LG-1994-1131
| Instans: | Gulating lagmannsrett - Dom og kjennelse |
|---|---|
| Dato: | 1995-12-11 |
| Publisert: | LG-1994-01131 |
| Stikkord: | |
| Sammendrag: | |
| Saksgang: | Gulating lagmannsrett LG-1994-01131. Anket til Høyesterett, anken nektet fremmet, se HR-1996-00441K . Kjæremål forkastet for Høyesteretts kjæremålsutvalg, se HR-1997-00738 K |
| Parter: | Ankende part: Johannes Svangtun (Prosessfullmektig: Advokat Johannes Sundet, Oslo). Motpart: 1. Sverre Myrekrok 2. Margrethe Svangtun (Prosessfullmektig Advokat Harald Hjermann, Førde). |
| Forfatter: | Lagmann Bruland. Lagdommer Vestrheim. Lagdommer Midtgaard |
| Lovhenvisninger: | Jordloven (1955), Odelsloven (1974) §22, Tvistemålsloven (1915) §172, §180, Skjønnsprosessloven (1917) §32, §38, §52, §1, §26, §34, §36, §40, §60, §62, §64, §65, §66, §68, Fagopplæringsloven (1980), Jordloven (1955) §55, Jordlova (1995) |
Saka gjeld tvist om løysingsrett til odelseigedom.
Sjur Svangtun var frå 1905 til 1946 innehavar av gnr 31 bnr 1 i Høyanger, ein odelseigedom med skyld 0.42. I 1946 tok eldste son Arne over. Han døydde i 1980, og etter det vart ektemaken, Margrethe, sitjande med eigedomen. Arne og Margrethe hadde tre born. Eldste son døydde i 1960 og etterlet seg ei dotter, Bodil.
Margrethe skøytte i 1983 eigedomen til yngste dotter, Aud, men etter at Bodil sa frå at ho ville nytte odelsretten, vart eigedomen skøytt attende til seljaren i 1984.
Etter søknad ga fylkeslandbruksstyret i 1986 løyve til å dele frå ca 5 da tomt med påståande bygningar, og dessutan 0,5 da nausttomt med tilkomst. Sverre Myrekrok, som tidlegare hadde leigd jorda, fekk konsesjon til å overta resteigedomen. Fylkeslandbruksstyrets vedtak vart etter klage stadfest av Landbruksdepartementet 3. februar 1988. Også bygningsrådet ga løyve til frådeling.
Med skøyte datert 26 juli 1988, tinglyst 29 juli 1988, skøytte Margrethe bnr 1 over til Sverre Myrekrok. I skøytet heiter det m.a:
"Underskrivne Margrethe Svangtun fnr. - - -, eiger av garden Svangtun, gnr. 31, bnr. 1 skøyter og overdreg denne garden med rettar og plikter til Sverre Myrekrok, fnr. - - - for kjøpesum kr. 50.000 femtitusenkroner som er verdien på det kjøpte areal. Betalinga er ordna.
Eigedommen vert ført over med desse vilkår:
1. Husa på bruket og eit areal på omlag 5 daa kring husa og ein nausttomt på omlag 0,5 daa skal skiljast frå garden og er ikkje med i handelen. Tilkomst til nausttomt er frå gnr 31, bnr. 1.
2. Då berre avkøyring frå R-14 er godteken vert avkøyringa felles for kjøpar og seljar."
Johannes Svangtun, som har odelsrett til eigedomen, reiste med stemnemål 26. juli 1990 odelssøksmål med påstand om at Sverre Myrekrok skulle tilpliktast å skrive ut skøyte på eigedomen mot betåling etter odelstakst.
24. august 1990 vart det halde oppmålingsforretning, og tre teigar vart fråskilde bnr 1: våningshus med hage 2,71 da, hage ovanfor riksvegen 10 da, og ei nausttomt, 0,444 da. Målebrevet vart tinglyst 6. september 1990, og dei frådelte teigane utgjer til saman bnr 4.
Myrekrok skøytte 21. august 1991 bnr 4 tilbake til Margrethe. I skøytet er kjøpesummen sett til kr 0, medan kr 100.000 er oppgitt som avgiftsgrunnlag. Margrethe Svangtun er seinare trekt inn i odelssaka.
Sverre Myrekrok søkte 14. september 1990 om odelsfrigjering av eigedomen, men søknaden førde ikkje fram. Odelssaka vart likevel stansa i påvente av at søknaden skulle bli avgjort.
Ytre Sogn heradsrett sa 29. juni 1994 slik odelstakst og orskurd:
I
"1. Verdien av eiendommen gnr 31. bnr 1. i Høyanger, settes til kr 130.000,- etthundreogtrettitusenkroner -.
2. Sverre Myrekrok skal utstede skjøte på gnr 31. bnr 1. i Høyanger til Johannes Svangtun innen 15. nov. 1994 mot at Johannes Svangtun betaler kr 130.000,- etthundreogtrettitusenkroner -.
3. Johannes Svangtun skal innen 14 - fjorten - dager fra forkynnelse av takst/kjennelse betale kr. 28.688,- tjueåttetusensekshundreogåttiåttekroner - i saksomkostninger til Sverre Myrekrok.
II
1. Margrethe Svangtun frifinnes.
2. Johannes Svangtun skal innen 14 - fjorten - dager fra forkynnelse av takst/kjennelse betale kr. 36.500,- trettisekstusenfemhundrekroner - i saksomkostninger til Margrethe Svangtun.
Under saka var det ikkje tvist om at Johannes Svangtun har løysingsrett til attverande gnr 31 bnr 1, men heradsretten kom til at Johannes Svangtun ikkje har løysingsrett i høve til Margrethe Svangtun som innehavar av bnr 4. Det kan vere at dette spørsmålet skulle vore avgjort ved dom, utan at det reint praktisk har særleg å seie. Saksforholdet går fram av skjønnet og orskurden og likeins kva partane gjorde gjeldande for heradsretten.
I skriv datert 30. august 1994 sette Johannes Svangtun fram anke og begjæring om overskjønn. Under saksførebuinga vart lagt til grunn at det er tale om to saker: ei overskjønnssak som gjeld bnr 1, og ei ankesak som gjeld spørsmålet om det er løysingsrett til bnr 4. Overskjønnssaka - sak 94-01132 B - er stansa med tanke på at ankesaka skal bli avgjort.
Johannes Svangtun har vist til at det ikkje er tvist om at han har odelsrett og løysingsrett til bnr 1. Dette var Margrethe klår over då det vart søkt om frådeling i 1986, og ho var og klår over at det var odelsrettshavarar som ville gjere retten gjeldande.
Bnr 4 var ikkje frådelt då eigedomen vart skøytt over til Sverre Myrekrok i 1988. Formelt vart såleis heile eigedomen overført: Etter skøytet måtte Sverre Myrekrok ha plikt til å skøyte attende ein del av eigedomen, men partane var samstundes klår over at dersom det vart reist odelssøksmål, ville deling ikkje vere mogeleg. På grunn av løysingssaka ville både deling og tilbakeskøyting vere i strid med jordlova, og deling kunne ikkje gjennomførast i samsvar med føresetnadene i frådelingsløyvet. Det blir såleis spørsmål om partane kunne omgjere heile handelen. Tilbakeskøyting ville likevel vere klårt i strid med odelslova §62 fordi føremålet i så fall var å hindre odelsløysing. I så måte er situasjonen annleis enn i Kjeldsendomen, Rt-1988-330, der overskøytinga ikkje hadde noko med odelsløysing å gjere.
Når både Margrethe Svangtun og Sverre Myrekrok var klår over at deling og tilbakeskøyting ikkje ville kunne gjennomførast, og at tilbakeføring av heile eigedomen ville vere i strid med odelslova §62, må Johannes Svangtun kunne løyse det heile. Det er kravet om odelsløysing som fører til at transaksjonane ikkje kan gjennomførast, og risikoen må då kvile på seljar og kjøpar.
Lagmannsretten har val mellom å tillate løysing av heile eigedomen, å nekte løysing av nokon del, eller å avgrense løysingsretten til jordbruksarealet, bnr 1. Etter Johannes Svangtuns meining vil separat løysing av bnr 1 kome i strid med jordlova §55, og domstolane kan ikkje setje denne regelen til side. Lagmannsretten må i ein slik situasjon velje det første alternaivet. I samband med dette må det leggast avgjerande vekt på at frådeling og sal har hatt til føremål å unngå odelsløysing og at Margrethe må ha visst at ho, ved å skøyte heile eigedomen over til Sverre Myrekrok, ikkje kunne få frådelt og tilbakeskøytt bnr utan at det kom i strid med odelslova §62. Ho har såleis tatt ein klår risiko. Å tillate odelsløysing av ein fysisk del, ville dessutan, som nemnt, innebere eit løyve til å dele eigedomen i strid med reglane i jordlova, og i strid med føresetnadene for fylkeslandbruksstyrets vedtak. Det kan heller ikkje leggast til grunn at ankemotpartane har høve til å gjere om handelen, og dermed nekte løysing av det heile. Å bygge på at Johannes Svangtun ikkje har løysingsrett til nokon del, vil i realiteten innebere at det blir akseptert tilbakeskøyting i strid med odelslova §62.
Løysingsrett til det heile må, slik Johannes Svangtun ser det, innebere at lagmannsretten må oppheve heradsrettens skjønn, slik at det blir halde ny, samla takst.
Subsidiært, og for det tilfelle at Johannes Svangtun ikkje har løysingsrett til bnr 4, er gjort gjeldande at odelsretten likevel må stå ved lag. Bnr 4 er ikkje slik bustadtomt som blir odelsfri etter regelen i odelslova §22, og Johannes Svangtun har i denne samanheng kome nærare inn på rettspraksis. Det er mellom anna vist til at §22 ikkje gjeld når våningshuset på ein jordbrukseigedom blir frådelt, og det er peika på at bnr 4 i dette tilfellet er på meir enn 5 mål, og også omfattar driftsbygningen. Odelsretten må derfor omfatte bnr 4, jamvel om denne eigedomen isolert ikkje tilfredsstillar krava til odlingsjord. Også i denne samanheng er vist til teori og rettspraksis.
Johannes Svangtun, som elles har kome nærare inn på sakskostnadsspørsmålet, har lagt ned slik påstand:
" Prinsipalt:
1. Johannes Svangtun har løsningsrett til gnr 31 bnr 1 og gnr. 31 bnr. 4 i Høyanger kommune.
2. Skjønn avsagt av Ytre Sogn herredsrett opheves og hjemvises til ny behandling i Ytre Sogn herredsrett.
3. Margrethe Svangtun og Sverre Myrekrok dømmes in solidum til å erstatte Johannes Svangtun sakens omkostninger for lagmannsretten.
Subsidiært:
1. Johannes Svangtun har odelsrett til eiendommen gnr. 31 bnr. 4 i Høyanger kommune.
2. Margrethe Svangtun dømmes til å erstatte Johannes Svangtun sakens omkostninger for lagmannsretten."
Sverre Myrekrok og Margrethe Svangtun har begge gjort gjeldande at heradsrettens avgjerd er rett og har i det meste slutta seg til heradsrettens synsmåtar.
Ankemotpartane har under ankeforhandlinga kome nærare inn på nokre prosessuelle spørsmål. Med tilvising til rettspraksis og teori er gjort gjeldande at spørsmålet om Johannes Svangtun har odels- og løysingsrett til bnr 4, skulle ha vore avgjort ved dom. Når det gjeld heradsrettens avgjerd av dette spørsmålet, er anke rett rettsmiddel. Samstundes er det rett å krevje overtakst når det gjeld sjølve odelsskjønnet. Det er då ikkje grunnlag for oppheving av heradsrettens skjønn. Det ligg heller ikkje føre saksbehandlingsfeil som kan vere opphevingsgrunn. Etter skjønnsloven §52 skal det såleis ikkje haldast alternative takstar utan at det vert kravt, og det vart det ikkje i dette tilfellet. Det er heller ikkje høve til å påanke skjønnet til oppheving.
Når det gjeld realiteten, er problemstillinga om Johannes Svangtun har odels- og løysingsrett til bnr 4.
For løysingsrett er det eit absolutt vilkår at eigedomen har vore overført avtalerettsleg eller på annan måte.
I dette tilfellet var dei teigane som no utgjer bnr 4, ikkje med då attverande bnr 1 vart skøytt over til Sverre Myrekrok. Dette går klårt fram av skøytet. Det er eit vilkår for at løysingsretten skal bli aktuell at det har skjedd ein reell eigedomsovergang. I samband med dette har ankemotpartane vist til teori og rettspraksis.
Det er såleis urett å framstille det slik at Sverre Myrekrok fekk plikt til å skøyte bnr 4 attende. Bnr 4 har aldri skift eigar, og når det var nødvendig å skrive skøyte seinare, hadde det samanheng med at det ikkje hadde vore råd å halde delingsforretning før bnr 1 vårt skøytt over til Sverre Myrekrok. Det er halde fram at det vart sett fram krav om oppmålingsforretning kort etter at det var gitt frådelingsløyve, og at tidsbruken hadde samanheng med arbeidssituasjonen ved oppmålingskontoret.
Johannes Svangtun har gjort gjeldande at det må vere høve til å løyse bnr 4, fordi det elles vil bli etablert ein situasjon i strid med jordlova §55. Dette kan likevel, slik ankemotpartane ser det, ikkje få innverknad på løysingsretten. Det er også vist til at det no har kome ny jordlov, og at fylkeslandbruksstyret står friare ved vurderinga av om det skal tillatast deling eller ikkje. Det er fullt høve for jordstyresmaktane til å kome til eit anna resultat, og løysingsretten kan under ingen omstende grunnast på at vilkåra for frådeling etter vedtaket ikkje er til stades.
Subsidiært har Johannes Svangtun lagt ned påstand om at han har odelsrett til bnr 4, jamvel om han ikkje kan løyse eigedomen frå Margrethe. Denne påstanden er ny for lagmannsretten, men ankemotpartane har etter omstenda ikkje funne grunn til å legge ned avvisningspåstand. Etter ankemotpartane si meining er det likevel klårt at det ikkje knyter seg odelsrett til bnr 4, fordi denne eigedomen er odelsfri i samsvar med regelen i odelslova §22. At det i dette tilfellet også er skilt frå ein driftsbygning, som er gamal, og som ikkje har vore i bruk i lang tid, kan ikkje vere avjerande. Det sentrale er at eigedomen har tapt sin karakter av å vere gardsbruk. Forholda i dette tilfellet skil seg frå det som er tilfellet i Kjeldsendomen, idet odelsløysaren har bustad i nærleiken. - For landbruksstyresmaktene var det ein føresetnad for løyvet at ikkje alt skulle gå som tileggsjord. Det er og grunn til å tru at jordbruksareala under alle omstende vil kome til å bli tilleggsjord til andre eigedomar. Det har såleis vore arvepakt mellom Johannes Svangtun og Steinar Torvund, og etter denne skulle jordbruksarealet gå til Steinar. Arvepakta er no dregen attende, men det er grunn til å tru at det nettopp har samanheng med det som er sagt i heradsrettens dom. Under heile saksbehandlinga er lagt til grunn at eigedomen seinare skal gå til Steinar Torvund.
Lagmannsretten kan heller ikkje legge til grunn at frådelinga av tunet er i strid med reglane i jordlova. Om delinga skulle vere i strid med vilkår som er sette i løyvet, er det ikkje dermed sagt at jordstyresmaktene vil gripe inn, eller at vedtaket ikkje vil kunne bli omgjort.
Også ankemotpartane har kome nærare inn på sakskostnadsspørsmålet og mellom anna vist til at det subsidiære kravet er nytt for lagmannsretten.
Sverre Myrekrok og Margrethe Svangtun har lagt ned slik felles påstand:
"1. Anken avvises for så vidt gjelder den prinsipale påstands pkt. 2.
2. Herredsrettens dom stadfestes.
3. Margrethe Svangtun og Sverre Myrekrok tilkjennes saksomkostninger for lagmannsretten."
Under ankeførehavinga har Johannes Svangtun og Sverre Myrekrok gitt partsforklaringar. Saka står i det meste i same stilling som for heradsretten.
Lagmannsretten har kome til eit anna resultat enn heradsretten.
På bakgrunn av det som har vore halde fram under ankeførehavinga, finn lagmannsretten det rett å kome inn på nokre prosessuelle Spørsmål.
Når det i tilsvaret blir gjort gjeldande at saksøkjaren ikkje har løysingsrett, kan spørsmålet etter odelslova §64 takast opp til særskilt førehaving og avgjerd i dom. I dette tilfellet kom spørsmålet om løysingsretten først opp til fulle etter at Margrethe Svangtun var dregen inn som saksøkt. Heradsretten har såleis ikkje nytta framgangsmåten i odelslova §64. I staden er tvisten om løysingsrett tatt opp til avgjerd i samband med sjølve taksten, jfr. odelslova §65 tredje ledd.
Reglane i skjønnslova gjeld som hovedregel for "sjølve odelstaksten", jfr odelslova §66. Etter odelslova §64 "held saka fram etter dei vanlege reglane i tvistemålslova" når det blir tatt avgjerd om å ta opp løysingsspørsmålet først, og det må gjelde jamvel om spørsmålet i samsvar med odelslova §65 tredje ledd blir tatt opp i samband med taksten. Det er like fullt tale om eit rettsspørsmål, og ikkje eit skjønnsspørsmål
Motsegnene mot mot løysingsretten er behandla av skjønnsretten som heradsrett, og heradsretten har i realiteten sagt frifinningsdom i høve til Margrethe Svangtun, jfr. Rygg og Skarpnes, Odelsloven (3. utg.) 264 - 265. At avgjerda ikkje har fått doms form, kan ikke vere avgjerande for kva rettsmiddel som skal nyttast. Slik lagmannsretten ser det, må rettsmiddelet - så langt det gjeld tvisten om løysingsrett - vere anke, jamvel om det samstundes vart halde odelstakst over bnr 1. Om eit skjønn kan ankast til oppheving, kjem lagmannsretten attende til nedanfor.
For lagmannsretten er tvisten avgrensa til å gjelde spørsmålet om bnr 4 kan løysast på odel. Det er såleis ikkje tvist om løysingsretten til attverande bnr l, og opphaveleg vart det lagt ned påstand om avvisning i høve til Sverre Myrekrok. Denne påstand er likevel ikkje halden oppe, og lagmannsretten finn at Sverre Myrekrok har slik rettsleg interesse i utfallet at han kan gjerast til ankemotpart. Det er såleis m.a. spørsmål om det opphavelege bnr 1 vart overført til Sverre Myrekrok i 1988, slik at løysingsretten også til seinare bnr 4 vart utløyst.
Det spørsmålet som reiser seg, er dels om Johannes Svangtun har odelsrett til bnr 4, dels om han i så fall har løysingsrett i høve til Margrethe Svangtun.
Påstanden om odelsrett er subsidiær, men lagmannsretten finn det likevel føremålstenleg å ta opp dette spørsmålet først. Odelsrett er ein føresetnad for løysingsrett.
Det er på det reine at det knyter seg odelsrett og løysingsrett til fråskilde delar av ein jordbrukseigedom, jamvel om desse ikkje isolert tilfredsstiller vilkåra for odlingsjord. Ankemotpartane har likevel gjort gjeldande at bnr 4 må vere odelsfri etter odelslova §22. Etter denne regelen kan m.a. tomter til bustadhus ikkje løysast på odel. Regelen gjeld og for tomter der det alt er ført opp hus, og det er ikkje gjort uttrykkeleg unntak for våningshus som har samanheng med drifta av gardsbruket. Til vanleg må likevel våningshuset falle utanfor området for odelslova §22, jfr. Rt-1988-330 flg., særleg side 333 - 334. Det er ingen reelle grunnar som tilseier at eigedomen i dette tilfellet skal vere odelsfri etter reglane i odelslova §22. I realiteten er alle eigedomane på jordsbrukseigedomen skilde frå, også driftsbygningen. At denne kan vere gamal og mindre tenleg, kan i så måte ikkje vere avgjerande. Det kan heller ikkje vere avgjerande at odelsløysaren har bustadhus i rimeleg nærleik. Skulle frådelinga føre til at bnr 4 blir odelsfri i dette tilfellet, vil det etter lagmannsrettens meining vere i strid med føremålet med odelsretten og også i strid med føremålet med unntaksregelen i odelslova §22. Også etter tidlegare reglar var synet at det ikkje var høve til å "skilja tunet og husi frå ein odelseigedom og selja dette odelsfritt", jfr Robberstad i Lov og Rett 1963 s 34. At det er seljaren som blir sitjande med tomta, kan ikkje vere avgjerande for om Johannes Svangtun har odelsrett eller ikkje.
Lagmannsretten finn såleis at frådelinga ikkje kan ha som konsekvens at bnr 4 blir odelsfri. Spørsmålet er etter dette om Johannes Svangtun kan gjere løysingsrett gjeldande mot Margrethe Svangtun. Dette er i utgangspunktet eit spørsmål om eigedomen har vore overført. Det er såleis semje mellom partane om at Johannes Svangtun ikkje kunne nytte odelsretten til å drive Margrethe Svangtun frå jordbrukseigedomen, så lenge ho sat med han.
I dette tilfellet er situasjonen at fylkeslandbruksstyret har gitt samtykke til frådeling. Det går klårt fram av vedtaket at det er basert på ein føresetnad om at landbruksarealet går til ein granneeigedom som tilleggsjord, og i samband med dette har Sverre Myrekrok fått konsesjon. Føresetnadene for desse vedtaka kan ikkje realiserast når odelsretten blir nytta. Det kan vere at eigedomen reint faktisk ein gong i framtida vil bli nytta som tilleggsjord til anna eigedom, men det kan i så måte ikkje vere avgjerande.
Det er på det reine at det opphavelege bnr 1 vart skøytt over til Sverre Myrekrok i 1988, og at bnr 4 vart delt frå og skøytt attende til Margrethe Svangtun etter at det var reist odelssak. Lagmannsretten finn at Johannes Svangtun i eit tilfelle som dette må ha løysingsrett til heile, og særleg av to grunnar.
I skøytet frå 1988 er sagt at visse teigar, seinare fråskilde som bnr 4, er unntatt. Sverre Myrekrok og Margrethe Svangtun måtte likevel vere klår over at Myrekrok ville få heimel til det heile. Dersom det var tanken at overføringa ikkje skulle omfatte det området som seinare fekk bnr 4, skulle skøytet ikkje vore godtatt til tinglysing. Samstundes må dei ha vore klår over at føresetnadene for frådelingsløyvet ikkje kunne realiserast dersom nokon av odelsrettshavarene gjekk til løysingssak. Slik forholdet ligg til rette, må såleis det som er sagt i skøytet, etter lagmannsrettens meining tolkast slik at Sverre Myrekrok fekk plikt til tilbakeskøyting av ein del dersom odelsretten ikkje blei nytta. I høve til odelsrettshavarane må rettsovergangen vurderast som reell. - Lagmannsretten nemner, på bakgrunn av det som er gjort gjeldande, at retten til odelsløysing etter odelslova §40 må gjerast gjeldande innan 2 år frå tinglysinga av dokument som gir den nye eigaren "full heimel". Det kan stundom reise seg tvil om dette vilkåret er oppfylt. Regelen regulerer likevel utgangspunktet for preskripsjonsfristen, og ikkje kva som skal til for at løysingsretten blir aktuell. I mange tilfelle vil det vere høve til odelsløysing før preskripsjonsfristen tar til å løpe, slik det og går fram av odelslova §60, der det heiter at det må takast ut stemning "mot eigaren". Samstundes er det sagt at søksmål mot heimelshavaren alltid er nok til å avbryte preskripsjonsfristen.
Når det, slik lagmannsretten ser det, i høve til odelsrettshavarane skjedde ein reell eigedomsovergang i 1988, kan ikkje eigedomen skøytast attende med verknad for odelsløysaren, jfr. odelslova §62. Det må gjelde jamvel om det berre er ein del av eigedomen som blir skøytt attende, og utan omsyn til om kjøparen etter avtalen har plikt til tilbakeskøyting.
Til dette kjem at Johannes Svangtun etter lagmannsrettens meining må ha løysingsrett til bnr 4, jamvel om denne delen ikkje har vore overført til Myrekrok.
At odels- og løysingsretten også gjeld frådelte stykke som ikkje sjølve tilfredsstiller vilkåra for odlingsjord etter odelslova §1, har samanheng med ein tanke om at odelsretten ikkje skal kunne gjerast illusorisk ved å dele eigedomen opp i mindre stykke. I dette tilfellet må det likevel få noko å seie at bnr 4 ikkje kan vere odlingsjord.
Den faktiske situasjonen er at Margrethe Svangtun i alle tilfelle har delt frå og selt det vesentlege av odelsjorda. Ho har såleis, reelt sett, gitt avkall på eigen løysingsrett til bnr 1 jfr odelslova §26, jfr §62. Det er då tvilsamt om ho kan nytte eigen odelsrett som grunnlag for å sitje med bnr 4. Regelen om at odelsretten til fråskilde delar ikkje går tapt for odelsrettshavarane, kan ikkje utan vidare ha som konsekvens at den som skil frå slike stykke, sjølv får odels- og løysingsrett til dei i ettertid. Det er nærliggande å sjå det slik at ein innehavar som overfører odelsjorda til andre, og berre held att ein mindre del for eige bruk, må finne seg i at andre odelsrettshavarar løyser ut det heile. Ei anna løysing ville føre til at seljaren er verna mot odelsløysing, jamvel om han ikkje lenger har aktuell odels- og løysingsrett, og heller ikkje kan hevde odel på det han har att. Dette ville kome i strid med føremålet med odelsretten, særleg når det som blir skilt frå, er bygningane på jordbrukseigedomen, inkludert driftsbygningen.
Partane er gått lite inn på kva odelsrettsleg stilling Margrethe har. Det kan synest å vere lagt til grunn at ho er verna av regelen i odelslova §36, jfr. §34. Desse reglane gir likevel ikkje noko absolutt vern, utan at lagmannsretten finn grunn til å gå nærare inn på det her. Det sentrale er at ein ektemake som etter §36 ikke kan drivast frå eigedomen, ikkje kan ha betre vern mot odelsløysing av fråskilde delar enn ein eigar som opphaveleg hadde betre odelsrett enn odelsløysaren. Når innehavaren har overført eigedomen på slik måte at eigen odels- og løysingsrett reelt sett er tapt, kan ikkje odelsretten verne mot løysing av fråskilde stykke som ikkje tilfredsstiller vilkåra for odlingsjord.
Det er, slik lagmannsretten ser det, liten tvil om at ankemotpartane har utforma avtalen med sikte på å unngå odelsløysing. I samsvar med ovanståande finn likevel lagmannsretten at Margrethe Svangtun, ved å overføre heile eigedomen til Sverre Myrekrok, har akseptert og tatt risikoen for at det kunne kome krav om odelsløysing av det heile. Til dette kjem, som nemnt, at det kan synast tvilsamt om Margrethe Svangtun etter reglane i odelslova har vern mot løysing av bnr. 4.
Det vil såleis bli sagt dom for at Johannes Svangtun har løysingsrett.
Med tanke på ein slik situasjon, har den ankande part lagt ned påstand om at heradsrettens skjønn skal opphevast. Lagmannsretten kan likevel ikkje sjå at det er vist til feil som kan vere opphevingsgrunn. I eit tilfelle som dette kunne det rett nok vore naturleg med alternativ takst, jfr. Rygg og Skarpnes 269 flg. At heradsretten ikkje har valt å utmåle erstatninga på denne måten, kan likevel ikkje vere opphevingsgrunn, og det vart ikkje sett fram krav om slik takst.
Etter at det vart innført ny ordning med overtakst, er det etter lagmannsrettens meining heller ikkje høve til å påanke eit underskjønn til oppheving; jfr. skjønnsprosessloven §38. Rettsmiddelet er overskjønn, jfr. skjønnprosessloven §32, samme lov §37, og regelen i odelslova §68 er ikkje heilt tilpassa ordninga med overskjønn, jfr. Rygg og Skarpnes 275. - Skulle lagmannsrettens dom bli endeleg, ville den naturlege framgangsmåte vere at det blir halde nytt skjønn for bnr 4, og i alle tilfelle må saksøkjaren kunne krevje det. Vert det kravt overskjønn også for dette, vil dei to overskjønnssakane under behandlinga for lagmannsretten kunne sameinast til felles førehaving.
På bakgrunn av at det ikkje er høve til å påanke skjønnet til oppheving, vil anken bli avvist for så vidt gjeld pkt 2 i den prinsipale påstanden.
Johannes Svangtun har lagt ned påstand om å bli tilkjent sakskostnader for lagmannsretten. Han har fått medhald så langt det gjeld spørsmålet om løysingsrett. Derimot er anken avvist så langt det gjeld opphevingspåstanden.
Når det gjeld realiteten har såleis anken ført fram, og lagmannsretten finn at det ikkje ligg føre omstende som gir grunn til å fråvike hovudregelen i tvistemålsloven §172 første ledd, jfr. §180 andre ledd.
Når det gjeld opphevingspåstanden har anken ikkje ført fram. Lagmannsretten finn at det ikkje ligg føre særlege omstende som gir grunn til å fråvike hovudregelen i tvistemålsloven §180 første ledd. Sverre Myrekrok og Margrethe Svangtun vil såleis bli tilkjent sakskostnader for så vidt gjeld avvisningsspørsmålet. Advokat Hjermann har levert kostandsoppgåve som viser samla utgifter på kr 65.800,-. Av dette er kr 64.000,- salær til prosessfullmektigane, resten utgifter. Lagmannsretten legg til grunn at berre ein mindre del av kostnadene gjeld avvisingsspørsmålet og fastset desse til kr 4.000,-.
Advokat Johannes Sundet har levert kostnadsoppgåve som viser samla kostnader på kr 75.000,-. Av dette er kr 65.000,- salær til prosessfullmektigen, resten utgifter. Lagmannsretten legg kostnadsoppgåva til grunn, men gjer frådrag for kostnadene i samband med avvisingsspørsmålet. Også i denne samanheng blir desse sett til kr 4.000.
Etter dette blir Johannes Svangtun tilkjent sakskostnader med kr 71.000,-, Sverre Myrekrok og Margrethe Svangtun med kr 4.000,-.
Dommen og orskurden er samrøystes.
Domsslutning:
Johannes Svangtun har løysingsrett til gnr 31 bnr 4 i Høyanger.
I sakskostnader for lagmannsretten betaler Sverre Myrekrok og Margrethe Svangtun ein for begge og begge for ein kr 71.000,- - kronersyttieintusen - til Johannes Svangtun innan 2 to - veker frå forkynninga av domen.
Slutning i orskurden:
1. Anken blir avvist så langt det gjeld den prinsipale påstand pkt.2.
2. I sakskostander for lagmannsretten betaler Johannes Svangtun kr 4.000,- - kronerfiretusen - til Sverre Myrekrok og Margrethe Svangtun i fellesskap innan 2 -to - veker frå forkynninga av orskurden.