Hopp til innhold

LA-1996-1464

Fra Rettspraksis


Instans: Agder lagmannsrett - Dom
Dato: 1997-02-06
Publisert: LA-1996-01464
Stikkord: Strafferett
Sammendrag:
Saksgang: Nedenes forhørsrett Nr. 96-00426 - Agder lagmannsrett LA-1996-01251
Parter: Ankepart: A (Prosessfullmektig: Advokat Pål Eide). Ankemotpart: Den offentlege påtalemakta (Prosessfullmektig: Politiinspektør Trygve M. Johnsen).
Forfatter: Lagdomar Asbjørn Nes Hansen. Sorenskrivar Rolf Lien. Sorenskrivar Dag Carlstedt
Lovhenvisninger: Veitrafikkloven (1965) §22, §31, Straffeloven (1902) §52, §54


Nedenes forhøyrsrett sa 8. august 1995 dom med slik domsslutning:

"A, født 1955, dømmes for overtredelseav vegtrafikkloven §31, første - tredje ledd, jf. §22 første ledd til en straff av fengsel i 18 - atten - dager, samt en bot, stor kr 5000,- - femtusen -, subsidiært 15 - femten - dager fengsel."

Dei faktiske omstenda som har noko å seia for straffutmålinga, og dei personlege tilhøva til den dømde, går fram av domen i forhøyrsretten og av merknadene nedanfor. For lagmannsretten er det opplyst at den dømde frå november 1996 gjekk over på 100 % uføretrygd, etter å ha motteke sosialhjelp sidan utbetalinga av sjukepengar vart innstilt i februar 1996.

A har anka domen i forhøyrsretten til Agder lagmannsrett. Anken, som gjeld straffutmålinga, vart vedteken fremja av lagmannsretten 26. november 1996. Det var ankeførehaving i Moland rådhus 6. februar 1997. Den dømde møtte og forklara seg. Det var inga vitneførsle.

Forsvararen sette fram slik påstand:

"Tiltalte dømmes på mildeste måte."

Aktor sette fram slik påstand:

"Anken forkastes."

Lagmannsretten er komen til at fengselsstraffa bør gjevast på vilkår, medan bota bør setjast noko høgre enn i forhøyrsrettsdomen.

Det vert lagt til grunn for straffutmålinga at den dømde køyrde bil i påverka tilstand over ein strekning på om lag 200 meter på privat veg, og at føremålet var å skada seg sjølv ved å køyra av vegen, slik forhøyrsretten har nemnt. Den dømde har i lagmannsretten forklara at han køyrde på ein blindveg som enda i eit skogholt. Før han var komen til endes, køyrde han utfor vegen, slik at bilen hamna mot nokre tre nede i ein dal.

Den dømde har forklara at han var langt nede psykisk etter at kona venta barn med ein alkoholisert, tidlegare leigebuar, som òg utsette familien for trugsmål. Det var under inntrykket av denne vanskelege stoda at han den aktuelle kvelden sette seg i bilen og køyrde den nemnde strekninga for å skada seg sjølv ved å køyra utfor vegen. Han vart innlagd på sjukehus etter hendinga og var der eit par dagar.

For lagmannsretten er det lagt fram og delvis dokumentert ei fråsegn frå psykolog Evy Lind dagsett 3. oktober 1996, der det vert gjort greie for ei nevropsykologisk gransking av den dømde. Det går fram av skrivet at den dømde har hatt etterverknader etter ei fallulukke i 1981. Det gjeld både mentale endringar, vanskar med konsentrasjon og minne, og dagleg hovudverk. Han har hatt ein del alkoholproblem, og brukar ein del nervemedisin. Det er opplyst at han var i kontakt med det psykiatriske hjelpeapparatet 30. april 1996, dvs. kort tid før promillekøyringa, og likeins 12. mai 1996, dagen etter køyringa.

Det er opplyst at blodprøve som vart teken vel 3 timar etter køyringa, viste ein minsteverdi på 1,17 promille etter frådrag for tryggingsmargin. Det kan då leggjast til grunn for straffutmålinga at den dømde under køyringa har hatt ein promille på i underkant av 1,5. Ein er dermed innanfor det området der retten etter vegtrafikklova §31 andre leden bokstav b har valet mellom fengsel på og utan vilkår, i kombinasjon med bøtestraff.

Dei ytre omstenda ved køyringa, slik det er gjort greie for ovanfor, gjer det forsvarleg å reagera med fengsel på vilkår i dette høvet. Det er tale om køyring på ein lite trafikkert blindveg, over ei etter måten kort strekning. Når det gjeld grunnen til at den dømde sette seg inn i bilen og køyrde i påverka tilstand, må lagmannsretten byggja på hans eiga forklaring om den psykiske pressituasjonen han var komen i.

Det fylgjer m.a. av avgjerda i Rt-1989-102 at føresegna i vegtrafikklova §31 tredje leden 2. punktum ikkje er til hinder for å idøma fengsel på vilkår i gjentakingstilfella, når spesielle og tungtvegande grunnar ligg føre. I dette tilfellet låg den førre promilledomen 12 år attende i tid då den aktuelle køyringa skjedde. Det må i dette tilfellet kunna leggjast mindre vekt på den tidlegare domen, slik at denne ikkje er til hinder for å idøma fengselsstraff på vilkår når andre omsyn talar for det.

Lagmannsretten er komen til at den fastsette fengselsstraffa på 18 dagar kan gjevast på vilkår, med ei prøvetid på 2 år. Bota bør setjast til kr 8000, subsidiært fengsel i 15 dagar. Ved fastsetjinga av bøtestraffa har lagmannsretten teke utgangspunkt i dei noverande økonomiske tilhøva til den dømde. Han opplyser å ha ein bruttopensjon på vel kr 14.000 i månaden, som etter frådrag for oppfostringstilskot på kr 4100, og skattetrekk, gjev ei nettoutbetaling på kr 8055.

Domen er samrøystes.

Domsslutning:

I domen til forhøyrsretten vert det gjort desse endringane:

Fullføringa av fengselsstraffa vert utsett med ei prøvetid på 2 - to - år, jf. straffeloven §52 - §54.

Bota vert sett til 8.000 - åttetusen - kroner, subsidiært fengsel i 15 - femten - dagar.