlagsfritt å nytte veien over felt G og til å ta vann fra nærmeste vannuttak på motpartenes eiendom i Gvålsheia.
2. Subsidiært:
Knut Buen og Torstein Våle dømmes til én for begge og begge for én innen 2 - to - uker fra forkynnelsen av lagmannsrettens dom å betale til Aage Torød kr 65000.
3. I begge tilfelle:
Knut Buen og Torstein Våle tilpliktes én for begge og begge for én å betale saksomkostninger til Aage Torød for herredsrett og lagmannsrett."
Knut Buen v/advokat Haukås har óg i hovudsak halde fram det same som for heradsretten, og som er attgjeve i domen. Når det gjeld kravet om skadebot for øydelagd vasskjelde, held Buen seg til heradsrettsdomen, som vert hevda å vera rett på dette punktet. Når det gjeld brotet på avstandsklausulen, er det gjort gjeldande dei same innvendingar mot skadebotkravet som for heradsretten. Som ei subsidiær innvending er det halde fram at eit mogeleg krav er forelda, med di foreldingsfristen på 3 år lyt reknast frå då reguleringsplanen vart vedteken 30. august 1987. Til utforminga av påstanden åt Torød vert innvendt at det ikkje i noko tilfelle kan gjevast dom på naturaloppfylling. Det er sett fram slik påstand:
"1. Knut Buen frifinnes.
2. Knut Buen tilkjennes saksomkostninger for herredsrett og lagmannsrett."
Lagmannsretten ser saka slik:
Ved at Knut Buen har motanka over fastsetjinga av skadebot for brotet på avstandsklausulen, har lagmannsretten - i høvet mellom Torød og Buen - same kompetanse som heradsretten til å prøva skadebotkrava fullt ut. Lagmannsretten har i motsetnad til heradsretten kome til at det bør gjevast skadebot for øydelagd vassforsyning, medan derimot skadebotkravet som gjeld ulemper ved bygging av hytter innanfor eit 80-metersbelte kring hytta til Torød, ikkje kan føra fram i høve til Buen.
Når det gjeld det påståtte tapet av vassforsyning, er partane usamde både om korleis leigeavtala skal tolkast og om den faktiske bruken av vasskjelder opp gjennom åra. Når kontrakten talar om rett "til å hente vann på høvelig sted", talar dei beste grunnar for at leigaren har rett til noko meir enn å henta vatn i opne kjelder, som er ein allemannsrett. Det synest nærliggjande å forstå kontrakten slik at leigaren må ha rett til å grava seg ein brunn, om det skulle vera føremålstenleg, og det jamvel utanfor tomtegrensa. Men omsynet til god granneskap ville tala for å varsla før graving, utan omsyn til om festaren hadde ei rettsleg plikt til å spørja.
No må det leggjast til grunn at Torød sommaren 1968 fekk utgrave brunn på oppsida av tomta, utanfor tomtegrensa, og la ned betongringar der, utan at grunneigarane vart spurde. Dei tok på den andre sida heller ikkje nokon gong til motmæle, etter det ein veit, endå brunnen har vore lett synleg. Etter provføringa må lagmannsretten byggja på at denne brunnen seinare jamleg har vore nytta som hovudvasskjelde for hytta, og at den andre brunnen - på nedsida av tomta - berre har vore nytta til særskilde føremål og ikkje til drikkevatn. Etter det lagmannsretten kan sjå, er det difor - under alle omstende - tale om ein bruk i aktsam god tru i meir enn 20 år som fyller vilkåra for rettsvinning ved hevd. Vert det gjort inngrep i denne bruksretten, må rettshavaren ha krav på skadebot, når vilkåra elles ligg føre.
Det må leggjast til grunn at Torød i påska 1991 oppdaga at vasskvaliteten i brunnen hadde vorte dårlegare. Etter det han forklarar, har det seinare vist seg både at vassmengda har minka og kvaliteten har vorte dårlegare, slik at brunnen ikkje lenger er brukande som vasskjelde for hytta. Lagmannsretten kan ikkje sjå at det er grunn til å trekkja desse opplysningane i tvil. Retten byggjer vidare på som sannsynleg at det er ein årsakssamanheng mellom vegbygginga - vegen gjennom feltet og vegen fram til hytte nr. 5 - og skaden på brunnen. Det synest ikkje vera andre årsaker til skaden enn vegtiltaket. For denne skaden må tiltakshavarane - grunneigarane - vera ansvarlege etter vanlege skadebotreglar, på eit aktløyse-grunnlag. Skaden må reknast å ha utvikla seg etter kvart, og det kan vera noko tvilsamt kva som skal reknast som utgangspunkt for foreldingsfristen, som er på 3 år, jf. foreldingslova §2. Men kravet kan i alle høve ikkje reknast å ha vore forelda då Torød tok ut forliksklage 10. mars 1993.
Torød har prinsipalt kravt dom for rett til vederlagsfri tilknyting til det vassforsyningsnettet grunneigarane har lagt ut i hyttefeltet. Retten kan ikkje ha høve til - ved avgjerda av skadebotkravet - å gje dom for ei slik naturaloppfylling. Retten kan berre gje dom for skadebot i pengar. Når det gjeld utmålinga av det økonomiske tapet, er det fleire uvisse faktorar. Det er uklårt om det i rimeleg nærleik kan finnast ei anna, like god vasskjelde, og kva kostnader som krevst for å nyttiggjera seg ei slik. Kostnadene med grunnboring kan ikkje leggjast til grunn for utmålinga av tapet. Det er opplyst at for tilknyting til det nemnde vassforsyningsnettet vert det kravt ei avgift på om lag kr 13000. Alt i alt er lagmannsretten komen til at skadebota bør setjast til kr 10000.
Når det gjeld avstandsklausulen, som krev samtykke frå leigaren til bygging nærare enn 80 meter frå hytta hans, er det på det reine at samtykke ikkje er innhenta for dei fem hyttene som ligg innanfor 80-metersbeltet. Lagmannsretten er samd med heradsretten at eit mogeleg skadebotkrav som gjeld hytte nr. 6 - oppsett kring 1988 - var forelda då forliksklage vart teken ut.
Det som må vurderast, er mogelege ulemper i samband med dei fire andre hyttene. Hytta til Torød har rettnok mist preget av å liggja bortimot åleine i terrenget, men verkar likevel ikkje særleg innebygd etter utbygginga. I denne samanhengen må det óg takast omsyn til at ei utbygging i lengre avstand enn 80 meter kunne ha gjeve nokolunde same verknader. Frå hytte nr. 5 er det rettnok lett synleg over ei open myr mot tomta til Torød, men mot ei side av tomta som ikkje er noko naturleg opphaldsareal. Hytte nr. 14, 15 og 16 ligg for det meste på eit lågare terrengnivå, og vegetasjonen mellom tomtene gjer at dei tre hyttene er lite synlege. Det vestvende, naturlege uteopphaldsarealet til Torød kan ikkje vera nemnande plaga av innsyn frå dei tre hyttene.
Lagmannsretten er komen til at dei mindre ulempene det er tale om, ikkje kan reknast å ha gjeve Torød eit økonomisk tap. Dels kjem dette av at ulempene ikkje kan reknast som særleg inngripande. Meir avgjerande er det at det berre står stutt tid att av den avtala festetida. Ettersom det står grunneigarane fritt å løysa inn festehøvet den 1. juli 1996 mot å godtgjera festaren verdien av bygningar, er det tvilsamt kva slag marknadsverdi hytta har hatt dei siste åra. I alle fall synest ulempene ved dei nye hyttene ikkje å kunna ha nemnande innverknad på denne salsverdien, og det er då ikkje grunnlag for å konstatera noko økonomisk tap på Torød si hand. Retten kan heller ikkje sjå at det er tale om nokon reduksjon i bruksverdien som gjev seg økonomiske utslag. Skadebotkravet kan etter dette ikkje føra fram.
I høve til Knut Buen vil Aage Torød etter dette få dom for eit skadebotkrav på kr 10000 når det gjeld skade på brunnen, medan Buen vert frifunnen for skadebotkravet som gjeld brotet på avstandsklausulen.
I høve til Torstein Våle vil retten etter krav frå Torød gje fråveringsdom. Våle har ikkje møtt, og det er ikkje opplyst eller sannsynleg at han hadde gyldig forfall, jf. tvistemålsloven §340. Seinast i samband med innkalling til rettsmøtet fekk han vita at det kunne seiast fråveringsdom om han ikkje møtte. Vilkåra er etter dette til stades for å gje fråveringsdom, jf. tvistemålsloven §381.
I den mon påstanden frå Våle i anketilsvaret skulle innebera ein motanke, noko som kan vera tvilsamt, fylgjer det av tvistemålsloven §381 fyrste leden at den påanka avgjerda skal stadfestast dersom ankeparten er fråverande. Det fører til at avgjerda til heradsretten om ei skadebot på kr 10000 for brotet på avstandsklausulen skal stadfestast i høve til Våle. Dette ligg óg innanfor ramma av den subsidiære påstanden til Torød. Dersom det vert lagt til grunn at Våle ikkje har motanka, vil heradsrettsdomen óg verta ståande på dette punktet i høve til han.
Fråveringsdomen skal elles, i høve til anken frå Torød, etter tvistemålsloven §381 andre leden byggja på "den ankende parts fremstilling av sakens sammenhæng", "forsaavidt den under ankesaken er meddelt den uteblevne part og ikke strider mot vitterlige kjendsgjerninger". Elles skal "fremstillingen i den paaankede avgjørelse" leggjast til grunn. Det som her er nemnt, inneber at lagmannsretten står fritt ved rettsbruken, jf. Schei, Tvistemålsloven II side 315 med tilvising. Etter dette vil fråveringsdomen gå ut på at Torød får delvis medhald i skadebotkravet som gjeld brunnen med kr 10000. For denne summen vil Våle og Buen hefta solidarisk. Skadebot for brot på avstandsklausulen vert det ikkje gjeve utover dei før nemnde kr 10000 som vart fastsette i heradsretten. Denne summen hefter Våle åleine for.
Når det gjeld sakskostnader i høvet mellom Torød og Buen, må saka reknast å vera dels vunnen og dels tapt i hovudanken, jf. tvistemålsloven §180 andre leden, jf. §174. I samsvar med hovudregelen i §174 fyrste leden bør kvar av partane bera sine eigne kostnader for lagmannsretten. Motanken frå Buen har ført fram, og Torød bør bera kostnadene åt Buen i denne samanhengen, jf. tvistemålsloven §180 andre leden, jf. §172 fyrste leden. Det er ikkje grunn til å gjera unntak etter §172 andre leden. Advokat Haukås har sendt inn kostnadsoppgåve som viser eit salær på kr 30000 for lagmannsretten. Meirkostnadene med motanken vert etter skjøn sette til kr 14500, medrekna ankegebyret.
Med omsyn til sakskostnader i høvet mellom Torød og Våle, skal resultatet i fråveringsdomen leggjast til grunn, jf. Schei II side 247. Etter dette må saka reknast dels vunnen og dels tapt, og partane bør bera sine eigne kostnader for lagmannsretten, jf. tvistemålsloven §180 andre leden, jf. §174 fyrste leden.
Lagmannsretten er samd i kostnadsavgjerda til heradsretten.
Det vert utforma sams domsslutning i høve til dei to ankemotpartane, og i hovudanke og motanke. I den mon lagmannsretten har kome til same resultatet som heradsretten, har ein av omsyn til ei klårgjering av krava mellom partane halde det føremålstenleg i domsslutninga å ta oppatt kva heradsrettsdomen går ut på, framfor å stadfesta domen på desse punkta.
Domen er samrøystes.
Slutning:
1. Knut Buen og Torstein Våle vert dømde til - éin for båe og båe for éin - å betala til Aage Torød 10000 - titusen - kroner i skadebot for øydelagd brunn.
2. Elles vert Knut Buen frifunnen.
3. Torstein Våle vert dømd til å betala til Aage Torød 10000 - titusen - kroner i skadebot for brot på byggjeklausul.
4. I sakskostnader for lagmannsretten i motanken betalar Aage Torød til Knut Buen 14500 - fjortentusenfemhundre - kroner. Elles ber partane sine eigne kostnader for heradsretten og lagmannsretten.
5. Oppfyllingsfristen etter pkt. 1, 3 og 4 er 2 - to - veker etter at denne domen er forkynt.