Hopp til innhold

LA-1996-125

Fra Rettspraksis


Instans: Agder lagmannsrett - Dom
Dato: 1996-09-18
Publisert: LA-1996-00125
Stikkord:
Sammendrag:
Saksgang: Kristiansand skifterett Nr. 95-00435 Agder lagmannsrett la-1996-00125
Parter: Ankande part: Kandy Birkeland, Sylvia P. Johansen, Martin Johansen, Philip Johansen Joseph Johansen (Prosessfullmektig: Advokat Jens Freuchen) Ankemotpart: Olga Marie Johansen (Prosessfullmektig: Advokat Per Flatabø)
Forfatter: Lagdomar Asbjørn Nes Hansen Kst.lagdomar Reidun Wallevik Ekstraord. lagdomar Haakon Askildsen
Lovhenvisninger: Tvistemålsloven (1915) §172, §180


Dødsbuet etter Erling Sylvan Johansen, som døydde 20. september 1993, står under offentleg skifte ved Kristiansand skifterett. Ein av arvingane, Olga Marie Johansen, har reist skiftetvist om eigedomsretten til ein diamantring som vart funnen i ein bankboks etter avlidne. Skifteretten sa orskurd i tvisten 6. juni 1995 med slik slutning:

"1. Ring av hvitt gull med diamant 0,62 carat tilhører Olga Marie Johansen.

2. Saksomkostninger tilkjennes ikke."

Dei nærare faktiske omstenda i saka og grunngjevinga for resultatet går fram av orskurden.

Kandy Birkeland m.fl., i alt fem partar, med advokat Jens Freuchen som prosessfullmektig, har anka skifterettsorskurden til Agder lagmannsrett. Olga Marie Johansen, med advokat Per Flatabø som prosessfullmektig, har i anketilsvar teke til motmæle. Etter at lagmannsretten fyrst hadde avvist anken av di kravet til ankesum ikkje vart rekna å vera oppfylt, tok - etter kjæremål - kjæremålsutvalet i Høgsterett avgjerd 11. januar 1996 om at ankesaka skulle fremjast, med di utvalet la til grunn at ankesumkravet var oppfylt.

Det var ankeførehaving i Kristiansand 17. september 1996, der Kandy Birkeland og Olga Marie Johansen møtte saman med prosessfullmektigane og forklara seg. Det var inga vitneførsle. Prosessfullmektigane dokumenterte nokre skriftlege prov som vert nemnde nedanfor så langt det trengst for avgjerda.

Ankepartane v/advokat Freuchen har i hovudsak halde fram: Både Kandy Birkeland og Olga Marie Johansen hevdar å ha fått ringen av far sin. Men Kandy, som fekk ringen i 1968, vil ikkje gjera krav på han og meiner ringen skal reknast å høyra til dødsbuet.

Olga Marie har ikkje ført prov for at ho har fått ringen i gåve av far sin i 1978. Det er ikkje noko skriftleg som stør forklaringa hennar, ingen vitne som kan forklara om ei gåveoverføring, og det vart heller ikkje sendt melding til arveavgiftsstyresmaktene.

Faren har hatt rådvelde over ringen så lenge han levde, og har rådd over han som ein eigar. Ringen låg i bankboksen hans, trass i at Olga Marie hadde sin eigen bankboks jamvel i same banken. Olga Marie har ikkje hatt noko med ringen å gjera, og har ikkje sett han sidan 1982.

Det omstendet at Olga Marie fekk ringen taksert og har sytt for forsikring, kan koma av at ho har trudd ho skulle få ringen eller jamvel alt hadde fått han. Men dette er ikkje avgjerande, så lenge faren ikkje hadde meint å gje henne ringen i gåve. Olga Marie kan òg ha ordna med forsikring av di faren hadde lite orden i sakene sine og låg under for alkohol.

Det kan ikkje leggjast til grunn at Olga Marie i samband med registreringa i huset nemnde for advokaten som hadde med skifteoppgjeret å gjera at ho var eigar av ringen. Då ho fekk høve til å seia frå kva ting på registreringsoppgåvene som var hennar, opplyste ho ikkje noko om ringen. Det var fyrst etter at ho hadde kravt offentleg skifte at Olga Marie gjorde krav på å vera eigar av ringen. Det er påfallande at ho sette fram kravet så seint.

Det talar òg mot Olga Marie at ringen låg i bankboksen til faren som hans eigen ting. Nokre myntar som låg der, var merka med at dei høyrde til eit par av sønene hans.

Ankepartane har sett fram slik påstand:

"1. Ring av hvitt gull med diamant 0,62 carat tilhører bo nr. 94-951 S/22: Erling Sylvan Johansens dødsbo.

2. Kandy Birkeland m.fl. tilkjennes sakens omkostninger for lagmannsretten."

Ankemotparten v/advokat Flatabø har i hovudsak halde fram:

Olga Marie var den einaste av borna som voks opp saman med faren i Søgne. Ho hadde mykje kontakt med han etter at ho sjølv flytte til Oslo, og hadde sitt eige rom i huset hans. Det var eit utstrekt fellesskap mellom dei to, og det kan forklara at diamantringen vart liggjande i bankboksen hans.

Faren gav ringen til Olga Marie like etter at mora døydde i oktober 1978, då dottera berre var 16 år gamal. Ettersom ringen då vart overgjeven til Olga Marie, endrar det ikkje rettshøvet at faren seinare fekk ringen attende til forvaring. Og elles kan ikkje åtferda til faren i ettertid tolkast slik at han meinte å ikkje ha gjeve frå seg ringen.

Forklaringa til Kandy Birkeland om at ho fekk den same ringen i gåve av faren i 1968, er ikkje til hinder for at Olga Marie forklarar seg rett om at faren gav henne ringen i 1978.

Olga Marie har halde ringen forsikra frå 1982, utan at ho no kan dokumentera det for dei fyrste åra, og dette viser at det var hennar ring. Fyrst då ringen vart taksert i samband med forsikringa, skjøna ho at ringen var så mykje verd, og då vart ringen lagd i bankboksen til faren.

Olga Marie var ikkje til stades då bankboksen vart opna i samband med registreringa. Ho burde ha gjort krav på ringen på eit tidlegare tidspunkt enn ho gjorde, men har sjølv forklara at ho hadde forstått advokaten slik at ho måtte ta dette opp med skifteretten. Ankemotparten har sett fram slik påstand:

"1. Skifterettens kjennelse stadfestes.

2. Olga Marie Johansen tilkjennes saksomkostninger for lagmannsretten."

Lagmannsretten har kome til eit anna resultat enn skifteretten.

Kandy Birkeland og Olga Marie Johansen har forklara seg samsvarande om at den omstridde diamantringen i si tid var i eiga til mormor deira. Ringen vart seinare pantsett hjå ein pantelånar og så innløyst av faren, Erling Sylvan Johansen, truleg kring 1967. Ingen i familien lét på den tid til å ha visst noko om at ringen var mykje verd. Fyrst i 1982 vart han taksert - til kr 18000, og i 1993 til kr 35000.

Kandy har forklara at faren gav henne denne ringen i 1968, og at ho hadde han i si varetekt fram til 1970, då ho reiste attende til Sambandsstatane etter å ha vore i Noreg i 18 månader. Ringen låg att hjå faren, som saman med yngstedottera Olga Marie vart verande i Noreg. Resten av familien heldt fram med å bu i Sambandsstatane. Etter 1970 har ikkje Kandy sett noko til ringen, heller ikkje etter at ho kom til Noreg på nytt i 1973 og busette seg her. Ho hadde då visstnok ikkje noko særleg med faren å gjera.

Forklaringa til Olga Marie går ut på at faren gav henne ringen få dagar etter at mora døydde i oktober 1978. Olga Marie var då 16 år. Både ho og faren var i Sambandsstatane i samband med sjukdomen og bortgangen til mor hennar. Det var faren som tok vare på ringen då dei reiste attende til Noreg.

Olga Marie har vidare forklara at ho har bore ringen éin gong, i gravferda etter bestefaren i 1981. Ho fekk kjennskap til den røynlege verdien av ringen då ho fekk taksert han i 1982 i samband med at ringen vart forsikra. Ho har halde ringen forsikra heile tida sidan. Etter 1982 har Olga Marie ikkje sett ringen i det heile. Etter det ho veit, har han seinare lege i bankboksen til faren. På spørsmål til han om å få ringen utlevert, fekk ho til svar at det ikkje hasta.

Lagmannsretten går ikkje nærare inn på den mogelege gåveoverføringa til Kandy i 1968, og legg for avgjerda av anken til grunn at faren var rette eigar på det tidspunktet Olga Marie meiner å ha fått ringen av han. Ut frå det som har kome fram, held lagmannsretten det for mest sannsynleg at faren ikkje med endeleg verknad gav frå seg eigedomsretten til diamantringen til Olga Marie. Det at han i ei årrekkje heldt fram med å ha det faktiske rådveldet og ikkje lét Olga Marie få ringen trass i at ho spurde etter han, tyder mest på at det ikkje var tale om ein gjennomførd gåvedisposisjon frå hans side.

Det kan på denne bakgrunnen ikkje endra rettsstoda mellom Olga Marie og faren at ho forsikra ringen i sitt namn i 1982, mogelegvis i den tru at ringen var hennar, og fornya forsikringa seinare.

I ei samla vurdering av saka har lagmannsretten òg lagt vekt på at Olga Marie i samband med skifteoppgjeret har bore seg åt på ein måte som kan tyde på at ho då ikkje hadde noka tru på eigarposisjonen sin, og det må tala mot henne ved avgjerda.

Det er såleis ikkje gjort sannsynleg at ho tok eigarspørsmålet opp med advokat Helge Wigemyr i samband med registreringa 5. november 1993. I brev 21. desember 1993 til same advokaten - som då var oppnemnd som bustyrar etter at det var opna offentleg skifte - sa Olga Marie frå om kva innbu og lausøyre i huset som var hennar og kva ho ynskte å overta frå buet. Dette viste ho ved å merkja av på registreringslistene. Den omstridde diamantringen var korkje markert som noko ho åtte eller ynskte å overta. Fyrst i brev 2. oktober 1994 gjorde ho krav på diamantringen, etter at ho hadde kravt offentleg skifte av dødsbuet.

Lagmannsretten er etter dette komen til at Olga Marie Johansen ikkje var eigar av den omstridde diamantringen då faren døydde, og ringen må reknast å høyra til dødsbuet.

Anken har ført fram, men saka har bode på slik tvil at ankemotparten bør fritakast for kostnadsansvaret for lagmannsretten med heimel i unnataksregelen i tvistemålsloven §172 andre leden, jf. §180 andre leden.

Domen er samrøystes.

Domsslutning:

1. Ring av kvitt gull med diamant 0,62 carat høyrer til dødsbuet etter Erling Sylvan Johansen.

2. Kvar av partane ber sine kostnader for lagmannsretten.