LA-1995-362
| Instans: | Agder lagmannsrett - Dom |
|---|---|
| Dato: | 1996-01-29 |
| Publisert: | LA-1995-00362 |
| Stikkord: | Barn |
| Sammendrag: | |
| Saksgang: | Flekkefjord herredsrett Nr: 94-00208 - Agder lagmannsrett LA-1995-00362 A |
| Parter: | Ankande part: A (Prosessfullmektig: Advokat Arvid Sjødin). Ankemotpart: B (Prosessfullmektig: Advokat Andreas Bjørn Salvesen). |
| Forfatter: | Lagdomar Asbjørn Nes Hansen, formann, lagdomar Håkon Børresen, Sorenskrivar Jørn Ree med to meddomarar |
| Lovhenvisninger: | Barneloven (1981) §34, §35, §44, Tvistemålsloven (1915) §174, §180, §50, Barneloven (1981) |
Dei tidlegare sambuarane A og B har saman dei to borna C, født xx.xx.1990, og D, født xx.xx.1993. Mellom partane er det tvist om foreldreansvaret, kven borna skal bu saman med fast, og samværsretten for den av foreldra som borna ikkje bur saman med. Flekkefjord heradsrett sa dom i tvisten 20. mars 1995 med slik domsslutning:
"1. B har den daglige omsorg og foreldreansvar over barna C, født xx.xx.1990, og D, født xx.xx.1993.
2. A betaler oppfostringsbidrag med kr 2812,50 - kronertotusenåttehundreogtolv 50/100 - pr. barn pr. måned med virkning fra 01. desember 1994.
3. A gis vanlig samværsrett med barna C og D i henhold til barnelova §44 fjerde ledd, dog slik at helgesamvær strekker seg fra torsdag ettermiddag kl. 17.00 til søndag kveld kl. 19.00, og slik at A skal ha samvær med barna 3 - tre - uker i sommerferien.
4. Saksomkostninger tilkjennes ikke."
A, med advokat Arvid Sjødin som prosessfullmektig, har anka heradsrettsdomen til Agder lagmannsrett. I ankefråsegna var det kravt overprøving av alle tvistepunkta heradsretten hadde avgjort i barnefordelingssaka. Under ankeførehavinga vart anken teken tilbake med omsyn til avgjerda om oppfostringstilskot. B, med advokat Andreas Bjørn Salvesen som prosessfullmektig, har i anketilsvar teke til motmæle og har motanka med omsyn til omfanget av samværsretten.
Det var ankeførehaving i Flekkefjord 9. og 10. januar 1996, der partane møtte saman med prosessfullmektigane og forklara seg. Vidare gav ni vitne forklaring. I tillegg møtte sjefspsykolog Kenneth T. Pettersen som sakkunnig vitne; han var til stades under ankeførehavinga og forklara seg fyrst etter at dei andre vitna var avhøyrde. I forklaringa si heldt Pettersen fast ved dei vurderingane han hadde kome med i ei framlagd skriftleg fråsegn dagsett 26. desember 1995. Spesialpsykolog Tove-Lill Bolstad var etter krav frå ankeparten oppnemnd av retten som sakkunnig; ho var òg til stades i retten og gav forklaring etter at vitneførsla var avslutta. Bolstad heldt fast ved dei vurderingane som går fram av den sakkunnige fråsegna hennar dagsett 14. august 1995.
Dei nærare faktiske omstenda i saka går fram av domen i heradsretten og merknadene nedanfor. Med omsyn til endringar i den faktiske stoda etter at saka var føre i heradsretten, må særleg nemnast at B saman med borna flytte til heimbygda hennar Z i Y kommune, vel 5 mil frå X, hausten 1995. Dei bur der i eige hus, som tidlegare har vore nytta som hytte. C går i barnehage tre dagar i veka. Han fyller 6 år i mai 1996, og skal frå hausten ta til i skulen, ettersom 6-årsreforma alt er innførd i Y kommune.
Ankeparten A har i hovudsak halde fram:
Det vil vera best for dei to borna at partane har foreldreansvaret saman. Det at B har hatt foreldreansvaret åleine, var ikkje tilsikta, og A var ikkje eingong klår over dette før samlivsbrotet. Avgjerda av spørsmålet om sams foreldreansvar bør ta omsyn til at det ligg føre framlegg til endringar i barnelova om at sambuande foreldre skal ha foreldreansvaret i lag. Jamvel om barnelova §50 gjev den av foreldra som ikkje har del i foreldreansvaret ein rett til å få opplysningar om barnet, vil sams foreldreansvar understreka ein moralsk skyldnad for far til å fylgja opp borna, og det vil hindra B i å la borna skifta etternamn, slik ho har fått godkjent av folkeregistret i eit vedtak som er påklaga.
Når det gjeld spørsmålet om kven borna skal bu saman med fast, er lagmannsretten ikkje bunden av dei sakkunnige sitt syn, som er uttrykk for deira subjektive oppfatning. Det at B braut opp frå samlivstilhøvet i august 1994, var ikkje til det beste for borna. Heller ikkje at samværet med faren vart avgrensa til berre 16 dagar hausten 1994. B har heller ikkje fullt ut gjeve A samvær med borna i samsvar med domen i heradsretten. Åtferda hennar vitnar om ei fundamentalistisk haldning, utan tanke for at borna treng å ha samvær med far sin. Ho har isolert seg saman med slektningane sine i Z og utestengt far, med dei skadeverknader det kan ha for borna.
Dei sakkunnige meinte A ville vera best til å administrera ei samværsordning. Ein kan ikkje lita på at B lojalt vil etterleva ei samværsordning som lagmannsretten fastset. Den uvissa som er i dag, vil verta vidareførd dersom borna framleis skal bu fast saman med mor. Dersom A får dagleg omsut, vil han tilby B ein utvida samværsrett med borna, ettersom han innser at borna treng god kontakt med båe foreldra.
Det såkalla status quoprinsippet kan ikkje ha noko å seia for avgjerda av denne saka, ettersom det ikkje vil vera noko miljøskifte for borna å flytta attende til fars bustad i X, der dei har budd før. Dei vil framleis få god kontakt med mor, som har si frisørverksemd i grannehuset, og med familien til mor i Z.
Det må takast omsyn til at A er den av foreldra som har hatt mest kontakt med C. Han har evne til å ta seg av borna, også på det psykologiske planet. Ei overflytting av borna til han vil sikra best mogeleg samla foreldrekontakt, og det er eit moment som Høgsterett har lagt vekt på i fleire avgjerder.
Når det gjeld samværsretten for den av foreldra som borna ikkje bur saman med fast, bør denne vera utvida i høve til "vanleg samværsrett" slik denne er definert i barnelova §44.
Ankeparten har sett fram slik påstand:
"Prinsipalt:
1. B og A har felles foreldreansvar for C født xx.xx.90 og D født xx.xx.93.
2. A har den daglige omsorg.
3. B har samværsrett fastsatt etter rettens skjønn.
Subsidiært:
A gis utvidet samværsrett med barna C og D fastsatt etter rettens skjønn.
I alle tilfeller:
B tilpliktes å erstatte sakens omkostninger for Agder lagmannsrett og for Flekkefjord herredsrett."
Ankemotparten B, som bortsett frå i spørsmålet om omfanget av samværsretten har halde seg til den påanka domen, har i hovudsak halde fram:
Det må reknast som usannsynleg med ei overflytting av borna frå mor til far. Det er ikkje særleg tvilsamt at det vil vera best for borna å bu fast saman med mor, slik dei har gjort heile tida. I mors nybygde hus i Z har dei sine eigne rom, og det er ei rekkje fritidstilbod i lokalmiljøet. Borna vil ikkje vinna noko på å flytta til far i X.
I høve til fars samværsrett har B innretta seg lojalt og heilt normalt. Etter samlivsbrotet kom advokaten hennar med fleire oppmodingar til A om å koma med framlegg til samværsavtale, men han kom berre med eitt framlegg - som han visste ikkje kunne godtakast. Problemet var at A ikkje kunne forsona seg med at samlivet var brote. Etter at partane møttest i namsretten i samband med krav om mellombels åtgjerd, har samværsordninga fungert tilfredsstillande. Helgesamværa måtte innskrenkast i høve til det heradsretten fastsette, av di borna ikkje tolte å vera borte så lenge som frå torsdag til sundag. Når det gjeld usemja om gjennomføring av samvær i sumarferien og i samband med jula 1995, kom dette av at A var sjølvrådig og ikkje sa frå på førehand om planane sine.
Slik tilhøva er i dag, kan partane ikkje samarbeida, og då vil det ikkje gagna borna at det er sams foreldreansvar. Det må langt på veg reknast å vera gjeldande rett at det ikkje skal vera sams foreldreansvar dersom foreldra ikkje kan samarbeida om borna.
Samværsordninga bør fylgja hovudlinene som er trekte opp i §44 i barnelova. Det er uklårt korleis stoda vil verta for A med omsyn til arbeid og eventuelt nytt sambuartilhøve, og korleis C vil møta skulen. B må få tid på seg til å skapa trygge og gode rutinar for borna før det kjem på tale med ei utvida samværsordning.
Ankemotparten har sett fram slik påstand:
"1. B har den daglige omsorg og foreldreansvaret alene over barna C og D.
2. A gis vanlig samværsrett i h.h.t. Barneloven §44 fjerde ledd.
3. B tilkjennes sakens omkostninger for herredsretten og lagmannsretten."
Lagmannsretten ser saka slik:
Lagmannsretten legg til grunn, med støtte i vurderingane til dei sakkunnige, at det er tale om to friske og normale born utan særskilde omsutsbehov, og at båe foreldra er skikka til å ha dagleg omsut for dei. Partane har ikkje sett det som aktuelt med delt omsut, og dette ville under alle omstende vanskeleg la seg gjennomføra med den avstanden det no er mellom bustadene deira. Og det er korkje aktuelt for partane, eller tilrådeleg slik retten ser det, å skilja dei to borna med omsyn til kvar dei skal bu fast.
Med nokre nyansar i vurderingane har både det sakkunnige vitnet og den rettsoppnemnde sakkunnige gjeve samsvarande konklusjonar i saka. Deira oppfatning er at borna framleis bør bu fast saman med mor, men at foreldra bør ha foreldreansvaret i lag. Når det gjeld samvær med far, har den oppnemnde sakkunnige i særleg sterk grad understreka at denne kontakten bør vera omfattande. Retten oppfatta båe dei sakkunnige slik at det ville vera tilrådeleg å gje far ein meir omfattande samværsrett enn det som er definert som "vanleg samværsrett" i barnelova §44 fjerde leden.
Lagmannsretten har ved si vurdering og avgjerd i saka kome fram til eit resultat som er i samsvar med synet til dei sakkunnige. Det vil seia at lagmannsretten er samd med heradsretten i at borna bør bu fast saman med mor, men at foreldreansvaret - motsett det heradsretten fastsette - bør vera sams. Omfanget av samværsretten bør vera noko større enn "vanleg samværsrett", jf. barnelova §44, men ordna på ein litt annan måte enn i domen frå heradsretten.
I spørsmålet om kven borna skal bu saman med fast, har lagmannsretten som nemnt kome til same resultatet som heradsretten, og kan langt på veg visa til domsgrunnane til fyrsteinstansen. Far har i dette tilfellet hatt meir av det daglege omsutsarbeidet, særleg for C, enn det som fedrar flest truleg har, og lét til å ha eit svært godt lag med borna. Men for lagmannsretten står det likevel som klårt at mor har hatt hovudomsuta, i alle fall for D. D har budd saman med mor si sidan ho vart fødd, og lagmannsretten vik attende frå å ta ei avgjerd som bryt opp dette tilhøvet når det gjeld eit to år gamalt barn. Som nemnt er det ikkje tilrådeleg å skilja borna, slik at løysinga må verta den same for C. Elles står partane i mange stykke likt, og lagmannsretten er ikkje i tvil om at kvar av dei vil kunna tilby borna eit trygt og godt oppvekstmiljø, utan at det er naudsynt å gå nærare inn på dette.
Det som kunne tala mot at mor får dagleg omsut, er det omstendet at ho er reservert til å la far få eit omfattande samvær med borna. Ut frå provføringa i saka må det leggjast til grunn at den personlege motviljen hennar mot den tidlegare sambuaren verkar inn på kor omfattande kontakt ho meiner borna bør ha med han. Far lét til å ha eit romslegare syn på kor viktig det er for borna å ha samvær med båe foreldra, og det synest truleg at han ville vera meir open for ein omfattande samværsrett for mor, i fall borna budde fast saman med han. Omsynet til ein best mogeleg samla foreldrekontakt, som har vore eit sentralt moment i nyare rettspraksis, vil såleis kunna tala for at far får dagleg omsut. Men ettersom lagmannsretten gjev dom for ein omfattande samværsrett, som må reknast å sikra god kontakt med far, vil dette omsynet ikkje vera avgjerande for omsutsspørsmålet.
Lagmannsretten legg etter dette til grunn at det vil vera best for borna å bu fast saman med mor, jf. barnelova §35 tredje leden, jf. §34 tredje leden.
Avgjerda av foreldreansvaret skal òg fyrst og fremst retta seg etter det som er best for borna, jf. dei nett nemnde lovføresegnene. Det har vore ei utvikling i rettspraksis i retning av å fastsetja at partane skal ha foreldreansvaret saman jamvel om ein av partane set seg imot det, jf. t.d. Sandberg i Karnov 2 (1994) side 1913. Spørsmålet er drøft på side 61-62 i eit høyringsnotat dagsett 25. oktober 1995 frå Barne- og familiedepartementet med framlegg til endringar i barnelova.
Det at foreldra har vanskeleg for å samarbeida, har vanlegvis vore nytta som argument mot at dei skal ha foreldreansvaret i lag. Men som nemnt i høyringsnotatet er det "ikke grunn til å tro at avgjørelser som faller inn under foreldreansvaret er arena for større konflikter enn når det gjelder samværsordningen, og det er bare i de helt ekstreme konflikttilfellene det vurderes å nekte samvær fordi foreldrene ikke kan forholde seg til hverandre på en fornuftig måte" (side 61).
Lagmannsretten vurderer det slik at det vil ha noko å seia for far - særleg på det kjenslemessige planet - å få del i foreldreansvaret, samstundes som det inneber ei påminning til mor om at borna har to foreldre som båe er viktige for dei. Når det så fylgjer av barnelova §35 fjerde leden, jf. §34 fjerde leden, at den av foreldra som borna bur saman med, har rett til å ta dei avgjerder som gjeld den direkte daglege omsuta, kan lagmannsretten ikkje sjå noka avgjerande innvending mot sams foreldreansvar, som må reknast å vera den beste løysinga i dette tilfellet. Det vert etter dette gjeve dom for at partane skal ha foreldreansvaret saman.
I avgjerda om samværsrett har lagmannsretten som nemnt kome til at denne bør vera meir omfattande enn det som fylgjer av legaldefinisjonen av "vanleg samværsrett" i barnelova §44 fjerde leden, med di dette vil vera best for borna, jf. tredje leden i same føresegna.
Dei utvida helgesamværa som heradsretten fastsette, høver ikkje etter at C er i barnehagen på W kvar fredag, slik at helgesamværa bør vera frå fredag ettermiddag. Etter det som er opplyst, vil han òg frå komande haust vera på skulen på fredagar.
Det kan ikkje vera tvilsamt at ordninga med samvær ein ettermiddag i veka - som i praksis har vore kvar tysdag mellom kl. 14 og 19 - er tungvinn å gjennomføra etter at borna har flytt til Z. Far har opplyst at han vanlegvis hentar borna der - avstanden er 54 km ein veg, køyrer dei til X for å ha samvær og køyrer dei så attende til Z. Iallfall så lenge far er heimeverande - han går på attføring på grunn av ein skulderskade - høver det godt at han har samvær med borna ein heil dag i veka, og lagmannsretten har utforma samværsordninga i samsvar med det.
Retten kan ikkje påleggja mor å ta med seg borna til slike dagssamvær, men ettersom ho driv frisørsalong i huset ved sidan av bustaden til far i X, vil det i særleg høg grad liggja til rettes for at ho tek med seg borna til byen om morgonen og hentar dei att om ettermiddagen. Lagmannsretten reknar med at partane saman finn fram til ein høveleg vekedag. Om ikkje tilhøva endrar seg, bør slike dagssamvær for C sin del halda fram så lenge det kan sameinast med skulegangen. Det er då mogeleg å tenkja seg at C deretter vil ha ettermiddagssamvær med far, medan D framleis vil ha heildagssamvær, men dette er det utilrådeleg å detaljregulera no.
Lagmannsretten har elles ved utforminga av samværsretten teke utgangspunkt i ei framlagd skisse frå ankeparten, som ankemotparten fekk høve til å kommentera. Ein vil understreka kor viktig det er for borna at partane er lojale mot den samværsordninga som vert fastsett, men domen er sjølvsagt ikkje til hinder for at partane vert samde om ein annan måte å ordna samværa på.
I hovudanken må saka reknast å vera dels vunnen og dels tapt, og kvar av partane bør bera sine sakskostnader for lagmannsretten i samsvar med hovudregelen i tvistemålslova §174 fyrste leden, jf. §180 andre leden. Jamvel om ankeparten ikkje vann fram i hovudspørsmålet - kven som skal ha dagleg omsut, har avgjerda av dette spørsmålet bode på tvil, og det er ikkje grunnlag for å påleggja han noko kostnadsansvar etter §174 andre leden.
Lagmannsretten kan ikkje sjå at motanken har ført til auka kostnader.
Ein er samd i kostnadsavgjerda til heradsretten.
Lagmannsretten formar sams domsslutning i hovudanke og motanke. Det vert utforma ny fullstendig domsslutning, jamvel om domen i heradsretten delvis vert stadfest.
Domen er samrøystes.
Domsslutning:
1. B og A skal ha foreldreansvaret saman for borna C, født xx.xx.1990, og D, født xx.xx.1993.
2. Borna skal bu fast saman med B.
3. A skal ha samværsrett med borna såleis:
- Ein dag i veka frå kl. 10 til kl 18.
- Annakvar helg frå fredag kl. 16 til sundag kl. 19. Helge- eller høgtidsdagar i tilknyting til helg skal utvida helgesamværet tilsvarande.
- Annakvar jul frå 22. desember kl. 16 til 26. desember kl. 15, fyrste gong jula 1997. Når det ikkje er samvær i fyrste del av jula, skal det vera samvær frå 26. desember kl. 15 til 1. januar kl. 19.
- Annankvar vinterferie (lik skuleferien), fyrste gong vinteren 1997.
- Annakvar påske (lik skuleferien), fyrste gong påska 1996.
- Tre veker i sumarferien. B skal ha varsel før 31. mai kvart år.
- Annakvar haustferie (lik skuleferien), fyrste gong hausten 1996.
4. Kvar av partane ber sine eigne kostnader for heradsretten og lagmannsretten.