RG-1994-582 (1)
| Instans: | Agder lagmannsrett - Dom |
|---|---|
| Dato: | 1993-07-08 |
| Publisert: | RG-1994-582 (87-94) * |
| Stikkord: | |
| Sammendrag: | |
| Saksgang: | Nedenes herredsrett Nr.: 46/89 A - Agder lagmannsrett LA-1992-00747 A. Anken nektes fremmet til Høyesterett, se HR-1993-00772K . |
| Parter: | Ankepartar: 1. A v/verje B 2. B (Prosessfullmektig: Adv. Steinar Winther Christensen) Motpart: Aust-Agder fylkeskommune v/fylkesordføraren (Prosessfullmektig: Adv. Arild Tyse Helland). |
| Forfatter: | 1. Lagdomar Asbjørn Nes Hansen, formann. 2. Lagdomar Steinar Thomassen 3. Eks.ord.lagdomar Haakon Steen |
| Lovhenvisninger: | Tvistemålsloven (1915) §153, §171, §174, §180, §181, Sosialomsorgsloven (1964) §3, Folketrygdloven (1966) §8-2, §8-2b, Skadeserstatningsloven (1969) §2-1, §3-1, §3-2, Kommunehelsetjenesteloven (1982) §1-3, §2-1, §2-2, Sosialtjenesteloven (1991) §4-3 |
År 1993 den 24. mai vart lagmannsrett sett i rettslokalet i Posthusgården, Arendal til førehaving av tvistemål for Aust-Agder lagsokn. den 25. og 26. mai heldt førehavinga fram.
År 1993 den 8. juli vart rett sett på nytt på kontoret til Agder lagmannsrett i Skien for domsavseiing.
Det vart for stengde dører sagt slik dom:
Saka gjeld krav om skadebot etter fødselsskade på ein no sju år gamal gut. I tillegg til krav på vegner av barnet, har mor til barnet kravt skadebot.
A vart født xx.xx.1986 på Aust-Agder Sentralsjukehus. Frå mormunnen var utsletta og fram til barnet vart forløyst ved keisarsnitt, gjekk det over tre timar. Då guten var om lag eitt år gamal, vart det konstatert at han lid av cerebral parese. Det er lagt til grunn at redusert surstofftilstrøyming under den langvarige fødselen er årsak til skaden på barnet. Det vart reist sak for Nedenes heradsrett med krav om skadebot, og under saksførebuinga vedgjekk Aust-Agder fylkeskommune som sjukehuseigar å vere ansvarleg for skaden. Saka heldt då fram for fastsetjing av skadebotsummane.
Heradsretten sa dom i saka 3. juli 1992 med slik domsslutning:
"Aust-Agder Fylkeskommune betaler innen 14 - fjorten - dager erstatning til A v/vergen B - 1.200.000 - enmilliontohundretusen - kroner for men og tap i fremtidig erverv - 1.000.000 - enmillion - kroner for fremtidige ekstrautgifter. Aust-Agder Fylkeskommune betaler innen 14 - fjorten - dager til A og B 200.000 - tohundretusen - kroner for merutgifter til bolig. Aust-Agder Fylkeskommune betaler innen 14 - fjorten - dager til saksøkerene 163.136 - etthundreogsekstitretusenetthundreogtrettiseks - kroner i sakskostnader."
Den nærare faktiske bakgrunnen for saka, partsutsegnene for heradsretten og grunngjevinga for resultatet går fram av domen.
A v/verje B og B, med advokat Steinar Winther Christensen som prosessfullmektig, har anka domen til Agder lagmannsrett. Aust-Agder fylkeskommune v/fylkesordføraren, med advokat Arild Tyse Helland som prosessfullmektig, har motanka. Motanken fyller kravet til sjølvstendig anke. Både hovudanke og motanke gjeld berre delar av domen, og må reknast å rette seg mot provsvurderinga og rettsbruken til heradsretten.
Ingen av partane har anka over fastsetjinga av skadebot for framtidig inntektstap for guten og "menerstatning". Den fastsette skadebotsummen på kr 1.200.000 er såleis rettskraftig avgjord. Alle andre skadebotpostar står til avgjerd for lagmannsretten. Dessutan har fylkeskommunen kravt overprøving av sakskostnadsavgjerda til heradsretten. Når det gjeld skadebot for framtidige ekstrautgifter til pleie og hjelp, transport og treningsutstyr, ligg det føre anke frå båe sider. Fylkeskommunen har anka over avgjerda om å gje skadebot for tilpassing av bustad. Utan at det kom fram i domsslutninga, gav heradsretten ikkje skadebot til B for inntektstap fram til 1991 og for framtidig inntektstap, slik ho hadde kravt. B har anka denne avgjerda.
Under ankeførebuinga vart overlegane Fredrik von Clemm og Sladjana Næss oppnemnde som sakkunnige for å vurdere spørsmålet om B har fått minka eller tapt arbeidsevna si som fylgje av fødselsskaden til sonen. Dei gav ei sams fråsegn dagsett 18. mai 1993.
Det var ankeførehaving i Arendal 25.-27. mai 1993, der B møtte ved sidan av prosessfullmektigane. B forklara seg for retten. Det same gjorde den eine av dei oppnemnde sakkunnige, overlege Næss. Barnelege Gunnar Oftedal, som var oppnemnd som sakkunnig for heradsretten, vart - etter krav frå partane etter at ankeførehavinga hadde teke til - oppnemnd på nytt for lagmannsretten for å svare på tilleggsspørsmål. Han vart avhøyrd over telefon i samsvar med forskriftene om fjernavhøyr. Retten tok i mot forklaring av eitt vitne. Prosessfullmektigane dokumenterte ein del skriftlege prov, som vert nemnde nedanfor så langt det trengst for avgjerda.
A og B v/advokat Winther Christensen har i hovudsak halde fram:
Skadebotkrava frå A.
Framtidige ekstrautgifter til pleie og hjelp:
Det faktiske utgangspunktet for vurderinga er den skaden barnet har fått etter fødselen, slik særleg dr. Oftedal har gjort greie for denne. Guten vil ha eit klårt behov for pleie fram til vaksen alder. Det ekstra pleiebehovet er av ergoterapeut utrekna til om lag 17,5 timar i veka, og er stadfest av dr. Oftedal. Når ein tek omsyn til arbeidsgjevaravgift og yrkesskadeforsikring, er det grunnlag for å rekne med ein timesats på kr 100 for arbeidet. Det må gjerast frådrag for hjelpestønad etter folketrygdlova §8-2b) som mor får i dag, slik at årlege utgifter kjem på kr 73.260. Med ein kapitaliseringsrentefot på 6 % og 30 % påslag for skatteulempe, vil ei kapitalisering av utgiftene i dei 11 åra fram til skadelidaren fyller 18 år, kome opp i om lag kr 775.000. Reint praktisk kan eit eventuelt hjelpetilbod frå kommunen ikkje kome i staden for den hjelpa mora vil gje. Guten treng hjelp og pleie heile dagen. Han kan bruke skadebota til å svare godtgjersle til mora for denne innsatsen. Det er ikkje grunnlag for å gjere frådrag for hjelpetilbod frå kommunen i barne- og ungdomsåra.
Frå guten har kome i vaksen alder, må det reknast med eit klårt mindre pleiebehov. Dr. Oftedal har stipulert dette til 1-2 timar for dagen. Han vil truleg kunne fungere på eit visst sjølvhjelpnivå i eigen bustad. Dersom ein legg inn dei same føresetnadene som ovanfor, vil ei kapitalisering av utgiftene frå fylte 18 år og for attverande statistiske levealder, neddiskontert til noverdi, utgjere om lag kr 790.000.
Når det nærare gjeld dei pliktene heimkommunen har etter lov om helsetenesta i kommunane §2-1 og lov om sosial omsorg §3 nr. 1 g), jf. no lov om sosiale tenester §4-3, vert det halde fram at avgjerda i Rt-1990-874, Fusa-domen, berre har gjeve ei viss klårlegging av rettstilstanden. A vil med dei skadebotsummane han får utbetalt, ikkje kunne krevje noko etter lov om sosiale tenester. Spørsmålet er kva hjelp han vil kunne få etter kommunehelsetenestelova. Det er klårt at kommunen pliktar å gje ei minimumshjelp, men for det hjelpebehovet som ikkje vert dekt av kommunen, skal det svarast full skadebot. I praksis vil ei konkret vurdering ut frå økonomien i kommunen og pleiebehovet vere avgjerande for det tilbodet kommunen vil gje. I ein slik samanheng vil kommunen kunne leggje vekt på at skadelidaren har ei så avgrensa funksjonshemming at han bør greie seg sjølv eller få hjelp av familien. Dessutan vil nok kommunen i prioriteringa si leggje vekt på at skadelidaren på grunn av skadebotutbetalinga har ein så romsleg økonomi at han kan leige hjelp privat. I alle tilfelle må det byggjast på at kommunen berre vil yte eit minimum av tenester. Dessutan må det svarast eigenandel for desse. Etter gjeldande forskrifter er det sett eit tak på kr 13.000 i året for eigenbetaling for heimesjukepleie og hjelp i heimen. Med dei same føresetnader som ovanfor, vil den kapitaliserte og neddiskonterte verdien av ei slik årleg eigenbetaling frå 18-årsalderen og livet ut kome opp om lag kr 150.000.
Framtidige ekstrautgifter til transport:
Det kravet det her gjeld, er skadebot for framtidige meirutgifter til transport som fylgje av skaden. A kan berre gå over stutte avstandar og kan ikkje sykle, og må difor dagleg bruke bil som framkomstmiddel i langt større mon enn andre. Det må kunne leggjast til grunn at han vil kunne køyre bil og at han truleg ville ha skaffa seg bil i alle høve, slik at det er ekstrakøyringa det skal svarast skadebot for. Det må gjerast eit skjøn over kor lang distanse det er tale om i året, men truleg er det tale om ein stad mellom 5.000 og 10.000 km. Det er lagt fram materiale om utrekning av utgifter ved bilhald, som viser at for ein bil med kostpris kr 162.000 vil utgiftene vere på kr 2,87 pr. km, medrekna kr 1,05 i avskriving, ved ei årleg køyrelengd på 15000 km. Alternativt kan kan det takast utgangspunkt i kva utgiftene til dagleg drosje ville ha kome på.
Mora har fått stønad frå trygdekontoret til kjøp av bil, og har fått auka grunnstønad som skal dekkje noko av bilhaldet. Det vert kravt skadebot for driftsutgifter som ikkje vert dekte av grunnstønaden. Og det kan ikkje reknast med at A eller mora vil få stønad frå trygdekontoret til bilkjøp i framtida, ettersom dei vil kome over det inntektstaket som gjeld for slik stønad. Det vert etter gjeldande forskrifter frå Sosialdepartementet ikkje gjeve nokon stønad til bilkjøp når husstanden har ei inntekt på over seks gonger grunnbeløpet i folketrygda, for tida om lag kr 213.000. Guten vil i framtida ha monalege renteinntekter av skadebotsummane ved sidan av at han vil få uføretrygd. Difor må det og takast omsyn til framtidige kapitalutgifter på bilen ved fastsetjinga av skadebota. Alt i alt bør det gjevast ei eingongsskadebot på kring kr 250.000, etter 30 % påslag for skatteulempe.
Framtidige ekstrautgifter til treningsutstyr:
Det vert vist til oppgåve frå fysioterapeut over treningsutstyr som det er ynskjeleg at A skaffar seg heime, kostnadsrekna til nærare kr 90.000. I tillegg til treningsfunksjonen vil utstyret kunne medverke til å knyte eit positivt sosialt miljø kring han. Skadebota bør høveleg setjast til kr 100.000.
Skadebot for tilpassing av bustad:
Heradsretten har kome fram til ei skadebot på kr 200.000, og det vert godteke, jamvel om summen heller ligg under enn over dei røynlege meirutgiftene. Det er ikkje merknader til at mor og son i lag får rett til denne skadebota. B må reknast å ha gjort eit fornuftig val ved å selje den tidlegare bustaden og kjøpe ei sentral tomt i X. Tomta er svært lagleg med tanke på funksjonsvanskane til sonen og ligg nær forretning og skule. Huset familien hadde bygt seg i 1984, måtte ha vorte ombygd av omsyn til guten, og det bratte utearealet høvde ikkje for han. B var ikkje i ein slik valsituasjon at ho kunne gå ut på eigedomsmarknaden og kjøpe ein brukt bustad. Av omsyn til sonen trengst det ein bustad på eitt plan og med ei tomt som høver for funksjonsskaden hans. Meirutgiftene med nybygging må det difor kunne krevjast skadebot for i dette tilfellet. Dessutan vil funksjonsskaden føre til noko større rombehov, og utgiftene med det må skadevaldaren vere ansvarleg for.
Skadebotkrava frå B.
Skadebot for ekstra pleie av sonen og/eller eige inntektstap: til og med 1992:
Det vert her kravt skadebot for åra 1987-92 med unntak av 1988. Det er gjort gjeldande to grunnlag for dette kravet. Det eine grunnlaget er at fødselsskaden førde til eit behov for ekstra pleie og hjelp, og det omsorgsarbeidet har mor utført. Ho har såleis vorte hindra i å gå ut i full stilling utanfor heimen, slik ho hadde planlagt. Dei konkrete postane kjem fram som skilnaden mellom det ho ville ha tent som hjelpepleiar i full stilling ved Y og det ho faktisk har fått utbetalt i løn, sjukepengar og attføringspengar. Fram til hausten 1992 har ho arbeidd eller vore sjukemeld i halv stilling eller gått på attføring, avbrote av svangerskapspermisjon då ho fekk det andre barnet sitt i 1988. Ho er no attende på arbeidsplassen, og har førebels vakter kvar 3. helg.
Skadebotkravet er såleis rekna ut etter det inntektstapet B har lide i tidsromet fram til 1. januar 1993. Men kravet kan og grunngjevast med at ho skal ha godtgjersle for utført omsorgsarbeid for sonen; dvs. for det meirarbeidet som funksjonsskaden hans har ført til og som er stipulert til 17,5 timar i veka. Kravet som er fremja på vegner av han, gjeld berre framtidige utgifter til ekstra pleie og hjelp, slik at det her ikkje er tale om dobbel skadebot.
Som eit eige grunnlag for skadebotkravet vert det gjort gjeldande at fødselsskaden til sonen sette B i ein slik psykisk tilstand at ho ikkje makta å gå attende i full stilling som hjelpepleiar ved Y. Det er vist til fråsegna frå dei psykiatrisk sakkunnige og til den forklaringa overlege Næss gav i retten. Det avgjerande for den depressive tilstanden B har kome inn i, er den fødselsskaden sonen har fått. Under alle omstende har skaden vore så vidt vesentleg i årsaksbiletet at det er naturleg å knyte ansvar til den, jf. Rt-1992-64. Og det er skadebotrettsleg ein pårekneleg årsakssamanheng mellom den feilen sjukehuset gjorde under fødselen og dei psykiske vanskane mora har fått. Det avgjerande her er at feilen allment aukar risikoen for at foreldre kan få psykisk skade i slike høve.
Skadebot for framtidig inntektstap:
For dette skadebotkravet er det berre eitt grunnlag, nemleg at fødselsskaden har ført til ein depressiv reaksjon som har minka arbeidsevna til B. Det fylgjer av vurderinga til dei psykiatrisk sakkunnige at ho dei næraste åra berre vil makte å gå ut i halv stilling. Det vert kravt skadebot for det inntektstapet som dette fører med seg dei næraste 5 åra. Føresetnaden for kravet er at ho elles ville ha gått ut i full stilling eller i det minste i meir enn halv stilling. Så langt sonen får skadebot for framtidige pleieutgifter, krev ikkje B noko for omsorgsarbeidet. Men dersom ho ikkje hadde kome inn i den depressive tilstanden ho er i, ville ho ha makta å ha gått i full stilling utanfor heimen og samstundes utført omsorgsarbeid for sonen. Ho lid såleis eit reelt økonomisk tap som ho krev skadebot for.
A og B har sett fram slik påstand for lagmannsretten:
"I anken:
1. Aust-Agder fylkeskommune v/fylkesordføreren betaler erstatning til A for fremtidige ekstrautgifter til pleie, hjelp, transport og treningsutstyr et beløp begrenset oppad til kr 1,6 mill.
2. Aust-Agder fylkeskommune v/fylkesordføreren betaler til B erstatning for ekstrapleie av A og/eller eget lidt inntektstap slik: - for 1987 kr 40.000,- - for 1989 kr 80.000,- - for 1990 kr 88.000,- - for 1991 kr 72.000,- - for 1992 kr 70.000,- alt med tillegg av 18% rente fra 1. juli hvert tapsår til betaling skjer.
3. Aust-Agder fylkeskommune v/fylkesordføreren betaler til B erstatning for tap i fremtidig erverv begrenset oppad til kr 350.000,-.
4. Aust-Agder fylkeskommune v/fylkesordføreren betaler sakens omkostninger for lagmannsretten.
I motanken:
1. Herredsrettens dom stadfestes så langt det er motanket.
2. Aust-Agder fylkeskommune v/fylkesordføreren betaler sakens omkostninger i motanken."
Aust-Agder fylkeskommune v/fylkesordføraren v/advokat Helland har i hovudsak halde fram:
Skadebotkrava frå A.
Framtidige ekstrautgifter til pleie og hjelp:
I saka her vil skadelidaren ha eit avgrensa behov for pleie. Han vil i stor mon ha evne til å vere sjølvhjelpt. Og det er klårt at det skal gjerast frådrag i skadebota for dei ytingane det offentlege gjev. Men så langt han får ekstrautgifter til pleie som ikkje vert dekt av det offentlege tilbodet, har han krav på skadebot. I høve til kommunehelsetenestelova, jf. særleg §2-1 om rett til helsetenester, har kommunen ei rettsplikt til å yte hjelp utan omsyn til økonomi og subjektive tilhøve og utan omsyn til om skadelidaren har ein ansvarleg skadevaldar å halde seg til. Det kan ikkje leggjast til grunn at resultatet i Fusadomen ville ha vorte eit anna om det der hadde hadde vore ein ansvarleg skadevaldar, slik ankepartane har vore inne på. Skadelidaren har risikoen for at kommunen oppfyller pliktene sine. Det fylgjer av at skadelidaren må dokumentere tapet sitt.
Alt i dag er A mottakar av hjelp frå kommunen, i form av støttekontakt 6 timar i veka. Dessutan får mor hjelpestønad etter folketrygdlova. Når det gjeld perioden fram til guten kjem i 18-årsalderen, godtek fylkeskommunen eit ekstra hjelpebehov på 17,5 timar i veka som eit utgangspunkt for vurderinga. Men då må det gjerast frådrag for dei nett nemnde timane til støttekontakt og til hjelpestønaden, som utgjer 3,5 timar i veka om ein byggjer på ein timesats på kr 100. Dessutan kan det søkjast kommunen om husmorvikar, heimehjelp og heimesjukepleie. Det at B har late vore å søkje om hjelp, kan ikkje føre til eit større skadebotkrav. Retten må fastsetje etter skjøn det pleiebehovet som ikkje kan krevjast dekt av det offentlege.
Etter at A har kome opp i vaksen alder, må det byggjast på at hjelpebehovet heilt ut vert dekt av det offentlege tilbodet. Det er knapt grunnlag for skadebot for framtidige eigenandelar på dei kommunale tenestene. Det er ikkje opplyst om X kommune krev eigenbetaling og kva satsane er, og under alle omstende må det leggjast til grunn at hjelpestønaden vil dekkje slike utgifter.
Framtidige ekstrautgifter til transport:
Mor får i dag grunnstønad etter folketrygdlova §8-2 litra a) med kr 860 i månaden. Av denne summen må kring kr 500 reknast å skulle dekkje transportutgifter. Den ekstrakøyringa som gutens funksjonsskade fører til, gjeld hovudsakleg køyring over små avstandar, som til lege, fysioterapeut og symjetrening. I høgda kan det reknast med 3000 km slik køyring i året. Dersom det vert gjeve full stønad til kjøp av bil, slik at det ikkje skal reknast med avskrivingskostnader, vil grunnstønaden åleine dekkje driftsutgiftene, om ein går ut frå dei tala som skadelidaren har lagt fram. Reknar ein med meir ekstrakøyring, må det takast omsyn til fordelen ved å sleppe avskrivingskostnader på anna køyring. No er det rimeleg å rekne med at skadelidaren i framtida ikkje vil få full stønad til bilkjøp på grunn av inntektene sine. Men det må reknast med at han i alle høve vil få halv dekning, og grunnstønad vil han framleis ha rett til, slik at han i hovudsak vil få dekt meirutgiftene til transport.
Ekstrautgifter til treningsutstyr:
A treng ikkje privat treningsutstyr heime. Dersom det hadde vore eit slikt behov, ville han ha fått utstyr gjennom Hjelpemiddelsentralen. Treningsbehovet kan han få dekt på treningsinstitutt, der det vert gjeve stønad frå trygdekontoret. Det kan difor ikkje krevjast skadebot for slike utgifter. Dessutan kan skadelidaren nytte noko av det han har fått i "menerstatning" til å skaffe seg det utstyret han ynskjer.
Skadebot for tilpassing av bustad:
Skadebotkravet gjeld omsynet til å ha ein tenleg bustad for familien medan guten bur heime, og det viser at kravet ikkje berre går på gutens funksjonsskade. Utgangspunktet er ein gut som fungerer bra i ein vanleg bustad, men har problem med å gå i trapper. Det trengst ein bustad på eitt plan, men ingen spesialtilpassa bustad for han. Han har då og budd i ein vanleg bustad fram til no. Dessutan er ikkje byggjekostnadene for hus med såkalla livsløpsstandard nemnande høgare enn for andre bustader. Og det kan ikkje krevjast skadebot for meirutgifter med å byggje nytt når det finst rimelegare og høvelege tilbod på bruktmarknaden. Det er ikkje påvist noko økonomisk tap som det skal svarast skadebot for.
Skadebotkrava frå B.
Skadebot for ekstra pleie av sonen og/eller eige inntektstap til og med 1992:
Det er her for det fyrste tale om eit påstått fylgjetap ved at B har vore heime og utført pleieopppgåver. Opphavleg vart kravet berre fremja med grunnlag i tapt arbeidsinntekt. Slikt tap kan i utgangspunktet vere relevant dersom det vert dokumentert, men dokumentasjon ligg ikkje føre her. B har ikkje ettervist at ho ville ha gått attende i full stilling utanfor heimen dersom sonen hadde vore funksjonsfrisk. Ho gjekk attende til arbeidet sitt i halv stilling seks månader etter fødselen, før det var mistanke om skade på barnet. Det viser at ho likevel ikkje ville ha arbeidd i meir enn halv stilling. Og snautt to år seinare fekk ho eit nytt barn. Med to små born ville det i alle høve ha vore vanskeleg å gå ut i full stilling. B har bore seg åt som mange småbornforeldre gjer ved å gå i deltidsstilling når borna er små. Heller ikkje har ho søkt kommunen om heimehjelp eller heimesjukepleie. Det ville ha vore naturleg dersom det var slik at ho hadde planar om å gå ut i full stilling. Det er såleis ikkje påvist nokon årsakssamanheng mellom fødselsskaden til guten og det at mor berre har arbeidd i halv stilling som hjelpepleiar. Noko inntektstap som gjev rett til skadebot er det difor ikkje tale om.
Heller ikkje kan skadebotkravet føre fram dersom ein ser det som eit krav om betaling for omsorgsarbeidet. Mor har i denne tidbolken hatt inntekter på høgde med det ho ville hatt utan at guten var funksjonsskadd, og då er det ikkje noko tap å krevje skadebot for. Og hadde ho hatt planar om å gå ut i full stilling, kunne ho ha nytta seg av det kommunale hjelpetilbodet og dermed fått høve til å arbeide meir utanfor heimen. Det er vist til at ein skadelidar pliktar å avgrense det økonomiske tapet.
Som eit sjølvstendig grunnlag for skadebotkravet er det gjort gjeldande at fødselsskaden har ført til slike psykiske vanskar for B at ho har fått minka arbeidsevna si. I høve til dette grunnlaget kan fylkeskommunen ikkje sjå at det er rom for noko skadebotansvar, og ansvarsvedgåinga når det gjeld fødselsskaden omfattar ikkje denne skaden. Det er ikkje tale om grov aktløyse hos tilsette på sjukehuset i samband med fødselen. Risikoen for at ei mor skal få psykisk skade i eit slikt tilfelle, er for upårekneleg og fjern til at skaden kan falle inn under ansvaret til skadevaldaren. Det er vist til Nygaard, Aktløysevurderinga side 212. Dessutan er det fleire omstende som må ha verka inn på den psykiske helsa til B og som går fram av utgreiinga frå dei psykiatrisk sakkunnige. Fødselsskaden til sonen vert berre in av fleire årsaksfaktorar og kjem for langt ut i årsaksrekkjefylgja.
Skadebot for framtidig inntektstap:
Som nett nemnt har sjukehuseigaren ikkje noko ansvar for den psykiske skaden til B i dette tilfellet, og difor kan kravet ikkje føre fram. Dessutan ville ho og sonen få dobbel skadebot om ho fekk medhald. Skadebot for framtidstapet for pleie av sonen skal styrast gjennom han og ikkje mora. Han kan nytte skadebota til å svare godtgjersle til mora for omsorgsarbeidet, slik at ho ikkje får noko framtidig inntektstap. I høve til skadevaldaren kan det ikkje leggjast til grunn at B ville ha gått i full stilling utanfor heimen og samstundes ha utført omfattande omsorgsoppgåver for sonen.
Aust-Agder fylkeskommune v/fylkesordføraren har sett fram slik påstand:
"1. Aust-Agder fylkeskommune frifinnes for krav om erstatning til A for framtidige merkostnader, utover et beløp fastsatt etter rettens skjønn, begrenset oppad til kr 300.000,-
2. Aust-Agder fylkeskommune frifinnes for krav om erstatning for tilpasning av bolig.
3. Aust-Agder fylkeskommune frifinnes for krav om erstatning til B for tapt arbeidsfortjeneste.
4. Aust-Agder fylkeskommune frifinnes for krav om erstatning til B for tap i framtidig erverv.
5. Hver av partene dekker selv sine kostnader for herredsretten. Ankende parter tilpliktes å betale sakens kostnader for lagmannsretten."
Lagmannsretten ser saka slik:
Når det gjeld dei skadene A vart påførd ved fødselen, ligg det føre fleire fråsegner frå barnelege Gunnar Oftedal. Den avsluttande skriftlege fråsegna hans, dagsett 31. mars 1992, er innteken i heradsrettsdomen, og lagmannsretten viser til det. I konklusjonen heiter det:
"Ved vurdering av den medisinske invaliditet er det av vesentlig betydning å se på helheten i sykdomsbildet. Jeg finner det ikke mulig å gi en tabellarisk invaliditetsgrad for den enkelte funksjonshemning, men vil gi et samlet inntrykk: Det foreligger en cerebral parese med moderate grovmotoriske og relativt uttalte finmotoriske funksjonsutfall. Dessuten foreligger en moderat dysarthri og dysfasi. Dysfasien har både sensoriske og motoriske komponenter. Ved psykologisk testing scorer han under normalvariasjonen for sin aldersgruppe. På denne bakgrunn er min konklusjon at den medisinske invaliditetsgrad vil ligge i området 75-85 %."
I forklaringa si for lagmannsretten har dr. Oftedal halde fram at når A no er komen opp i 7-årsalderen, kan ein i grove trekk seie korleis funksjonane hans vil vere som vaksen. Med omsyn til grovmotoriske funksjonar, vil han kunne klare seg i det praktiske til dagleg både innandørs og utandørs i nærmiljøet. Pleiebehovet vil gå på dei finmotoriske funksjonane. Desse funksjonane er utvikla alt hjå ein 7-åring, men han vil kunne trene seg opp til å meistre dei betre. Han vil likevel aldri verte heilt sjølvhjelpt, jamvel om mykje kan leggjast til rettes ved bruk av tekniske hjelpemiddel. Dersom A bur i eige husvære, reknar dr. Oftedal med at han som vaksen vil trenge 1-2 timar hjelp dagleg til ei rekkje praktiske gjeremål, som å stelle middag og anna varmmat og vask av hus og klede.
Med omsyn til tilhøva under oppveksten, ligg det føre ei fråsegn frå ergoterapeut Gerd Jorun Ugland, som på bakgrunn av samtaler med mor har kome fram til eit ekstra pleiebehov på 17,5 timar i veka. Denne fråsegna er dagsett 30. september 1991. Dr. Oftedal har for lagmannsretten sagt at eit slikt omfang av pleiebehovet verkar rimeleg i dag. Guten vil etter kvart verte motivert for meir å greie seg sjølv, men det er ein gradvis prosess. Det er heller ikkje usemje mellom partane om at vurderinga til ergoterapeuten kan vere eit utgangspunkt for vurderinga av det ekstra pleiebehovet fram til guten er i 18-årsalderen.
B har for lagmannsretten forklara seg om kva slag hjelp sonen treng og kva innsats ho yter. Det er tale om eit hjelpebehov som strekkjer seg over heile dagen. Omframt alt ekstraarbeidet i heimen går det med tid til å syte for at guten kjem til fysioterapeut og logoped og på symjetrening. Han har vore i barnehage sidan han var 3 år, og er der no 3 timar for dagen 5 gonger i veka. I samband med barnehageopphaldet får han førskuleundervisning med 6 timar i veka. Denne undervisninga inneheld og datatrening, og skal truleg utvidast til 8 timar frå hausten 1993. Guten skal ha utsett skulestart med 1 år. Familien har støttekontakt for A med 6 timar i veka.
Som det går fram av saka, er det arbeidsgjevaransvaret etter skadebotlova §2-1 som vert gjort gjeldande mot fylkeskommunen. Og fylkeskommunen har som nemnt vedgått ansvar, så nær som i høve til kravet frå B om skadebot for tap av eiga arbeidsevne. Det er føresegna i skadebotlova §3-1 som gjev det rettslege utgangspunktet for utmålinga av skadebot. Når det gjeld skadebot for framtidige utgifter, har det vore ei monaleg utvikling i rettspraksis dei seinaste åra, men førebels ligg det føre få avgjerder i Høgsterett.
Det skal ved fastsetjinga av skadebot gjerast frådrag for slike økonomiske føremoner som er nemnde i skadebotlova §3-1 tredje leden fyrste punktum. I dette tilfellet er det aktuelt for trygdeytingar. Etter andre punktum i same leden kan det takast omsyn til "annen vesentlig økonomisk støtte som skadelidte har fått eller kommer til å få som følge av skaden og til forholdene ellers". I lovførearbeida er det ein føresetnad om at det ikkje skal gjerast frådrag i skadebota "hvis det er usikkert om støtten blir utbetalt", jf. Ot.prp. nr. 4 (1972-73) side 37. I saka her er det tale om frådrag for omsorgstenester frå kommunen si side, særleg heimebasert hjelp. Det kan ikkje vere tvilsamt, og er heller ikkje omstridd mellom partane, at det skal gjerast frådrag for slike ytingar. Så langt retten kan basere seg på at kommunen yter hjelp, må utgangspunktet vere at frådrag skjer krone for krone, jf. Carl Aarsland Jerstad i Lov og Rett 1993 særleg side 304. Det som reiser tvil, er omfanget av hjelpetilbodet.
Det er særleg lov 19. november 1982 nr. 66 om helsetenesta i kommunane som vil gje A rett til hjelp i heimen. Etter §2-1 i lova har alle rett til "nødvendig helsehjelp" i kommunen der dei bur eller held til. Og det går fram av §1-3 kva oppgåver den kommunale helsetenesta har. Når ein jamfører med ytingar etter folketrygdlova, synest kommunehelsetenestelova i mindre grad å gje den einskilde klårt definerte, individuelle rettar som han har krav på. I høve til §3 nr. 1 i sosialomsorgslova fylgjer det av avgjerda i Rt-1990-874, Fusa-domen, at denne føresegna "ikke gir noe rettskrav på bestemte former for sosialhjelp". Og Høgsterett understreka, utan at det stod til avgjerd, at det frå eit prinsipielt synspunkt er "vesentlige likhetspunkter mellom rettighetsbegrepet" i §3 nr. 1 i sosialomsorgslova og §2-1 i kommunehelsetenestelova.
I saka her er likevel spørsmålet ikkje så mykje kva slag hjelp som skal ytast, men omfanget av ytinga. Det er omstridd om kommunehelsetenestelova allment er å forstå slik at det kan leggjast vekt på økonomien i kommunen ved fastlegginga av minstestandarden etter §2-1 i lova. Lagmannsretten går ikkje inn på dette rettslege spørsmålet, men tek som byretten utgangspunkt i kva det kan reknast med at A reint faktisk vil få av hjelp frå kommunen. Det ligg føre få konkrete opplysningar om dette, og det har ikkje vore noka provføring om emnet. Avgjerda må langt på veg baserast på eit reint skjøn. Ved denne vurderinga kan retten ikkje sjå bort frå at prioriteringane i kommunen til kvar tid vil verte påverka av tilgjengelege ressursar og det totale pleiebehovet. Så langt ein gjer frådrag for kommunal helsehjelp, må det i motsett lei takast omsyn til mogeleg eigenbetaling for heimesjukepleie og hjelp i heimen. Det er ikkje opplyst om og på kva måte heimkommunen til A krev eigenbetaling. Men retten har eit visst utgangspunkt i dei framlagde forskriftene frå Sosialdepartementet som er gjevne med heimel mellom anna i §2-2 i kommunehelsetenestelova.
Lagmannsretten skal vidare nemne at kommunehelsetenestelova gjev rett til "nødvendig" helsehjelp. Ved skadebotfastsetjinga har skadelidaren krav på full skadebot, og det kan innebere noko meir enn den minstestandarden som alle er sikra etter kommunehelsetenestelova. Det er eit omstende som lagmannsretten har hatt for auga ved utmålinga av skadebota.
Når det gjeld framtidige ekstrautgifter til pleie og hjelp, meiner lagmannsretten - som partane - at det som eit utgangspunkt høver å sjå på tidbolken før og etter fylte 18 år kvar for seg, jamvel om det i praksis sjølvsagt vert tale om ein glidande overgang mellom desse periodane. Når det gjeld dei 11 åra fram til A vert 18 år, legg lagmannsretten til grunn at det alt i alt er tale om eit ekstra hjelpebehov på det nivået som ergoterapeuten har rekna med, men at behovet må reknast å minke etter som guten veks til og vert meir sjølvhjelpt. Hjelpestønad frå folketrygda, jf. folketrygdlova §8-2 litra b), må det gjerast fullt frådrag for. Vidare må det gjerast eit visst frådrag for hjelpetilbod frå kommunen, men på langt nær i slikt omfang som fylkeskommunen har halde fram. Det er naturleg å rekne med at mor kjem til å utføre hovudtyngda av pleie- og omsorgsarbeidet i barne- og ungdomsåra. Med det hjelpebehovet som guten har til alle tider av dagen, kan lagmannsretten vanskeleg sjå at kommunen kan tilby eit fullgodt heimebasert omsorgstilbod i oppveksten hans.
Med omsyn til utgifter etter at A har kome i vaksen alder, byggjer lagmannsretten på vurderinga til dr. Oftedal om eit ekstra hjelpebehov på 1-2 timar for dagen. Når det gjeld denne perioden, må det i større grad leggjast til grunn at kommunen vil yte eit hjelpetilbod som det må gjerast frådrag for i skadebota. Men det må då samstundes korrigerast for eigenbetaling. For denne perioden og må det gjerast frådrag for hjelpestønad.
Lagmannsretten har elles ved fastsetjinga av skadebota bygd på dei same føresetnadene med omsyn til timesats for omsorgsarbeidet, kapitaliseringsrentefot og påslag for skatteulempe som ankepartane har gjort i sine utrekningar, og som det er gjort greie for i partsutsegnene deira. Med såpass mange uvisse moment, må den endelege fastsetjinga ha eit sterkt innslag av skjøn. Lagmannsretten har kome fram til ei skadebot på kr 1.000.000 for framtidige ekstrautgifter til pleie og hjelp.
Det er kravt skadebot for framtidige ekstrautgifter til transport. Lagmannsretten skal nemne at desse meirutgiftene gjeld alle tilfelle der A treng bruke bil der andre går eller syklar. Det kan ikkje vere tvil om at han i dette stykket vil få reelle meirutgifter. Og jamvel om det er tale om køyring over små avstandar, må ein likevel ikkje undervurdere omfanget av meirutgiftene. Det vert rekna med at A vil kunne køyre bil, og lagmannsretten legg og til grunn at han ville ha skaffa seg bil i alle høve. Det ein skal kome fram til, er såleis dei meirutgiftene ved bilhaldet som knyter seg til funksjonsskaden. Det er i denne samanhengen teke omsyn til dei framlagde tala frå Opplysningsrådet for vegtrafikken om kostnader ved bilhald, men for denne skadebotposten og vert det eit sterkt innslag av skjøn.
Det må gjerast frådrag for grunnstønaden etter folketrygdlova §8-2 litra a), så langt denne skal dekkje transportutgifter. Lagmannsretten forstår det slik at grunnstønaden kjem til utbetaling utan omsyn til kva inntekter vedkomande har. Derimot vil stønad frå folketrygda til kjøp av bil rette seg etter inntektstilhøva, jf. tilvisinga til forskriftene som regulerer dette. Ut frå det som må leggjast til grunn om framtidig inntektsnivå i form av renteavkasting og uføretrygd, synest det realistisk å gå ut frå at A i beste fall vil få ein redusert stønad til bilkjøp. Det må difor og takast omsyn til kapitalutgifter til bil ved vurderinga av meirutgiftene.
Alt i alt er retten komen til at skadebot for framtidige meirutgifter til transport bør setjast til kr 100.000.
Etter dette vert samla skadebot for framtidige ekstrautgifter til pleie, hjelp og transport sett til kr 1.100.000.
Når det gjeld framtidige ekstrautgifter til treningsutstyr, må dette reknast å liggje utanfor det som kan krevjast bøtt av skadevaldaren. Det er opplyst at A, dersom lege føreskriv det, vil få stønad frå trygdekontoret til trening i helsestudio. Retten byggjer på at treningsbehovet vert fullgodt ivareteke på denne måten. Dersom treningsutstyr i heimen vil kunne medverke til å skape eit betre sosialt miljø kring guten, vil det vere naturleg at noko av det han har fått i "menerstatning" i tilfelle vert nytta til innkjøp av slikt utstyr. Ein viser til at denne skadebota skal kompensere for tapte høve til "livsutfoldelse", jf. skadebotlova §3-2.
Lagmannsretten er som heradsretten komen til at det bør gjevast skadebot for tilpassing av bustad. Det vert teke utgangspunkt i at funksjonsskaden set særskilde krav til tomt og bustad, utan at det er krav om ein spesialtilpassa bustad. Utearealet må vere tolleg flatt og lett tilgjengeleg, og huset bør vere på eitt plan, slik at ein unngår trapper. På grunn av funksjonsskaden trengst det eit romsleg soverom og bad. Det er opplyst at guten vert meir råka ved sjukdom enn born flest og då krev særleg stell og pleie. Vidare må det vere rimeleg å rekne med behov for eit opphaldsrom der han kan få plass til datautstyr og mogeleg treningsutstyr.
Ut frå dei krava som er nemnde ovanfor, hadde familien B fleire alternativ. Det ligg føre eit kostnadsoverslag for eit tilbygg til den tidlegare familiebustaden som ligg monaleg over den skadebota byretten fastsette. Kjøp av ein brukt bustad - som i seg sjølv ville ha vore rimelegare enn å byggje nytt - ville ha gjeve monalege meirutgifter til ombygging eller påbygging. Kjøpet av tomt sentralt i Y kan synast som eit fornuftig val. Om det samla sett vert ei dyrare løysing for familien, treng lagmannsretten ikkje gå inn på. Ein ser det i alle tilfelle slik at det er tale om reelle meirutgifter på minst kr 200.000 som fell inn under skadebotlova §3-1 og at dei andre vilkåra for skadebot ligg føre og. Anken frå fylkeskommunen, som elles berre er grunngjeven med at det ikkje kan påvisast noko økonomisk tap, kan ikkje føre fram. Den fastsette skadebota på kr 200.000 vert etter dette ståande, med slik grunngjeving som nett nemnt.
B har kravt skadebot for ekstra pleie av sonen og/eller eige inntektstap fram til 1992, og dessutan for framtidig inntektstap i 5 år. Når det gjeld den fyrste perioden, er det gjort gjeldande to grunnlag for kravet. Lagmannsretten treng berre gå inn på det eine grunnlaget, som er at funksjonsskaden til guten førde til eit ekstra behov for pleie og hjelp, som har hindra B i å ha full stilling utanfor heimen. Påstandspostane er rekna ut etter inntektstapet B meiner å ha hatt i åra 1987, 1989, 1990, 1991 og 1992. Men for lagmannsretten er det gjort gjeldande at kravet og kan reknast som ei godtgjersle for omsorgsarbeidet, med di det for dette tidsromet ikkje er reist krav på vegner av guten. Med den sistnemnde synsmåten er skadebotkravet i røynda å sjå på som eit lønskrav frå B si side. Men skadebotrettsleg kan ho ikkje krevje meir enn det økonomiske tapet sitt og då kan lagmannsretten vanskeleg sjå det annleis enn at kravet må avgrensast til det inntektstapet ho kan dokumentere. Sett frå hennar side gjeld ikkje kravet dekning av utgifter.
Lagmannsretten legg til grunn at det er ein pårekneleg årsakssamanheng mellom funksjonsskaden til guten og det omstendet at B har stått i deltidsstilling eller fått utbetala sjuke- eller attføringspengar som svarar til det i dei aktuelle åra. Men lagmannsretten held det ikkje for truleg at ho elles ville ha gått ut i full stilling utanfor heimen i desse åra. Med to barnefødslar på to års mellomrom, i 1986 og 1988, kan det ikkje byggjast på ho ville ha innretta seg slik, jamvel om båe borna hadde vore funksjonsfriske. Det er i alle tilfelle svært tidkrevjande å ha ansvar for to små born. Men som hjelpepleiar ved ein institusjon ville B trulegvis hatt høve til ein fleksibel arbeidssituasjon med t.d. helge- og/eller nattevakter, slik at ho ville ha stått i meir enn halv stilling, kanskje særleg dei siste åra. Tapet må i utgangspunktet setjast til skilnaden mellom pårekna inntekter dersom sonen ikkje hadde vore funksjonsskadd og dei faktiske inntektene. Det må likevel gjerast eit mindre frådrag for hjelpetilbod frå kommunen som ho kunne ha nytta seg av og såleis ha minka det økonomiske tapet sitt ved å ha teke arbeid i noko større mon enn ho faktisk gjorde. Den endelege fastsetjinga av denne skadebotposten må og skje etter skjøn. Lagmannsretten set skadebota til kr 250.000, slik at det då og er teke omsyn til renter.
Den attverande posten gjeld krav frå B om skadebot for framtidig inntektstap i 5 år. Grunnlaget for kravet er at fødselsskaden har ført til ein psykisk reaksjon som har minka arbeidsevna hennar. Ved utmåling av skadebot til sonen for framtidige utgifter til pleie og hjelp har lagmannsretten - for det same tidsromet - teke utgangspunkt i at han vil ha eit pleiebehov som tilsvarar bortimot ei halv stilling. Vidare er det føresett at mor utfører hovudtyngda av omsorgsarbeidet og at guten kan nytte skadebota til å betale henne. Med det omfattande pleiebehovet som retten har bygt på, og dei utbetalingar til B som det vil kunne føre med seg, kan ein difor ikkje sjå at ho vil lide noko inntektstap. Det kan vanskeleg leggjast til grunn at ho - når ein ser bort frå dei psykiske vanskane - ville hatt full stilling utanfor heimen og dessutan utført eit omfattande omsorgsarbeid for sonen. Og under alle omstende ligg eit slikt mogeleg tap utanfor det skadevaldaren kan haldast ansvarleg for. Skadebotkravet kan såleis ikkje føre fram. Det er etter dette ikkje grunn for lagmannsretten til å gå nærare inn på dei skadebotrettslege konsekvensane av at B har fått minka arbeidsevna si.
Sakskostnader:
I hovudanken må saka reknast å vere dels vunnen og dels tapt, slik at kvar av partane bør bere sine eigne kostnader for lagmannsretten, jf. tvistemålsloven §180 andre leden, jf. §174 fyrste leden. Ankepartane har vunne noko fram i høve til domsresultatet i heradsretten, særleg ved at B har fått skadebot for inntektstap. Ein kan likevel ikkje sjå at det er grunnlag for å la ankemotparten bere noko av kostnadene deira etter unntaksregelen i tvistemålsloven §174 andre leden. Oppnemninga av dei sakkunnige legane von Clemm og Næss skjedde etter krav frå ankepartane, som er ansvarlege overfor retten for utgiftene. Men oppnemninga må seiast å ha skjedd i båe siders interesse, og ankemotparten bør difor i høve til ankepartane bere halvparten av utgiftene til desse sakkunnige, jf. tvistemålsloven §171. Ein viser til Schei, Tvistemålsloven band I note 1 til §171.
Motanken har vore til fånyttes, og den motankande parten, fylkeskommunen, bør bere kostnadene til ankepartane i samsvar med hovudregelen i tvistemålsloven §180 fyrste leden. Advokat Winther Christensen har sendt inn samla kostnadsoppgåve for hovudanke og motanke på kr 110.604, der salæret utgjer kr 96.000. I tillegg kjem ankegebyr og utgifter til sakkunnige, men det er ikkje relevant i høve til motanken, bortsett frå utgifter til den sakkunnige dr. Oftedal. Motanken over skadebotutmålinga for framtidige ekstrautgifter kan berre i nokon mon ha ført til auka kostnader for ankepartane, medan kostnadene med å imøtegå motanken i spørsmålet om skadebot for tilpassing av bustad må setjast høgare. Retten set sakskostnader for ankepartane i motanken til kr 30.000.
Når det gjeld kompetansen åt lagmannsretten ved overprøving av kostnadsavgjerda til heradsretten, viser ein til Schei note 2 til §181. Den rettskraftige delen av heradsrettsdomen skal leggjast til grunn uprøvd, og elles skal lagmannsretten byggje på sitt materielle resultat ved kostnadsavgjerda. Ansvaret for sakskostnader for heradsretten vert regulert av tvistemålsloven §174. Lagmannsretten er komen til at fylkeskommunen bør bere halvparten av kostnadene til A og B etter unntaksregelen i §174 andre leden, og viser til dei momenta heradsretten har nemnt. Domsresultatet sett i høve til påstandane frå kvar av sidene er likevel ikkje slik at det er grunnlag for å påleggje fylkeskommunen å bere alle kostnadene til B, slik heradsretten kom til. Av deira samla kostnader på kr 163136 for heradsretten bør etter dette fylkeskommunen bere kr 81568.
Domen er samrøystes.
slutning:
I hovudanke og motanke:
1. Aust-Agder fylkeskommune v/fylkesordføraren vert dømd til å betale til A v/verje B 1.100.000 - einmillioneitthundretusen - kroner i skadebot for framtidige ekstrautgifter til pleie, hjelp og transport.
2. Aust-Agder fylkeskommune v/fylkesordføraren vert dømd til å betale til B 250000 - tohundreogfemtitusen - kroner i skadebot for inntektstap i åra 1987, 1989, 1990, 1991 og 1992.
3. Elles vert Aust-Agder fylkeskommune frifunnen i hovudanken.
4. Domen i heradsretten vert stadfest når det gjeld skadebot for meirutgifter til bustad.
5. Aust-Agder fylkeskommune v/fylkesordføraren ber i høve til ankepartane halvparten av kostnadene til dei sakkunnige legane von Clemm og Næss. Elles ber kvar av partane sine eigne sakskostnader for lagmannsretten i hovudanken.
6. I sakskostnader for lagmannsretten i motanken betalar Aust-Agder fylkeskommune v/fylkesordføraren til ankepartane 30000 - trettitusen - kroner.
7. I sakskostnader for heradsretten betalar Aust-Agder fylkeskommune v/fylkesordføraren til ankepartane 81.568 - åttieintusenfemhundreogsekstiåtte - kroner.
8. Oppfyllingsfristen er 2 - to - veker etter at domen er forkynt.