LA-1994-856
| Instans: | Agder lagmannsrett - Dom |
|---|---|
| Dato: | 1995-08-10 |
| Publisert: | LA-1994-00856 |
| Stikkord: | |
| Sammendrag: | |
| Saksgang: | Kristiansand byrett Nr: 94-749 - Agder lagmannsrett LA-1994-00856 A. Anket til Høyesterett - HR-1996-00039K - anken nektet fremmet. |
| Parter: | Ankande part: Alf Henry Hellvik (Prosessfullmektig: Advokat Torstein Leipsland). Ankemotpart: Sparebanken Pluss (Prosessfullmektig: Advokat Erik Eriksen). |
| Forfatter: | Lagdomar Asbjørn Nes Hansen, formann Lagdomar John Årseth Sorenskrivar Tore Lindseth |
| Lovhenvisninger: | Tvistemålsloven (1915) §176, §180, Avtaleloven (1918) §33, §36, Avtaleloven (1918) |
Ankeparten Alf Henry Hellvik har kravt ankemotparten Sparebanken Pluss for kr 134400 med tillegg av rente, etter at eit kausjonsansvar som ankeparten hadde teke på seg i høve til Søgne og Greipstad Sparebank, delvis vart aktualisert. Kristiansand byrett sa dom i tvisten 1. september 1994 med slik domsslutning:
"1. Sparebanken Pluss, v/styrets formann frifinnes.
2. Innen 2 - to uker fra dommens forkynnelse betaler Alf Hellvik til Sparebanken Pluss v/styrets formann kr 24000,- kronertjuefiretusen- i saksomkostninger."
Det nærare sakshøvet går fram av byrettsdomen og merknadene nedanfor.
Alf Henry Hellvik, med advokat Torstein Leipsland som prosessfullmektig, har anka byrettsdomen til Agder lagmannsrett. Sparebanken Pluss v/styreformannen, med advokat Erik Eriksen som prosessfullmektig, har teke til motmæle og påstått domen stadfest. Det var ankeførehaving i Kristiansand 1. og 2. august 1995. Det går fram av rettsboka kven som møtte. Forutan ankeparten gav fire vitne forklaring for lagmannsretten. Prosessfullmektigane dokumenterte ein del skriftlege prov som vert nemnde nedanfor så langt det trengst for avgjerda.
Alf Henry Hellvik v/advokat Leipsland har under prosedyren for lagmannsretten trekt opp dei rettslege grunnlaga for kravet på ein noko annan måte enn for byretten og i ankefråsegna. Det vert no teke utgangspunkt i at Odd Arild Hellvik i løpet av 1. halvår 1993 må reknast å ha overlate til faren - ankeparten - å driva inn det kravet som fyrstnemnde hadde mot Sparebanken Pluss på grunnlag av finansieringsbeviset som banken hadde utferda. Det vart ikkje sytt for nokon formell transport av kravet, men ved konkludent åtferd frå Odd Arild Hellvik si side må ankeparten reknast å ha fått hand om det. Ankeparten gjer såleis gjeldande kravet mot ankemotparten med grunnlag i same posisjonen som Odd Arild Hellvik ville ha hatt om han hadde fremja kravet.
Med omsyn til motrekninga som ankemotparten gjennomførde i høve til Odd Arild Hellvik, må spørsmålet vurderast som om det hadde stått inne ein rest på kr 134400 på byggjelånskontoen, trass i at kontoen røynleg var oppgjord. Den naturlege forståinga av finansieringsbeviset var at pengane på byggjelånskontoen vart klausulerte til føremon for byggjeprosjektet. Sparebanken Pluss måtte ha reservert seg dersom pengane ikkje skulle reknast som klausulerte. Det fylgde av finansieringsbeviset at banken måtte overføra pengar frå byggjelånskontoen når byggherren og entreprenøren var samde om at det var utført arbeid som gav rett til utbetaling. Dette var tilfelle hausten 1992, etter at Miljøbygg hadde kravt KOBB for restarbeida. Slik saka då stod, hadde banken ikkje høve til å motrekna med det banken hadde til gode av Odd Arild Hellvik etter at han hadde misleghalde den private bustadgjelda si. Banken hadde ikkje rett til å gjennomføra tvungen motrekning med klausulerte midlar. Av rettspraksis om motrekning er det vist til avgjerdene i Rt-1984-191 og Rt-1992-1474.
Ettersom det ikkje var høve til motrekning, må ankemotparten - ved å la vera å betala - reknast å ha misleghalde sin betalingsskyldnad i høve til Odd Arild Hellvik. Ankeparten, som har utleidd sin rett frå fyrstnemnde, gjer no kravet gjeldande mot banken med grunnlag i finansieringsbeviset.
Det kan ikkje leggjast til grunn at Odd Arild Hellvik har godteke motrekninga. Brevet som han sende ankemotparten 22. juni 1993 kan ikkje reknast som eit endeleg samtykke til motrekninga. Som det går fram av nest siste avsnittet, vart det føresett ei "grei ordning" med omsyn til restgjelda hans i banken, og ei slik ordning er ikkje komen i stand. Til dette kjem at det som vart skrive, ikkje var klarert med faren. Dersom lagmannsretten skulle koma til at Odd Arild Hellvik må reknast å ha godteke motrekninga, vert det subsidiært halde fram at samtykket må setjast til sides etter avtalelova §33 og/eller §36. Odd Arild Hellvik var under press av di bustaden hans var i ferd med å koma på tvangsauksjon, og det var under slike tilhøve i strid med god forretningsskikk av banken å motrekna utan å vita kva Odd Arild Hellvik skulle nytta pengane til. Etter at ankeparten hadde innfridd kausjonsansvaret sitt i Søgne og Greipstad Sparebank, var det han som ville lida tap ved ei motrekning, ettersom Odd Arild Hellvik ikkje var søkjegod. Så langt Odd Arild Hellvik ville hatt høve til i ettertid å gjera gjeldande at han er ubunden av samtykket, må ankeparten no ha same retten. Det ville vera ei svært lite smakeleg løysing om ankeparten skulle verta sitjande med det endelege tapet i denne saka.
Ankeparten har for lagmannsretten sett fram slik påstand:
"1. Sparebanken Pluss, Kristiansand, dømmes til å betale til Alf Henry Hellvik kr 134400,- med tillegg av 18% morarente fra 1.5.93 til 1. januar 94, deretter 12% rente frem til betaling finner sted.
2. Sparebanken Pluss, Kristiansand, dømmes til å betale til Alf Henry Hellvik sakens omkostninger for byretten og lagmannsretten."
Sparebanken Pluss v/advokat Eriksen har halde fram at ankeparten ved å innfri kausjonen for lånet til Odd Arild Hellvik kan søkja utlegget sitt att hjå sistnemnde, men ikkje hjå ankemotparten. Ankeparten kan ikkje ha kausjonert den 12. desember 1989 i tillit til finansieringsbeviset, ettersom finansieringsbeviset fyrst vart utferda seinare. Då kausjonen vart gjeven, var det ikkje søkt om byggjelån i Sparebanken Pluss i det heile. Finansieringsbeviset gav berre rett for Miljøbygg som entreprenør, og ankemotparten har vedstått seg sin skyldnad til å gjera opp - ved motrekninga som vart gjennomførd i høve til Odd Arild Hellvik. Ankemotparten hadde ikkje noko med korleis Miljøbygg skulle nytta pengane, og kreditorane til Miljøbygg hadde ikkje trygd for dekning i finansieringsbeviset.
Det kan ikkje reknast å liggja føre ei overføring av krav frå Miljøbygg v/Odd Arild Hellvik til ankeparten. Fyrst freista Søgne og Greipstad Sparebank å driva inn kravet på vegner av Odd Arild Hellvik, og seinare advokat Høyrem. Odd Arild Hellvik måtte reknast å vera innehavar av kravet då ankemotparten gjorde motrekning gjeldande i brev 18. januar 1993. Sjølve gjennomføringa av motrekninga skjedde i juni 1993, i samband med at bustaden til Odd Arild Hellvik vart overførd til kona hans i samband med tvangsauksjon.
Til motrekningsspørsmålet vert det halde fram at dei to domane som ankeparten har vist til, gjeld retten for ein bank til å motrekna med innskot i banken, og i den samanhengen kan det vera relevant om innskotet er klausulert. I saka her er det tale om motrekning i høve til ein vanleg kreditor, og då gjer ikkje dei same omsyna seg gjeldande.
Under alle omstende har Odd Arild Hellvik godteke motrekninga. Ved finansieringa i samband med at kona overtok bustadeigedomen gjekk ankemotparten attende på kravet om at dei dårlegaste prioriterte kr 100000 av det nye pantelånet skulle sikrast på annan måte òg. Dette var under føresetnad av at kravet på kr 160000 vart motrekna i restengasjementet åt Odd Arild Hellvik i banken. Denne ordninga - og dermed motrekninga - godtok Odd Arild Hellvik. Det gjekk jamvel fram med reine ord av brevet han sende banken 22. juni 1993.
Det samtykket Odd Arild Hellvik gav til motrekninga, er det ikkje grunnlag for å setja til sides etter reglane i avtalelova. Ein må sjå motrekninga i samanheng med refinansieringa av bustadeigedomen, som førde til at denne vart berga for familien. Det er tale om ei balansert avtale som ikkje verka urimeleg i høve til Odd Arild Hellvik.
Ankemotparten har for lagmannsretten sett fram slik påstand:
"1. Kristiansand byretts dom stadfestes.
2. Pluss-bank tilkjennes saksomkostninger for lagmannsrett."
Lagmannsretten, som har kome til at anken ikkje kan føra fram, viser til at saka gjeld krav i kontraktshøve. Ankeparten Alf Henry Hellvik krev oppgjer av ankemotparten Sparebanken Pluss med grunnlag i banken sin skyldnad etter finansieringsbeviset frå 19. februar 1990.
Innleiingsvis er det føremålstenleg for lagmannsretten å gje eit oversyn over den faktiske hendingsgangen:
Det ansvarlege entreprenørfirmaet Miljøbygg v/Odd Arild Hellvik gjorde avtale med Dalaneveien borettslag v/Kristiansand og Omegn Boligbyggelag (KOBB) om utføring av eit byggjeprosjekt, etter at Husbanken hadde gjeve lånetilsegn i brev 23. oktober 1989. Den fyrste kontrakten var dagsett 14. november 1989, men vart avløyst av ein ny kontrakt underskriven 16. og 26. januar 1990. Dette hadde samanheng med at byggjeprosjektet vart utvida med fleire bu-einingar. Kontraktssummen var på kr 6971000.
I kontraktane var det føresett at båe partar skulle stilla garantiar for oppfylling for skyldnadene på kvar side. Dette vart gjort ved at Søgne og Greipstad Sparebank - med kontragaranti frå Alf Henry Hellvik - garanterte for at Miljøbygg oppfylte sine skyldnader etter kontrakten, og ved at byggjelånsbanken Sparebanken Pluss den 19. februar 1990 skreiv under eit finansieringsbevis som gjekk ut på at byggjelånet var sperra til føremon for entreprenøren. Byggjeprosjektet vart gjennomført utan at garantien på vegner av entreprenøren vart aktualisert.
I samband med kjøpet av tomta som bustadene skulle byggjast på, tok Miljøbygg v/Odd Arild Hellvik den 12. desember 1989 opp eit lån på kr 750000 i Søgne og Greipstad Sparebank, med sjølvskuldkausjon frå faren Alf Henry Hellvik. Sistnemnde har halde fram at han kausjonerte for lånet i tillit til det som då låg føre om finansiering og gjennomføring av byggjeprosjektet i Dalaneveien. Det var føresetnaden at lånet skulle vera kortsiktig - løpetida er oppgjeven til ein månad på lånedokumentet. Men lånet vart berre delvis innfridd, slik at det stod att kr 306336 av hovudstolen den 25. juli 1992. Det er opplyst at Odd Arild Hellvik hadde hatt økonomiske vanskar tidlegare, og at Søgne og Greipstad Sparebank sette som eit klårt vilkår at lånet skulle sikrast med sjølvskuldkausjon.
Av ymse grunnar vart gjennomføringa av byggjeprosjektet i Dalaneveien sterkt forseinka. I oktober 1991 bad KOBB om at byggjelånskontoen vart oppgjord og inneståande overført til KOBB. Sparebanken Pluss etterkom dette og overførde nærare 1,9 mill kr til ein mellomrekningskonto i KOBB, men sytte ikkje samstundes for å fri seg frå skyldnadene etter finansieringsbeviset. Miljøbygg kravde i august/september 1992 KOBB for avsluttande arbeid på prosjektet med kr 160000, men fekk ikkje oppgjer etter at KOBB gjekk til mellombels betalingsstogg. Den 10. september 1992 vart det opna gjeldsforhandling for KOBB ved skifteretten.
Deretter bad Miljøbygg om at Søgne og Greipstad Sparebank freista å krevja inn pengane hjå Sparebanken Pluss, som var ansvarleg etter finansieringsbeviset. Kravet vart teke opp av Søgne og Greipstad Sparebank i tre brev hausten 1992 utan at Sparebanken Pluss betalte. Den manglande betalinga førde til at Miljøbygg ikkje makta å gjera opp for seg i Søgne og Greipstad Sparebank, og kausjonisten Alf Henry Hellvik vart av banken kravd for det som stod att av det opphavlege lånet på kr 750000. Han betalte fyrst kr 166671 og tok så den 17. desember 1992 opp eit lån på kr 160000 - den summen Sparebanken Pluss var kravd for - for å gjera opp resten av kausjonsansvaret.
Banksjefen i Søgne og Greipstad Sparebank, som møtte som vitne i lagmannsretten, kunne ikkje opplysa grunnen til at lånet ikkje var gjort opp tidlegare, slik føresetnaden opphavleg var. Det har kome fram at Miljøbygg alt den 20. februar 1990 fekk delbetaling frå byggherren på kr 960000 for tomtekostnadene. Korkje banksjefen eller Odd Arild Hellvik kunne forklara kvifor tomtelånet ikkje var innfridd etter at Miljøbygg hadde fått oppgjer. Spørsmålet om dette kunne ha noko å seia for kausjonsansvaret til ankeparten, er ikkje teke opp og ligg utanfor ramma for denne saka.
Truleg kring årsskiftet 1992 fekk advokat Tron Egil Høyrem i oppdrag av Odd Arild Hellvik å krevja Sparebanken Pluss for dei uteståande kr 160000. I brev 18. januar 1993 frå advokat Helge Wigemyr på vegner av banken vart det gjort gjeldande motrekning med ein del av det banken hadde til gode av Odd Arild Hellvik i ein annan samanheng. Det er av Sparebanken Pluss hevda at det sistnemnde rettshøvet dels galdt privatgjeld og dels næringsgjeld, medan ankeparten har hevda at det berre var privatgjeld. Motrekning vart gjort gjeldande med kr 134400, som var den restsummen Sparebanken Pluss svara for etter finansieringsbeviset. Partane er samde om at det er denne summen som ankeparten i tilfelle kan krevja av ankemotparten.
Etter at Odd Arild Hellvik hadde misleghalde gjeld til Sparebanken Pluss som var sikra med pant i bustadeigedomen hans, var det kravt tvangsauksjon. Det vart arbeidd med ei løysing som innebar at kona hans kjøpte eigedomen på tvangsauksjon. I brev 2. desember 1992 sa banken seg viljug til å vera med på å finansiera overtakinga hennar ved å yta henne eit pantelån, men under føresetnad av at dei siste kr 100000 av lånet skulle sidesikrast med "kvalifisert sikkerhet utenom boligen". I brev 7. mai 1993 sa banken seg viljug til å fråvika kravet om sidesikring dersom kravet om oppgjer for sluttarbeida på byggjeprosjektet vart godteke motrekna mot ein tilsvarande del av restengasjementet som Odd Arild Hellvik hadde i banken. Odd Arild Hellvik svara på dette i brev 22. juni 1993. Etter det som er opplyst, vart bustaden overførd til ektemaken utan sidesikring av dei siste kr 100000.
Med omsyn til dei faktiske og rettslege spørsmåla som saka reiser, skal lagmannsretten nemna:
Når det gjeld finansieringsbeviset, gjekk dette ut på at byggjelånet var "sperret til fordel for selger", dvs. entreprenøren Miljøbygg. Lagmannsretten kan ikkje sjå at dokumentet gav andre enn entreprenøren noko direkte krav på pengane; det måtte i tilfelle ha vore avtala med banken. Det kunne i den samanhengen ikkje ha noko å seia at det eine originaleksemplaret av finansieringsbeviset vart oversendt Søgne og Greipstad Sparebank som banksamband for Miljøbygg. Lagmannsretten går elles ikkje nærare inn på spørsmålet, ettersom ankeparten ikkje lenger gjer gjeldande at Søgne og Greipstad Sparebank hadde eit direkte krav mot ankemotparten på grunnlag av finansieringsbeviset.
Omstenda i saka gjev ikkje haldepunkt for at Odd Arild Hellvik måtte reknast å ha overført kravet mot ankemotparten før ankemotparten gjorde motrekning gjeldande. Som nemnt fekk Odd Arild Hellvik hausten 1992 hjelp av Søgne og Greipstad Sparebank til å gjera pågang overfor ankemotparten, og ved årsskiftet engasjerte han ein advokat. Det var som svar til denne advokaten at ankemotparten gjorde motrekning gjeldande i brev 18. januar 1993. På dette tidspunktet må det vera klårt at Odd Arild Hellvik ikkje hadde overlate til faren å forfylgja kravet mot ankemotparten, jamvel om faren i desember 1992 som kausjonist hadde innfridd resten av byggjelånet i Søgne og Greipstad Sparebank.
Heller ikkje utover våren 1993 lét det til å ha kome til eit partsskifte på kreditorsida med omsyn til kravet mot ankemotparten. Jamvel om Odd Arild Hellvik i brev 22. juni 1993 til ankemotparten trekte inn faren, gav brevet ikkje grunnlag for å slutta at ankeparten hadde overteke kravet. Det må kunna leggjast til grunn at motrekninga vart gjennomførd etter at ankemotparten hadde teke imot det nemnde brevet frå Odd Arild Hellvik, og utan at sistnemnde hadde overlate til ankeparten å forfylgja kravet.
Slik lagmannsretten vurderer prova i saka, må Odd Arild Hellvik reknast å ha godteke motrekninga. Lagmannsretten byggjer dette på at det ved motrekninga kom i stand ei ordning med bustaden som var til bate for han og familien og som han godtok. Dersom Odd Arild Hellvik hadde motsett seg motrekninga, kunne det ha fått konsekvensar for refinansieringa av bustaden. Brevet han sende 22. juni 1993 viser at han og banken var samde om vilkåra for refinansieringa, utan at det er grunn til å leggja avgjerande vekt på brevet i seg sjølv. Med det synet lagmannsretten har på samtykke-spørsmålet, er det ikkje naudsynt å gå inn på om ankemotparten ville hatt høve til tvungen motrekning.
Lagmannsretten kan heller ikkje sjå at Odd Arild Hellvik kunne ha gjort krav på å verta løyst frå samtykket etter reglane i avtalelova §33 og/eller §36. Ved den ordninga som kom i stand med omsyn til bustadhuset, og som motrekninga var ein del av, vart interessene til Odd Arild Hellvik vel ivaretekne. I høve til Odd Arild Hellvik ville det for banken korkje "stride mot redelighet eller god tro" eller "virke urimelig eller være i strid med god forretningsskikk" å byggja på samtykket hans. Dei indirekte konsekvensane for ein utanforståande - ankeparten - av motrekninga kan det ikkje vera rom for å trekkja inn i vurderinga etter avtalelova.
Lagmannsretten er etter dette komen til at den skyldnaden som Sparebanken Pluss hadde overfor Odd Arild Hellvik, vart oppgjord ved motrekning, som sistnemnde godtok. Han hadde då ikkje meir å krevja av banken. Ettersom ankeparten ikkje har større rett enn heimelsmannen sin, kan han ikkje få medhald i kravet sitt, og domen i byretten vert stadfest.
Anken har vore fåfengd, og ankeparten bør bera sakskostnadene til ankemotparten for lagmannsretten i samsvar med hovudregelen i tvistemålsloven §180 fyrste leden, ettersom det ikkje ligg føre slike særlege omstende at han bør fritakast for kostnadsansvaret. Lagmannsretten er samd i kostnadsavgjerda til byretten. Advokat Eriksen har gjeve opp kostnadene for lagmannsretten til kr 22000, og oppgåva vert godkjend, jf. tvistemålsloven §176 fyrste leden.
Domen er samrøystes.
Domsslutning:
1. Domen i byretten vert stadfest.
2. I sakskostnader for lagmannsretten skal Alf Henry Hellvik betala 22000 - tjuetotusen - kroner til Sparebanken Pluss v/styreformannen innan 2 - to - veker etter at domen er forkynt.