1 rad lagres for denne siden
| Field | Felttype | Value |
|---|
| Instans | String | Høyesterett - Dom |
| Dato | Date | 2008-10-15 |
| Publisert | String | HR-2008-01793-A - Rt-2008-1329 |
| Stikkord | Liste over String, skilletegn: , | Strafferett • Ulovlig aksjonærlån • Inndragning av utbytte |
| Sammendrag | Text | Saken gjaldt inndragning av vinning etter utroskap overfor heleiet aksjeselskap.
Aksjeselskapet var stifta med ein aksjekapital på 100 000 kroner. Nødvendig driftskreditt var sikra gjennom ein kassekreditt med ei ramme på 200 000 kroner, som A garanterte for.
A belasta urettmessig selskapet med 202 197 kroner. As uttak blei ført i mellomrekning med selskapet, og i revisormeldinga for 2003 blei det peikt på at det dermed var etablert eit lån i strid med føresegnene i aksjelova.
Då ein opna konkurs i selskapet, blei A kravd under garantien. Oppgjer av kausjonsansvaret skjedde ved at banken ytte han eit lån til blant anna innfriing av denne skyldnaden. Buet blei innstilt etter § 135 utan at det var fremma noko krav overfor A.
Høgsterett fann heller ikkje at inndraging ville verke ”klart urimeleg”.
Utgangspunktet for vurderinga må i den aktuelle saka vere at det ligg føre eit grovt tillitsbrot overfor kreditorane til selskapet. Kassekreditten skulle setje selskapet i stand til å betale leverandørane ved forfall, men i staden nytta A heile likviditeten til å dekkje private utgifter. Då selskapet gjekk konkurs, ville den ordinære framgangsmåten ha vore at buet dreiv inn den summen A skulda. At summen blir dregen inn, stiller ikkje A dårlegare enn om kravet var blitt fremma av buet. |
| Saksgang | Text | Høyesterett HR-2008-01793-A (sak nr. 2008/950), straffesak, anke over dom |
| Parter | Text | A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlige påtalemyndighet (statsadvokat Jostein Johannessen) |
| Forfatter | Liste over Page, skilletegn: , | Endresen • Tønder • Flock • Bruzelius • Tjomsland |
| Lovhenvisninger | Wikitext | Straffeloven (1902) §34, §275, §276
|