HR-2000-595
| Instans: | Høyesteretts kjæremålsutvalg - Kjennelse |
|---|---|
| Dato: | 2000-06-29 |
| Publisert: | HR-2000-00595 |
| Stikkord: | Straffeprosess |
| Sammendrag: | |
| Saksgang: | Gulating lagmannsrett - Høyesterett HR-2000-00595, straffekjæremål |
| Parter: | A (advokat Erik Nadheim) mot Den offentlige påtalemyndighet |
| Forfatter: | Gussgard, Rieber-Mohn, Utgård |
| Lovhenvisninger: | Straffeprosessloven (1981) §420 |
Saka gjeld heving av ankesak for lagmannsretten.
A, født xx.xx.1948, vart ved Bergen byretts dom 20. februar 1998 dømd til fengsel i eitt år og seks månader for narkotikabrotsverk. Den 3. mars 1998 gav han fullstendig anke til Gulating lagmannsrett. Påtalemakta gav motanke med omsyn til dei postane der A vart frifunnen. Anken og motanken vart ved lagmannsrettens vedtak 31. mars 1998 vist til ankeførehaving.
Tidspunktet for ankesaka var fastsett til 12. april 1999. Ved tre høve i tidsrommet desember 1998 til mars 1999 skreiv advokat Bae til A og tilrådde han å trekkje anken. I førstninga av april 1999 vart advokat Bae sjukmeld, og ankesaka vart vedteken utsett. Den 12. april fann det stad ein telefonsamtale mellom advokat Bae og A, og advokat Bae forsto innhaldet i denne samtalen slik at A ønskte å trekkje anken. Han bad A om å sende ei skriftlig stadfesting på dette. A sende 14. april eit brev på russisk til forsvararen, som faksa brevet vidare til Gulating lagmannsrett. Brevet vart omsett til norsk av ScanNautic AS Bergen. I brevet framheldt A si uskuld og seier seg lei for at saka var utsett til 1. november 1999. Siste avsnitt i brevet har slikt innhald i norsk omsetjing: «Hr. Ole Jakob Bae, jeg ber Dere, for min families velstands skyld, trekke tilbake alle mine krav mot Gulating lagmannsrett som jeg fremmet den 03.03.98.» Ved brev 23. april 1999 frå advokat Bae til lagmannsretten går det fram at A fråfell ankefråsegna, og at saka kan hevast. Gulating lagmannsrett sa 6. mai 1999 orskurd om at saka vart å heve for A.
Den 24. oktober 1999 sendar A eit brev til Gulating lagmannsrett med overskrifta «Claim». Meininga i brevet er ikkje klar. Førebuande dommar i lagmannsretten oversende brevet til statsadvokatane i Hordaland med oppmoding om å hjelpe lagmannsretten til å få klarlagt kva A krev. Den 7. desember 1999 skriv A på ny til lagmannsretten. Det vart her sagt at han først i oktober hadde fått informasjon om at det i norske aviser var referert at hans anke var trekt. Lagmannsretten skreiv 23. desember til statsadvokatane i Hordaland og advokat Bae under tilvising til at A i brevet nekta for å ha trekt anken. Påtalemakta vart beden om å leggje fram dokumentasjon på at hevingsorskurden 6. mai 1999 var forkynt for A. Advokat Bae vart beden om å uttale seg. I brevet 3. januar 2000 gir advokaten uttrykk for at A tvillaust trekte anken til lagmannsretten i april, både munnleg og skriftleg. I brev 1. februar 2000 til advokat Bae skriv A som forklaring på kva som var meint avslutta ved brevet 14. april 1999: «In this letter I zenounsed (no withdraw) my claims about my daughter the invalid of 1-st group that I had sent and signed from March 3-rd, 1998 to the lawyer Mr. Gisle Didriksen for The Gulating High Court.»
Ved brev datert 13. januar 2000 frå lagmannsretten til A vert det gitt uttrykk for at hevingsorskurden må påkjærast dersom han framleis vil nekte for at han har trekt anken. I brevet vert det opplyst at orskurden ved ein feil ikkje hadde blitt forkynt for han, men at slik forkynning nå vil skje. Brevet vart omsett til russisk, og sendt i februar 2000.
A har ved telefaks til advokat Erik Nadheim 22. februar 2000 bede om hans hjelp. Advokat Nadheim har i skriv kalla kjæremål, datert 25. mars 1999, lagt ned påstand om at lagmannsrettens orskurd vert oppheva. Det vert gitt uttrykk for at det framleis er usikkert om hevingsorskurden er forkynt. A er likevel kjend med innhaldet. Hans faks av 22. februar vart send i kopi til Gulating lagmannsrett for å avbryte ein eventuell kjæremålsfrist.
Advokat Nadheim viser til at A ikkje kan engelsk særleg godt, han var avhengig av russisk tolk under rettsmøta i byretten. Det er uklart korleis den siste setninga i brevet 14. april 1999 er å forstå. Det er likevel påfallande at det i brevet vart gitt uttrykk for at han meiner seg uskuldig dømd i byretten. Det vert vist til at den omsetjinga som er gjort, ikkje er utført av ein autorisert translatør.
Det vert gjort gjeldande at det i liten grad skjer identifikasjon mellom advokat og klient i straffeprosessen. Ein tiltala vil ikkje lide rettstap sjølv om ein forsvarar forsømer seg, jf. Rt-1971-423.
Straffeprosesslova §420 inneheld ei spesialføresegn for private straffesaker om at ein hevingsorskurd kan omgjerast av retten dersom saksøkjaren gjer det sannsynleg at tilhøve som gav grunn til hevinga ikkje kan leggjast han til last. Det vert gjort gjeldande at dette prinsippet bør komme til bruk også i den aktuelle situasjon.
Dersom hevingsorskurden hadde vorte forkynt for A straks, kunne han - dersom han ikkje meinte å trekkje anken - ha påkjært orskurden innan ein to vekers frist, og ankesaka hans kunne ha blitt fremja som føresetnaden var.
A har fått ein etter måten lang dom mot seg i Bergen byrett. Han hevdar sjølv at han vart uskuldig dømd og ønskjer å få prøvd saka for lagmannsretten. Kva utfallet ville blitt av ei ankeførehaving for hans del, er ikkje kjend, men ein av dei medtiltala for byretten fekk ein etter måten stor reduksjon av si straff i lagmannsretten.
Det vert gjort gjeldande at det er så mykje usikkert rundt kva A eigentleg har ønskt i samband med sin anke, at lagmannsrettens orskurd må opphevast.
Det er lagt ned slik påstand:
«Gulating lagmannsretts kjennelse av 06.05.99 i straffesak nr. 98-00610 oppheves, slik at ankesaken for A fremmes.»
Påtalemakta er kjend med kjæremålet. I påskrift vert det gjeve uttrykk for at ein ser det som tvillaust at A i sitt brev 14. april 1999 har trekt si ankefråsegn av 3. mars 1998.
Høgsteretts kjæremålsutval viser til at det er tale om eit kjæremål over Gulating lagmannsretts orskurd av 6. mai 1999.
Utvalet finn det ikkje nødvendig å gå inn på i kva grad lagmannsrettens orskurd er forkynt for A, då det er på det reine at A har fått kunnskap om orskurden. Kjæremålet er sett fram i rett tid.
Det må leggjast til grunn at ved brev 14. april 1999 frå A til advokat Bae, vart advokaten beden om å trekkje attende alle krava mot Gulating lagmannsrett som A hadde fremja den 3. mars 1998. Og den 3. mars 1998 er datoen på A si ankefråsegn til Gulating lagmannsrett. Det er ikkje frå A si side gjort forsøk på å klarleggje kva andre krav det kan vere tale om, og som på dette viset vart trekt attende.
Det er etter dette ikkje gjort nokon feil frå forsvararen, og kjæremålsutvalet finn også å måtte leggja til grunn at det var i samsvar med A sitt ønskje den gongen at ankefråsegna vart trekt attende. Det er då ikkje grunn til å drøfte dei andre spørsmåla som den kjærande parten har teke opp.
Kjæremålet vert etter dette å forkaste.
Orskurden er samrøystes.
Slutning:
Kjæremålet vert forkasta.