LG-2000-215 - RG-2001-581
| Instans: | Gulating lagmannsrett - Dom |
|---|---|
| Dato: | 2000-10-23 |
| Publisert: | LG-2000-00215 - RG-2001-581 (85-2001) |
| Stikkord: | |
| Sammendrag: | |
| Saksgang: | Sandnes herredsrett nr. 1999-00429 - Gulating lagmannsrett LG-2000-00215. Anke til Høyesterett nektet fremmet, HR-2000-01521. |
| Parter: | Ankande part: Maria Årsvoll (Prosessfullmektig: Advokat Endre Grande, Bergen). Motpart: Jorunn Botnen (Prosessfullmektig: Advokat Tor Inge Borgersen, Sandnes). |
| Forfatter: | Alf Bruland, Martin Tenold, Gustav Søvde |
| Lovhenvisninger: | Odelsloven (1974) §14, Tvistemålsloven (1915) §180, §12 |
Saka gjeld odelsløysing.
Arnt Årsvoll, som er bestefar til partane i saka, åtte tidlegare to odelseigedomar, Årsvoll, gnr. 64 bnr. 4, 18, 23 og 31, og Austvoll, gnr. 63 bnr. 4, 24 og 58, begge i Sandnes kommune.
Årsvoll vart overført frå Arnt Årsvoll til sonen Kjell med skøyte tinglyst 24. september 1998. Kjell Årsvoll gjekk seinare konkurs, og konkursbuet selde 23. desember 1997 Årsvoll ut av slekta. Både Arnt Årsvoll og Maria Årsvoll har reist odelsløysingssak mot kjøparen, Arne Salte, men etter det opplyste er sakene enno ikkje avgjort.
Med skøyte tinglyst 30. juni 1998 blei Austvoll overført frå Arnt Årsvoll til Maria Årsvoll, dotter til Kjell Årsvoll. Arnt Årsvoll overtok sjølv Austvoll på odel i 1993.
Jorunn Botnen, dotter til Gunvor Botnen, reiste med stemnemål 10. juni 1999 søksmål mot Maria Årsvoll med påstand om at ho har løysingsrett til Austvoll. Jorunn Botnen er dotter til Gunvor Botnen, som etter hovudregelen i odelslova §12 har dårlegare odelsprioritet enn Kjell Årsvoll, men ho gjer krav på å kunne løyse eigedomen etter reglane i odelslova §14.
Sandnes heradsrett sa 25. oktober 1999 dom med slik slutning:
«1. Jorunn Botnen har løsningsrett til eiendommen gnr. 63, bnr. 4, 24 og 58 i Sandnes kommune, etter odelstakst.
2. Maria Årsvoll plikter innen 14 - fjorten - dager regnet fra dommens forkynnelse å erstatte Jorunn Botnens saksomkostninger med kr 20.180,-. - kronertjuetusenetthundreogåtti -.»
Saksforholdet går fram av heradsrettens dom, og likeins kva partane gjorde gjeldande for heradsretten.
Maria Årsvoll har anka over dommen og gjort gjeldande at den grunnar seg på urett lovtolking. Begge partar har elles i det meste gjort gjeldande det same som for heradsretten.
Den ankande part, Maria Årsvoll, har gjort gjeldande at delingsprinsippet ikkje gjeld i dette tilfellet. Odelslova §14 er tufta på ein fordelingstanke: søskenlinene skal få ein eigedom kvar før den best prioriterte lina får ein ny eigedom. I dette tilfellet ligg det likevel ikkje føre ein fordelingssituasjon. Begge eigedomane har vore innom Kjell Årsvolls line, men til ulik tid. Årsvoll gjekk såleis over frå Arnt Årsvoll til Kjell Årsvoll før Arnt Årsvoll fekk hand om den andre eigedomen, Austvoll, og Årsvoll var ute av slekta før Maria Årsvoll fekk overført Austvoll. Det ville kome i strid med dei tankane som ligg til grunn for regelen i §14 å la delingsprinsippet gjelde i eit tilfelle der den best prioriterte søskenlina berre har ein eigedom. Tilbodsregelen i §14 tredje ledd er såleis basert på ein føresetnad om at delingsprinsippet berre gjeld når den best prioriterte søskenlina har to eigedomar samstundes. Når Kjell Årsvolls line berre har ein, har lina ikkje nokon eigedom å tilby den dårlegare prioriterte søskenlina. Under ingen omstende kan delingsprinsippet gjelde i ein situasjon der den første eigedomen - Årsvoll - vart tvangsseld. Kjell Årsvolls line har såleis tapt eigedomen utan å kunne styre det.
Etter rettspraksis er det heller ikkje haldepunkt for at delingsprinsippet kan nyttast i eit tilfelle som dette. Det som er sagt i Rt-1979-1139 gjeld andre spørsmål og kan ikkje vera avgjerande i denne saka. Juridisk teori talar helst for at den best prioriterte søskenlina må ha fleire eigedomar samstundes for at delingsprinsippet skal kunne nyttast, og det same gjer lovforarbeida. Maria Årsvoll har i denne samanheng kome med same tilvisingar til teori og lovforarbeid som for heradsretten.
Maria Årsvoll har lagt ned slik påstand:
«1. Maria Årsvoll frifinnes for Jorunn Botnens odelsløsningskrav.
2. Maria Årsvoll tilkjennes saksomkostninger for herredsrett og lagmannsrett.»
Ankemotparten, Jorunn Botnen, har vist til at ei dårlegare prioritert søskenline etter odelslov §14 annet ledd har krav på den andre eigedomen (Austvoll), dersom ei betre prioritert line tidlegare «har tatt over» ein odelseigedom. Det er i dette tilfellet tvillaust at ei betre prioritert line tok over Årsvoll då denne eigedomen vart overført frå Arnt Årsvoll til Kjell Årsvoll i 1988. Det fører til at Gunvor Botnens line i høve til Kjell Årsvolls har førerett til den neste eigedomen, Austvoll.
Delingsprinsippet i odelslova §14 gjeld jamvel om den best prioriterte lina har selt ut den første eigedomen før den andre blir ledig. Ordlyden i seg sjølv er klår nok til å løyse tvisten. Avgjerande etter lovteksten er det berre om ei line har «tatt over» ein odelseigedom, og det er ikkje sett noko krav om at denne lina framleis skal ha eigedomen. Det har såleis ikke noko å seia at Årsvoll vart selt til utanforståande før Maria Årsvoll overtok Austvoll.
Også ankemotparten har vist til at delingsregelen i §14 annet ledd er basert på eit rettferdssynspunkt; kvar av borna og deira liner skal kunne få ein eigedom før den best prioriterte og hans - eller hennar - line får ein ny. Det ville kome i strid med dei omsyn som ligg til grunn for regelen dersom den best prioriterte lina skulle få rett til ein ny eigedom ved å kvitte seg med den første. Om eigedomen går ut av slekta ved friviljugt sal eller tvangssal, kan ikkje vera avgjerande. Det kan heller ikkje ha noko å seie for rekkevidda av delingsprinsippet at tilbodsregelen i §14 tredje ledd blir utan praktisk meining i eit tilfelle der den best prioriterte søskenlina ikkje har alternativ eigedom å tilby. I denne samanheng har Jorunn Botnen på same måte som for heradsretten vist til teori og rettspraksis, særleg Rt-1979-1139.
Jorunn Botnen har lagt ned slik påstand:
«1. Sandnes herredsretts dom stadfestes.
2. Maria Årsvoll betaler saksomkostninger for herredsrett, med tillegg av 12 % rente fra 10. november 1999 og til betaling skjer, samt saksomkostninger for lagmannsrett, med tillegg av 12 % rente - regnet fra 14 dager etter dommens forkynnelse - og til betaling skjer.»
Lagmannsretten har kome til same resultat som heradsretten og kan i det meste slutte seg til heradsrettens grunngjeving.
Det er semje mellom partane om dei faktiske omstende i saka. Det er også semje om at Kjell Årsvoll og hans line etter vanlege prioritetsreglar har betre odelsrett enn Gunvor Botnen og hennar line, jf. odelslova §12. Det sentrale - og einaste - spørsmålet i saka er om Jorunn Botnen har førsterett til Austvoll etter reglane i odelslova §14.
Utgangspunktet i odelslova §14 første ledd er at den føreretten ei line har, berre gjeld ein eigedom. I annet ledd er dette presisert slik at den som frå foreldre eller andre slektningar i rett oppstigande line har overtatt ein eigedom som fyller krava til odlingsjord, ikkje har førerett til fleire odelseigedomar, så lenge yngre søsken eller deira liner ikkje har fått kvar sin. Det går likevel fram av odelslova §14 tredje ledd at ein rettshavar i den første lina kan gjere gjeldande odelsrett etter vanlege reglar, dersom han tilbyr yngre søsken å overta den første eigedomen for ein pris som blir fastsett ved skjønn.
I dette tilfellet er det på det reine at Kjell Årsvoll overtok odelseigedomen Årsvoll i 1988. Det er vidare på det reine at Kjell Årsvolls dotter, Maria Årsvoll, fekk overført Austvoll i 1998. I ein slik situasjon er det lite tvilsamt at Jorunn Botnen etter regelen i odelslova §14 annet ledd, jf. første ledd, har betre rett til Austvoll enn Maria Årsvoll har, og såleis kan løyse eigedomen på odel. Det som kan reise tvil, er forholdet til tilbodsregelen i §14 tredje ledd. Maria Årsvoll kan såleis ikkje møte løysingskravet med å tilby odelsløysaren Årsvoll, som hadde gått ut av slekta før Maria overtok Austvoll. Det avgjerande spørsmålet er såleis om §14 annet ledd, på bakgrunn av tilbodsregelen i tredje ledd, må tolkast slik at regelen berre gjeld når den best prioriterte lina framleis har hand om den første eigedomen når ein ny blir ledig.
Som heradsretten har vist til, gir forarbeid og teori liten rettleiing når det gjeld dette spørsmålet. Lagmannsretten er likevel samd med heradsretten i at det ikkje kan vera avgjerande for tolkinga av §14 annet ledd om ein rettshavar i første line framleis har eigedomen når ein ny eigedom blir ledig. Det er lite rimeleg at dårlegare prioriterte søskenliner skal ha risikoen for at den første eigedomen blir verande i slekta. Det er heller ikkje haldepunkt i lovteksten for å tolke §14 annet ledd innskrenkande, og det kan ikkje vera avgjerande at tilbodsregelen i §14 tredje ledd i eit tilfelle som dette reint praktisk ikkje får noko å seie. At dette er situasjonen, synest å ga fram av premissane i Rt-1979-1139. I det tilfellet var eigedomen overtatt av ein son, som selde eigedomen ut av slekta, men seinare kjøpte han attende, etter at nokre parsellar var skilde frå. Hovudspørsmålet i saka var om denne eigedomen kunne tene som tilfredsstillande tilbod etter odelslova §14 tredje ledd. Høgsterett kom til at så var tilfelle, og som heradsretten har vist til, vart det i den samanheng uttalt:
«Ved at Einar overtok «Tiljone», har han og hans linje fått en eiendom og taper dermed prioritet overfor sine yngre søsken, deriblant Thorvalds linje. Hvis Einar i sin tid ikke hadde kjøpt igjen eiendommen «Tiljone», ville således ankemotparten ha måttet stå tilbake for den ankende part. Men her kommer §14 tredje ledd i den nye odelslov ham til hjelp, idet han etter det som har skjedd har kunnet tilby denne eiendom i bytte, slik at prioritetsrekkefølgen restitueres.»
Strengt tatt var det ikkje nødvendig for Høgsterett å ta stilling til korleis situasjonen hadde vore om eigedomen ikkje hadde blitt kjøpt tilbake, og den ankande part har på den bakgrunn gjort gjeldande at det ikkje kan leggast nemnande vekt på det som uttalt. Det synes likevel klårt at Høgsterett legg til grunn at regelen i odelslova §14 annet ledd skal gjelde jamvel om den første eigedomen har gått ut av slekta, slik at tilbodsregelen i tredje ledd ikkje vil kome den best prioriterte til hjelp. I Rygg og Skarpnes, Odelsloven med kommentar (1992) s. 71 er dommen tolka slik, og ei anna tolking av prinsippa i odelslova §14 vil etter lagmannsrettens meining kunne føre til urimelege og tilfeldige resultat. Det kan i den samanheng - slik lagmannsretten ser det - ikkje leggast vekt på om den første eigedomen har gått ut av slekta ved tvangssal eller friviljugt sal.
Etter dette blir heradsrettens dom å stadfeste.
Anken har ikkje ført fram, og lagmannsretten finn at det ikkje ligg føre særlege omstende som gir grunn til å fråvike hovudregelen i tvistemålslova §180 første ledd. Jorunn Botnen vil såleis bli tilkjent sakskostnader for lagmannsretten. Advokat Borgersen har levert oppgåve som viser samla utgifter - salær til prosessfullmektigen - på kr 11.000. Lagmannsretten legg oppgåva til grunn.
Heradsrettens kostnadsavgjerd er det ikkje grunn til å endre. I samsvar med påstanden blir tilkjende sakskostnader tillagt 12% rente frå 10 november 1999 til betaling skjer.
Dommen er samrøystes.
Domsslutning:
1. Heradsrettens dom blir stadfest, likevel slik at tilkjende sakskostnader blir tillagt 12 - tolv - % rente frå 10. november 1999 til betaling skjer.
2. I sakskostnader for lagmannsretten betaler Maria Årsvoll kr 11.000 - kronerellevetusen - til Jorunn Botnen innan 2 - to - veker frå forkynninga av dommen. I tillegg kjem 12 - tolv - % rente frå forfall til betaling skjer.