Hopp til innhold

LG-2000-1426

Fra Rettspraksis


Instans: Gulating lagmannsrett - Kjennelse
Dato: 2000-08-14
Publisert: LG-2000-01426
Stikkord:
Sammendrag:
Saksgang: Nordfjord herredsrett nr. 00-0041 - Gulating lagmannsrett LG-2000-01426.
Parter: Kjærande part: Galeasen AS (Prosessfullmektig: Advokat Reidar Blom). Kjæremotpart: Geirr Dippner Entertainment (Prosessfullmektig: Advokat Klaus Iversen).
Forfatter: Lagmann Bruland. Lagdommer Sjøvoll. Lagdommer Jacobsen
Lovhenvisninger: Tvistemålsloven (1915) §176, §181, §172, §179, §180, §296, §322a


Saka gjeld kjæremål over sakskostnadsavgjerd i dom.

Geirr Dippner Entertainment, som formidlar artistar til ymse tilstellingar, formidla i desember månad 1998 to artistar til Galeasen AS i Måløy. For dette gjorde Geirr Dippner Entertainment gjeldande eit provisjonskrav på kr 4.900,-, og etter at Galeasen AS hadde kome med ymse motsegner, vart saka fremja for forliksrådet. Vågsøy forliksråd sa 7. september 1999 fråveredom, der Geirr Dippner Entertainment fikk medhald. Galeasen AS kravde oppfrisking, og i dom av forliksrådet 14. desember 1999 vart Galeasen AS frifunnen.

Forliksrådets dom vart anka av Geirr Dippner Entertainment AS, og Nordfjord heradsrett sa 21. juni 2000 dom med slik slutning:

«1. Galeasen AS vert dømt til innan 14 -fjorten- dagar frå forkynninga av dommen å betale til Geirr Dippner Entertainment v/Geirr Dippner kr 4.900,- -kronerfiretusennihundre 00/100- med tillegg av 12 -tolv- % rente p.a. frå 12.01.1999 til betaling skjer.

2. I sakskostnader betaler Galeasen AS til Geirr Dippner Entertainment v/Geirr Dippner kr 25.520,- -kronertjuefemtusenfemhundreogtjue 00/100- innan 2 -to- veker frå forkynninga av dommen.»

Saksforholdet går fram av dommen, og likeins kva partane gjorde gjeldande for heradsretten.

Galeasen AS har påkjæra dommen så langt det gjeld sakskostnadsavgjerda, slutninga punkt 2. Det er gjort gjeldande at kostnadsspørsmålet er avgjort i strid med lov, og at det er feil ved saksbehandlinga. Med tilvisning til tvistemålsloven §181 annet ledd er det halde fram at det er fast praksis for at lagmannsretten, i tillegg til å ta stilling til om avgjerda er i strid med lov, kan prøve om det ligg føre feil i saksbehandlinga, også i form av manglar ved avgjerdsgrunnane.

Det er ellers vist til at Galeasen AS vart frifunnen i forliksrådet, og at det såleis var tale om ei ankesak etter tvistemålsloven §296. Geirr Dippner Entertainment AS var representert av same advokatfirma i forliksrådet, og stemnemålet av 16. februar 2000 er inngitt som stemnemål i betalingssak. Motparten var kjent med dei motsegnene Galeasen AS hadde mot kravet, og all dokumentasjon - frå begge sider - som gjaldt motsegnene, var lagt ved stemnemålet. Galeasen AS' prosessfullmektig, advokat Reidar Blom, ga tilsvar, men elles vart det tatt avgjerd om at dagleg leiar i Galeasen AS åleine skulle delta i rettsmøtet. Grunnen var at dagleg leiar er vel van med å opptre i formelle samanhengar, og at saka på alle måtar låg til rette for å bli avgjort ved rein bevisvurdering av munnlege avtaleutsegner. Dommen viser at denne førehandsvurderinga var rett. Kostnadsoppgåva frå motparten, levert 2. juli 2000, vart send direkte til Galeasen AS over telefaks, men det var nytta feil nummer, slik Galeasen AS først blei kjent med oppgåva 6. juli 2000. Det vart då protestert på storleiken av kravet. Motparten svara same dag på protesten og gjorde mellom anna gjeldande at kostnadene skyldest at motparten vurderte saka til å vere av «prinsipiell karakter».

Heradsretten har, etter først å ha konstatert at tvistemålsloven §176 første ledd skal nyttast, tatt standpunkt til storleiken av kostnadene. Galeasen AS har prinsipalt halde fram at heradsrettens avgjerd er uklår og/eller mangelfullt grunngitt. Det er ikkje råd å sjå om retten har lagt til grunn korrekt forståing av tvistemålsloven §176, som er basert på at berre nødvendige kostnader kan krevjast dekte. Det synest vidare som heradsretten har klandra Galeasen AS for å ha kravt rettsmøte, og at saka ikkje har framstått som forenkla. Slik dette er uttrykt, er det svært uklårt, og det kan i beste fall berre ha noko å seie for ein del av kostnadene. Det går ikkje fram av dommen at det er tatt omsyn til alle faktorar som er relevante for avgjerda. Den protesten som vart inngitt, retta seg mot at kostnadene måtte tilpassast omfanget av saka, og at dei vart svært høge i forhold til tvisteemnet og prosessordninga. Ut frå dette hadde retten plikt til konkret å vurdere og grunngi avgjerda for så vidt gjaldt storleiken av kostnadene. Når det ikkje er gjort, er det ein saksbehandlingsfeil som må føre til oppheving. Det er vist til Rt-1996-1786, særleg side 1790. Kravet til grunngjeving aukar når kostnadene er store.

Subsidiært er det gjort gjeldande at avgjerda er i strid med lov, idet heradsretten har basert seg på urett forståing av kva som er nødvendige sakskostnader etter tvistemålsloven §176.

I høve til klienten gjeld det generelt, og for advokatar spesielt, ei klår plikt til å sjå til at sakskostnadene står i eit rimeleg, rasjonelt forhold til tvisteemnet. Dette går mellom anna fram av dei etiske reglar som gjeld for advokatar, og må ellers gjelde som generelt, ulovfest prinsipp. Etter tvistemålsloven §176 er det berre eigne kostnader, fastlagde i samsvar med gjeldande salæravrekningsprinsipp, som kan krevjast dekte av motparten. Prinsippet om samsvar mellom kostnader og økonomiske interesser har såleis direkte rettsleg betydning i så måte.

I rettspraksis er det òg slått fast at det berre kan krevjast dekning for kostnader som er nødvendige for å få saka forsvarleg behandla og opplyst, jf. Rt-1997-1245, særleg side 1246-1247. Tilleggskostnader til behandling av krav eller grunnlag som - ut frå ei romsleg vurdering - ikkje har rimeleg utsikt til å føre fram, er ikkje «nødvendige». At Geirr Dippner Entertainment av «prinsipielle grunnar» valde å legge saka breidt opp, kan ikkje føre til at kostnadene er nødvendige i ei sak om enkle betalingskrav, der det avgjerande var vurdering av munnlege, påståtte avtalar. Som saksøkjar sette Geirr Dippner Entertainment rammene for saka. Når saka er lagt breidt opp med omsyn til bevisføring og grunnlag som klårt viste seg ikkje å ha noko å seie for resultatet, og som heller ikkje kasta kasta nytt faktisk lys over saka, er det tale om kostnader som ikkje var nødvendige, jf Rt-1998-1549, særleg side 1563.

På bakgrunn av at det ikkje kom fram noko nytt frå behandlinga i forliksrådet til heradsrettens avgjerd, er også forholdet mellom kostnadene i dei to instansane uforholdsmessig, og dei samla kostnadene er så høge at dei omfatter meir enn det lova gir høve til å krevje erstatta av motparten. Etter rettspraksis er det såleis ikkje automatikk i at kostnadene skal omfatte all tid som har gått med, heller ikkje til rettsmøte. Når retten ikke har tatt omsyn til alle faktorar som inngår i vurderinga av kva som har vore nødvendig, er avgjerda i strid med lov.

Det er ellers halde fram at lagmannsretten har kompetanse til å ta ny avgjerd dersom det er tilstrekkeleg grunnlag til å prøve om avgjerda er i strid med lov, jf. Rt-1993-283.

Galeasen AS har lagt ned slik påstand:

«Herredsrettens omkostningsavgjørelse oppheves og kjærende part tilkjennes omkostning for lagmannsretten.»

Geirr Dippner Entertainment har vist til at Galeasen AS ikkje synest å ha motsegner mot at det skal tilkjennast sakskostnader, berre mot storleiken av desse. Kjæremotparten gjer gjeldande at det ikkje ligg føre saksbehandlingsfeil, heller ikkje i form av mangelfull grunngjeving, og at kostnadsavgjerda er i samsvar med lov.

Det er ellers rett at saka vart behandla i tre ledd, og kostnadsoppgåva på kr 25.520,- omfattar rettsgebyr og salær knytt til alle desse. Det er understreka at det først var ved tilsvaret av 17. mars 2000 og prosesskrift av 29. mai 2000 at saka vart «vidløftiggjort». Det skjer på tre vesentlege punkt: det blir kravd munnlege forhandlingar, det blir gjort gjeldande at kutymereglar på området er avvikande i høve til det som var avtalt/praktisert i dette tilfellet, og at det følgjer av generelle, ulovfeste reglar at kjæremotparten skulle ivareta forhold som knytte seg til dei motsegnene den kjærande part hadde mot provisjonskravet.

I samband med dette vart det lagt fram og vist til ymse standardvilkår og varsla vitneførsel om kumtymespørsmålet og generelle, ulovfesta reglar. Det siste prosesskriftet kom dagen før rettsmøtet. Alt dette kravde etterrøking på meir generell basis, idet det var eit visst behov for forsvar mot og bevisføring om kumtymespørsmålet. Partane hadde tidlegare hatt utanrettsleg tvist om provisjons- og kostnadsspørsmål, og kjæremotparten etterga då av forretnings- og kulanseomsyn noko provisjon. Det er på denne bakgrunn Geirr Dippner Entertainment såg det slik at tvisten var av meir «prinsipiell karakter» og fann det nødvendig med juridisk hjelp for å vurdere saka før rettsmøtet, og også under sjølve rettsmøtet. Kjæremotparten hadde opphaveleg ikkje tenkt seg munnlege forhandlingar. Det er elles vist til at den kjærande part ikkje har hatt motsegner mot den faktiske framstilling, gitt i brev av 6. juni 2000, om gangen i rettsmøtet med omsyn til vitneføring og anna.

Etter kjæremotpartens meining er heradsrettens grunngjeving tilstrekkeleg ut frå den praksis som ligg føre. Retten har dessutan vist til og grunngitt avgjerda med at saka ikkje framsto som forenkla for retten, og at dette i all hovudsak kom av den kjærande parts opplegg. Retten har elles lagt til grunn at tvistemålsloven §176 gjeld for saker av denne karakter, jf. Ot.prp.nr.47 (1985-86) side 35. Heradsretten har med rette lagt vekt på at partane har lagt opp til eit saksopplegg som er meir omfattande enn verdet av tvistegjenstanden skulle tilseie, og at det var den kjærande part som opna for dette. Retten var sjølvsagt kjent med kva som gikk føre seg i rettsmøtet og kva bevisføring det var om rettsspørsmål (kutymar m.m.). Retten har vurdert dei saksførebuande tiltak som tilvisinga til udokumenterte kutymereglar gjorde nødvendig, og heradsretten har med rette lagt til grunn at saksførebuinga ikkje har vore spesielt «forenkla». Det var såleis ikkje utillateleg eller unødvendig for kjæremotparten å møte med advokat. Dette er ikkje i strid med avgjerda i Rt-1996-1786, og etter kjæremotpartens meining er kostnadsavgjerda ikkje i strid med lov.

Kjæremotparten var orientert av prosessfullmektigen om kva kostnader som ville kome på når prosessfullmektigen var til stades i rettsmøte, og at desse kunne gå langt ut over verdet av tvistegjenstanden. Geirr Dippner Entertainment fann det likevel viktig og vesentleg at prosessfullmektigen møtte, så lenge ein del av bevistemaet var spørsmål av meir juridisk karakter. Prosessfullmektigen orienterte såleis klienten og har ikkje på nokon måte gått fram i strid med advokatetiske reglar eller ulovfeste prinsipp. For heradsretten er det kravt eit salær på kr 18.000,-. Til rettsmøtet er det, med reise til og frå, brukt 8 timar. Arbeidet med vurdering og utforming av stemning, gjennomgang av tilsvar, vidare prosesskrift, samtalar med vitne og part, gjennomgang av rettsteori og rettspraksis, utgjer saman med førebuing til rettsmøtet resten av salæret. Det ligg klårt innanfor gjeldande advokatnorm. Kjæremotparten sjølv hadde dessutan store kostnader som ikkje er tatt med i kostnadsoppgåva, men som likevel er ein del av det totale kostnadsbiletet for han.

Kostnadene til forsvarleg behandling og opplysning av saka står ikkje i strid med savgjerda i Rt-1997-1245. Når det vart vist til at saka er av meir «prinsipiell karakter», er det mynta på at provisjonsspørsmål og tilliggande problemstillingar tidlegare har vore tvistetema mellom partane, og at den kjærande part hadde påberopt regelstoff/kutymar som ikkje var dokumenterte under saksførebuinga. Dette var også den kjærande part kjent med.

Heller ikkje avgjerda i Rt-1998-1549 er relevant i dette tilfellet. I stemnemålet er uttrykkeleg sagt at kjæremotparten var innstilt på å få saka avgjort utan munnlege forhandlingar, og bevisføringa var frå hans side avgrensa til eit vitne, som kunne avhøyrast over telefonen når motparten først hadde kravt munnlege forhandlingar. Kostnadene til dette vitnet er ikkje med i kostnadsoppgåva. Det vart vidare lagt fram nokre sidar rettsstoff. Geirr Dippner Entertainment har såleis ikkje lagt saka breidt opp. Det var det den kjærande part som gjorde, og det kravde adekvate og nødvendige mottiltak.

Det er heller ikkje motstrid mellom kostnadsnivået for forliksrådet og heradsretten. Tilvising til kutymer og ulovfestede reglar var ikkje føre under forliksrådsbehandlinga. For heradsretten var det dessutan nødvendig med grundig førebuing av bevisspørsmål. Det kan heller ikkje på generell basis gjerast gjeldande at tidsbruk i rettsmøte ikkje er nødvendige utgifter etter tvistemålsloven §176. Til forsvar mot det som var halde fram av motparten, var det nødvendig både med saksførebuande tiltak og deltaking i rettsmøtet.

Geirr Dippner Entertainment har lagt ned slik påstand:

«1. Herredsrettens omkostningsavgjørelse stadfestes.

2. Geirr Dippner Entertainment, v/Geirr Dippner tilkjennes saksomkostninger for lagmannsretten med kr 2.500,-.

Lagmannsretten har kome til at kjæremålet ikkje fører fram.

Det er i dette tilfellet tale om særskilt kjæremål over sakskostnadsavgjerd i dom, og lagmannsrettens kompetanse er i utgangspunktet avgrensa til å vurdere om kostnadsspørsmålet er avgjort i strid med lov, jf. tvistemålsloven §181. I og med at saka er avgjort ved dom, er lagmannsretten bunden av heradsrettens bevisvurdering, og lagmannsretten kan heller ikkje prøve dei skjønnsmessige momenta ved utmålinga. Lagmannsretten kan likevel prøve om det ligg føre saksbehandlingsfeil, og også oppheve sakskostnadsavgjerda dersom skjønnsutøvinga er klårt uforsvarleg.

Heradsretten har grunngitt kostnadsavgjerda slik:

«Saka er etter dette tapt fullstendig for Galeasen AS, og etter hovudregelen i tvistemålslova §172, skal saksøkte då erstatte saksøkjar hans utgifter. Saksøkjar sin prosessfullmektig, advokat Klaus Iversen har kome med ei sakskostnadsoppgåve der sakskostnadskravet totalt er på kr 25.520,-. Advokat Reidar Blom har i brev av 06.06.2000 kome med motsegner mot den sakskostnadsoppgåva som er lagt fram frå advokat Iversen.

Av forarbeida til reglane om forenkla rettargong går det fram at lovgjevar gjekk vekk frå lovforslaget om redusert sakskostnadsansvar under forenkla rettergong. Etter lovgjevar sitt syn gjev regelen i tvistemålslova §176 ei tilfredsstillande regulering i seg sjølv, jf. Ot.prp.nr.47 (1985-1986) s. 35 andre spalte.

Partane si saksførebuing har ikkje bore preg av å vere spesielt «forenkla». M.a. tok det munnlege forhandlingsmøtet ein heil dag, sjølv utan innleiingsforedrag. Det var saksøkte som kravde munnlege forhandlingar. På bakgrunn av ovannemnde finn retten at sakskostnadskravet ikkje går utover det som er nødvendig for å få saka «betryggande utført».»

Heradsretten har såleis tilkjent sakskostnader i samsvar med hovudregelen i tvistemålsloven §172. Lagmannsretten kan ikkje sjå at dette er i strid med lov, men går elles ikkje nærere inn på det. Slik lagmannsretten forstår kjæremålet, er det ikkje gjort gjeldande at det ikkje var grunnlag for å tilkjenne sakskostnader, berre at tilkjende sakskostnader er for høge.

Heradsretten har vist til at kostnadsoppgåva frå prosessfullmektigen er på kr 25.520,-, utan at det er direkte sagt kva som er tilkjent for arbeid, og kva som er tilkjent til dekning av andre kostnader, jf. tvistemålsloven §179, første ledd. Lagmannsretten kan likevel ikkje sjå at dette i seg sjølv er en feil som må føre til oppheving, og det er heller ikkje gjort gjeldande. Arbeidsoppgåva frå prosessfullmektigen er relativt detaljert, og motparten hadde på førehand kome med merknader. Det må leggast til grunn at heradsretten har vurdert dei ymse postane, og eit par av dei er særskilt nemnde i dommen.

Det sentrale spørsmålet er etter dette om sakskostnadsavgjerda er i strid med tvistemålsloven §176. Også i denne samanheng gjeld det at lagmannsretten ikkje kan overprøve skjønnet med omsyn til kva utgifter som har vore nødvendige, og om prosessfullmektigens salær er rimeleg, med mindre avgjerda framstår som klårt uforsvarleg.

Heradsretten har vist til at det ikkje er sett særlege grenser for sakskostnadene i forenkla rettergang, men at det i førearbeida er sagt at regelen i tvistemålsloven §176 vil kunne gje tilfredsstillande grunnlag for regulering. Slik lagmannsretten ser det, viser dette at heradsretten har vore merksam på at tvistetemaet og omfanget av saka vil ha betydning når det skal vurderast kva for kostnader som er nødvendige. Heradsretten har videre vist til at saksførebuinga ikkje var spesielt «forenkla», og at det munnlege forhandlingsmøtet, jamvel utan innleiingsføredrag, tok ein heil dag. Det er vidare vist til at det var Galeasen AS som hadde kravt munnlege forhandlingar. Etter en konkret vurdering har så heradsretten konkludert med at sakskostnadskravet ikkje går ut over det som har vore nødvendig.

Slik lagmannsretten ser det, viser premissane for dommen at heradsretten har vurdert sakskostnadsoppgåva ut frå regelen i tvistemålsloven §176, og at heradsretten ved avgjerda har basert seg på relevante moment. Det skjønn som avgjerda elles er basert på, kan ikkje overprøvast av lagmannsretten. Sakskostnadsavgjerda er ikkje vilkårleg eller klårt uforsvarleg, og lagmannsretten kan ikkje sjå at det var nødvendig for heradsretten med meir omfattande grunngjeving for å kome fram til resultatet. Lagmannsretten peiker på at dei vanlege reglane om grunngjeving av dommar ikkje gjeld heilt ut i saker med forenkla rettargang, jf. tvistemålsloven §322a (7). Rett nok gjeld denne regelen først og fremst kravet til grunngjeving av realiteten, men det må i alle fall kunne leggast til grunn at det ikkje kan setjast større krav til grunngjeving av sakskostnadsavgjerd i desse sakene enn i andre.

Etter dette finn lagmannsretten at heradsrettens kostnadsavgjerd ikkje er i strid med lov, og at det heller ikkje ligg føre andre forhold som kan føre til oppheving.

Kjæremålet har ikkje ført fram, og lagmannsretten finn at det ikkje ligg føre særlege omstende som gir grunn til å fråvike hovudregelen i tvistemålsloven §180 første ledd. Geirr Dippner Entertainment vil såleis bli tilkjent sakskostnader for lagmannsretten. Advokat Iversen har oppgitt kostnadene til kr 2.500,-. Lagmannsretten legg oppgåva til grunn.

Orskurden er samrøystes.

Slutning:

1. Heradsrettens dom blir stadfest i den mon den er påkjæra.

2. I sakskostnader for lagmannsretten betaler Galeasen AS kr 2.500,- - kronertotusenfemhundre - til Geirr Dippner Entertainment v/ Geirr Dippner innan 2 - to - veker frå forkynninga av ordskurden.